Godt frammøte på festivalopninga
Chand Torsvik (biletet) hadde eit lang større publikum å spela for då han opna Vanylvsfestivalen 2010 enn det som var tilfelle med dei første artistane dei to tidlegare åra. Er dette representativt, går det mot klar publikumsrekord for festivalen.
Vidar Parr
Også programleiar jan Åge Fjørtoft gjorde eit nummer ut av at det i år var mykje folk alt frå klokka 18.00. Førehandssalet av billettar har også auka sidan i fjor - og det knyter seg stor spaning til kor mange som vil vere inne på området når Hellbillies entrar scena litt over klokka 22.00.
Under den timelange konserten til den unge artisten frå rockehovudstaden Namsos seig det på fleire og fleire og stemninga var god i ein mild og regnfri sommarkveld.
Chand appellerte tydeleg både til unge og litt eldre blant publikum. Akkurat det skal vi sjå nærare på i reportasjen vår i papiravisa neste veke.





