resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
CORNER: Ein av fleire cornerar for ÅVK som Blindheim ryddar vekk. Korkje Øyvind Myklebust eller Elling Flister kom til avslutning.       
CORNER: Ein av fleire cornerar for ÅVK som Blindheim ryddar vekk. Korkje Øyvind Myklebust eller Elling Flister kom til avslutning.       

Fann ikkje angrepsrytmen

(02.06) Eit tannlaust ÅVK måtte på nytt gå av bana på Eidsåvoll torsdagskvelden med null på målkontoen. Det vart for mykje rusk i spelemotoren.

Kampfakta
5. divisjon menn Sunnmøre
Åram/VanKam – Blindheim 0-2  (0-1)
Mål: 0-1 Preben Hagen Torvanger (16 min), 0-2 Emil Matias Karlssen (86 min)
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL.
Tilskodarar: ca 40.
Gule kort ÅVK: Andreas Nystøl, Oskar Vik.
ÅVK: Robert Midtbø, Ole-Petter Storeide, Andreas Nystøl, Øyvind Myklebust, Oskar Vik, Uchin Cho, Anders Midtbø, Anders Bellen, Per Arne Ekremsæter, Torstein Koppen, Elling Flister.
Innbyte: Thomas Åvik, Vebjørn Aaland Brekke, Sondre Ersvåg

 Kjell Brenne

ÅVK fekk sitt første heimetap for sesongen. Greitt nok etter det som vart vist på bana. Alt i alt var Blindheim hakket betre. Dermed har ÅVK sige ned på 4. sisteplass på tabellen med berre 7 poeng, berre eine poenget føre Giske, ein tabellsituasjon korkje trenar Oddvin Kragset eller spelarane bør knipe augene att for. Og når så eit  Valder som jaktar toppen på tabellen er nestemann på Eidsåvoll, må det mobiliserast maksimalt om poeng skal vere innan rekkevidde.

ÅVK kom best igang, men typisk nok for det som prega kampen, stoppa angrepsflyten før ein kom til farlege avslutningar. Det vart mest plukkballar inn til Blindheim-keeperen. Corneren etter kvarteret der ballen fekk gli uforstyrra gjennom Blindheimforsvaret, vart ÅVK sin farlegaste før pause.

 Då var det meir effekt i corneren til Blindheim minuttet etter der ein umarkert Preben Hagen Torvanger ute i feltet fekk denge til utanfor Midtbø si rekkevidde. 0-1.

Den same Midtbø måtte ut i full kroppsstrekk etter halvtimen for å feie vekk ein ny ball med adresse innanfor stengene.

Andreomgangen vart ein god spegel av det som skjedde før pause, med dei farlegaste sjansane til gjestene, men der ÅVK-forsvaret rydda bra unna, anført av keeper Midtbø.

 ÅVK hadde tendensane, men det fløkte seg for mykje til. Det vart for mange feil i pasningsspelet, både i presisjon og i retningsval. Eit minus var det at Carl-Even Grande eller Torgeir Halsen melde forfall. Det gjorde sitt til at Torstein Koppen var uvanleg annonym på sentral topp. Best likte vi Anders Bellen, hardtkjempande på midtbana og Uchin Cho som trekkmotor på sida. Ein høgrekant som viste å kunne stelle til trøbbel i Blindheimforsvaret, men som vart for lite spelt på.

 

 

Ørsta best på Eidsåvoll
Ørsta best på Eidsåvoll
Opprykkskandidat Ørsta tok ein solid 4-0 siger på Eidsåvoll torsdagkvelden utan å vise format av sikkert 4. divisjonsformat. Til det vart ÅVK sin kampstyrke for veit og variabel.Kampfakta
5- divisjon Sunnmøre
ÅVK – Ørsta 0-4 (0-3)
Mål: 0-1 Jan Marius Klepp Brekke, 0-2 Marius Ulla, 0-3 Borgar Ose, 0-4 Daniel Aakre.
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL.
Gule kort: Henning Sætre, ÅVK, Erlend Kragset, ÅVK.
ÅVK: (4-5-1) : Robert Midtbø, Erlend Kragset, Øyvind Myklebust, Oskar Vik, Ole André Kragset, Uchin Cho, Anders Bellen, Thomas Årvik, Per Gunnar Lundhaug, Henning Sætre, Elling Flister.
Innbyte: Trond Helge Takset, Vebjørn Aaland Brekke, Sivert Krokvik Nerland, Sondre Ersvåg, Ole Per Kragset, Magnus Fiskå.  Kjell Brenne Ørsta fekk ein gratisbonus alt i starten på kampen i det heimelaget sin elles så solide  keeper Midtbø fekk ein hanskeglipp på ballen, ein feil som effektivt vart utnytta av gjestene. Elles var omgangen prega av halvsjansar til begge laga der ørstingane hadde best ballkontroll og struktur i den offensive delen. Det unge ørsta-laget beherska også best kortpasningsspelet, noko som utfordra både midtbana og forsvaret til heimelaget. At gjestene også vann mest i lufta, var viktig sett med ørsta-auge. 0-2 kom nemleg på eit innlegg frå hjørnet der ein umarkert Marius Ulla fekk adressere ballen med hovudet i nettmaskane. Utover i omgangen jamna spelet seg ut og ÅVK var frampå nokre gonger som burde ha resultert i skåring. På topp var ÅVK sin effektive angrepstrio, Carl-Even Grande, Torstein Koppen og Torgeir Halsen frå vårsesongen eit stort sakn, eit angrepsvåpen ÅVK vil ha store vanskar med å erstatte. Ein einsleg Elling Flister åleine på topp fekk ei umogleg oppgåve trass i unge Uchin Cho sin raske forseringar på kanten med innlegg som nok kunne ha hatt betre adresse. Ein friskus som kan tilføre ÅVK meir offensiv kraft på sikt. Ein småskada Flister gjekk forøvrig ut i pausen og vart erstatta av Trond Helge Takset. Ørsta la på til 0-3 like før pause etter mykje att og fram i ÅVK-forsvaret. Det straffa seg at heimelaget ikkje makta å jage ballen vekk frå målfeltet med ei befriande avklaring. Andreomgangen vart til dels ein kopi av første. Ut i omgangen foretok også ÅVK utskifting av heile seks spelarar og ”benken” fekk sleppe innpå. Deriblant veteran Ole Per Kragset som kan alt om angrepsfinessar i hovudet, men som har litt mindre forflyttingsevne med beina enn i fordums dagar. Med tapet mot Ørsta er ÅVK komen i ein enno meir utsett posisjon for ståplass i 5. divisjon etter at Vigra overraskande slo Ellingsøy og sende ÅVK ned på nest sisteplass på tabellen. Stjerner ÅVK: ***       Uchin Cho
**        Anders Bellen
*          Robert Midtbø   Åheim/Stadt tapte At det er tunge tider for seniorfotballen i Vanylven fekk ein også eit bevis for i 6. divisjonskampen mellom Åheim/Stadt og Hareid 2. På grasmatta på Løvold onsdag tok gjestene med seg ein komfortabel 6-1 siger over eit heimelag som heilt rakna etter pause. Åheim/Stadt sitt mål kom på straffe ved Magne Brobakke. 
11.08.17 08:35
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Børning 2 blant folkefavorittane
Børning 2 blant folkefavorittane
(10.08) Børning 2 i regi av ”åheimaren” Hallvard Bræin, er no ein av tre filmar som står att i finalerunden om å vinne Folkets Amanda under prisutdelinga i Haugesund 19. august. Etter første del av avstemminga, der folk kan stemme fram sin personlege favoritt, står no Børning 2, Kongens nei og Marcus & Martinus – Sammen om drømmen, att i finalerunden. Kinogjengarar må sjølvsagt følgje si overtyding om kva film dei likar best, men sidan vi har ein finalist med lokal tilknyting, tar vi gjerne med oppmodinga om å stemme på denne.
10.08.17 10:26
Pukkellaks invaderer elvane
Pukkellaks invaderer elvane
(09.08)Store mengder amerikansk pukkellaks har dukka opp langs norskekysten og vorte eit problem, særleg i lakseelvane. Også i Vanylven vert det meldt om fangst av den svartelista arten.Såleis er det i Åheimselva rapportert om åtte fangstar av fisken, i hovudsak tekne i nedste delen av elva på fluge. I andre elvar i området, som i Ørstaelva, driv ein aktiv utfisking, mellom anna med not og harpun.
– Ein art vi så langtifrå er begeistra for å ha fått i elva her og som vi førebels ikkje veit følgjene av i forhold til annan laks og aure, fortel leiar i Åheim elveeigarlag, Svein Thue. Amerikansk pukkellaks, eller pink salmon kjenner vi helst frå TV, der bjørnen står i elvane i Nord-Amerika og Canada og fangar dei. Då er fisken i gytedrakt, med raud kropp. Fisken er på svartelista over artar ein ikkje ønskjer skal etablere seg i norske elvar, og Norsk institutt for naturforsking (NINA) vil gjerne ha meldingar om fangstar, med tid, storleik og om det er hannfisk eller hofisk. Sjølv om ein fryktar mellom anna sopp- og algeutvikling, då hofisken døyr etter gyting, er det ikkje kjent så mykje direkte negative konsekvensar av fisken, og det ein først og fremst ikkje ønskjer er at han skal etablere seg i elvane og fortrenge vanleg villaks. I verste fall fryktar ein negative effektar på økosystemet. I Norge førekjem pukkellaks i størst grad i Finnmark, etter at Russland har hatt stor utsetting av fisken på Kola frå femtitalet og fram til 2001. NINA fortel at det i år er uvanleg mykje slik laks langs heile norskekysten, uvisst av kva grunn. På tre veker er det kome over 800 meldingar om fangst av fisken i over 120 elvar i heile landet. I Komageelva i Finnmark har snorklarar registrert over tusen pukkellaksar på botnen i nedre del av elva.  Meir om dette i papirutgåva i morgon.
09.08.17 14:24
Waves4Power signerer produksjonsavtale med Stryvo Group AS
Waves4Power signerer produksjonsavtale med Stryvo Group AS
Det svensk-norske firmaet Waves4Power har skrive under kontrakt med Stryvo Group AS om fullskalaproduksjon av bølgjekraftløysinga «Next Generation». Produksjonen skal skje på Fiskåholmen.– Vi er klare til å starte produksjonen så fort som «Next Genration» forlet skrivebordet. Vi siktar oss inn mot våren 2018, seier konsernsjef Jostein Bøe i Stryvo Group AS. Før den tid skal bøya som no ligg utanfor Runde og produserer straum, hentast inn og bytast ut med ei ny, der store deler av stålkonstruksjonane er bytt ut med eit materiale i plast.
06.07.17 09:21
Bil av vegen i Brudevikstranda
Bil av vegen i Brudevikstranda
(23.7) Ein person vart teken med til lækjar for sjekk etter at bilen vedkomande køyrde enda utanfor vegen i ytre Brudevikstranda litt før klokka 14.00 fredag.Både politi, ambulanse og redningsfolk var snøgt på staden og bilføraren vart, som nemnt, teken med til lækjarsjekk. Frå politiet sin operasjonssentral i Florø får vi opplyst at vedkomande hadde kuttskader som måtte behandlast og at det truleg vert gjort ved sjukehuset i Volda. Årsaka til uhellet er ikkje kjent, men spor på staden viste at bilen av ein eller annan grunn hadde kome utanfor alsfaltkanten på høgre side og ikkje kome seg innatt i vegbana.
23.06.17 14:36
Då ballen hadde målskrekk...
Då ballen hadde målskrekk...
Det kunne nesten sjå slik ut for ÅVK torsdagskvelden. For dette var korkje sjansesløseri eller feilmarginar.  Bataljen handla mest om eit angrepspressande Åram/VanKam som tapte kampen mot Skodje sin målstrek. Så opererte gjestene med årets beste ”heimevern” på Eidsåvoll. Kampfakta
5. divisjon Sunnmøre menn
Åram/VanKam – Skodje 0-1 (0-0)
Mål: 0-1 Eirik Hjellvik (54 min)
Eidsåvoll gras
Dommar: Richard Olsen Åmdal IL
Tilskodarar: 40
ÅVK: Robert Midtbø, Erlend Kragset, Øyvind Myklebust, Oscar Vik, Ole André Kragset, Uchin Cho, Anders Bellen, Anders Midtbø, Per Arne Ekremsæter, Torstein Koppen, Carl-Even Grande.
Innbyte: Torgeir Halsen, Henning  Sætre, Per Gunnar Lundehaug, Ole Per Kragset.  Vidar Parr –Ein kamp vi burde ha vunne! oppsummerte ein nøkternt skuffa ÅVK-trenar Oddvin Kragset etter kampen. Det gir nok eit rett bilde av det som gjekk føre seg på Eidsåvoll torsdagskvelden. For ÅVK hadde nok av sjansar til å avgjere. Det ville berre ikkje. Nærast var Carl-Even Grande sin ball i stolperota der returen skleid faretruande nær mot motsett stolpe og så utatt. Ein kamp som først spissa seg til etter pause, men som levde alt frå avspark til sluttsignal. Ein førsteomgang med likeleg spelfordeling, men med litt for tafatte avslutningar framfor mål. Likevel med signalet om at det ikkje blir mållaust etter pause. ÅVK stramma grepet og flytte spelet offensivt opp på Skodje sin banehalvdel med fleire cornarar som resultat. Men innlegga frå hjørneflagget vart effektivt uskadeleggjorde av eit hovud- og markeringssterkt forsvar, anført av ein solid keeper som dirigerte forsvarsguarden på ein dyktig måte. ÅVK sin Torgeir Halsen, som har slite med kneskade, vart saman med Henning Sætre sett innpå ti minutt ut i 2. omgang. Det gav ny fres i angrepet. Dette vart ytterlegare forsterka med superveteran Ole Per Kragset sitt innhopp ti minutt før full tid. Farten er ikkje som i glansdagane lenger, men rutinen, ballskjerming i duellane og evne til å finne opningane i avslutningsposisjonane , var framleis der. Skodje på si side ville også ha med seg poenga og spelte seg fleire gonger effektivt framover bana til sjansar som kunne ha gitt utteljing. Kampen sitt einaste mål kom etter 54 minutt. ÅVK venta direkte skot på frisparket frå skrått 20 meters hald, men istaden vart det ei kort pasning til ein ventande Eirik Hjellvik som forserte tversover og fann den opninga han trengde for å sende ballen i mål borte ved stolpen utanfor til ein delvis dekt keeper Robert Midtbø i ÅVK-målet. Poenglaust nok ein gong for ÅVK sender laget ned på 3. sisteplass på tabellen med kun 7 poeng, det same som Volda 2 og Vigra, som vann sin kamp, no er oppe på 5. Det aukar poengpresset på ÅVK framfor neste kamp mot Stranda neste torsdag som blir den siste før ferien. Andre resultat runde 10:
Stranda – Ellingsøy  0-0
Ørsta – Herd 2  2-2
Vigra – Hovdebygda  2-1
Valder – Blindheim  5-2
Giske – Volda 2  4-2    
23.06.17 08:42
Brann i reiskapshus på Slagnes
Brann i reiskapshus på Slagnes
(22.06) Brannvesen og ambulanse rykte i ettermiddag ut då det rundt klokka 17.15 tok til brenne i eit reiskapshus vest for kyrkja på Slagnes.  Det var ei stund kraftig varme- og røykutvikling, som særleg synest ha vore på den ytre delen av huset med platting, men brannmannskap og private aktørar fekk fort kontroll over flammane, slik at det ikkje var fare for omliggande hus. Eigarane var bortreiste og reiskapshuset var etter det vi forstår utan elektrisitet, slik at det er førebels uklart kva brannen skuldast.
22.06.17 18:08
Bølgjekraft-besøk i Vanylven
Bølgjekraft-besøk i Vanylven
(20.04) Eit tjuetals representantar for energiverksemda Waves4Power og samarbeidspartnarar gjestar i desse dagar Vanylven og har i går og i dag mellom anna møtt politikarar, administrasjon og næringslivsrepresentantar. Det svenske selskapet, med samarbeidsspartnarar i fleire land i Europa, har i fleire år satsa på å utvikle ei bøye som toler krevjande tilhøve og kan levere stabil energi frå bølgjekraft. Ei slik bøye har ei tid vore under utprøving ved Runde og leverer no fast energi inn på straumnettet.  Ein viktig samarbeidsaktør i Norge er Stryneverksemda Stryvo Group AS, og i lag har dei sett seg ut Fiskåholmen som ein stad der dei om lag 35 meter lange bøyene kan monterast i hop og skipast ut. Bølgjekrafta er inntil vidare dyr å produsere og er tenkt nytta på spesielle stader som ligg vanskeleg til for tilgang på vanleg straum, som til dømes øysamfunn som på Orknøyane og Færøyane. Det ligg også føre planer om bøyer som kan gjere til dømes oppdrettsanlegg til havs sjølvforsynte med straum og i tillegg få ut effektar som produksjon av vatn, hydrogen og oksygen. Måndag besøkte følgjet sjølve bølgjekraftverket ved Runde, ein frisk tur i bølgjer og blåst. Om kvelden var formannskap, etatsjefar, Vanylven Utvikling og andre inviterte til middag, der det var dekka til med langbord i heilt spesielle lokale, den tidlegare verkstadhallen på Fsikåholmen. I dag var mellom anna kommunestyret inviterte til lunsj og fekk litt orientering om kva som er tenkt. Førebels er mykje uvisst, etter kva grad ein lukkast med satsinga, anna enn at det til vinteren skal monterast tre nye bøyer i den såkalla next generation, som skal til Orknøyane. Men slår alt til, vart det antyda at det ein gong i framtida kan verte produsert tre bøyer per dag på Fiskåholmen.
– Om vi får det til, vert det heilt fantastisk, sa styreleiar Oddvar Strand i Stryvo AS.
20.06.17 14:28
Målskred for Åheim/Stadt
Målskred for Åheim/Stadt
(10.6) Åheim/Stadt slo til for fullt i sin første siger for året i 6. divisjon. Jørgen Honningsvåg vart kampen sin store profil. Den effektive spissen signerte fem av dei ni måla for heimelaget mot gjestene frå Moltustranda.6. divisjon Sunnmøre avd 2
Åheim /Stadt – Moltustranda 9-1 (4-1)
Mål: 0-1 Lars Petter Rønnestad, 1-1 Jørgen Honningsvåg, 2-1 Magne Brobakke, 3-1 Jørgen Honningsvåg, 4-1 Jørgen Honningsvåg, 5-1 Jørgen Honningsvåg, 6-1 Jørgen Honningsvåg, 7-1 Sigve Røkås, 8-1 Ørjan Westerås, 9-1 Thomas Stahl.
Bane: Løvold gras
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd.  
10.06.17 13:59
Motorhavari nær Kvamsøya
Motorhavari nær Kvamsøya
(09.06) Bilferja «Kvam» fekk i dag motorhavari nær Kvamsøya. Folk på Hakallestranda høyrde eit kraftig smell før ferja vart liggande kring klokka 10.30.– Eg høyrde eit kraftig smell og vedvarande ramling frå ferja. Så eitt eller anna var gale - og det må vere eit alvorleg motorhavari så langt eg kan skjøne, seier Inge Kløvning som var i arbeid med huset sitt på Kløvningen då han høyrde braket. «Ambu» kom snøgt til og båten fekk ferja til kai på Kvamsøya kring klokka 11.00. Då vi var i kontakt med Norled like etter at vi hadde fått meldinga, var dei i ferd med å skaffe seg oversikt over kva som hadde skjedd. Til smp.no seier no regiondirektør Utaker at ei reserveferje vil bli sett inn i sambandet i løpet av nokre timar. Vi viser elles til Norled si meldingsside om reserveferje m.v.
09.06.17 11:25
Tre sure i 1-5 tap
Tre sure i 1-5 tap
(09.06) Taus dommarfløyte ved tre av Valder-måla imot ÅVK torsdagskvelden på Eidsåvoll sende heimelaget av bana med humøret på botnnivå.  – Dette var surt! sa ein oppgitt ÅVK-trenar Oddvin Kragset om stortapet etter kampen. Kampfakta:
5. divisjon menn Sunnmøre
ÅVK – Valder 1-5 (1-0)
Mål: 1-0 Elling Flister (2 min), 1-1 Olai Rørstad (60 min), 1-2 Mikal Dyb (74 min), 1-3 Olai Rørstad (79 min), 1-4 Henrik Oksnes (87 min), 1-5 Henrik Oksnes (90 min)
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL.
Publikum: 40
Gule kort ÅVK: Anders Midtbø, Jon Andre Thue.
ÅVK: Robert Midtbø, Erlend Kragset, Anders Midtbø, Øyvind Myklebust, Ole André Kragset, Uchin Cho, Elling Flister, Anders Bellen, Henrik Koppen, Carl-Even Grande, Torgeir Halsen.
Innbyte: Per Arne Ekremsæter, Henning Sætre, Per Gunnar Lundehaug, Jon André Thue Kjell Brenne Skuffelsen vart nok også forsterka av at ÅVK etter ein godkjent førsteomgang med 1-0 leiing, rakna fullstendig siste halvtimen mot ein motstandar som berre tok eit stadig sterkare grep om spelet utover i kampen. Valder fekk prikke inn fem skoringar før dommar Dag Harald Moldskred sette sluttstrek.             ÅVK fekk ein pangstart på kampen då Elling Flister alt etter 2  minutt sende ballen i mål. Torgeir Halsen sitt innlegg spratt først i bakken og over ein feilreknande keeper som samtidig sklei overende og la målet ope for Flister. Førsteomgangen var jamnspela med Valders sitt pasningsspel på midtbana som det mest typiske, men som stanga mest mot eit ÅVK-forsvar som avviste alt før gjestende kom til avslutning. Faktisk burde heimelaget ha skaffa seg ei to-målsleiing for laga gjekk i garderoben til pause.  Andreomgangen opna med eit farleg Valder-skot like over tverrliggaren frå god posisjon etterfølgd av ein gedigen sjanse for ÅVK for ope mål.  Valder fekk endeleg hol på ÅVK-byllen etter eit kvarters spel.  Ein vill tretrekkskanonade frå nært hald måtte til slutt keeper Midtbø kapitulere på. Det skjedde så fort at dommar Moldskred ikkje registerte offsiden på skotet i førevegen. 1-1.  Valder fekk utover i omgangen dominere meir og meir og putta på fire mål til. Eitt av desse oste nok ein gong av offside. Det mest omtalte vart likevel målet der ÅVK-keeper signaliserte at ballen på innlegget var synleg godt bak mållinja, stoppa opp og let ballen trille over målstreken i den tru at dommaren hadde blåse.  –Spel til fløyta går! var derfor dommar Moldskred si gylne påminning til heimelaget sine spelarar i den ampre diskusjonen med ÅVK-leiinga etter kampen. Det handlar om kva som er dømt og ikkje kva som faktisk har hendt! Ja, sånn er det berre! ÅVK hadde i kampen nokre eit par opne målsjansar som burde gitt utteljing. Alt i alt var det ein fortent siger til Valder, teknisk gode og med betre presisjon i pasningsspelet sjølv om sigeren vart i største laget. ÅVK sin beste lagdel var forsvaret med midtstoppar Øyvind Myklebust som ein god dirigent.    
09.06.17 10:50
Ludvigsen sette løyperekord opp Blåfelden
Ludvigsen sette løyperekord opp Blåfelden
(03.06) Torbjørn Ludvigsen frå Varegg slo til og sette ein knallsterk rerkord i Blåfelden Rett opp. 36 minutt og 23 sekund etter starten var han i mål på toppen! I eit rekordstort konkurransefelt på 77 løparar og under gode fohold, gjorde altså Ludvigsen, som er ein av landet sine beste motbakkeløparar,  kort prosess. Vi registerer også at Erik Voksøy Bringsvor frå Sandsøya kom inn på ein flott tredjeplass med berre Erling Hisdal mellom seg og vinnaren. I dameklassen var Therse Sjursen frå BCG Bergen utilnærmeleg. Også ho i toppen av motbakkeløparar. Ho vann på 46.32, kring to og eit halvt minutt føre Merete Helgheim frå Gloppen. Over 230 stilte og til start i mosjonsklassen - slik at det var godt over 300 personar som laurdag tok turen til Blåfelden. Imponerande! Mykje folk var også til stades i sentrum i Syvde under løpet. Kosterikjedagne opna med brask og bram fredag, heldt fram i dag, laurdag, og blir avslutta i morgon, søndag.  Vi kjem grundig tilbake med reportasje både frå dagane og detaljar om motbakkeløpet  i papiravisa.
03.06.17 12:54
Fann ikkje angrepsrytmen
Fann ikkje angrepsrytmen
(02.06) Eit tannlaust ÅVK måtte på nytt gå av bana på Eidsåvoll torsdagskvelden med null på målkontoen. Det vart for mykje rusk i spelemotoren.Kampfakta
5. divisjon menn Sunnmøre
Åram/VanKam – Blindheim 0-2  (0-1)
Mål: 0-1 Preben Hagen Torvanger (16 min), 0-2 Emil Matias Karlssen (86 min)
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL.
Tilskodarar: ca 40.
Gule kort ÅVK: Andreas Nystøl, Oskar Vik.
ÅVK: Robert Midtbø, Ole-Petter Storeide, Andreas Nystøl, Øyvind Myklebust, Oskar Vik, Uchin Cho, Anders Midtbø, Anders Bellen, Per Arne Ekremsæter, Torstein Koppen, Elling Flister.
Innbyte: Thomas Åvik, Vebjørn Aaland Brekke, Sondre Ersvåg  Kjell Brenne ÅVK fekk sitt første heimetap for sesongen. Greitt nok etter det som vart vist på bana. Alt i alt var Blindheim hakket betre. Dermed har ÅVK sige ned på 4. sisteplass på tabellen med berre 7 poeng, berre eine poenget føre Giske, ein tabellsituasjon korkje trenar Oddvin Kragset eller spelarane bør knipe augene att for. Og når så eit  Valder som jaktar toppen på tabellen er nestemann på Eidsåvoll, må det mobiliserast maksimalt om poeng skal vere innan rekkevidde. ÅVK kom best igang, men typisk nok for det som prega kampen, stoppa angrepsflyten før ein kom til farlege avslutningar. Det vart mest plukkballar inn til Blindheim-keeperen. Corneren etter kvarteret der ballen fekk gli uforstyrra gjennom Blindheimforsvaret, vart ÅVK sin farlegaste før pause.  Då var det meir effekt i corneren til Blindheim minuttet etter der ein umarkert Preben Hagen Torvanger ute i feltet fekk denge til utanfor Midtbø si rekkevidde. 0-1. Den same Midtbø måtte ut i full kroppsstrekk etter halvtimen for å feie vekk ein ny ball med adresse innanfor stengene. Andreomgangen vart ein god spegel av det som skjedde før pause, med dei farlegaste sjansane til gjestene, men der ÅVK-forsvaret rydda bra unna, anført av keeper Midtbø.  ÅVK hadde tendensane, men det fløkte seg for mykje til. Det vart for mange feil i pasningsspelet, både i presisjon og i retningsval. Eit minus var det at Carl-Even Grande eller Torgeir Halsen melde forfall. Det gjorde sitt til at Torstein Koppen var uvanleg annonym på sentral topp. Best likte vi Anders Bellen, hardtkjempande på midtbana og Uchin Cho som trekkmotor på sida. Ein høgrekant som viste å kunne stelle til trøbbel i Blindheimforsvaret, men som vart for lite spelt på.    
02.06.17 10:15
ÅVK–trenaren: –Vi måtte berre vinne
ÅVK–trenaren: –Vi måtte berre vinne
Tre strake tap på bortebane var meir enn nok for ÅVK-trenar Oddvin Kragset. Derfor varma sigeren over Giske torsdag ekstra sjølv i striaste skoddevinden. Åheim/Stadt derimot slit i ein tung sesongstartKampfakta
5. divisjon menn Sunnmøre
Torsdag 25. mai
Giske – ÅVK 2-4 (0-2)
Mål: 0-1 Carl - Even Grande (8 min), 0-2 Torstein Koppen (16 min), 1-2 Ulrik Holm (71 min), 2-2 Fredrik Furnes (75 min), 2-3 Thomas Årvik (78 min), 2-4 Torstein Koppen (87  min)
Bane: Giske gras
Dommar: Arild Vegsund.
ÅVK: (4-4-2) Robert Midtbø, Erlend Kragset, Andreas Nystøl, Oskar Vik, Ole A. Kragset, Uchin Cho, Elling Flister, Anders Bellen, Carl-Even Grande, Torstein Koppen, Per Arne Ekremsæter.
Innbyte: Torgeir Halsen, Anders Midtbø, Thomas Årvik, Ole Petter Storeide. Det vart ein kamp der den langsgåande vinden på bana vart ein god medhjelpar. I første omgang hadde ÅVK vinden i ryggen og stod for det meste av mange målsjansar. Giske var knapt frampå med avslutningar.  ÅVK kunne gå til pause med ei komfortabel 0-2 etter nettkjenningar av  Carl – Even Grande og Torstein Koppen. Etter pause vart det jamnare. Giske fekk då hjelp av vinden. Men det var først på syttitals-minutta det skjedde. Første fekk Giske to mål og fekk balanse i stillinga 2-2. Men alt tre minutt etterpå svarte ÅVK då innbytar Thomas Årvik auka til 2-3 etter godt for arbeid av ein annan innbytar, Per Gunnar Lundehaug, som også pådrog seg dommaren sitt gulekort minuttet før ordninær speletid var over.  Torstein Koppen auka til 2-4 straks før full tid. ÅVK tok eit viktig steg oppover på tabellen og ligg på 7. plass med 7. poeng etter seks kampar. Ørsta står utan tap og leier med suverene med 21 poeng etter 7 kampar. Ørstingane slo Skodje så klart som 4-1 på Skodje og er på god veg attende til 4. divisjon. Andre resultat runde 6: Stranda – Hovdebygda 1-1, Valder – Herd 2  3-2, Skodje – Ørsta 1-4, Volda 2 – Vigra 2-3, Blindheim – Ellingsøy 0-3. SM:Tippegjesten: 3 rette. Glapp mot slutten 6. div. avd.2: Vartdal – Åheim/Stadt 2-0 (0-0) Åheim/Stad har hatt ein tung sesongstart. Tapet onsdag på Vartdal var det femte på like mange kampar. Typisk for lag som manglar kondis er at dei ”opnar” seg siste kvarteret. Det skjedde også på Vartdal der heimelaget først tok leiinga etter 70 minutt og sikra sigeren med nok ei skåring fem minutt seinare. Åheim/Stadt pådrog seg fire gule kort mor Vartdals eitt.  –Det var ein jamspela kamp fram til dess første målet kom, men då var vi mest tome for krefter. Så vart det også ei forferdeleg dårleg grasbane vi spelte på. Det var ikkje til våre fordel, meiner oppmann Geir Nielsen som trass tap meiner Åheim/Stadt har stigande formkurve og at det mest  er snakk om marginar før første poenga er eit faktum.    
26.05.17 13:52
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Laurdag 19. august
09.00 Hovda rundt, Eidsåvoll
15.00 Sleppfest, Hakallegarden
18.00 Grusomme meg, Fiskå kino
20.00 Baby Drive, Fiskå kino

Søndag 20. august
12.00 Storsamling, Møre b & u skule
19.00 Møte, Sion Åheim

Tirsdag 22. august
12.00 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus

4-15. oktober
Sildagapet, Operaen, Nordfjordeid

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget