To ungdomar døde etter djupt tragisk ulukke
|
I Olivinhallen på Åheim har ungdom frå heile distriktet vore samla til LAN. Her er no oppretta sorggruppe (FOTO: Ole Magne Kvalsvik) |
Ein bil med fire ungdomar frå Vanylven var utsett for ei djupt tragisk ulukke på Haus i Nordfjord laurdag ettermiddag. To av dei fire er stadfest omkomne. Ein tredje er på veg til Haukeland sjukehus i Bergen ambulanse.
Det er etablert kriseteam både på sjukehuset på Eid dit dei skadde først blei sende, og på Åheim, der ungdomar frå heile kommunen har vore samla til såkalla LAN sidan fredag kveld.
Heile lokalsamfunnet reagerer med sorg og sjokk etter kvart som den tragiske ulukka har blitt kjent.
Rakna på målstreken
|
Stian Bellen trudde nok han hadde sett inn vinnarmålet, men måtte skuffa konstatere at Vartdal kom attende i kampen. |
Tenkt på førehand ville nok ikkje eit uavgjortresultat teke nattesøvnen frå spelarane på Åram/Vankam, men slik kampen utvikla seg var 2-2 ein stor skuffelse på Eidsåvoll. Heimelaget leia 2-0 heilt til det stod att fem minutt av kampen. Då skåra Vartdal på ein billeg dødball og fekk blod på tann. Etter massivt press fekk bortelaget straffe og utlikna heilt på tampen.
Skal køyre etter forholda
Ettersom meteorologane spår temperaturar ned mot frysepunktet og det er mogelegheiter for sludd utover i helga, kan det vere vert å vente nokre dagar før ein set bort vinterdekka. Sjølv om piggdekka etter regelverket skal vere bytte til første måndag etter 2. påskedag, så skal ein køyre etter forholda, opplyser lensmannsførstebetjent Øystein Ruud ved Vanylven lensmannskontor.
– Det er ikkje slik at vi står på pletten dagen etter pålegget for å ta folk, seier Ruud.
Aksjonerte for auka matmedvit
|
AKSJONERTE: Jonny Lade, Petter Bondhus og Kari Einbu i Rovde bondelag deler ut kundeavisa ”Mer enn bare lave priser” på Rovde (FOTO: Heidi Velsvik) |
Under den årvisse aksjonsdagen til bøndene onsdag rette aksjonsgruppermerksemda mot alt det som fyl med når norsk mat ligg i handlekorga. Rovde Bondelag markerte dagen med open kafe i Kaffebanken med gratis kaffi og vaflar til dei som var innom.
Brannøving på Rønnestad
|
FOTO: Håvard Parr |
Laurdag vart det gjort ei kontrollert nedbrenning av den gamle butikken på Rønnestad på Hakallestranda. Røykdykkarar frå både Vanylven og Volda brannvern fekk trene på sløkking av det som var nær overtenning i både lofts- og hovudetasje før brannen vart slept laust for fullt.
11 |





