resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
HEKTISK UTLIKNING: Sekundane før 1-1. Stian Bellen i venstre bildekant (kvit trøye) set hovudet til på corneren. Det gav full panikk i Volda-forsvaret. Øyvind Myklebust og Anders Midtbø (t.h.) vaktar utviklinga før Ådne Seljeset kjem til og sender ballen over streken bak ein utspelt voldakeeper.
HEKTISK UTLIKNING: Sekundane før 1-1. Stian Bellen i venstre bildekant (kvit trøye) set hovudet til på corneren. Det gav full panikk i Volda-forsvaret. Øyvind Myklebust og Anders Midtbø (t.h.) vaktar utviklinga før Ådne Seljeset kjem til og sender ballen over streken bak ein utspelt voldakeeper.

Avslutta på Eidsåvoll med publikumsfotball

(7.10) Om fotballkampar skal vere underhaldning, så innfridde ÅVK på Eidsåvoll laurdag. Ein god makker i dette spelestykket som gav heile åtte skåringar og drøssevis målsjansar, var eit spelande Volda 2.

5. divisjon Sunnmøre
ÅVK – Volda2  3-5 (2-4)
Mål: 0-1 Fredrik Kvalsnes, 1-1 Ådne Seljeset, 1-2 Stian Finnøy, 1-3 Tom Malims, 2-3 Henning Sætre, 2-4 Stian Finnøy, 2-5 Rasmus Aarflot, 3-5 Ole Per Kragset.
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta.
ÅVK: Marius Nystøl, Vebjørn Aaland Brekke, Oskar Vik, Øyvind Myklebust, Ole Petter Storeide, Anders Midtbø, Stian Bellen, Per Gunnar Lundehaug, Uchin Cho, Henning Søtre, Ådne Seljeset.
Innbyte:  Trygve Norhagen, Ole Per Kragset.

Kjell Brenne

rass at dette vart eit årets farvel til heimekampane på Eidsåvoll og den handfaste billetten for nedrykk til 6. divisjon, så var det ei fin fotballstemning som rådde på bana. Både spel og situasjonar skifte like fort som solstrålane sine  ubereknelege gjennombrot i gråveret. Når så det resulterer i mål i begge endane av bana, så heldt spenninga seg intakt heilt til slutt.

Volda kom først i gang som ”nettserver”! Alt etter seks minutt låg første ballen bak ein Marius Nystøl i ÅVK-målet, signert av Fredrik Kvalsnes som fekk stå forbausande åleine i målfeltet på innlegget. 0-1.

ÅVK kom tilbake og utlikna til 1-1 midtvegs i omgangen. I mølja i femmetersfeltet etter cornerinnspel, var det Stian Bellen som brøytte ”løypa” så Ådne Seljeset til slutt med langfoten sende ballen over streken.

 Volda brukte ikkje lang tid på sitt svar då Stian Finnøy la på til 1-2, ei skåring som burde ha vore annulert for offside, etter mange si meining.

 Spelet veksla, men med Volda som den som fekk best utteljing.. Tom Malims sytte for 1-3 før Henning Sætre viste seg fram på cornerinnlegget og reduserte til 2-3.

Medan sistesekundane tikka mot pause, fekk Volda tildelt frispark utanfor sekstenmeteren. Godfoten til Stian Finnøy var kallibrert i forhold til både ball, mur og stenger. Ballen skrua elegant over muren og inn borte ved stolperota til ÅVK utan at Nystøl fekk hansken på han. 2-4.

 Volda la på til 2-5 med noko ei skåring sju minutt etter pause. Rasmus Aarflot sitt frispark let seg ikkje stoppe.

 Dagens mann likevel vart superveteran Ole Per Kragset som kom inn på siste kvarteret og viste at framleis går gamle måltjuvar lause. Superveteranen gav sine yngre lagkameratar ei lita læreykt tre minutt før full tid. Han oppfatta raskt keeperreturen og følgde på. Og der sat han: 3-5 som også vart sluttresultatet.

