Vanskelege køyreforhold

FOTO: Kjell Brenne

Det rann av sky torsdags morgonen og snøsmeltinga fekk fart på seg. Mange stader kunne ein registere vassfonner som her på Beksle. Snøen har følgt elva og fløymt over vegen. Dette er situasjonen i halv åttetida tysdag. Bilane kan passere.


Nytt ras nær Velsvika

Raset som stengjer Rv 652 (FOTO: Hallstein Velsvik)

Måndag morgon var riksveg 652 mellom Velsvika og Lauvstad igjen stengt på grunn av nytt ras. Dette raset har gått i Storegjølet -  nærare tunnelen enn raset som gjekk søndag. Hovudraset har ei breidde på 60 meter, men medekna to mindre ras som og har gått, er lengda kring 100 meter. Det vil i løpet av nokre timar bli vurdert om det trygt å sende inn maskinar for å rydde vegen eller om ein må vente. Rutegåande trafikk til Volda går over Koparneset og Eiksundsambandet.


Ras mellom Velsvika og Lauvstad

RAS: Søndag ettermiddag vart vegen rydda og opna for trafikk (FOTO:Hallstein Velsvik)

Eit fire meter høgt og 15 meter breidt snøras gjekk søndag føremiddag kring klokka 11.30 mellom Velsvika og Telset på riksveg 652. Fonna er kjent som Åse-Knut-fonna og lokalkjende fortel oss at det er sjeldan denne går. Begge køyrebanene var dekte og vegen var sperra med skilt og bom på begge sider av rasstaden.

Vegvesenet opplyser gjennom sine trafikkmeldingar at vegen søndag ettermiddag er open att for trafikk. Fonna tok også telefonlinja til Velsvika, og søndag kveld var dette framleis ikkje retta opp.

SØNDAG KVELD gjekk det også ras på Beksle på riksveg 61 mellom Åheim og Bryggja. Vegvesenet melder på nettsida vegvesen.no om "redusert fremkommelighet" som følgje av dette raset.



Tjelden er komen!

Her ser vi tjelden i flukt frå fotografen. Fleire av vårteikna var å sjå i fjøra ved sjukeheimen på Fiskå mandag (FOTO: Håvard Parr)

Trass i full vinter og djup snø heilt ned til fjørsteinane: Eit av dei sikraste vårteikna har meldt seg! I år var det Leif Nygård  som vart førstemann til å rapportere tjelden. Vi fekk meldinga laurdag 6. mars. Nygård såg tjelden nær den gamle langbrygga på Fiskå.



Kritikerprisen til Maria

Maria Parr (biletet) frå Fiskå vart torsdag tildelt Kritikerprisen  i klassen for barne- og ungdomsbøker. Prisen vart delt ut på Litteraturhuset i Oslo. Maria fekk prisen for boka Tonje Glimmerdal.

Det er Norsk Kritikerlag som deler ut prisen. Også prisen for årets kritikar og kritikarprisen for beste vaksenbok vart i dag delt ut.

I vaksenbokklassen gjekk prisen til Tomas Espedal for romanen Imot kunsten. Prisen for årets kritikar gjekk til Tor Eystein Øverås.



15


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.