Marginane på rette sida

I ARBEID: Hjelpemannskap i fullt arbeid på ulukkesstaden i Leitebakkane laurdag kveld. Ulukka skjedde like før klokka 22.00.

Erfarne redningsarbeidar gav uttrykk for undring over at det kunne gå så bra som det faktisk gjorde etter at det såg ut til å vere klart at alle dei fire ungdomane i bilen som køyrde av vegen i Leitebakkane laurdag kveld, ville overleve den dramatiske ulukka. Bilvraket var nærast flatklemd.

Vidar Parr

– Bilen har køyrt av vegen. Ingen andre bilar er involverte i ulukka. Det ser heldigvis ut til å gå etter forholda bra med dei tre gutane og den eine jenta som var i bilen. Eg ønskjer ikkje å seie noko om årsaka til ulukka. Den vil bli etterforska på vanleg måte, seier politibetjent Ragnhild Kongsvoll som var på staden då vi kom dit.

Dei fire ungdomane er ikkje frå Vanylven.

Såg at det vart ulukke

Ein bil på veg til mot Fiskå møtte ulukkesbilen like ovanfor krysset til byggjefeltet i Leitebakkane. Føraren av denne bilen såg i spegelen at noko skjedde og snudde straks. Dei køyrde til festivalområdet og fekk varsla ambulanse, Røde Kors og også lækjar som var der. Hjelpa kom såleis snøgt til. Også politiet var på oppdrag i nærområdet, og kom raskt til staden. Brannbil rykte ut både frå Fiskå og Syvde. Fleire av dei involverte måtte skjerast ut av vraket. Bilen var totalt øydelagt etter å ha gått rundt og tørna blant anna mot eit vegskilt. Når ein ser på vraket, er det ikkje til å skjøne at det kunne gå såpass bra som det gjorde.

Helikopter

To helikopter vart rekvirerte og to av dei skadde vart sende til sjukehus i Ålesund, to til Volda. Kommuneoverlækjar John Bekkenes, som var ein av to lækjarar på staden, sa til oss at slik han vurderte situasjonen etter at alle var komne ut av vraket, såg det ut til å gå bra med alle fire. Men han la til at dei var alle skadde , nokre også alvorleg og at undersøkingar på sjukehus måtte til for å fastslå skadene meir presist.

Kunne gått verre

I tillegg til at det kunne ha gått verre med dei fire ungdomane, kunne fort fleire bilar ha blitt dregne inn i ulukka. Vi har alt nemnt bilen som møttee ulukkesbilen lke før han miste kontrollen. Ein annan bilførar som kom frå Eidså, fortalde oss at han såg tilburden og stogga bilen nede i bakken for ikkje å bli involvert.

Oppretta: 10.07.2010


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.