resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
Rovdefjordsambandet spelt over til fylket
Rovdefjordsambandet spelt over til fylket
Fredag 13. april 2018 kan noterast som ein merkedag i Rovdefjordsambandet si mangeårige historie. Då vart det ferdige plankonseptet formelt løfta opp på den fylkespolitiske arenaen, representert ved fylkesordførar, fylkesrådmann og samferdselssjef.Kjell Brenne
Den fleirdelte fjordkryssinga med flytebru på omlag 1600 meter frå Bjørlykkeskjera i Vanylven til Saudeholmen og derfrå følgt på med ein 230 meter lang nedsenka røyrtunnel til Storeneset i Breivika i Sande, blir som det første i sitt slag, ei nybrotsvinning innan samferdselsteknologi og alternative måtar å krysse fjordar på og som blir følgt med stor interesse frå andre fagmiljø innan samferdsel. Røyrtunnelen er på Rovdefjordsambandet senka 14 meter ned under sjøflata. Det gir god margin på djupta i forhold til båtane som passerer over røyret på brusambandet. Nytt i prosjektet er at flytedelen av brua skal byggast med pontongar i stål. Klevengruppa i Ulsteinvik har i fleire år jobba med å kunne bygge ei stålbru som hundre prosent skal vere robotsveisa.
            –Å bruke stål i staden for tradisjonelt betong i pontongane, vil gi ein langt lågare prislapp på flytebruer. Det opnar for at bruelementa kan produserast her i området og ikkje bli fabrikerte i utlandet med dei frakt og omkostningar det medfører, påpeikar Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling.

Robotisert produksjon av brulelement i stål er noko Klevengruppa har jobba med over fleire år. Dei ser føre seg at robotsveiste stålbruer vil vere løysinga der flytebruer skal nyttast til fjordkryssingar. Styrken på brua vil med stål vere minst like god som ved andre konvensjonelle materiale.
           -Dagen i dag er med den overleveringa vi hadde på Molde i dag ein milepæl vi kan måle med brei pensel i bruselskapet sin etter kvar lange logg og for folk flest. No er det fylkeskommunen som formelt er vegeigar som vil ha regien vidare, framhevar Svein Gjelseth.

