Marginane på rette sida

I ARBEID: Hjelpemannskap i fullt arbeid på ulukkesstaden i Leitebakkane laurdag kveld. Ulukka skjedde like før klokka 22.00.

Erfarne redningsarbeidar gav uttrykk for undring over at det kunne gå så bra som det faktisk gjorde etter at det såg ut til å vere klart at alle dei fire ungdomane i bilen som køyrde av vegen i Leitebakkane laurdag kveld, ville overleve den dramatiske ulukka. Bilvraket var nærast flatklemd.

Oppretta: 10.07.2010

Må stenge fylkesvegen i periodar

I GRØFTA: Den littauiske traileren på veg frå Åheim til Luleå kom i første omgang berre ti Beksle. I bakgrunnen ser vi kranbilen som har kome til og etter kvart skal først få ut lasten og sidan få bilen på vegen att.

Ein trailar lasta med 25 tonn støypemasse frå Sibelco Nordic på Åheim hamna tysdag kveld i grøfta i ein sving på Beksle. Arbeidet med å få bilen på vegen att vil krevje at fylkesveg 61 mellom Åheim og Maurstad vil bli periodevis stengd utover kvelden.

Oppretta: 06.07.2010

Frå Merkesteinane til  Donkeyboy

Andre dag av Vanylvsfestivalen innheld ein svært variert meny. På gratisdelen på føremiddagen sponsa av Vanylven Utvikling AS, opna populære Merkesteinane ein flott konsert med mange høgdepunkt. Og på kvelden fekk ikkje minst dei yngre oppleve at idola Donkeyboy (biletet ) kom på scena til ellevill jubel. Veret hadde også funne tilbake til godlune etter regnebygene fredagskvelden og natt til laurdag.


Samferdsel i fokus under Høybråten sitt besøk Vanylven

Stad skipstunnel var hovudsaka då KrF sin leiar Dagfinn Høybråten vitja Vanylven torsdag. Men som det går fram av biletet, nytta ein også høvet til å legge inn eit godt ord for andre viktige samferdselsprosjekt.

Oppretta: 24.06.2010

Publikumsrekord
på Hellbillies-konsert

FULL MUSIKK: Brørne Lars Håvard (nærast) og Aslag Haugen gav, samam med resten av bandet, publikum ei flott musikkoppleving på Eidså fredgskvelden.

Regbygene som kom innover festivalområdet utpå fredagskvelden greidde ikkje å øydelegge stemninga og opplevinga av det som for mange var dagens høgdepunkt, konsert med countryrockbandet Hellbillies.

Oppretta: 10.07.2010


4


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.