Ras mellom Velsvika og Lauvstad
|
RAS: Søndag ettermiddag vart vegen rydda og opna for trafikk (FOTO:Hallstein Velsvik) |
Eit fire meter høgt og 15 meter breidt snøras gjekk søndag føremiddag kring klokka 11.30 mellom Velsvika og Telset på riksveg 652. Fonna er kjent som Åse-Knut-fonna og lokalkjende fortel oss at det er sjeldan denne går. Begge køyrebanene var dekte og vegen var sperra med skilt og bom på begge sider av rasstaden.
Vegvesenet opplyser gjennom sine trafikkmeldingar at vegen søndag ettermiddag er open att for trafikk. Fonna tok også telefonlinja til Velsvika, og søndag kveld var dette framleis ikkje retta opp.
SØNDAG KVELD gjekk det også ras på Beksle på riksveg 61 mellom Åheim og Bryggja. Vegvesenet melder på nettsida vegvesen.no om "redusert fremkommelighet" som følgje av dette raset.