Rovdefjordsambandet er planlagt fullt ut sjølvfinansierande, der bompengar og ferjeavløysingsmidlar vil vere dei viktigaste finansielle berebjelkane i dette brusambandet på Kystvegen Ålesund – Bergen, eit prosjekt som knyter Vanylven og ytre Nordfjord saman med ytre søre Sunnmøre og vidare mot Ålesund og mot Volda/Ørsta gjennom Eiksundsambandet. Dette er fakta:
• Rovdefjordsambandet er ein framtidig bruforbindelse over Rovdefjorden mellom kommunane Sande og Vanylven i Møre og Romsdal.
• Sambandet vert ein del av kystvegen mellom Ålesund og Bergen.
• Norge har bygd fleire undersjøiske fjelltunnellar dei siste dei siste 35 åra. Men slike tunnellar er ofte plaga med varmgang hjå trailereog dermed fare for brann og vanskelege evakueringar.
• Røyrtunnelen i Rovdefjordsambandet vert rimeligare –og vil truleg brøyte veg for enda meir avanserte løysingar med flytebru og røyrtunnelar.
• Berekassa av stål vil vere ein stålkonstruksjon på om lag 12-15 000 tonn.
• Stadt Skipstunnel vert «nabo» til Rovdefjordsambandet i samferdslelaboratoriumet
14.04.18 10:07
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Buss glei i autovernet
Buss glei i autovernet
(04.04)Så var det klart for eit nytt kapittel i følgjetongen om bilar i grøft eller autovern i Syltefjorden. Denne gongen var det skulebussen på veg til Åheim som møtte ein trailer på såpeglatt føre.Uhellet i dag skjedde i botnen av Syltefjorden, i det området som lokalt kallast Ura. I følgje sjåføren vi snakka med, møtte bussen ein trailer, køyrde så langt ut til høgre han kunne og bremsa litt. Dermed sklei bussen inn i autovernet. Ingen dramatikk på nokon måte og dei fem, seks unge passasjerane kunne klatre ut. Det er altså ein klassisk situasjon som vi etterkvart har ganske mange døme på på denne vegen. Det måtte rekvirerast bergingsbil frå Stårheim for å drage bussen inn på vegen att. Ei køyrebane var stengd og folk frå Vanylven brann- og redning dirigerte trafikken forbi inntil dette skjedde.
04.04.18 09:47
Tre tilbod kjem i gong
Tre tilbod kjem i gong
(23.3) Dei to førsteårstilboda, Studiespesialisering (ST) og Teknisk industriell produksjon (TIP) kjem i gang ved den vidaregåande skulen si avdeling i Syvde. Det same gjeld vg2-tilbodet Helsearbeidarfag, medan vg1-tilbodet Helse og oppvekstfag som venta ikkje kjem i gang.Dette er resultatet etter at Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har avgjort kva tilbod som skal starte opp og kva som ikkje kjem i gang i møte torsdag. Avdelingsleiar ved Herøy vidaregåande skule i Vanylven, Ester Sørdal Klungre, seier at dette var som forventa. Ho seier dei må ta eitt år i gongen og ønskjer ikkje å spekulere i kva som skjer framover. Tilbodet som no ikkje kjem i gang, førsteårstilbodet Helse og oppvekstfag, står på skulebruksplanen og kan såleis, om det ikkje blir endra, lysast ut neste år, då også elevtalet i grunnskulen går litt opp i høve til i år. Vedtaket i Utdanningsutvalet var i samsvar med tilrådinga frå Fylkesutdanningssjefen. Men i ein merknad i saksutgreiinga heiter at med bakgrunn i låge søkjartal, svake elevtal i grunnskolen i Vanylven, vanskar med å erstatte kompetansen til lærarar som sluttar av ulike årsaker og dei økonomiske utfordringane avdelinga får med å drive med eit så smalt tilbod, vil fylkesutdanningssjefen no signalisere at ei nedlegging av Herøy vgs avd. Vanylven vil bli vurdert i arbeidet med ny skolebruksplan 2019-2022. Etter det vi forstår, er det lagt opp til at den nemnde planen skal rullerast til hausten.
23.03.18 10:49
Bråtebrann kom ut av kontroll
Bråtebrann kom ut av kontroll
OPPDATERT 17.3 (16.3) Vanylven brannvern rykte fredag ut med folk frå Fiskå stasjon etter melding om grasbrann på Hakallestranda. Det som, i følgje politiet, hadde starta som ein bråtebrann, hadde kome ut av kontroll og ein var redd for både hus og naust.Brannvernet fekk etter måten snøgt kontroll over brannen som i ein lett vind hadde spreidd seg over eit stort område mellom busetnaden og sjøen på Nystøylen. Det vart spesielt jobba med å sikre eit naust der flammane byrja kome nokså nær.  Det enda altså godt. Men det er knusktørt i det «frysetørka» graset, og det må visast ekstra varsemd. Det skal svært lite til før elden kjem ut av kontroll. OPPDATERINGAR: Laurdag blir det meldt om to nye utrykningar. Ei til Sandvika og ei til Eikrem i Syvde på ettermiddag. På sistnemnde stad vart det køyrt full utrykning (begge stasjonar) etter at det kom melding om at brannen hadde blussa opp etter at ein først meinte å ha kontroll. Det er heile tida snakk om grasbrannar som følgje av at eld har kome ut av kontroll.
16.03.18 14:30
Gunstig tid på taket
Gunstig tid på taket
Kommunen sine folk bokstaveleg talt kosta i veg og feia mosen av taket på aktivitetssenteret på Fiskå torsdag. Langvarig berrfrost har frysetørka mosen på framsida av taket, slik at det var berre å koste han laus av takhellene på denne sida.På baksida har det truleg vore meir skugge og mosen har klart å halde på vatnet, slik at han ikkje let seg fjerne på same viset. Difor ville ein her prøve med vaskepulver og liknande. Og som vi ser er det store mengder som har grodd til på taket, der ein del måsar gjennom åra har hatt reir.
