Maria Parr "Årets nynorskbrukar"

Maria Parr frå Fiskå er kåra til Årets Nynorskbrukar 2010, går det fram av ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum torsdag.


Krater i vegen på Nordstranda

KRATER: Drosjesjåfør Ingmund Kvalsvik har gått ut av bilen får å sjå på det det djupe, farlege holet i vegen. (FOTO: Håvard Parr)

På fylkesvegen ved byggjefeltet på Hundsnes dukka det tysdag føremiddag brått opp eit djupt krater i vegbana. Holet utgjorde opplagt ein fare for trafikken, men det vart heldigvis oppdaga og avmerka før noko alvorleg skjedde.

Vegmeister Jan Øystein Holsvik frå Mesta kom til staden kring kvart over elleve og fylkesveg 2 vart etter kvart heilt stengt. Ei gravemaskin kom i arbeid og og vegen var stengt utover ettermiddagen. Vegen er no i kveld open for trafikk att ifølgje Vegvesenet si meldingsside vegvesen.no.


Vardebrenning mot vindturbinar

Organisasjonen "Stopp rasering av Kysten" skipa skjærtorsdag til vardebrenning langs kysten i kampen for stogge kystbaserte vindturbinar. Lokalt slutta gruppa VernHovda  seg til aksjonen. Trass i aksjonen vart seint bestemt, møtte eit tjuetal personar fram, tok turen til Nystøylhornet og fekk tent varden som vist på biletet.


Oppretta: 31.03.2010

Rovdestranding til topps i Marine Harvest

TOPPSJEF: Alf-Helge Aarskog, fødd og oppvaksen på Rovde, er tilsett som toppleiar i oppdrettsgiganten Marine Harvest ASA (FOTO: Joar Grindheim, Intrafish)

Den utflytte  rovdestrandingen Alf-Helge Aarskog (42) er utnemnd til konsernsjef i oppdrettsgiganten Marine Harvest. Aarskog, som like før jul gjekk inn i tilsvarande stilling i Lerøy Seafoad Group ASA, skal ta til i den nye stillinga til hausten.

Oppretta: 31.03.2010

Ein feil i påskekryssordet

Eit lite ord har falle ut i påskekryssordet i øvste hjørnet på venstre sida. Det vesle ordet FORK. skal stå slik det går fram av biletet. Då skulle det bli enklare for kryssordløysarane våre!



12


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.