Kommunal støtte til elevtur
– Vi ser stor pris å ha dette tilbodet i Vanylven, sa konstituert rådmann Gunvor Strand då ho saman med ordførar Jan Helgøy overrekte ein sjekk på 20.000 kroner til trivselstiltak ved den vidaregåande skulen i Syvde. Elevrådsleiar Silje Lundehaug tok imot og takka for pengane, som skal nyttast til delfinansiering av skulen sin etter kvart tradisjonelle Polen-tur.
Vidar Parr
Ramma kring tildelinga var ei kantine godt fyllt opp av både elevar og lærarar. Gunvor Strand sa at kommunestyret har vedteke at det kvart år skal gjevast støtte til eit trivselstiltak ved skulen. Dette er eit synleg prov på at ein set pris på å ha tilbodet her. Ho vona også at røynslene frå dette året vil vere medverkande til at mange kjem tilbake og buset seg i Vanylven "når de har vore ute i verda og fått utdanning og sett dykk om", som ho sa det.
Ordførar Jan Helgøy la vekt på det same. Han rosa elevane for å vere gode ambassadørar for kommunen -også på turar som den dei no skal ta ut på til Polen.
– Det er viktig at dei unge i dag tek slike turar og får lære om kor gale det kan gå når demokratiet vert sett ut av spel og ein ein verdsdel og meir enn det blir øydelagt både materielt og menneskeleg, sa Helgøy med adresse til at elevane skal vitje konsentrasjonsleirar frå 2.verdskrigen under turen.
Elevrådsleiar Silje Lundehaug tok imot sjekken og takka på vegne av elevane.
Til Tyskland og Polen
Rektor Idar Brekke fortel at turen til Polen har vorte eit fast innslag på skulen. Og nesten like fast er sjåføren - Øystein Blom.
– I tillegg til leirane i Polen, legg vi inn vitjing i dei no opna Stasi-fengsla i Aust-Europa. Dette er relativt ny historie i Europa som fangar elevane si interesse, seier Brekke.





