Butikken fekk varm støtte

GA STØTTE: Rovdestrandingane møtte mannjamt fram utanfor Coop før møtet som vart halde om butikken si framtid. (FOTO: Severin Rovde)

Dei trassa kuldegradene for å vise at dei vil behalde butikken sin, folket på Rovdestranda. Så vil tida vise om det var nok.

Ole Magne Kvalsvik

I går var representantar for Coop Vest, bygda og kommunen samla for å diskutere framtida for butikken. I god tid før møtet skulle starte var bygdefolket på plass med fakkeltog, plakatar og song for å vise at dei sluttar opp om butikken.
– Vi vil gjere det vi kan for å få behalde butikken vår, var gjennomgangstonen mellom dei frammøtte.

Det var krinsleiar for Coop i Vanylven, Lasse Rindal, som hadde stått i spissen for å få til møtet og leidde dette i lag med administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe. Til stades var representantar for grendalaget, lokalpolitikarar og tilsette ved avdelinga på Rovde.
– Eg opplevde møtet svært konstruktivt, seier Lasse Rindal. Han fortel at det vart sett ned ei arbeidsgruppe på to representantar frå grendelaget og to frå Coop som skal halde ein dialog og sjå på eventuelle verkemiddel gjennom året.
– Det er no sett opp eit realistisk budsjett for 2010 som tek omsyn til at Siem er borte. Om folket er så gira på å behalde butikken som dei gav uttrykk for i går, vil dette gå bra, meiner Rindal.

 


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.