Kyrkjefest i Syvde

FOTO: Håvard Parr

Søndag tok kyrkjelydane i Vanylven imot både den nye soknepresten i Syvde og Rovde, Ivar Austrheim og kantorparet Andrea og Wolfram Syré. Det var vikarprost Ruth Glæstad som stod for innsetjinga av Ivar Austrheim (biletet) under gudstenesta i Syvde kyrkje, medan sokneprest Sjur Johan Sæter stod for innsetjinga av kantorparet. Etter innsetjingsgudstenesta hadde Syvde og Rovde sokneråd laga til velkomstfest for dei dei nytilsette. Meir i papiravisa torsdag.


Trafikkuhell sperra veg på Åheim

Ein polskregistrert semitrailer enda på tvert på vegen like ovanfor vegstasjonen på veg opp fjellet frå Åheim tysdag føremiddag. Det samla seg snart køar av bilar på begge sider av staden. Det kom etter kvart til traktorar m.a. frå NCM som hadde blitt bedne om assitstanse, for å drage laus bilen.

SISTE: Vegen er opna att kl. 11.35.

(FOTO: Tipsar)


Isklatra opp Breiteigsfossen

KLATRA: Til venstre ser vi fjella rett ovanfor garden Breiteig. Den spektakulære fossen, som stundom kan "flyge oppatt" når vinden står i ei bestemt retning, er der vi har plassert den raude ruta opp mot fjellkanten. Biletet til høgre er ei oppforstørra versjon av den vesle raude ruta. Her ser vi dei to klatrarane på veg opp den tilfrosne fossen.Vi kan kanskje også sjå tauet mellom dei.

Fleire tipsa oss søndag for å gjere oss merksame på eit heilt spesielt klatreprosjekt. To isklatrarar forserte i løpet av ettermiddagen den tilfrosne Breiteigsfossen høgt over fjorden.


Fremjar støtteerklæring

FOTO: Kjell Brenne

Etter initiativ frå ordførar og varaordførar i Vanylven, vil kommunestyret tysdag få seg førelagt eit framlegg til støttefråsegn til Volda sjukehus. Utkast til slik fråsegn vart sendt representantane fredag.


Kommunal støtte til elevtur

– Vi ser stor pris å ha dette tilbodet i Vanylven, sa konstituert rådmann Gunvor Strand då ho saman med ordførar Jan Helgøy overrekte ein sjekk på 20.000 kroner til trivselstiltak ved den vidaregåande skulen i Syvde. Elevrådsleiar Silje Lundehaug tok imot og takka for pengane, som skal nyttast til delfinansiering av skulen sin etter kvart tradisjonelle Polen-tur.



17


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.