 

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Biluhell på Lisjeeide
Biluhell på Lisjeeide
(24.11) Ein bil med fire personar har kome  i spinn og slege inn i autovernet fleire gonger nær avkøyrsla til Miljøstasjonen  på Lisjeeide fredag morgon. Personane i bilen er tekne til lækjar for kontroll, men vitne på staden seier til oss det ikkje verka til å vere alvorleg skade.Det var like etter klokka 08.00 meldinga om uhellet kom og naudetatar rykte ut. Politiet var nett kome til staden då vi var der om lag ein time etter første meldinga kom. Dei hadde ikkje snakka med korkje bilførar eller passasjerar og kunne såleis ikkje seie noko om årsaka, utover å konstere at det var svært glatt vegbane med eit lag seig sørpe. Bilen har kome i retning frå Fiskå mot Eidså og har slege inn i rekkverket på høgre side før den har blitt kasta mot rekkverket på andre sida etter å ha snurra rundt. I følgje dei første meldingane politiet la ut på Twitter skulle uhellet ha skjedd i samband med forbikøyring. Politiet opplyser at det har blitt forklart at ulukkesbilen køyrde forbi ein annan bil som hadde svært lav fart. Då ein så skulle svinga innatt i sitt spor, miste ein veggrepet. Vegen vart fort opna igjen og trafikken dirigert i ei køyrebane forbi ulukkestaden.
24.11.17 09:33
Vil du teikne førstesida?
Vil du teikne førstesida?
(23.11) Til julenummeret vårt i år, har vi utfordra alle barn i barneskulealder til å lage framsida. Vi veit det er mange flinke teiknarar der ute - så kom igjen! Vi har fått nokre, man øsnkjer fleire å velje i. iKom igjen!
23.11.17 15:23
Bølgjekraft-bøya til Fiskåholmen
Bølgjekraft-bøya til Fiskåholmen
Bøya som i nokre månader har produsert straum utanfor Runde, vart denne veka slept til Fiskåholmen, der ho etter kvart skal bli teken opp. Når dette skjer no, kring ein månad før planen, har det samanheng med at to av fortøyingane rauk.Jan Melsom i selskapet Waves4Power som eig bøya, seier til oss at det ikkje har betydning for framdrifta av prosjektet at ein tek opp bøya no:
  – Vi har fått henta ut all den informasjonen vi ønskjer og gjort dei målingane som var planlagde. Bøya har produsert straum som planlagt, og den skulle opp før jul i alle tilfelle, så slik er dette greitt nok. Når vi tok den opp no, så har det samanheng med at to av fortøyingane slitna. Og akkurat det er eit mysterium som vi må undersøkje nærare. Skaden ser ut til å skjedd like ved overflata, og belastninga verkar å vere godt under dei 120 tonn desse skal tole. Så korleis og kvifor dette har skjedd, er av dei tinga som er viktig å finne ut av når vi no har bøya ved Fiskåholmen, seier Melsom. På land
Ein vil no ta bøya på land på Fiskåholmen. Delar som skal kan gjenbrukast som følarar og ein del elektronikk vil bli demonert og teke vare på. Kva som skal skje med sjølve bøya er ikkje klart, men Melsom reknar med at ho har gjort sitt:
  – Denne bøya har hatt sin misjon. Den neste generasjonen blir bygd annleis og i eit anna materiale, så slik sett er det vel naturleg at det som ikkje kan direkte brukast om att, blir hogd opp, seier Melsom. Nye bøyer?
Når det så gjeld bygging av nye bøyer i det som blir kalla Next Generation, svarar Melsom slik:
  – Vårt håp er å kome i gang i løpet av 2018, minst med ei og kanskje fleire bøyer. Men det er også eit spørsmål om kor snart vi kan reise den nødvendige kapitalen. Men som sagt: Vårt mål er å kome i gang i 2018, seier Melsom.
23.11.17 12:57
Brageprisen til Keeperen og havet
Brageprisen til Keeperen og havet
(21.11) Maria Parr vart tysdag ettermiddag tildelt Brageprisen for barne- og ungdomsbøker for boka «Keeperen og Havet».Det var kulturminister Linda Hofstad Helleland som overrekte prisen under tilstellinga i Dansens Hus i Oslo. Utdelinga vart streama direkte på NRK.no. Maria har tidlegare fått Brageprisen for boka Tonje Glimmerda i 2009.
21.11.17 18:20
Har lagt seg på vêret
Har lagt seg på vêret
Stormsenter i Norskehavet gjer at båttrafikken søkjer innaskjers. Fleire enn vanleg går den indre leia i Rovdefjorden og enkelte har også lagt seg for anker eller teke hamn til stormen har gjort frå seg. Frå redaksjonslokala våre kan vi såleis sjå det russiskeigde kontainerskipet Ocean Spirit, som sidan i går kveld har lege for anker på ankringsområdet utanfor Nordstranda. Ifølgje det automatiske identifikasjonssystemet for skipstrafikk, AIS, er båten på veg til Aberdeen i Skottland, men har truleg valt å legge seg til ro i Vanylvsfjorden til det verste er over når det gjeld styggevêr ute i havet.  PÅ posisjonssystemet sr vi også det som vert meldt oss av folk på Rovdestranda at fleire enn vanleg tek leia innaskjers. Og utanfor Åram kan vi på same vis sjå norske Rystraum, truleg eit gasskip, på veg til Rotterdam, som også virkar å ha lagt seg for anker til stormen er over.
16.11.17 12:45
Kan sjå kommunestyret direkte i dag
Kan sjå kommunestyret direkte i dag
(14.11) Ei tid har det vore høve til å sjå Vanylven kommunestyre sine møte på nettet, men då i opptak først etter eit par dagar. I dag prøver ein seg med ein test av direkteoverføring.– Dette er eit test, og vi må ta det opp til politisk behandling om vi skal innføre direktesending, seier rådmann Andreas Nørve. Men om ein har lyst til å følgje med på testen, så er den tilgjengeleg her
14.11.17 11:01
Realistisk brannøving på Rusta
Realistisk brannøving på Rusta
(26.10)Vanylven brannvern gjennomførte torsdag kveld kontrollert nedbrenning av eit eldre hus på Rusta på Fiskå. Med andre hus ganske nær innpå, vart det ei realistisk øving.Brannsjef Magne Lundehaug seier til oss at ein hadde vurdert både vermeldingar og det faktiske veret før ein tende på det eldre huset. Det var kraftig strålingsvarme frå brannstaden, og brannfolk verna dei næraste husa frå skade med både stråleveggar av vatn og også ved å henge opp brannsegl. Ei svært realistisk øving, altså.
26.10.17 19:58
Vanylven fekk IA-prisen i Møre og Romsdal
Vanylven fekk IA-prisen i Møre og Romsdal
(21.10) På konferansen om inkluderande arbeidsliv (IA) i Molde i dag, fekk Vanylven komune IA-prisen for 2017.Prisen er ei verkeleg fjør i hatten for kommunen. Dei  fekk prisen saman med industriverksemda Fiskerstrand Verft. Utmerkinga går til verksemder eller einingar som over tid har gjort ein innsats for å betre arbeidsmiljøet, styrka nærværet til jobb, førebygge og redusere sjukefråvær og hindre utstøting og fråfall i arbeidslivet. På eigne nettsider skriv Vanylven kommune følgjande om grunngivinga i deira tilfelle:
«Vanylven kommune jobbar også godt med helse, miljø og sikkerheit (HMS), men blir særleg heidra for å inkludere folk som står utanfor arbeidslivet. I grunngjevinga lister Nav opp følgjande: Ein sentral og viktig samarbeidspartner for NAV ved å ta imot kandidatar på arbeidstrening. Gjer god jobb med lærlingar i alle arbeidsfelt i kommunal sektor – ta imot alle! Har oppretta eige ungdomsprosjekt for å motivere og få sett i gong ulike tiltak for arbeidsledig ungdom. Stor velvilje for å legge til rette arbeidsoppgåver for tilsette som slit med helsa.»

Vi kjem tilbake med meir i papiravisa neste veke.
19.10.17 14:22
Avslutta på Eidsåvoll med publikumsfotball
Avslutta på Eidsåvoll med publikumsfotball
(7.10) Om fotballkampar skal vere underhaldning, så innfridde ÅVK på Eidsåvoll laurdag. Ein god makker i dette spelestykket som gav heile åtte skåringar og drøssevis målsjansar, var eit spelande Volda 2. 5. divisjon Sunnmøre
ÅVK – Volda2  3-5 (2-4)
Mål: 0-1 Fredrik Kvalsnes, 1-1 Ådne Seljeset, 1-2 Stian Finnøy, 1-3 Tom Malims, 2-3 Henning Sætre, 2-4 Stian Finnøy, 2-5 Rasmus Aarflot, 3-5 Ole Per Kragset.
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta.
ÅVK: Marius Nystøl, Vebjørn Aaland Brekke, Oskar Vik, Øyvind Myklebust, Ole Petter Storeide, Anders Midtbø, Stian Bellen, Per Gunnar Lundehaug, Uchin Cho, Henning Søtre, Ådne Seljeset.
Innbyte:  Trygve Norhagen, Ole Per Kragset. Kjell Brenne rass at dette vart eit årets farvel til heimekampane på Eidsåvoll og den handfaste billetten for nedrykk til 6. divisjon, så var det ei fin fotballstemning som rådde på bana. Både spel og situasjonar skifte like fort som solstrålane sine  ubereknelege gjennombrot i gråveret. Når så det resulterer i mål i begge endane av bana, så heldt spenninga seg intakt heilt til slutt. Volda kom først i gang som ”nettserver”! Alt etter seks minutt låg første ballen bak ein Marius Nystøl i ÅVK-målet, signert av Fredrik Kvalsnes som fekk stå forbausande åleine i målfeltet på innlegget. 0-1. ÅVK kom tilbake og utlikna til 1-1 midtvegs i omgangen. I mølja i femmetersfeltet etter cornerinnspel, var det Stian Bellen som brøytte ”løypa” så Ådne Seljeset til slutt med langfoten sende ballen over streken.  Volda brukte ikkje lang tid på sitt svar då Stian Finnøy la på til 1-2, ei skåring som burde ha vore annulert for offside, etter mange si meining.  Spelet veksla, men med Volda som den som fekk best utteljing.. Tom Malims sytte for 1-3 før Henning Sætre viste seg fram på cornerinnlegget og reduserte til 2-3. Medan sistesekundane tikka mot pause, fekk Volda tildelt frispark utanfor sekstenmeteren. Godfoten til Stian Finnøy var kallibrert i forhold til både ball, mur og stenger. Ballen skrua elegant over muren og inn borte ved stolperota til ÅVK utan at Nystøl fekk hansken på han. 2-4.  Volda la på til 2-5 med noko ei skåring sju minutt etter pause. Rasmus Aarflot sitt frispark let seg ikkje stoppe.  Dagens mann likevel vart superveteran Ole Per Kragset som kom inn på siste kvarteret og viste at framleis går gamle måltjuvar lause. Superveteranen gav sine yngre lagkameratar ei lita læreykt tre minutt før full tid. Han oppfatta raskt keeperreturen og følgde på. Og der sat han: 3-5 som også vart sluttresultatet.  
07.10.17 20:15
Fann båt ved Koparneset
Fann båt ved Koparneset
SISTE: EIGAR LOKALISERT - Båten har ikkje vore nytta. Søk avslutta.
(28.9) Ferja Sand observerte torsdag kved ein 15 fot plastbåt med motoren oppe kring 300 meter frå land ved Koparneset. Sidan ein ikkje kjenner til kva som har hendt, har Hovudredningssentralen for sikkerheits skuld køyrt søk i området utover kvelden.Båten vart henta inn av redningsskøyta "Idar Ulstein". Politiet opplyser at motoren var oppe, og det var ei åre i båten. Båten kan ha slite seg og reke av, men sidan ein så langt ikkje har funne nokon eigar, har ein sett i gang søk med eit redningshelikopter i tillegg til redningsskøyta. Ein har dessutan ein obeservasjon frå eit vitne som har sett ein mann i ein liknande båt i området tidlegare på dagen, utan at ein sikkert kan seie at dette var same båten eller kva som har skjedd i mellomtida. Politiet stadfester til oss at dette siste også er ei medverkande årsak til at ein køyrde eit søk. (29.8)OPPDATERING: Politiet melder i natt at dei har funn fra til eigar av båten. Den aktuelle båten har ikkje vore nytta - og følgjeleg er det heller ikkje snakk om noko ulukke og søk er avslutta. Ingen ting var obeservert då vi var i kontakt med operasjonssentralen kring klokka 23.10. Helikopteret hadde då avslutta søket med redningsskøyta var framleis i fjorden. Politiet er svært interesserte i å kome i kontakt med eventuell eigar av båten eller andre som har opplsyningar, så snart som muleg.
28.09.17 23:19
Kongeleg opning av bølgjekraftverket
Kongeleg opning av bølgjekraftverket
(22.9)Hans Majestet kong Harald og ti år gamle Arthur Petterson-Kieffer frå Ulstein stod for den stilfulle opninga av bølgjekraftverket ved Runde. Arthur Petterson-Kieffer var ein av fem hundre 5.klassingar frå alle fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre som hadde levert teikningar til tevlinga. Og som vinnar fekk han ikkje berre med ein med sjekk heim til klassen sin, han fekk og den store æra av å klippe snora med sjølvaste kongen som medhjelpar under folkefesten i Forsnåvåg torsdag. Både på denne festen og ved fleire arrangement denne dagen vart opninga av kraftverket som no leverer straum på nettet, feira som ein milepæl i arbeidet for eit grønare samfunn. Bølgjekrafta har mange mulegheiter, mellom anna som erstattar for elektrisk kraft produsert ved bruk av fossilt brensel som kol, olje og gass. Som det går fram av anna sak her på sida, skal de neste generasjonen av dei straumproduserande bøyene byggast på Fiskåholmen.
22.09.17 08:48
Ein pust av storverda på Holmen
Ein pust av storverda på Holmen
(21.09) I dag gjesta eit følgje på rundt hundre personar frå inn- og utland Fiskåholmen i samband med Waves4Power og Stryvo sine planar om montering av bøyer til bølgjekraftverk.Så får vi tru det er som ordførar Lena Landsverk Sande sa i si velkomsttale:
– Your visit here is signalizing a new beginning for this shipyard. Tru på grøn energi
I alle fall vart det hos dei involverte i foretaket som hovudsakleg partnarar i prosjektet signalisert vilje og tru på satsinga. Ikkje berre som forretningsidé, men ut frå ei tru på og ei vilje til grøn satsing. Slik Gisela Lehner frå det verdsomspennande austerikske firmaet Borealis sa det:
– Eg har også ei dotter, og difor er det ei ekstra glede og vere med å arbeide for utvikling av fornybar energi og framtidsretta løysingar. Solide partnerar
Borealis, med ei omsetning på 7,2 billionar Euro i fjor, er ein av partnerane som er med å utvikle bøyene og skal levere komposittmaterialet polyolefin som no skal nyttast i "Next-generation", i hovudsak med tanke på lettare vekt, lågare pris og betre funksjonalitet. Av meir kjende partnarar som presenterte seg var til dømes verdskjende Siemens, som er inne i biletet med teknologiske løysingar, norske Jotun som skal levere måling og botnstaoff som skal kunne tåle tiår i utsette vër og vindtilhøve, og til dømes også verdomspennande Parker, som skal levere hydraulikkolje. Denne må også vere av ein type som ikkje trengst skiftast ein gong for året, men som kan gjere jobben i det minste i tjuefem år, slik det vart lagt fram. Skal byggast opp 
Fleire av dei som hadde ordet la også vekt på at det skal byggast ein ny industri som også inneber samarbeid med krefter og kompetanse i vårt distrikt, der særleg den maritime kompetansen vart lagt vekt på. CEO Jostein Bøe i Stryvo, som skal bygge bøyene for Waves4Power, viste også til at dei har vore med å bygge opp Stryvo Group frå to til 80 tilsette.
– Vi har erfaring og veit kva utfordringar det byr på å bygge opp ein organisasjon, sa Bøe. Utvikling tar tid
Det er likevel tydeleg at dette er nettopp ein ny industri, der ting endrar seg undervegs og nye moment kjem til. Såleis gjekk det fram at det nok vil ta ein del lenger tid å kome i gang med større bøyeproduksjon enn tenkt, då det stadig dukkar opp nye løysingar og forbetringar som gjer at det førebels kan sjå ut som planar er skubba fram eit år i tid. Men som Bøe også sa det til media på spørsmål om kvifor dette skal lukkast når så mange andre har mislukkast:
– We have the best solutions and the best partners in the world.
21.09.17 14:43
Lastebil velta i Syvde
Lastebil velta i Syvde
(19.09) Ein lastebil lasta med singel kom i ettermiddag utfor asfaltkanten på vegen mellom Skår og Breiteig i Syvde. Bilen spora 50 -60 meter langs veggrøfta før han kom innatt på vegen og velta på sida . Sjåføren vart teken med til Fiskå til nærare legesjekk.Den velta lastebilen vart liggande på tvers av vegen og sperra for trafikken. Fylkesvegen vart for ei kortare stund sperra forbi ulukkesstaden. Redningsetatane rykte ut i full styrke med ambulansepersonell og brannkorpsa frå Syvde og Fiskå. Halvtimen etterpå kom politiet til stades frå Måløy. Ulukkesbilen vart av redningsmannskapet dregen til side slik at det opna for enkel ferdsel forbi skadestaden. Politiet opprettar ein utrykkingsrapport på bakgrunn av det inntrefte, opplyste politibetjent Jan Arild Nervik til Synste Møre. Han kunne ikkje gå nærare inn på årsaka til ulukka. Etter det Synste Møre uformelt fekk opplyst på skadestaden, skjedde utforkøyringa i samband med ein møtande stor bil. Riksveg 52 har gul midtstripe der utforkøyringa skjedde.
19.09.17 16:12
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 7. desember
19.00 Mens vi venter, Løvold/Pentha, Vanylven kyrkje
19.00 Miriam si juleforteljing, Leikanger kyrkje

Fredag 8. desember
18.00 Paddigton 2, Fiskå kino
18.30 Ope hus, Åheim misjonshus
20.00 Adjø Montebelli, Fiskå kino

Laurdag 9. desember
12.00 Juleverkstad, Hakallegarden
19.00 Julekonsert, Vanylven kyrkje

Søndag 10. desember
12.00 Julemarked, Hakallegarden
16.00 Julekonsert, Åram kyrkje
19.00 Julekonsert, Syvde kyrkje

Fredag 29. desember
20.00 Romjulstreff, HakalleStrandhus

Fredag 26. januar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 27. januar
Feel-it, Larsnes

Fredag 2. februar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 3. februar
Feel-it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget