Nesten ny butikk

NYTT: Aksel Inge Berge hadde berre godord å seie om nyebutikken, sjølv om han måtte leite litt ekstra etter varene under handlinga torsdagsmorgonen. Også dei tilsette, som Tordis Thunem som her betjener kassa, er godt nøgde.

Coop-butikken på Fiskå framstår nesten som ein ny butikk etter ansiktsløftinga som har gått føre seg siste tida. Etter nokre dagar med kaos og rot, der kundar, butikkpersonale, elektrikarar, snikkarar og folk frå coop-systemet har gått om kvarandre, kunne dei tilsette torsdag morgon stolt vise fram nyebutikken - og spandere kaffi og marsipankake på kundane.
– Vi er så fornøgde. Vi går berre og smiler, seier butikksjef Nina Molvik.

Vidar Parr

Coop-marked Fiskå er mellom dei siste av dei 900 coop-butikkane som har gjennomgått den oppgraderinga med nye fargar m.v, som blir kalla "coop-løftet" - Men i tillegg er butikken no fullstendig oppgradert.

– Eg seier at det einaste som er igjen av det gamle her no, er golvet, seier butikksjef Nina Molvik.

– Det skal bli større vareutval og lettare å orientere seg. Sjølvsagt blir det ein del leiting no før ein har vent seg til alt, men det er ein overgang, seier ein smørblid butikksjef.


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.