Fremjar støtteerklæring
|
FOTO: Kjell Brenne |
Etter initiativ frå ordførar og varaordførar i Vanylven, vil kommunestyret tysdag få seg førelagt eit framlegg til støttefråsegn til Volda sjukehus. Utkast til slik fråsegn vart sendt representantane fredag.
Vidar Parr
I framlegget, som ikkje har vore drøfta i formannskapet på førehand, blir det gitt uttrykk for sterk støtte til folkeaksjonen og det engasjementet som er for Volda sjukehus. Som kjent er tidlegare ordførar i Vanylven, Jon Aasen, leiar for denne aksjonen.
I framlegget til fråsegn vert det peika på kor viktig dette sjukehuset er for Vanylven, og det vart spesielt lagt vekt på kor viktig fødeavdelinga er. Skal Ålesund nyttast, vil fødande frå Vanylven kunne få 4-5 timars reisetid før dei er framme på lite gunstige tider på døgnet.





