Åheim utklassa Hasundgot

BYTE: – Her har du keeperhanskane. Lykke til! seier keeperveteran Tormod Hvattum til debutanten, Arni Skaftasson, i pausen. Hvattum (55) viste i første omgang at han ikkje har gløymt gamle kunstar. Arni vil ikkje ha høve å stå alle kampane og Tormod må nok ta sin tørn mellom stengene i fleire kampar, deriblant mot Tjørvåg førstkomande onsdag.

Åheim feia Hasundgot av bana med 5-1 i opningskampen fredagskvelden på Åheim stadion.
– Resultatet fortel det meste, smilte åheimtrenarane etterpå.

Oppretta: 30.04.2010

Vellukka øving

KREVJANDE: Berging av skadde frå buss byr på ekstra utfordringar.

– Svært bra, var oppsummeringa frå fleire hald i forhold til den store øvinga på katastrofeutrykking som onsdag og torsdag har vore gjennomført på Lisjeeide.


Asfalteringa i gang

FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Som vi har meldt tidlegare, skal det i år leggjast nokre strekningar med ny asfalt i Vanylven. Torsdag morgon starta arbeidet på Tunheim. Riksveg 61 - eller Fylkesveg 61 som det no eigentleg heiter -  var stengt i eine køyrebana og bilar vart tekne gjennom puljevis med leiebil. Det kan altså påreknast noko ventetid medan arbeidet går føre seg og ein gjer klokt i leggje inn ein liten "asfaltmargin" om ein skal nå ferjer.

Oppretta: 29.04.2010

Legg vindkraftplanar på is

Leiinga i dei tre selskapa Zephyr, Vestavind Kraft og Tussa har lagt planane om vindmålemaster i fleire område i Vanylven på is.

Oppretta: 26.04.2010

Verdig og deltakande farvel

TOK FARVEL: Ein fullsett Olivinhall tok farvel med dei to ungdomane som omkom i bilulukka sist laurdag. Her er det ordførar Jan Helgøy som ber fram avskilsord.

Nær 1 200 menneske var i dag samla i Olivinhallen for å ta avskil med dei to ungdomane Ruben Aahjem Løvold og Adrian Nilsen Lyngvær.



9


 

29. aug/4. sep.
Sunnivafestspela

Søndag 12. sept.

Fjelltur Slogen
Syvde I.L.

Laurdag 18. sept.

Fjelltur Segestad gård
Syvde I.L.

Søndag 19. sept.

Fjelltur Myrkevasstinden
Syvde I.L.