Felles gravferd fredag klokka 12.00

JORDFESTINGA vil bli her på kyrkjegarden ved St. Jetmundkyrkja. Men sjølve gravferdsseremonien vil bli halden i Olivinhallen klokka 12.00.

Dei to gutane frå Åheim som mista liva sine i trafikkulukka laurdag, Adrian Løyngvær og Ruben Aahjem Løvold, skal gravleggjast i morgon, fredag. Dei blir ein felles seremoni i Olivinhallen som tek til klokka 12.00 (ikkje 13.00 som det ved ein feil står i ein notis i papiravisa vår). Det er venta stor deltaking i gravferda.

Etter ein har avslutta i hallen, vil bårene bli førte til St. Jetmund-kyrkja der jordfestinga vil finne stad. Det er lagt opp til at folk skal gå frå hallen til kyrkja.

Oppretta: 22.04.2010

Eksotisk vårteikn

FOTO: Håvard Parr

Ved Ungdomshuset på Fiskå sit det ein eksotisk gjest. Skuleungar fann papegøya ved huset til Anne Marie og Oddvar Eikrem torsdag føremiddag. Ole Kristoffer Helland fortel at han og Håkon Brudevik tok henne med på ein kvist fordi dei var redd ein katt skulle ta henne. No sit ho, med nyfikne skuleborn kring seg, i bjørka utanfor Ungdomshuset.

SISTE: Kring klokka 11 fann ein tak i eigaren av papegøya, som som kunne fortelle at ho hadde forsvunne kvelden i førevegen.


Oppretta: 22.04.2010

Trailer i grøfta i Syltefjorden

BERGING: Arbeidet med å få traileren på vegen att inst i Syltefjorden var i full gang då vi var på staden kring klokka 09.30. (FOTO: Håvard Parr)

Ein trailer på veg nordover enda i grøfta inst i Syltefjorden. Etter det vi får opplyst på staden skjedde uhellet under møte med ein annan stor bil på veg sørover. Uhellet skjedde kl 06.30 måndag morgon. Det har vore passasje på staden for mindre bilar bortsett frå i den perioden det har vore arbeid med å få bilen på vegen att. Frå  og om lag klokka 10.00 reknar ein med å ha avslutta det arbeidet og vegen er då open for vanleg ferdsel.


Gripande minnestund

LYS: Mange uttrykte sorga si og heidra minnet til Ruben og Adrian  ved å tenne lys under den gripande og sterke minnehøgtida.

Minnestunda i Olivinhallen vart ei sterk og gripande høgtid, prega av botnlaus sorg og fortviling, men og av mykje varme og vilje til å stå saman i sorga over dei to ungdomane Adrian Lyngvær (17) og Ruben Løvold (18).

Oppretta: 18.04.2010

Samling i Olivinhallen søndag

I morgon, søndag, vil det i samband med den tragiske bilulukka laurdag, verte skipa til ei samling for ungdom og andre sørgjande i Olivinhallen på Åheim klokka 14.00. Etter samlinga vil St. Jetmund-kyrkja vere open for alle som ønskjer å kome dit.

Dei to tillyste samtalegudstenestene for konfirmantar i Syvde og Vanylven kyrkjer er avlyste, melder kyrkjekontoret.

Også mannskorkonserten som skulle vere i Vanylven kyrkje søndag kveld er avlyst.

Dansegallane i Olivinhallen komande helg er også avlyst.

Oppretta: 17.04.2010


10


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.