resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
GLATT: Snøsørpe gjorde vegen svært glatt på ulukkesstaden. Vi ser ulukkesbilen stå i bakgrunnen til venstre i dette biletet.
GLATT: Snøsørpe gjorde vegen svært glatt på ulukkesstaden. Vi ser ulukkesbilen stå i bakgrunnen til venstre i dette biletet.

Biluhell på Lisjeeide

(24.11) Ein bil med fire personar har kome  i spinn og slege inn i autovernet fleire gonger nær avkøyrsla til Miljøstasjonen  på Lisjeeide fredag morgon. Personane i bilen er tekne til lækjar for kontroll, men vitne på staden seier til oss det ikkje verka til å vere alvorleg skade.

Det var like etter klokka 08.00 meldinga om uhellet kom og naudetatar rykte ut. Politiet var nett kome til staden då vi var der om lag ein time etter første meldinga kom. Dei hadde ikkje snakka med korkje bilførar eller passasjerar og kunne såleis ikkje seie noko om årsaka, utover å konstere at det var svært glatt vegbane med eit lag seig sørpe.

Bilen har kome i retning frå Fiskå mot Eidså og har slege inn i rekkverket på høgre side før den har blitt kasta mot rekkverket på andre sida etter å ha snurra rundt. I følgje dei første meldingane politiet la ut på Twitter skulle uhellet ha skjedd i samband med forbikøyring. Politiet opplyser at det har blitt forklart at ulukkesbilen køyrde forbi ein annan bil som hadde svært lav fart. Då ein så skulle svinga innatt i sitt spor, miste ein veggrepet.

Vegen vart fort opna igjen og trafikken dirigert i ei køyrebane forbi ulukkestaden.

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Avisa kom ikkje
Avisa kom ikkje
(4.1) Korkje Synste Møre eller Sunnmørsposten dukka opp på då posten kom til Vanylven i dag tidleg.
OPPDATERING: Avisa kjem i morgon (frerdag)Truleg er det eitt eller anna som har klikka i overgangen til nytt distribusjonssystem som kjem av Posten si omlegging frå nyttår. Så langt har det ikkje lukkast oss å lokalisere avisbunkane som var trykte i god tid i går ettermiddag/kveld. Sidan vi reknar med at avisa kanskje først når fram til dei lokale abonnentane i morgon, legg vi ut den elektroniske varianten her, så alle kan lese den OPPDATERING: Seint i ettermiddag fekk vi stadfest at avisene var funne i ein container i Molde og vil bli delte ut i morgon.
04.01.18 09:00
Årets kommuneprofil får diplomet
Årets kommuneprofil får diplomet
(14.12) Som vi fortel i papiravisa i dag (sjå framsida til høgre på denne sida), vart rådmannen i Vanylven, Andreas Chr. Nørve, kåra til Årets kommuneprofil av bladet Kommunal Rapport. I dag fekk han det synlege beviset overrekt under eit kurs på Gardermoen.Kommunal Rapport kårar kvart år Årets kommuneprofil. Det blir sendt inn grunngjevne forslag, ein jury plukkar ut finalistane som så blir stemt over mellom bladet sine lesarar. Og vinnar av den gjæve prisen Årets kommuneprofil 2017, vart altså rådmann Andreas Nørve i Vanylven. Han er i dag på kurs på Gardermoen og der møtte redaktør Britt Sofie Hestvik i Kommnal Rapport opp for å dele ut prisen. Dessutan har KR spandert kake som skal bli delt med gode kollegaer i morgon på rådhuset i Vanylven. Det vart kåra to vinnararar til, i andre klasser: Kjøkkensjef Espen Sætha i Nord-Fron var Årets unge leiar. Årets Modigaste er Ragnar Holvik i Grimstad. Vi viser elles til intervju med Andreas Nørve i papiravis i dag.
14.12.17 11:06
Lucia i mørketida
Lucia i mørketida
(13.12) Eit kjekt og velkome besøk, då barnehageborn frå Solsikka i dag svinga innom redaksjonslokala med song, lys og bakst. – No har vi den hardaste ria/vi slit med å karre oss frem/mot lyset og mørketida/det e langt sør til Betlehem, skriv Trygve Hoff i Nordnorsk julesalme. Enno er det ei god veke att til solsnu, men tradisjonen tru gjekk born i barnehage og skule i dag Luciatog, og den kjekke gjengen som svinga innom oss hadde vore på omsorgssenteret, på rådhus og butikkar, før dei kom hit og til kyrkjekontoret. Det var såleis ikkje rart dei også kunne fortelje at dei hadde brukt ein heil dag føreåt på å bake. Dermed vart det lussekattar og peparkake og eit kjekt lyspunkt ein travel førjulsmorgon. 
13.12.17 11:04
Bil av vegen i Syltefjorden
Bil av vegen i Syltefjorden
(9.12.)Ein bil køyrde laurdag kveld av vegen i Syltefjorden og ned ei etter måten bratt skråning. Bilføren vart ikkje skadd.Bilen, som køyrde i retning frå Fiskå mot Åheim, hadde køyrt av vegen ved avkøyrsla til byggefeltet Sylteskogen, kring hundre meter frå Sylte bygdehus. Bilen vart ståande på marka nedanfor, og hadde naudblink på då folk frå brann- og redning kom til staden etter meldinga. Bilføraren var då ikkje å finne og situasjonen var difor uvaklara ei periode. Politiet sin operasjonssentral I Ålesund opplyser seinare på kvelden at politiet hadde fått kontakt med eigaren. Han hadde forklart at han ikkje hadde straum på mobilen sin og difor hadde haika frå staden. Det er ikkje mistanke om rus, og sidan det ikkje var personskade hadde føreren heller ikkje plikt til å varsle politiet om uhellet. Det var snøsørpe på vegen i området og til dels utfordrande køyretilhøve då uhellet skjedde.
09.12.17 22:11
Synste Møre kom ikkje
Synste Møre kom ikkje
(07.12) Synste Møre kom ikkje til postomdelinga på Fiskå i dag.  (08.12)OPPDATERING: Avisa er komen og vil bli omdelt i dag (fredag) OPPDATERING: Vi har no (klokka 13.50) fått stadfest at avisene er komne til Molde og vil bli sendt til Hovdebygda i natt - med omdeling fredag. Vi legg ut den elektroniske utgåva av avisa til alle her Vi nemner at barnekinoen Paddington skal gå fredag klokka 18.00 ( ikkje 16.00 som det står i annonsen)
07.12.17 09:43
Hurtigruta inn i fjorden
Hurtigruta inn i fjorden
(24.11) – Leitar dei etter holet i grapseveret? vart det spurt då hurtigruta Nordkapp tidleg fredag førmiddag  seig inn Vanylvsfjorden. Men det synte seg at dette var nordgåande rute som alt hadde gjort unna Staden.Vi innrømmer det gjerne: Vi kjende i ferten av ei god tunnelsak då vi fekk tipset om at hurtigruta glei inn fjorden. Veret har vore ganske hardt i natt og morgontimane. Men så var det ikkje slik likevel. Då vi fekk kontakt med Hurtigruta Nordkapp kunne dei fortelje at det var ein mindre ting dei måtte fikse på og hadde gått inn i fjorden for å få litt betre arbeidsforhold for å gjere det før dei heldt fram til Ålesund. Frå pressetenesta får vi dette litt meir konkretisert; Det er snakk om etterfylling av olje på eit gear. Det kan ikkje gjerast i fart og dei må finne ein stad dei kan ankre opp og få dette gjort før dei held fram nordover.
24.11.17 10:39
Biluhell på Lisjeeide
Biluhell på Lisjeeide
(24.11) Ein bil med fire personar har kome  i spinn og slege inn i autovernet fleire gonger nær avkøyrsla til Miljøstasjonen  på Lisjeeide fredag morgon. Personane i bilen er tekne til lækjar for kontroll, men vitne på staden seier til oss det ikkje verka til å vere alvorleg skade.Det var like etter klokka 08.00 meldinga om uhellet kom og naudetatar rykte ut. Politiet var nett kome til staden då vi var der om lag ein time etter første meldinga kom. Dei hadde ikkje snakka med korkje bilførar eller passasjerar og kunne såleis ikkje seie noko om årsaka, utover å konstere at det var svært glatt vegbane med eit lag seig sørpe. Bilen har kome i retning frå Fiskå mot Eidså og har slege inn i rekkverket på høgre side før den har blitt kasta mot rekkverket på andre sida etter å ha snurra rundt. I følgje dei første meldingane politiet la ut på Twitter skulle uhellet ha skjedd i samband med forbikøyring. Politiet opplyser at det har blitt forklart at ulukkesbilen køyrde forbi ein annan bil som hadde svært lav fart. Då ein så skulle svinga innatt i sitt spor, miste ein veggrepet. Vegen vart fort opna igjen og trafikken dirigert i ei køyrebane forbi ulukkestaden.
24.11.17 09:33
Bølgjekraft-bøya til Fiskåholmen
Bølgjekraft-bøya til Fiskåholmen
Bøya som i nokre månader har produsert straum utanfor Runde, vart denne veka slept til Fiskåholmen, der ho etter kvart skal bli teken opp. Når dette skjer no, kring ein månad før planen, har det samanheng med at to av fortøyingane rauk.Jan Melsom i selskapet Waves4Power som eig bøya, seier til oss at det ikkje har betydning for framdrifta av prosjektet at ein tek opp bøya no:
  – Vi har fått henta ut all den informasjonen vi ønskjer og gjort dei målingane som var planlagde. Bøya har produsert straum som planlagt, og den skulle opp før jul i alle tilfelle, så slik er dette greitt nok. Når vi tok den opp no, så har det samanheng med at to av fortøyingane slitna. Og akkurat det er eit mysterium som vi må undersøkje nærare. Skaden ser ut til å skjedd like ved overflata, og belastninga verkar å vere godt under dei 120 tonn desse skal tole. Så korleis og kvifor dette har skjedd, er av dei tinga som er viktig å finne ut av når vi no har bøya ved Fiskåholmen, seier Melsom. På land
Ein vil no ta bøya på land på Fiskåholmen. Delar som skal kan gjenbrukast som følarar og ein del elektronikk vil bli demonert og teke vare på. Kva som skal skje med sjølve bøya er ikkje klart, men Melsom reknar med at ho har gjort sitt:
  – Denne bøya har hatt sin misjon. Den neste generasjonen blir bygd annleis og i eit anna materiale, så slik sett er det vel naturleg at det som ikkje kan direkte brukast om att, blir hogd opp, seier Melsom. Nye bøyer?
Når det så gjeld bygging av nye bøyer i det som blir kalla Next Generation, svarar Melsom slik:
  – Vårt håp er å kome i gang i løpet av 2018, minst med ei og kanskje fleire bøyer. Men det er også eit spørsmål om kor snart vi kan reise den nødvendige kapitalen. Men som sagt: Vårt mål er å kome i gang i 2018, seier Melsom.
23.11.17 12:57
Brageprisen til Keeperen og havet
Brageprisen til Keeperen og havet
(21.11) Maria Parr vart tysdag ettermiddag tildelt Brageprisen for barne- og ungdomsbøker for boka «Keeperen og Havet».Det var kulturminister Linda Hofstad Helleland som overrekte prisen under tilstellinga i Dansens Hus i Oslo. Utdelinga vart streama direkte på NRK.no. Maria har tidlegare fått Brageprisen for boka Tonje Glimmerda i 2009.
21.11.17 18:20
Har lagt seg på vêret
Har lagt seg på vêret
Stormsenter i Norskehavet gjer at båttrafikken søkjer innaskjers. Fleire enn vanleg går den indre leia i Rovdefjorden og enkelte har også lagt seg for anker eller teke hamn til stormen har gjort frå seg. Frå redaksjonslokala våre kan vi såleis sjå det russiskeigde kontainerskipet Ocean Spirit, som sidan i går kveld har lege for anker på ankringsområdet utanfor Nordstranda. Ifølgje det automatiske identifikasjonssystemet for skipstrafikk, AIS, er båten på veg til Aberdeen i Skottland, men har truleg valt å legge seg til ro i Vanylvsfjorden til det verste er over når det gjeld styggevêr ute i havet.  PÅ posisjonssystemet sr vi også det som vert meldt oss av folk på Rovdestranda at fleire enn vanleg tek leia innaskjers. Og utanfor Åram kan vi på same vis sjå norske Rystraum, truleg eit gasskip, på veg til Rotterdam, som også virkar å ha lagt seg for anker til stormen er over.
16.11.17 12:45
Kan sjå kommunestyret direkte i dag
Kan sjå kommunestyret direkte i dag
(14.11) Ei tid har det vore høve til å sjå Vanylven kommunestyre sine møte på nettet, men då i opptak først etter eit par dagar. I dag prøver ein seg med ein test av direkteoverføring.– Dette er eit test, og vi må ta det opp til politisk behandling om vi skal innføre direktesending, seier rådmann Andreas Nørve. Men om ein har lyst til å følgje med på testen, så er den tilgjengeleg her
14.11.17 11:01
Realistisk brannøving på Rusta
Realistisk brannøving på Rusta
(26.10)Vanylven brannvern gjennomførte torsdag kveld kontrollert nedbrenning av eit eldre hus på Rusta på Fiskå. Med andre hus ganske nær innpå, vart det ei realistisk øving.Brannsjef Magne Lundehaug seier til oss at ein hadde vurdert både vermeldingar og det faktiske veret før ein tende på det eldre huset. Det var kraftig strålingsvarme frå brannstaden, og brannfolk verna dei næraste husa frå skade med både stråleveggar av vatn og også ved å henge opp brannsegl. Ei svært realistisk øving, altså.
26.10.17 19:58
Vanylven fekk IA-prisen i Møre og Romsdal
Vanylven fekk IA-prisen i Møre og Romsdal
(21.10) På konferansen om inkluderande arbeidsliv (IA) i Molde i dag, fekk Vanylven komune IA-prisen for 2017.Prisen er ei verkeleg fjør i hatten for kommunen. Dei  fekk prisen saman med industriverksemda Fiskerstrand Verft. Utmerkinga går til verksemder eller einingar som over tid har gjort ein innsats for å betre arbeidsmiljøet, styrka nærværet til jobb, førebygge og redusere sjukefråvær og hindre utstøting og fråfall i arbeidslivet. På eigne nettsider skriv Vanylven kommune følgjande om grunngivinga i deira tilfelle:
«Vanylven kommune jobbar også godt med helse, miljø og sikkerheit (HMS), men blir særleg heidra for å inkludere folk som står utanfor arbeidslivet. I grunngjevinga lister Nav opp følgjande: Ein sentral og viktig samarbeidspartner for NAV ved å ta imot kandidatar på arbeidstrening. Gjer god jobb med lærlingar i alle arbeidsfelt i kommunal sektor – ta imot alle! Har oppretta eige ungdomsprosjekt for å motivere og få sett i gong ulike tiltak for arbeidsledig ungdom. Stor velvilje for å legge til rette arbeidsoppgåver for tilsette som slit med helsa.»

Vi kjem tilbake med meir i papiravisa neste veke.
19.10.17 14:22
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 18. januar
19.00 Midt i livet 2, Fiskå ungdomshus

Fredag 19. januar
18.00 Welcome to the Jungel, Fiskå kino
18.30 Møte, Åheim misjonshus
20.00 Ope hus, Åheim misjonshus
20.00 The Greatest Showman, Fiskå kino
22.00 The Last Jedi, Fiskå kino

Laurdag 20. januar
12.00 Møte, Hakallestranda bedehus
16.00 Møte, Rovde

Tirsdag 23. januar
12.00 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus
19.30 Møte, Fredtun, Syvde

Torsdag 25. januar
15.30 Treffpunkt Vanylven, VHO Fiskå

Søndag 21. januar
19.00 Møte, Sion Åheim

Fredag 26. januar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 27. januar
Feel-it, Larsnes

Fredag 2. februar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 3. februar
19.00 Nyttårsfest, Slagnes forsamlingshus

Laurdag 3. februar
Feel-it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget