Viste fakter

OPPVISNING: Sebastian Larsen t.v og Henrik Stahl imponerte med teknisk gode øvingar i Taekwondo. (FOTO: Jermund Rekkedal).

Presise rørsler, raske fakter og imponerande god balanse og kontroll med både armar og bein, vart det for unge taekwondoar på Åheim onsdagskvelden.

Kjell Brenne

Jau,visst hadde tre titals unge i Vanylven Taekwondoklubb gjort leksa si då dei viste fram kva dei hadde øvd inn på repertoaret sidan starten på klubben. Og med mystiske ”tsje-lydar” frå stilige, kvitkledde wondo-kroppar, sette dette eit orientalsk preg på framvisinga i gymsalen på Åheim skule til applauderande foreldre.

-Dei viste fram basisteknikkar i første del av grunnprogrammet, forklarte instruktør Wenche Modalen Berget som fortel at klubben trenar to gonger i veka. Når teknikkane sit godt, blir det å trene på nye kroppsrørsler innan Taekwondo-skuleringa, seier Wenche som viste fram ein sekvens på kva aktivitetar som står på programmet i vekene framover.


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.