TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Kristina greidde det igjen

I siste omgang i kulestøtkonkurransen under Ungdoms-NM i friidrett innandørs, slo Kristina Thunem (15) til med eit rekordstøt på 11.97 og sikra seg med det gullet i 16-årsklassa - ein centimeter føre argaste konkurrenten! 

Dermed kopierte friidrettstalentet frå Tunheim bragda frå UM utandørs i haust, då dette biletet vart teke - men i papiravisa torsdag lovar vi både nytt bilete og prat med den ferske noregsmeisteren.

Ti måtte punge ut på Eidså

UP hadde onsdag ettermiddag fartskontroll i 50-sona på fv 61 på Eidså. Høgste målte fart var 70 km/t. I alt ti bilførar fekk utskrive forenkla forelegg under kontrollen, les vi politiloggen.

Vanskar med ferja
Årvik - Koparnes onsdag kveld

Bilar som skulle med ferja frå Årvik kl 18.45 onsdag ettermiddag, måtte etter ei ventetid rygge på land att og ta ferja frå Larsnes. Årsaka var tekniske vanskar om bord i "Frafjord". 

På ferja kunne dei då vi snakka med dei 18.20 ikkje seie noo sikkert om kor lenge det ville gå før ferja var i drift igjen. Vi kan såleis berre vise til Norled sine nettsider der det vil bli lagt ut meldingar. SISTE: Norled melder kl 20.23 om normal drift i sambandet.

Kreativ samarbeidsinvitt
bergar truleg ambulansen

På styremøtet i Ambulanse Midt-Norge HF i Stjørdal torsdag uttalte styreleiar Petter Bjørdal i følgje smp.no at han trykkjer utspelet frå Vanylven til sitt bryst. Utspelet, som omhandlar samordning mellom dagambulanse og anna medisinsk omsorg, kan berge dag-ambulansen. Styret har no vedteke å få dette forslaget utgreidd - og er i utgangspunktet svært positive til det skisserte samarbeidet.

Vår i Vanylven

Det blømer i hagane, tjelden er komen (her er dei vi har rettutanfor redaksjonen vår no i dag) - vi ser bilete av flokkar av sporv på facebooksidene våre - og torsdag toppa målestasjonen på Fiskå temperaturlista for heile kongeriket med 12 grader. Og vi er framleis berre i slutten av februar.

1234567891011121314151617181920212223242526272829303132333435363738394041424344454647484950515253545556575859606162636465666768697071727374757677787980818283848586878889909192939495
– Røyrtunnelen kan byggast
Firmaet Reinertsen AS som har under arbeidet med forprosjektet ikkje støytt på noko som tilseier større vanskar med å bygge røyrtunnel frå Saudeholmen og til land. Det kom fram på pressekonferansen i Ålesund onsdag.Det kom elles fram at Kystverket, som har signalisert at dei krev 70 meters høgd på ei eventuell høgbru, kan gå med på å flytte leida til sundet mellom holmen og land. Fylkesordførar Jon Aasen sa at sjølv om dette er eit fylkesvegsamband, gjer det spesielle med dette pilotprosektet at ein må gå i dialog med statlege styremakter.Vi har fyldig dekking av saka i papirsavisa torsdag.
09.07.14 12:12
Ror rettvendt langs landet
I  av Synste Møre, i nr 27 - siste avisa før ferien i 2014, fortalde vi historia om Terje Syvertsen som ror frå Svelvik til Vemundvik nord for Namsos. Og han sit "rette vegen" i båten når han ror. Eller kanskje mange vil seie at han sit feil veg? Han ser altså same vegen som båten går. Freelancejournalist Bjarne Eldevik i Måløy har laga denne filmen om Syvertsen som vi har fått lov å legge ut. Filmen kan du sjå her.
06.07.14 14:21
These mist covered mountains...
Alan Clarke, sjølv med i supergruppa Dire Straits, brukte ei linje frå deira eigen hit frå 1985 då han snakka om utsynet frå scena på Saga på Eidså - og han brukte det i beste meining. Gruppemedlemene i The Straits tykte både utsikta og settinga på festivalen var fantastisk. Slikt er ikkje kvardagskost for dei som vanlegvis spelar for tusenvis av tilhøyrar i store hallar og stadion. Og dei leverte varene på Eidså. Det var ikkje fritt for at tårene kom fram på dei ivrigaste under den havannan time lange festforstillingai i den varme sommarkvelden.   Men The Straits var langt frå åleine. I papiravisa finn du fyldig reporrtasje og omtale - og etterkvart kjem også eit biletgalleri opp.
04.07.14 21:04
På retro-kafé
I dag sommaropna Teigens bakeri, og mange nytta høvet til å ta ein tur innom og friske opp gamle minne. Mellom dei var Torbjørn Vonheim frå Fiskå i lag med familien.
– Eg hugsar best siste året dei var ope i 1985, at eg var ned og fekk bringebærdrops. Då var eg seks år, fortel Vonheim.   Det var elles fullt rundt borda ei stund etter opninga klokka tolv, og seinare seig folk innom jamt og trutt. Kaféen vil halde ope også i morgon, fredag, og fire dagar i neste veke. Vi tippar mange vil gjere seg besøk for å friske opp att gamle minne, anten dei gjeld wienerbrød eller drops, og for dei unge vert det kanskje skapt nye minne.
03.07.14 14:57
Klart for musikkfest på Eidså
For sjuande gong er det laga til for musikkfestival på Saga. Scena er rigga for flotte artistar og mykje god musikk fredag og laurdag. Som vanleg har ein fått til ein god miks av lokale namn, nasjonale toppnamn og The Straits som det store internasjonale innslaget. Arrangørane håpar på enno større innrykk av musikkglade og feststemte publikummarar enn i fjor, då rundt 2 500 menneske var til stades på laurdag. Det vert spelt opp klokka 19 begge dagar og følgjande namn står på scena:   Fredag: Line Vederhus Return & Stage Dolls Violet Road High Red m/ Atle Douglas   Laurdag: Elias Ljung Valkyrien Allstars Sivvah - Blodsbrødre   Det er sett opp nattferje frå Åram fredag 00.55 og frå Koparnes laurda kl 02.30. Det er framleis råd å få kjøpt festivalpass for begge dagane med kulturrabatt for ungdom, og gratis inngang for born under 12 år.
03.07.14 12:52
Nabohytte tok fyr
Jonsokkvelden skulle Tormod Hvattum brenne ned eit eldre sel ved Vaulevatnet på fjellet mellom Åheim og Bryggja. Men elden spreidde seg.Lensmann Tormod Hvattum eig, saman med kona si, selet som skulle brennast ned. Han fortel til oss at han hadde innhenta løyve til dette frå brannsjefen og at der var mange personar til stades for å sikre at alt gjekk greitt. Etter at hytta var så godt som nedbrend, tok det så fyr i nabohytta kring 30 meter unna, truleg som resultat av glør som fauk i vinden.  Elden fekk snøgt godt tak i dette selet og det brende ned til grunnen. – Det er sjøvsagt ei veldig trasig sak både for dei som eig naboselet og for meg som var uheldig. Og brannen skal naturlegvis etterforskast av politiet som alle brannar skal. Hvattum legg ikkje skjul på at det er eit tilleggsbelastning at det blir fokusert på at han er lensmann, noko som har ført til store medieoppslag om saka i fleire av riksmedia. – Men det er vel slikt ein må forvente når ein har ein slik jobb, seier Tormod Hvattum som altså er lensmann i Vågsøy og leiar for regionen av lensmannsdritrikt i Nordfjord og Vanylven. I følgje politiloggen vart uhellet meldt like etter klokka 19.00 måndagskvelden.
24.06.14 07:49
Ein epoke er over
Fredag var siste dagen for kombibussen frå Stadlandet til Ålesund. – Det er trist, seier sjåfør Harry Tunheim - eit syn svært mange deler.Når kombibussen svingar inn på stoppeplassen ved Combisenteret på Fiskå fredag, er ein epoke slutt. Det har vore kjempa for denne fylkeskryssande bussen, men så langt har ein ikkje nådd fram. I tida fram til 15. august vil rett nok den populære gjennomgåande ruta bli oppretthalden, men no med vanleg buss med start frå og retur til Åheim  - og ikkje frå Selje/Stadlandet som no. – Det er trist og vemodig at det skulle gå slik, seier sjåfør Harry Tunheim. I 21 år har dette vore arbeidsplassen hans. Og det er mange som deler dette synet og ser på det som har skjedd som eit  nederlag for kommunikasjonen i lokalsamfunna våre. Vidar Parr
20.06.14 10:42
Jaga seg til siger
ÅVK slo Sæbø på Eidsåvoll onsdagskvelden. Ein fortent heimesiger i ein kamp prega av oppjaga tempo og mangel på giftige avslutningar.Kampfakta:
5. divisjon
ÅVK – Sæbø 3-2 (1-1)
Mål ÅVK: 1-0 Sindre Thue, 2-1 sjølvmål, 3-2 Sondre Hasund. Kjell Brenne Trass i ÅVK hadde ballen mest alt frå start av, var det Sæbø som gjekk i leiinga 0-1 etter 26 minutt på eit flott langskot ved Terje Haugen Øye der ballen smatt inn ved bortre stolpe.
Sindre Thue utlikna på eit vanskeleg skot for keeper etter pasning frå Sondre Hasund i det 38 minuttet. ÅVK tok på nytt leiinga etter fem minutt av omgangen på ein ball der ein stressa Sæbø-forsvarar var uheldig og sende ballen i eige bur, 2-1.
Sæbø hadde ballen mindre, men gjekk meir direkte og effektivt på mål når sjansen baud seg. Det gav straffespark i det 52 minuttet etter felling i feltet, ein ball frå ellevemetersmerket som ÅVK-keeper Ådne Seljeset ikkje hadde sjanse til å avverge. 2-2.
ÅVK sitt vinnarmål kom kvarteret før slutt. Sondre Hasund fekk klem på ballen frå 18-20 meters hald, ein ball Sæbø sin keeper måtte kapitulere på. Dermed 3-2 og tre viktige poeng å legge til på tabellen for trenar Øyvind Myklebust sitt unge ÅVK-lag.
ÅVK ligg på 4.plass på tabellen med 17 poeng bak leiande Stordal på 24 poeng, Hovdebygda 19 p og Vigra 18 p. Øvrige kampar i gårkveld: Stordal – Hovdebygda 4-2, Ravn – Hasundgot 2-0, Sunnylven/Stranda2 – Åmdal 2-7, Vartdal – Ørskog 6-1. MSIL – Vigra (torsdag 19/6.)        
18.06.14 21:49
Extra heldig vanylving
Ein mann i 40-åra frå Syltefjorden vann tysdag 670 000 kroner i pengespelet Extra.I følgje Norsk Tipping vart mannen gledeleg overraska og vil mellom anna ta med familien på ein skikkeleg draumeferie på ein eller annan flott stad på meir sydlege breiddegrader. Pengane skal elles brukast til å kvitte seg med litt gjeld. Vinnarbrettet vart levert inn hos Spar Åheim.
12.06.14 16:31
Uavgjort i Hovdebygda
To scoringar i opningsminutta vart nettoen i kampen i Hovdebygda onsdagskvelden mellom heimelaget og ÅVK5. divisjon:  Hovdebygda – ÅVK 1-1 (1-1) Bane: Hovdebygda kunstgras. Mål ÅVK: Elling Flister (5 min) Kjell Brenne   Sett kampen under eitt var resultatet greitt nok, men slik kampbildet utvikla seg, burde vi hatt med oss alle poenga heimatt, meiner spelande ÅVK-trenar Øyvind Myklebust.

ÅVK tok føringa 1-0 etter fem minutt. Elling Flister var sistemann på ballen i mølja i målfeltet  etter eit fint opptrekt angrep.

Hovdebygda fekk balanse i stillinga nokre få minutt seinare. Straffesparket etter det dommaren meinte var halding straffefeltet, var det ingen ÅVK-ar som forstod.

Fleire mål vart det ikkje trass i både stolpesmell og stolpestrykarar frå ÅVK si side. Hovdbygda fekk utvist ein mann halvtimen att av kampen (gule kort). ÅVK greidde likevel ikkje å utnytte dette trass eit klart sjanseovertak.

 –Vi vart tidvis med på Hovdebygda sin slå-langt fotball, men best var vi når vi bygde opp vårt eige kombinasjonsspel via midtbana og fekk spele dei ut. Men diverre hadde vi ikkje dei effektive avslutningane, fortel Myklebust som gir ros til medspelarane sine på ein tildels amputert ÅVK-ellevar der tidlegare ”storheiter” som Ole Theodor Hovden og Sigve Støylen var gode å ha i bakhand på benken sidan fleire 10.-klassingar på laget stod over på grunn av munnleg eksamen i dag.        
12.06.14 08:45
Bil av vegen i Syltefjorden
Ein bil kom søndag ettermiddag utfor vegbana på Nollen i Syltefjorden, kom inn att på vegen, fekk skrens og hamna i autovernet på andre sida av vegen. Bilen låg bak ein annan bil då ulukka skjedde, men det kom ingen møtande bilar, slik at alt gjekk bra og ingen av dei som var i bilen fekk skader.
08.06.14 19:17
Rindal og Buer til topps
Arve Rindal frå Eid slo Anders Aukland frå Team Centric på slutten og Maj Britt Buer sette suveren løyperekord i dameklassen under Blåfelden rett opp i Syvde laurdag.Rindal sin vinnartid var uoffisielt  på 39.07 - beste tida eidaren har hatt i dette løpet han har sprunge fleire gongar. Det har også Anders Aukland, som vart nummer to og vart slått av Rindal med 21 sekund på slutten. Anders greidde likevel målsettinga han røpa til oss før start om å kome under 40 minuttar. Jan Olav Tjønneland, Viksdalen kom på tredjeplass med 39,32. Jørgen Aukland leia forbi andre drikkestasjon, men vart til slutt nummer fire. Suveren damevinnar
Maj Brit Buer frå Gular er mellom dei aller fremste motbakkeløparane i landet - og det viste ho i Syvde laurdag. 43, 51 er den nye rekorden i dameklassen  i Blåfelden rett opp, ei forbetring på kring to minuttar. Tida hadde halde til sjuandeplass i herreklassen. Merete Helgheim, Gloppen, kom på andreplass med 46.18, og Guri Wangensteen, Syvde - veterinær i Vanylven - tok ein fin tredjeplass med sterke 49.24. Stor deltaking
Elles melder arrangørane i stor deltaking. 249 deltakarar i trimklassen og heile 62 i konkurranseklassen. Veret var godt, passeleg varmt og ingen nedbør, men diverre kom skodda sigande laurdagsmorgonen. Etter å halde seg unna no i eit par veker  la ho seg kringå toppen under løpet. Men deltakarane fekk i alle fall nyte fin utsikt på turen nedatt. Vi viser elles til fyldig reportasje og resultatlister  i papiravisa. torsdag
07.06.14 13:31
Hasund-kule var ikkje nok
Vigra – ÅVK 4-1 (1-1)  Sondre Hasund sende ÅVK i føringa 1-0 på Rota stadion i bortekampen mot Vigra onsdagskvelden på eit herleg langskot i vinkelen frå 30 meters hald. Og ÅVK følgde opp med både skot i stanga og ein åleine-keepersjanse før Vigra kom skikkeleg til hektene og fekk utlikne til 1-1 før pause. I andre omgang kom heimelaget sterkare og vann til slutt så klart som 4-1. –Ein relativt jamn kamp spelemessig der Vigra sin storscorar Kenneth Kjevik (eks Skarbøvik) utgjorde skilnaden på laga, seier ÅVK-trenar Øyvind Myklebust. 
05.06.14 13:06
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
FØRSTESIDA

 

KULTURKALENDAREN

Søndag 13. juli
15.00 Ope Husmortun/modellbåtsamlinga, Åram

Søndag 20. juli
15.00 Ope Husmortun/modellbåtsamlinga, Åram

Laurdag 9. august
09.00 Hovda rundt, Eidså

Onsdag 1. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Torsdag 2. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Laurdag 4. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Søndag 5. oktober
14.00 Matiné Opera Nordfj.

Tirsdag 7. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Onsdag 8. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Fredag 10. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

Laurdag 11. oktober
18.30 Søner av sola Opera Nordfj.

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

 
FERjERUTER
Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

 

     





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget