TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Sibelco fjernar hammaren

VERKDIREKTØR Ove Sollid orienterte om situasjonen ved verksemda

Sibelco Nordic på Åheim har søkt om godkjenning for å ta bort bergknausane som står att på lagerområdet på kaia og meiner ein skal klare å redusere støyutslepp ved verksemda. Dei som bur i nærleiken er slett ikkje så sikre.

Bilete 17. mai

Bilete frå feiringa i bygdene våre er no lagde ut på biletgalleri. På biletet til venstre ser vi Amalie Ervik Røys, som synest det er godt å ha ei mamma som er tidtakar og som har paraply å gå inn under. (FOTO: John Willy Klungre)

Gratulerer med dagen!

For første gong på fleire år, fekk vi i Vanylven ein 17. mai der ein hadde behov for paraply i tillegg til flagget. Men sjølv om regnbygene og ein ikkje plagsamt høg temperatur gjer det litt hustre innimellom - går naturlegvis programmet som planlagt. På biletet ordførar Jan Helgøy tale ved bauten ved Vanylven kyrkje. Åheim musikkorps spela ved høgtida, etter å ha gått dagens første tog - frå Leitehøgda til kyrkja på Slagnes. Vi kjem tilbake med mykje meir - både på nett og papir.

Glapp igjen for Åheim

IKKJE I NOTA: Åheim var fleire gonger i Kvamsøy sitt målfelt, men utan å få ballen i mål.

Som mot Gjerdsvika/Moltu, rota Åheim bort ei 2-0 leiing. Kvamsøy utlikna til 2-2 like kampslutt.

Klasseforskjell på Eidsåvoll

RAUDT KORT:Haddal sin spelar nummer 2 vert utvist midt i andre omgang. Om løpet ikkje var køyrt for bortelaget før, var det ikkje lengre tvil etter dette, og ÅVK skifta då også inn alt dei hadde av spelarar, slik at dei fekk speletid og andre fekk kvile.

Åram/VanKam var eit godt hakk betre enn motstandaren Haddal og vann 5-0 på Eidsåvoll i dag.

1234567891011121314151617181920212223242526272829303132333435363738394041424344454647484950515253545556575859606162636465666768697071727374757677787980818283848586878889909192939495
Underhaldande UKM
Ungdommens kulturmønstring i Olivinhallen laurdag vart ei ny framsyning av unge talent og flott ungdomskultur. Dei frammøtte fekk både høyre og sjå mange gode songarar, dans, musikk, sketsj, videoar og utstilling. Men så fekk ungdomane sjølve også litt ekstra stas underhaldning denne gongen, ved at Idol-Jørn og gruppa Trollebø avslutta det heile. Lengre nede på sida finn du fleire bilete frå mønstringa.
14.02.15 19:16
Kunne blitt oljebase
Vanylven Utvikling lagde i 2012 denne videoen som skulle vise Fiskåholmen sitt potensiale som industriområde, mellom anna som oljebasa for flytande plattformer.

No kan du sjå videoen her
12.02.15 12:15
Trailer fast i Leitebakkane
Ein trailer har fått problem på det glatte snøføret i Leitebakkane på Eidså tysdag kveld.Den store bilen står, som biletet viser, slik at han sperrar store deler av vegbana. Men vitne på staden fortel at nokre personbilar har lirka seg varsamt forbi, men at større køyrety har ingen sjanse. Etter kvart har det blitt vanskeleg å kome forbi for alle og det lagar seg køar. Uhellet skjedde kring klokka 18.30 og kranbil frå Nordfjord var venta i løpet av kvelden for å få bilen på vegen att.
03.02.15 19:29
Jordskjelv under tungtvassendinga
Medan folk flest sat framfor TV-skjermane for å få med seg avslutninga av NRK1-serien ”Kampen om tungtvannet” søndag, var det somme som registrerte eit drønn som ikkje kunne kome frå bomber og sprengingar i serien.Og dei som tippa på jordskjelv, har rett. Om lag 11 km vest-nordvest for Måløy var senteret for skjelvet som vart registrert av NORSAR kl. 21.24 søndag kveld. Skjelvet hadde ein styrke på 2, 64 på Richter-skalaen. I Nordfjord skal fleire har merka klirringa av dekkety og liknande, ifølgje NRK-Sogn og Fjordane. Så langt har ikkje vi fått melding om slikt i Vanylven, men tek gjerne imot om nokon kan fortelje.
02.02.15 12:58
Strålande Vaffelhjarte
Teateroppsetjinga av Maria Parr si bok Vaffelhjarte begeistra, mora og rørte dei vel 300 som hadde klart å sikre seg billett til denne eine av to opne førestillingar under skuleturneen til Sogn og Fjordane teater (også ei i Førde 9. mars). Små og store fekk sjå ei oppsetjing som tok i vare dei viktige elementa frå boka, både med tanke på persontypane, bodskapane og som i kanskje enno større grad enn boka makta å fange og bevege publikum, frå latter til klump i halsen, og dei ivrigaste unge kom også med ein kommentar og to undervegs.NÆRKONTAKT: Dei unge i publikum fekk etter framsyninga høve til helse nærare på hovudpersonane Trille (Preben Hodneland) og Lena (Sulekha Ali Omar) i Olivinhallen fredag. 
31.01.15 14:50
– Ein serie vi er stolte av
– Vi gler oss og trur det har blitt ein bra serie om ei modig jente som torer og klarer mykje. Vi viser eit kvardagsliv utanom det vanlege - både glede og sorger på ein gard, sa producer Eva Westvik då ho opna premierefesten for "Marit og dyra" på Hakallegarden fredag.Det var fullt hus i løa på Hakallegarden og god stemning på premierefesten som NRK Sogn og Fjordane baud inn til i samband med at den første av dei åtte episodane av serien "Marit og dyra" tek til på NRK Super tysdag. Både gardsfolket, og ikkje minst Marit Krakset sjølv, fekk mange godord for tolmodet og innsatsen sin. Westvik rosa foreldra for å ha late Marit bli med på alle aspekt av livet på garden, både det gledelege og det som ikkje er så kjekt, men som er viktig for å skjøne kvar maten i kjøleskåpet kjem ifrå. Og då Eva Westvik spurde Marit kva ho hadde svart om ho hadde spurt om ho ville bli med i åtte epsiodar til, svarte den unge TV-personlegdomen eit tydeleg "Ja" til stor applaus. Også frå kommunen vanka det godord og blomster. – Du gjer meir når det gjeld å gjere kommunen kjent på ein fin måte enn vi greier på lang tid, sa ordførar Jan Helgøy mellom anna. Meir i papiravisa torsdag.  
30.01.15 13:27
"Ølen"  innstilt fredag - Høgsfjord inn i sambandet frå 15.30
Bilferja "Ølen" vart fredag (23/1) føremiddag teken ut av trafikk i sambandet Åravik- Koparnes grunna tekniske vanskar. Ferja ligg no i Larsnes. Trafikken har frå ca. klokka 12.00 vore dirigert om Larsnes-Åram eller Volda-Lauvstad. Norled oplyser at ferja "Høgsfjord" er no på veg for å gå inn i sambandet. SISTE: Norled melder om normal drift frå 15.30.
23.01.15 14:35
Siste seksjonen blir sendt
I morgontimane fredag vart den aller siste seksjonen frå Ulstein Vanylven sitt anlegg på Fiskåholmen gjort klar for sleping.Nedlegginga av veksemda vart gjort kjent sist veke, og kom som eit sjokk både på tilsette, kommune og lokalsamfunn. Etter det vi har fått vite, skal det over helga vere eit møte mellom leiinga  i Ulsteingruppen og Vanylven  når det gjeld anlegget på Fiskåholmen. Ordførar Jan Helgøy seier at det må vere eit klart mål å få i gang ny aktivitet på området for å sikre lokale arbeidsplassar, og at desse før ein klarer det, dess betre.
23.01.15 08:56
Ulstein avviklar på Fiskåholmen
Ulstein Verft har bestemt seg for å avvikle produksjonen i Vanylven og samle all produksjon i Ulsteinvik.Dette går fram av ei pressemelding frå Ulstein Veft i føremiddag. I pressemeldinga blir årsaka oppgjeven til å vere store kostnader med å oppretthalde produksjonen i Vanylven. Dei 28 tilsette vil få tilbod om jobb ved avdelinga i Ulstein, heiter det i pressemeldinga. Synste Møre kjem med meir.
13.01.15 12:23
Nina merka vi ikkje, men...
Det var kanskje ikkje heilt vekkasta å sjekke båtar, naust og lause saker kring husa før helga. For sjølv om Nina uteblei, friskna det godt til utover dagen måndag.
12.01.15 18:44
Har du sett det før?
Så skjedde det igjen: Ein lastebil enda i grøfta på Tunheim. Og som så ofte før: Uhellet skjedde då lastebilen møtte ein bil og måtte legge ut.Denne gongen var det ikkje ein stor bil, men ein varebil eller ei stasjonsvogn, som kom køyrande andre vegen. Men i følgje sjåføren på lastebilen, var den møtande bilen såpass langt inne på vegen at han måtte legge ut på kanten for å unngå kollisjon. Dermed var grøfta neste. Uhellet  skjedde litt før kokka 17.00 måndag. Lastebilen hadde levert varer i Måløy og var på veg tilbake til Ålesund utan last. Då vi var på staden vel ein time seinare, venta ein på kranbil for å få bilen på vegen att. Etter det ein så langt hadde sett, var det ikkje øydelagt noko på lastebilen. Kring klokka 19.30 var bilen på vegen att. Vegen var stengt medan sjølve bilberginga stod på og det danna seg lange køer på begge sider, får vi opplyst frå folk på staden. Vi har hatt mange slike reportasjar frå denne smale vegstrekninga frå Tunheim til Sylte. Og spor i grøfta viste at vi berre for nokre dagar sidan kunne ha hatt ein til. Men han kom seg oppatt me eiga hjelp, får vi vite av naboar.
12.01.15 18:26
Stille før stormen?
Skal vi tru vêrmeldingane, er det laurdag fare for kraftig vind og høge bølgjer. Dei siste dagane har difor fleire spesielt prøvd å sikre båtar og naust. På Notaplassen i Syvde møter vi fredag ettermiddag John Nordal og Paul Myklebust. Dei har mellom anna vore i sving med å spenne eit ekstra tau tvers over hamna og festa det i flytebryggene.
- Det vert gjerne litt gang i dei, fram og attende, når det er vind og bølgjer. Difor har vi spent opp tau for å prøve å hindre at dei skal bevege så mykje på seg, seier dei to karane.
John Nordal fortel at bryggene fekk hard medfart under Dagmar.
- Den ein brygga fekk ein knekk på midten og ytste elementet vart så vridd at vi måtte ta det land og rette det opp og sveise det i etterkant, seier han. 
Om det vert så mykje av uvêret som er meldt, er dei usikre på, men har ein prøvd å sikre seg i førekant, slepp ein i alle fall å tenkje på det om det skulle blåse skikkeleg opp, er dei samde om. Så er det også sendt ut beredskapsvarsel frå fylkesmannen, og som det heiter i radbrekking av eit ordtak, er det for seint å snu når katta er ute av sekken.  
09.01.15 15:33
Gjentok fjorårssigeren
Førehandsfavorittane Las Estrallas Azules hadde små vanskar med å vinne kvinneklassa i Castrol Cup søndag. Dei talentfulle jentene vann også Sparebanken Møre-klassa i fjor, då etter eit jamt finaleoppgjer som enda 1-0 mot Voldabaserte Queens. Med nokre utskiftingar vart det desse to laga som møttest også i år, og dei blå vanylvingane synte at dei har teke steg i utviklinga og vann enkelt finalen 6-0. To kjappe frå Vilde Hasund sin venstrefot sikra 2-0. Ho stod også for 3- 0, før stadig måljagande Siril Rusten sette inn 4-0. Ellen Nerland Aahjem sørga for 5-0, før ho litt seinare nok ein gong forserte flott på venstrekanten og Siril fekk æra av å avslutte det heile med å sette innlegget hennar i mål. Vi kjem med meir frå dei andre klassane i avisutgåva tysdag.
28.12.14 19:08
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

 

KULTURKALENDAREN

Torsdag 26. februar
19.00 Mamma Mia, Framheim

Fredag 27. februar
18.00 Big Hero 6
19.00 Mamma Mia, Framheim
19.00 Møte, Åheim misjonshus
20.00 Kingsman
20.00 Ope hus, Åheim misjonshus
        
Spansk helg, Alexandera, Loen

Laurdag 28. februar
10.00 Swinglaurdag, Volda samf.hus
20.00 VJFF-50 år, Eidsåtun
         Spansk helg, Alexandera, Loen

Søndag 1. mars
13.00 Torskemiddag; Syvde samf.hus
16.00 Søndagskafe, Suíon Åheim
       
Spansk helg, Alexandera, Loen

Fredag 6. mars
18.00 Bingo, Norstranda bygdahus

Fredag 3. april
18.00 Bingo, Norstranda bygdahus

Fredag 1. mai
18.00 Bingo, Norstranda bygdahus

Fredag 5. juni
18.00 Bingo, Norstranda bygdahus

Onsdag 30. september
18.30 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Torsdag 1. oktober
18.30 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Laurdag 3. oktober
17.00 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Søndag 4. oktober
14.00 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Tysdag 6. oktober
18.30 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Onsdag 7. oktober
18.30 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Fredag 9. oktober
18.30 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

Laurdag 10. oktober
17.00 Maskeballet, Operaen i Nordfjord

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER
Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

 

     





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget