Farleg glatte påskevegar

Snøfall og nattefrost har gjort vegane i distriktet svært glatte mange stader etter ein periode med etter måten tørre og berre vegar. Politiet melder måndag om ei ulukke på Skorge (biletet) der ein bil enda ovanfor vegen. Politiet opplyser at det ikkje var personskade i ulukka. I same området skjedde det også ei anna utforkøyring, heller ikkje der med personskade.
Like ovanfor Kvilehytta på Åheim stod fleire bilar fast på gletta måndag morgon og hindra mellom anna trailarar å kome forbi. Her var vegen ei stund stengd til ein fekk drege personbilane opp på høgda. Det var svært glatt, og lastebilsjåførane etterlyste strøing, får vi opplyst.

(FOTO: Tipsar)

Oppretta: 29.03.2010

Hundrevis på Hakallestranda

STEMNING: God stemning og mykje folk på Hakallegarde under markandsdagen Hakallestranda Utvikling skipa til palmelaurdag.

Palmelaurdag er fast markandsdag på Hakellestranda. I godveret i årsamlast hundrevis av menneske på Hakallegarden der rådmann Gudmund Sandnes opne marknaden i år.

Oppretta: 27.03.2010

Toppnamn til festivalen

PRESENTERTE: Hellbillies, Donkeyboy og Chand er mellom artistane Hallbjørn Stenhaug har hyrt inn til Vanylvsfestivalen i sommar.

Vanylvsfestivalen 9. og 10.juli byr på eit enno vidare spekter av spennande musikk enn dei to føregåande åra. Det viser artistbuketten festivasjef Hallbjørn Stenhaug presenterte denne veka.

Oppretta: 25.03.2010

40 år sidan det første Synste Møre

Denne veka  er det  40 år sidan bygdebladet i Vanylven kom ut med namnet Synste Møre.

I nokre veker frå starten 23.januar i 1970 hadde det vore "namnlaust", 13.mars kunngjorde redaktør Per G. Osnes  på første side at Simon Eikrem i Syvde hadde vunne namnetevlinga. Namnet blei Bygdebladet Synste Møre.

Som ei enkel markering av jubileet har vi skanna  dei fire sidene så den som vil kan lese om att det første Synste Møre i PDF-format her.

Oppretta: 17.03.2010

Traileruhell stengde vegen i Kjøde

PÅ TOPPEN: Bilbergingsbilen til Kriken frå Bryggja har fått traileren frå svingen ved Bakkebø og opp på høgda (FOTO: Kjell Brenne)

Tysdag føremiddag fekk ein finsk trailer problem i Kjøde, noko som førte til mellombels stenging av riksveg 618 over Mannseidet. Like før klokka halv to tysdag melde nettsida vegvesen.no at vegen igjen var open for trafikk.


Oppretta: 16.03.2010


13


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.