Miste veggrepet på glatt føre

KOLLISJON: Det var personbilen i framgrunnen og den raude pick-upen som kolliderte på eit såpeglatt føre tysdag morgon. Som vi ser er både ambulansar og barnnvern på plass. (FOTO Kjell Brenne)

To personbilar støytte saman tysdag morgon på glatt føre ved Kvilehytta på Åheim. I alt fire personar vart frakta frå staden i ambulanse, men politiet opplyser at det ikkje skal vere snakk om alvorlege skader.

Oppretta: 16.03.2010

Vert prisa for omsetjing

Øystein Vidnes får i dag omsetjarprisen for undomsboka "Veslebror ser deg".

Når kulturminister Anniken Huitfeldt i dag deler ut Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker, så er Øystein Vidnes frå Fiskå ein av mottakarane. Øystein får omsetjarprisen for den nynorske språkdrakta han har gjeve til ungdomsboka Veslebror ser deg. Ei bok med originaltittel Little Brother, skrive av den kanadiske forfattaren  Cory Doctorow.


Isproppa løyste seg opp

Spor etter isen som i går stengde elva på ein faretruande måte. FOTO: Kjell Brenne

Isproppa som demde opp for vatnet i Åheimselva tordagskvelden, løyste seg opp i løpet av natta. På morgonkvisten fredag rann vatnet fritt og faren for oversvøyming var over. Langs elvebarden på begge sider låg det att store isblokker medan ein også kunne sjå drivande isflak på veg ut elvemunningen mot fjorden.


Iskork i Åheimselva

IS: Det hopar seg opp med  is i Åheimselva - og verre kan det bli.

Drivande isflak i Åheimselva tetta seg torsdag ihop heimanfor Kriken og laga ei stor ispropp som delvis stengjer for den store vassmengda. Biletet viser noko av isen slik det såg ut i femtida på ettermiddag. Men her kan fort skje endringar til ein større flaum.


Fleire ras har gått

Statens vegvesen seier torsdag morgon at dei har fått melding om tre nye ras på riksveg 652 frå Velsvika til Lauvstad. Beredskapsvakt Terje Vike i Statens vegvesen, seier at ein grunna vertilhøva ikkje har gått inn i området, noko som gjer at ein ikkje kjenner omfanget av rasa enno. Vegen er altså ikkje opna att etter nattestenginga. For oppdatering på vegsituasjonen kan ein sjå vegvesen.no

 

Fjord 1 opplyser at grunna raset så vil alle bussruter mellom Vanylven og Lauvstad stoppe i Velsvika og snu attende mot Vanylven. Unntaket er bussen frå Åheim klokka 08.05, denne går ikkje om Syvde/Velsvik, men over Eiksundsambandet, med avgang frå Eidså klokka 08.45. Returen frå Volda til Vanylven vil følgje vanlege rutetider, men gå frå Volda fergekai klokka 12.50 og køyre Eiksundsambandet.

Rutene vil verte sett i normal drift så snart vegen opnar att.



14


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.