resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
BUSSEN glei opp i grøfta. I bakkant låg han heilt inn i fjellet, men det var ujklart om bussen var påført særleg skade.
BUSSEN glei opp i grøfta. I bakkant låg han heilt inn i fjellet, men det var ujklart om bussen var påført særleg skade.

Buss av vegen på Nordstranda

(12.2)Ein buss sklei av vegen mellom Fluevågen og Krokvika måndag morgon. Det var ingen passasjerar i bussen då uhellet skjedde og sjåføren kom heller ikkje til skade.

Bussen køyrde i retning Åram og det var, for dei lokalkjende, i svingen mellom Sildevika og  Breidemyrane at uhellet skjedde kriing klokka 07.00 måangsmorgonen. Etter det vi får opplyst, møtte bussen ein bil. Vegen er smal og bussen, som la godt ut til høgre, kom utfor asfaltkanten med eit hjul. Det enda med at han seig ned i den djupe grøfta og la seg over på sida. Det var også sleipt og glatt føre på morgonen, utan at vi veit om det også var ein del av forklaringa. 
– Det heile skjedde udramatisk og nærast i «i sakte kino», sa sjåføren til oss då vi var på staden ein times tid etterpå. 

Det må hentast kranbil frå Stårheim for å få bussen på vegen att.

Straum via aggregat i Torvika
Straum via aggregat i Torvika
Torvikfeltet på Åheim var utan straum frå natt til fredag til ut på føremiddagen. Men ti minutt over ti var straumen attende med full styrke, knappe timen før ”skjema”, i forhold til det stipulerte tidspunktet Mørenett hadde antyda til straumkundane sine. Også fleire andre stader i kommunen hadde straumbrot i natt.Kjell Brenne På Åheim var det svikt i straumkabelen frå straumkiosken nede ved oppkøyrsla til feltet frå fylkesvegen til trafoen oppe i feltet ved bustadhuset til Jermund Rekkedal som var årsaka til straumbrotet.
Eit aggregat vart kobla til trafoen som ei mellombels løysing og dermed kunne feltet på nytt forsynast med straum, slik at pensjonistane i feltet etterlengta kunne nyte morgonkaffien, dog noko etter dagens ” skjema.” i desse OL-tider.
              – Problemet er at det blir brukt mykje straum her i feltet. Så akkurat no oppmodar vi om at husstandane ikkje brukar meir straum enn nødvendig, påpeikar Arnt Myklebust i Mørenett, som saman med sine medhjelparar fekk ein stri tørn med å finne ut av straumbrotet. Han hadde ikkje hatt blund på augene etter at han fekk melding om straumbrotet i to-tida på natta. Myklebust seier dei straks vil starte opp arbeidet med å grave og prøve å finne feilen i kabelen. Så lenge blir det aggregatet som på provisorisk vis må forsyne husstandane med straum. Også i Syltefjorden var straumen ute i natt. Ei kraftig utblåsing i ein trafo på Ekrem førte også til problem for telefonnnettet. Likeeins var det straumbrot på Fiskå litt over klokka to i natt. Her var det ein feil i ein jordkabel nord for Fiskåberget som gav problema, oplyser Tussa. Og ikkje nok med det, også på Dale i Dalsfjorden var det problem, slik at det har vore ei travel natt for Mørenett sine folk. Om problema har ein samanheng som følgjefeilar, eller berre oppstod ganske samstundes, er enno tidleg å svare på.
09.02.18 10:52
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Gang- og sykkelvegen på Tunheim inne att
Gang- og sykkelvegen på Tunheim inne att
(08.02) Det har vore mykje ut og inn av listene på fylket, men etter samferdselsutvalet sitt vedtak i går ser det ut som bygging av gang- og sykkelvegen på Tunheim endeleg kan verte realitet. Tiltaket har lege øvst på prioriteringslista over slike vegar i Vanylven i mange år, og var etterkvart klatra til sjaunde plass på fylket si prioriteringsliste, då det i fjor vår brått var borte frå denne lista. Etter trykk frå lokale politikarar inn mot sine fylkesrepresentantar, kom det inn att på fjerdeplass på denne lista under samferdselsutvalet sitt møte i juni i fjor, der det vart vedteke å løyve ti millionar i 2018 og fem millionar i 2019.  Før jul i fjor var tiltaket så ei kort stund teke ut att av listene, før det kom inn att på tredje plass. Før møtet i går var det så på nytt gjort ei innstilling frå fylkesadministrasjonen om å utsetje arbeidet, for å spare dei femten millionane og bruke i finansiering av ferjedrifta. Men samferdselsutvalet var sterkt innstilte på at dette arbeidet no må kome i gang.
– Om ikkje anna må vi greie å få vedteke oppstart på Tunheim, eit prosjekt som har venta så altfor lenge, sa Leiar i utvalet, Kristin Sørheim (Sp) til avisa før møtet.  Fredag sist veke var også tilsette i Statens Vegvesen og kommuneingeniør Helge Kleppe på synfaring for dei siste justeringar av detaljplanen. Framover står det også att å få på plass endelege grunnavtaler etter dei endringar som no vert gjorde, før ein legg endeleg plan og kostnadsoverslag fram for fylket. Med det same ein var på staden, forstod vi det slik at vegvesenet sine folk, med teiknarar, fagfolk på el-sida, entreprenørar og prosjektleiing, også gjorde sine lauslege vurderingar med tanke på ei eventuell breiddeutviding av hovudvegen frå Tunheim og vidare innover Bøstranda.
08.02.18 11:13
Underhaldande UKM
Underhaldande UKM
Ung Kultur Møtast i Olivinhallen laurdag vart ei fin framsyning av song, musikk, film, bilete, stand-up og skodespel. Sjølv om omfanget av innslag var noko lågare enn siste åra, var det framleis stor spennvidde og fleire innslag med god kvalitet.Både vart det vist mykje bra på scena, og ungdomsrådet som arrangørar hadde også lagt seg i selen og fylt på med litt små underhaldningsdrypp. Men vi såg dessutan til dømes på utstillingssida korleis  deltakarane der hadde utvikla seg frå føregåande år. Likeeins synst vi dramagruppa hadde teke eit stort steg. Vi kjem med meir i papirutgåva, men under fotogalleri finn du fleire bilete frå arrangementet. Desse gjekk vidare til Fylkesmønstringa: Utstilling: Håkon Sylte «Figur», Petrine Sjåstad «Star guardian Soraka»  
Scene: Fantejohnne Trio & Han Hinn «Your Man», Madelen Rimstad og Kaja Rekkedal «Fire», Drama – avdelinga VOL 2. «Hellstrøm & Yngvar»  
Film: Gruppa vår «Kreativ film»  
05.02.18 16:15
Pipebrann i Almklovdalen
Pipebrann i Almklovdalen
(25.01) Brannvesenet i Vanylven rykte i halv tolv-tida ut til ein pipebrann i eit hus på Ekremsætra på Åheim. Det vart meldt om mykje røykutvikling, og seinare får vi vite at det har vorte utvikla høg temperatur og varmeskader kring pipa, slik at brannmannskap driv framleis rundt halv to med nedkjøling og sikring av at ikkje det ikkje skal utvikle seg til noko meir. 
Personen som bur i huset skal også ha fått i seg ein del røyk, ifølgje politiet. Det var elles ein del som var uklart undervegs om staden for brannen og vanskeleg for enkelte å finne fram. Dette vil vi følgje opp i papirutgåva neste veke.
25.01.18 11:53
Fare for vegstenging på Skorge
Fare for vegstenging på Skorge
(15.01) Statens vegvesen varslar i ei trafikkmelding av Fv 620 mellom Åheim og Skorge kan verte stengd i periodar på inntil 30 minutt frå tysdag av og ut veka. Det er sikring av steinblokker i sida, der det var ras før jul, som no skal utførast. Dette gjer at særleg dei som til dømes skal nå hurtigbåt i Selje eller anna presserande må vere merksame på at det kan oppstå forseinking.
15.01.18 12:39
Bil sklei av gardsvegen
Bil sklei av gardsvegen
(14.01) Redningsmannskap rykte i dag i eitt-tida ut då ein bil sklei av gardsvegen i Syltefjorden. Bilen hamna på sida i eit lite elvegjøl, og føraren måtte klatre ut bakruta. Han er køyrd til doktor for rutinesjekk, men virka i god form. Det er svært isete på gardsvegar rundt om, og også andre bilar har vore utfor vegen, men har med det vi har fått vite kome seg greitt på vegen att med litt hjelp.
14.01.18 14:17
Edrue, men hugselause bilistar
Edrue, men hugselause bilistar
(11.1) Politiet hadde torsdag kontroll i Vanylven. Lensmann Tor Sæther fortel at rus-testen ikkje slo ut for nokon av dei kontrollerte, noko lensmannen finn gledeleg.Det var heile 80 bilistar som vart stogga i løpet av dagen. Og sjølv om alle var edruelege, så var det fire som måtte ut gebyr. Dei hadde gløymt å ha med førarkortet! Det skal ein ha - og blir ein teken utan, kostar det 500 kroner.
11.01.18 14:23
Avisa kom ikkje
Avisa kom ikkje
(4.1) Korkje Synste Møre eller Sunnmørsposten dukka opp på då posten kom til Vanylven i dag tidleg.
OPPDATERING: Avisa kjem i morgon (frerdag)Truleg er det eitt eller anna som har klikka i overgangen til nytt distribusjonssystem som kjem av Posten si omlegging frå nyttår. Så langt har det ikkje lukkast oss å lokalisere avisbunkane som var trykte i god tid i går ettermiddag/kveld. Sidan vi reknar med at avisa kanskje først når fram til dei lokale abonnentane i morgon, legg vi ut den elektroniske varianten her, så alle kan lese den OPPDATERING: Seint i ettermiddag fekk vi stadfest at avisene var funne i ein container i Molde og vil bli delte ut i morgon.
04.01.18 09:00
Årets kommuneprofil får diplomet
Årets kommuneprofil får diplomet
(14.12) Som vi fortel i papiravisa i dag (sjå framsida til høgre på denne sida), vart rådmannen i Vanylven, Andreas Chr. Nørve, kåra til Årets kommuneprofil av bladet Kommunal Rapport. I dag fekk han det synlege beviset overrekt under eit kurs på Gardermoen.Kommunal Rapport kårar kvart år Årets kommuneprofil. Det blir sendt inn grunngjevne forslag, ein jury plukkar ut finalistane som så blir stemt over mellom bladet sine lesarar. Og vinnar av den gjæve prisen Årets kommuneprofil 2017, vart altså rådmann Andreas Nørve i Vanylven. Han er i dag på kurs på Gardermoen og der møtte redaktør Britt Sofie Hestvik i Kommnal Rapport opp for å dele ut prisen. Dessutan har KR spandert kake som skal bli delt med gode kollegaer i morgon på rådhuset i Vanylven. Det vart kåra to vinnararar til, i andre klasser: Kjøkkensjef Espen Sætha i Nord-Fron var Årets unge leiar. Årets Modigaste er Ragnar Holvik i Grimstad. Vi viser elles til intervju med Andreas Nørve i papiravis i dag.
14.12.17 11:06
Lucia i mørketida
Lucia i mørketida
(13.12) Eit kjekt og velkome besøk, då barnehageborn frå Solsikka i dag svinga innom redaksjonslokala med song, lys og bakst. – No har vi den hardaste ria/vi slit med å karre oss frem/mot lyset og mørketida/det e langt sør til Betlehem, skriv Trygve Hoff i Nordnorsk julesalme. Enno er det ei god veke att til solsnu, men tradisjonen tru gjekk born i barnehage og skule i dag Luciatog, og den kjekke gjengen som svinga innom oss hadde vore på omsorgssenteret, på rådhus og butikkar, før dei kom hit og til kyrkjekontoret. Det var såleis ikkje rart dei også kunne fortelje at dei hadde brukt ein heil dag føreåt på å bake. Dermed vart det lussekattar og peparkake og eit kjekt lyspunkt ein travel førjulsmorgon. 
13.12.17 11:04
Bil av vegen i Syltefjorden
Bil av vegen i Syltefjorden
(9.12.)Ein bil køyrde laurdag kveld av vegen i Syltefjorden og ned ei etter måten bratt skråning. Bilføren vart ikkje skadd.Bilen, som køyrde i retning frå Fiskå mot Åheim, hadde køyrt av vegen ved avkøyrsla til byggefeltet Sylteskogen, kring hundre meter frå Sylte bygdehus. Bilen vart ståande på marka nedanfor, og hadde naudblink på då folk frå brann- og redning kom til staden etter meldinga. Bilføraren var då ikkje å finne og situasjonen var difor uvaklara ei periode. Politiet sin operasjonssentral I Ålesund opplyser seinare på kvelden at politiet hadde fått kontakt med eigaren. Han hadde forklart at han ikkje hadde straum på mobilen sin og difor hadde haika frå staden. Det er ikkje mistanke om rus, og sidan det ikkje var personskade hadde føreren heller ikkje plikt til å varsle politiet om uhellet. Det var snøsørpe på vegen i området og til dels utfordrande køyretilhøve då uhellet skjedde.
09.12.17 22:11
Synste Møre kom ikkje
Synste Møre kom ikkje
(07.12) Synste Møre kom ikkje til postomdelinga på Fiskå i dag.  (08.12)OPPDATERING: Avisa er komen og vil bli omdelt i dag (fredag) OPPDATERING: Vi har no (klokka 13.50) fått stadfest at avisene er komne til Molde og vil bli sendt til Hovdebygda i natt - med omdeling fredag. Vi legg ut den elektroniske utgåva av avisa til alle her Vi nemner at barnekinoen Paddington skal gå fredag klokka 18.00 ( ikkje 16.00 som det står i annonsen)
07.12.17 09:43
Hurtigruta inn i fjorden
Hurtigruta inn i fjorden
(24.11) – Leitar dei etter holet i grapseveret? vart det spurt då hurtigruta Nordkapp tidleg fredag førmiddag  seig inn Vanylvsfjorden. Men det synte seg at dette var nordgåande rute som alt hadde gjort unna Staden.Vi innrømmer det gjerne: Vi kjende i ferten av ei god tunnelsak då vi fekk tipset om at hurtigruta glei inn fjorden. Veret har vore ganske hardt i natt og morgontimane. Men så var det ikkje slik likevel. Då vi fekk kontakt med Hurtigruta Nordkapp kunne dei fortelje at det var ein mindre ting dei måtte fikse på og hadde gått inn i fjorden for å få litt betre arbeidsforhold for å gjere det før dei heldt fram til Ålesund. Frå pressetenesta får vi dette litt meir konkretisert; Det er snakk om etterfylling av olje på eit gear. Det kan ikkje gjerast i fart og dei må finne ein stad dei kan ankre opp og få dette gjort før dei held fram nordover.
24.11.17 10:39
Biluhell på Lisjeeide
Biluhell på Lisjeeide
(24.11) Ein bil med fire personar har kome  i spinn og slege inn i autovernet fleire gonger nær avkøyrsla til Miljøstasjonen  på Lisjeeide fredag morgon. Personane i bilen er tekne til lækjar for kontroll, men vitne på staden seier til oss det ikkje verka til å vere alvorleg skade.Det var like etter klokka 08.00 meldinga om uhellet kom og naudetatar rykte ut. Politiet var nett kome til staden då vi var der om lag ein time etter første meldinga kom. Dei hadde ikkje snakka med korkje bilførar eller passasjerar og kunne såleis ikkje seie noko om årsaka, utover å konstere at det var svært glatt vegbane med eit lag seig sørpe. Bilen har kome i retning frå Fiskå mot Eidså og har slege inn i rekkverket på høgre side før den har blitt kasta mot rekkverket på andre sida etter å ha snurra rundt. I følgje dei første meldingane politiet la ut på Twitter skulle uhellet ha skjedd i samband med forbikøyring. Politiet opplyser at det har blitt forklart at ulukkesbilen køyrde forbi ein annan bil som hadde svært lav fart. Då ein så skulle svinga innatt i sitt spor, miste ein veggrepet. Vegen vart fort opna igjen og trafikken dirigert i ei køyrebane forbi ulukkestaden.
24.11.17 09:33
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 15. februar
18.00 Konsert & gitarkafé, Ulvestad skule

Fredag 16. februar
18.00 Kino, Los bando, Fiskå
18.00 Bingo, Meks, Syvde
20.00 Kino, Per Fuggelli, Fiskå
20.00 Ope hus m/gudsteneste, Åheim

Laurdag 17. februar
20.00 Quiz og pub, HakalleStrandhus

Søndag 18. februar
11.00 Møte Sion Åheim

Måndag 19. februar
19.00 Årsmøte Fiskå Bedehus

Tysdag 27. februar
18.00 Kurs i bunadsbrodering, Fiskå

Søndag 4. mars 
Torskemiddag, Syvde

Torsdag 15. mars
18.30 Strikkekafé- ope møte, Fiskå

Måndag 9. april
18.30 Tema "Ung husflid", Fiskå

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget