Isklatra opp Breiteigsfossen

KLATRA: Til venstre ser vi fjella rett ovanfor garden Breiteig. Den spektakulære fossen, som stundom kan "flyge oppatt" når vinden står i ei bestemt retning, er der vi har plassert den raude ruta opp mot fjellkanten. Biletet til høgre er ei oppforstørra versjon av den vesle raude ruta. Her ser vi dei to klatrarane på veg opp den tilfrosne fossen.Vi kan kanskje også sjå tauet mellom dei.

Fleire tipsa oss søndag for å gjere oss merksame på eit heilt spesielt klatreprosjekt. To isklatrarar forserte i løpet av ettermiddagen den tilfrosne Breiteigsfossen høgt over fjorden.

Vidar Parr

Det var to klatrarar med utgangpunkt frå Volda som søndag føremiddag la i veg oppgjennom lia frå Breiteig. Mykje snø og tungt føre gjorde at dei nok kom noko seinare i gang med sjølve klatringa enn planen var. Men kring klokka 17.00 på ettermiddagen var begge dei to kome opp. Dei kom ned igjen til Breiteig om lag kl. 19.30.

Det er, så vidt kjentfolk veit, første gongen det har vore "isklatra" opp denne fossen. Dei svara slik på vårt spørsmål om ikkje dette for hasard å rekne:
– All klatring inneber ein viss risiko. Og denne risikoen må ein minimalisere ved å opptre fornuftig og nytte godt og rett utstyr. Men det er ikkje noko å prøve på dei første åra ein isklatrar!
Den eine av dei to har vore fleire gonger i området og er godt kjent. Ein gong for fleire år sidan var han med på ein tur opp til fossen for å klatre, men den gongen var isen ikkje god nok.

I papiravisa torsdag kjem vi tilbake med fleire bilete og eit kort intervju med dei to klatrarane.


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.