– Vi kan kanskje seie at det er måsen som har gjødsla mosen, sa Jon Halvor Kjøde i kommunen si vaktmeisterteneste.
15.03.18 10:28
Tilfredse med klassequiz-resultat
Tilfredse med klassequiz-resultat
Med åtte av tolv mulege poeng sa laget frå Myklebust skule seg fornøgde med innsatsen i NRK sin Klassequiz.  Dei tre elevane sa på førehand at eit av måla måtte vere å skåre betre enn Åheim sine fem poeng, noko dei også klarte. I ei variert spørsmålsrunde vart det full pott med tre poeng i kategorien Søner og døtre, der dei kjende til både kven som hadde skrive boka Sønnen, kor mange søner Fader Abraham hadde og kven Siri Nilsen er dotter til.  Elevane fekk også rett på kor mange deltakarar det er på eit curlinglag, kor mange sider eit trapes har, dei kjende til Oscar-nominerte La La Land og landa rett på kva norsk kronprins som vann OL-gull i segling i 1924. Mest å hente er det på musikkinstrumentsida, der dei tok Steinway&Sons for å lage juvelar og balalaika for å vere ein matrett. Men altså ein bra skåre for Myklebustlaget, der tre fiskåbygdarar trekte fram Coop'en som det beste ved Syvde.
01.03.18 14:37
Manglar Rovde-aviser
Manglar Rovde-aviser
(01.03) Avisene til Rovde er borte - igjen! Men denne gongen er i alle fall Lauvstad-avisene på plass. OPPDATERING: Avisene er på terminalen i Molde. Vil bli sendt til omdeling på Rovde fredag, lovar Posten.– I Synste Møre er vi ganske oppgitt over situasjonen - og vi har no bestemt at vi vil trykke dobbel sett av aviser slik at vi har ein bunke her som vi kan køyre til Rovde frå redaksjonen. Dette vil vi gjere inntil leverandørane viser at dei greier å få avisene frå Ålesund til Rovde på rett dag. Det blir naturlegvis ei ekstra utgift, menkan rett og slett ikkje akseptere at tingarane våre ikkje får avisene sine som dei har betalt for, seier redaktør Vidar Parr. Av dei ni avisene som har kome ut i 2017, har berre to (avis nr. 2 og avis nr. 8) kome fram til Rovde på "normalt" vis. Anten har dei kome til Fiskå og vi har køyrt dei tilbake til Velsvika der vi har møtt postbodet frå Lauvstad, eller så har dei først kome dagen etter. I dag kom dei ikkje til Fiskå, og vi veit ikkje nøyaktig kva som har skjedd. Vi oppdaterer saka så snart vi veit noko nytt - og vonar avisa skal vere på plass i postkassene i morgon tidleg.
01.03.18 09:20
Då er han komen
Då er han komen
Tjelden er registert både på sanden ved Fiskå-eleva og på Låtre-sanden litt lenger inne. (26.2) Det var i går, søndag 25. februar, at Magna og Knut Fiskaa såg tre fuglar i ikkje langt frå osen til Fiskåeleva. Og Harald Thunem i Låtra kan fortelje oss at tjelden også er på plass der inne. Han kan forresten fortelje at han også såg ei einsleg storspove i dag, noko som han tykkjer vere svært tidleg. Vi har ikkje greidd å fange 2018-utgåva av tjelden i kameralisa enno - så vi får nøye oss med eit arkivbilete frå fjoråret enn så lenge! Vårteiknet er i alle fall på plass!
26.02.18 15:49
Ti fekk forelegg på Eidså
Ti fekk forelegg på Eidså
(23.2) Utrykningspolitiet hadde trafikkontroll i 50-sona gjennom Eidså fredag. Trass i ganske fin køyring av dei fleste, vart det ni forekla forelegg for fart over det lovelege. Ein bilist fekk også forelegg for å nytte handhalden mobiltelefon under køyringa.Vi stod ei stund saman med Julian Vidhammer frå UP, plassert bak postkassestativet der han kunne måle farta på bilar som retning mot Koparnes Den stunda vi stod der, var det  berre lovlydige bilistar som passerte, og ingen vart vinka inn av Vidhammer sin kollega ved Rønnestadbutikken. Vidhammer forklarte oss at ein i tilegg til kontroll på trafikkmessig viktige punkt, var dette også ein test på nytt og betre utstyr UP no har teke i bruk.
23.02.18 14:08
Vann 810.000 i Extra-trekning
Vann 810.000 i Extra-trekning
(13.2) Ei kvinne frå Vanylven vart i kveld vel 810.000 kroner rikare då ho blei  såkalla Extra-kandiat under trekninga tysdag kveld melder Norsk Tipping. Trekninga vart sendt på NRK2 klokka 19.00.Namnet på kvinna er ikkje kjent, men til Norsk Tipping fortel på sine sider at den overraska og glade kvinna fortel at ho aldri har vunne før. – Gurimalla, er det sant? skal ifølgje tippeselskapet sine nettsider vere førstereaksjon frå kvinna, som etter kvart seier at ho kanskje skal unne seg eit glas vin for å feire. Som det går fram av biletet, henta frå dagens sending, kunne kvinna med maksimal flaks ha vunne heile to millionar denne gongen. Men 810.000 er ikkje å forakte det heller!
13.02.18 21:35
Buss av vegen på Nordstranda
Buss av vegen på Nordstranda
(12.2)Ein buss sklei av vegen mellom Fluevågen og Krokvika måndag morgon. Det var ingen passasjerar i bussen då uhellet skjedde og sjåføren kom heller ikkje til skade.Bussen køyrde i retning Åram og det var, for dei lokalkjende, i svingen mellom Sildevika og  Breidemyrane at uhellet skjedde kriing klokka 07.00 måangsmorgonen. Etter det vi får opplyst, møtte bussen ein bil. Vegen er smal og bussen, som la godt ut til høgre, kom utfor asfaltkanten med eit hjul. Det enda med at han seig ned i den djupe grøfta og la seg over på sida. Det var også sleipt og glatt føre på morgonen, utan at vi veit om det også var ein del av forklaringa. 
– Det heile skjedde udramatisk og nærast i «i sakte kino», sa sjåføren til oss då vi var på staden ein times tid etterpå.  Det må hentast kranbil frå Stårheim for å få bussen på vegen att.
12.02.18 08:38
Straum via aggregat i Torvika
Straum via aggregat i Torvika
Torvikfeltet på Åheim var utan straum frå natt til fredag til ut på føremiddagen. Men ti minutt over ti var straumen attende med full styrke, knappe timen før ”skjema”, i forhold til det stipulerte tidspunktet Mørenett hadde antyda til straumkundane sine. Også fleire andre stader i kommunen hadde straumbrot i natt.Kjell Brenne På Åheim var det svikt i straumkabelen frå straumkiosken nede ved oppkøyrsla til feltet frå fylkesvegen til trafoen oppe i feltet ved bustadhuset til Jermund Rekkedal som var årsaka til straumbrotet.
Eit aggregat vart kobla til trafoen som ei mellombels løysing og dermed kunne feltet på nytt forsynast med straum, slik at pensjonistane i feltet etterlengta kunne nyte morgonkaffien, dog noko etter dagens ” skjema.” i desse OL-tider.
              – Problemet er at det blir brukt mykje straum her i feltet. Så akkurat no oppmodar vi om at husstandane ikkje brukar meir straum enn nødvendig, påpeikar Arnt Myklebust i Mørenett, som saman med sine medhjelparar fekk ein stri tørn med å finne ut av straumbrotet. Han hadde ikkje hatt blund på augene etter at han fekk melding om straumbrotet i to-tida på natta. Myklebust seier dei straks vil starte opp arbeidet med å grave og prøve å finne feilen i kabelen. Så lenge blir det aggregatet som på provisorisk vis må forsyne husstandane med straum. Også i Syltefjorden var straumen ute i natt. Ei kraftig utblåsing i ein trafo på Ekrem førte også til problem for telefonnnettet. Likeeins var det straumbrot på Fiskå litt over klokka to i natt. Her var det ein feil i ein jordkabel nord for Fiskåberget som gav problema, oplyser Tussa. Og ikkje nok med det, også på Dale i Dalsfjorden var det problem, slik at det har vore ei travel natt for Mørenett sine folk. Om problema har ein samanheng som følgjefeilar, eller berre oppstod ganske samstundes, er enno tidleg å svare på.
09.02.18 10:52
Gang- og sykkelvegen på Tunheim inne att
Gang- og sykkelvegen på Tunheim inne att
(08.02) Det har vore mykje ut og inn av listene på fylket, men etter samferdselsutvalet sitt vedtak i går ser det ut som bygging av gang- og sykkelvegen på Tunheim endeleg kan verte realitet. Tiltaket har lege øvst på prioriteringslista over slike vegar i Vanylven i mange år, og var etterkvart klatra til sjaunde plass på fylket si prioriteringsliste, då det i fjor vår brått var borte frå denne lista. Etter trykk frå lokale politikarar inn mot sine fylkesrepresentantar, kom det inn att på fjerdeplass på denne lista under samferdselsutvalet sitt møte i juni i fjor, der det vart vedteke å løyve ti millionar i 2018 og fem millionar i 2019.  Før jul i fjor var tiltaket så ei kort stund teke ut att av listene, før det kom inn att på tredje plass. Før møtet i går var det så på nytt gjort ei innstilling frå fylkesadministrasjonen om å utsetje arbeidet, for å spare dei femten millionane og bruke i finansiering av ferjedrifta. Men samferdselsutvalet var sterkt innstilte på at dette arbeidet no må kome i gang.
– Om ikkje anna må vi greie å få vedteke oppstart på Tunheim, eit prosjekt som har venta så altfor lenge, sa Leiar i utvalet, Kristin Sørheim (Sp) til avisa før møtet.  Fredag sist veke var også tilsette i Statens Vegvesen og kommuneingeniør Helge Kleppe på synfaring for dei siste justeringar av detaljplanen. Framover står det også att å få på plass endelege grunnavtaler etter dei endringar som no vert gjorde, før ein legg endeleg plan og kostnadsoverslag fram for fylket. Med det same ein var på staden, forstod vi det slik at vegvesenet sine folk, med teiknarar, fagfolk på el-sida, entreprenørar og prosjektleiing, også gjorde sine lauslege vurderingar med tanke på ei eventuell breiddeutviding av hovudvegen frå Tunheim og vidare innover Bøstranda.
08.02.18 11:13
Underhaldande UKM
Underhaldande UKM
Ung Kultur Møtast i Olivinhallen laurdag vart ei fin framsyning av song, musikk, film, bilete, stand-up og skodespel. Sjølv om omfanget av innslag var noko lågare enn siste åra, var det framleis stor spennvidde og fleire innslag med god kvalitet.Både vart det vist mykje bra på scena, og ungdomsrådet som arrangørar hadde også lagt seg i selen og fylt på med litt små underhaldningsdrypp. Men vi såg dessutan til dømes på utstillingssida korleis  deltakarane der hadde utvikla seg frå føregåande år. Likeeins synst vi dramagruppa hadde teke eit stort steg. Vi kjem med meir i papirutgåva, men under fotogalleri finn du fleire bilete frå arrangementet. Desse gjekk vidare til Fylkesmønstringa: Utstilling: Håkon Sylte «Figur», Petrine Sjåstad «Star guardian Soraka»  
Scene: Fantejohnne Trio & Han Hinn «Your Man», Madelen Rimstad og Kaja Rekkedal «Fire», Drama – avdelinga VOL 2. «Hellstrøm & Yngvar»  
Film: Gruppa vår «Kreativ film»  
05.02.18 16:15
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 26. april
15.30 Treffpunkt Vanylven, VHO Fiskå

Fredag 27. april
18.00 Bingo, Nordstranda bygdehus
18.00 Sherlock Gnomes, Fiskå kino
20.00 Infinity War, Fiskå kino

Laurdag 28. april
12.00 Kunstutstilling, Slagnes forsamlingshus
16.00 Cirkus Agora, Eidså
17.00 Basar, Hakallestranda bedehus
21.00 Gla dansen, Sylte bygdehus

Søndag 29. april
13.00 Hjertemarsj m/ballservering, Sørbrandal
19.00 Møte, Sion, Åheim

Tirsdag 1. mai
15.00 Basar, Rovde
19.00 Konionia, Ørskogfjellet

Onsdag 2. mai
19.00 Aglow, Filadelfia, Ulsteinvik

Torsdag 3. mai
15.00 Pensjonisttreff, Eidsåtun
18.30 Strikkekafé, Aktivitetsenteret
19.00 Aglow, Filadelfia, Ulsteinvik

Fredag 4. mai
19.00 Saron, Vatne

Laurdag 5. mai
14.00 Konionia, Ørskogfjellet

Tirsdag 8. mai
17.00 Frigjeringsmarkering, bautaen, Fiskå
17.00 Misjonskyrkja, Brattvåg

Torsdag 10. mai
12.00 Stevne, Stryn kulturhus

Fredag 11. mai
16.00 Stevne, Stryn kulturhus

Laurdag 12. mai
12.00 Stevne, Stryn kulturhus

Søndag 13. mai
11.00 Stevne, Stryn kulturhus

Torsdag 24. mai
Åram Pluss

Fredag 25. mai
Åram Pluss

Laurdag 26. mai
Åram Pluss

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget