resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
PREMIERE: Lys, glitter, popcorn, saft og drikke på borda, medan borna ser seg sjølve i aksjon på lerretet i opplæringsfilmen for Folkepediaprosjektet.
PREMIERE: Lys, glitter, popcorn, saft og drikke på borda, medan borna ser seg sjølve i aksjon på lerretet i opplæringsfilmen for Folkepediaprosjektet.

Filmstjerner for ein kveld

Det var ein liten smak av Hollywood, Berlin, Cannes, eller andre filmbyar, då leikarringen i FFUL onsdag benka seg til premiere på instruksjonsfilmane dei har vore med og laga til folkepedia.no. Her mangla korkje raud løpar, glitter og lysfontener, eller popkorn og glas med stett. 

I februar hadde avisa reportasje frå innspelinga på Hakallegarden, der dansarane i leikarringen på Fiskå spelte inn fire dansar til bruk i det nasjonale prosjektet Folkepedia i regi av Noregs Ungdomslag. Her vert ulike dansar landet over presenterte med tanke på at andre skal kunne lære dei. Dansane vert forklarte og viste i ulike delar før den ferdige dansen. Resultatet finn ein både på www.folkepedia.no og på facebook under sida Folkepedia. 

Og på den stilige premieren onsdag var det stas for både publikum og ikkje minst dansarane sjølve å sjå seg sjølv i aksjon på stort lerret. Og sjølvsagt vart det ei dansevising i salen før festbord med kaker, frukt, saft og is.

Ludvigsen med løyperekord i varmen
Ludvigsen med løyperekord i varmen
(02.06)Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg IL i Bergen sette ny løyperekord i motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane i Syvde laurdag med utrulege 35.50. Svenske Johanna Åström vann dameklassen , eit knapt minutt etter May Britt Buer sin rekord frå 2014. Beste lokale løpar vart unge Sondre Ersvåg frå Fiskå som kapra ein imponerande sjuandeplass i det harde selskapet – og slo mellom andre Thomas Alsgård.Det er eit fantastisk sommarver i Syvde under desse Kosterikjedagane. Skodda på morgonen var heilt borte, og sjølv om temperaturen var kjempefin for publikum som fyller telt og sentrumsområde, var det nok i varmaste laget for dei som skulle slite seg mot toppen. Ikkje  minst sett i det lyset, er Ludvigsen sin prestasjon imponerande. Vi registerer at Anders Skylstad frå Norangsdal kom på andreplass, Kristen Skjeldal frå Bulken viste igjen at han taket på motbakka og kapra tredjeplassen, Bjørn Olav Vassbotn frå Volda vart nummer fire, John Olav Tjønneland, Viksdalen IL nummer fem, sjufjells-spesialisten Erik Voksøy frå Sandsøy Il tok sjetteplassen og Sondre Ersvåg frå Fiskå kapra altså sjuandeplassen føre Thomas Alsgård. I dameklassen vann altså Johanna Åström på 45.00 (uoffisielt), føre fjorårsvinnar Therese Sjursen, Tertnes, og med den mestvinnande kvinna i Blåfeld-løpet si historie, Merete Helgheim, Gloppen på tredjeplass. Blåfelden Rett Opp vart ei real folkefest - med 185 startande i mosjonsklassen! Vi har stor reportasje og fullstendig resultatliste i papiravisa torsdag.
02.06.18 14:38
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Åram Pluss opna med konsert som gav gåsehud
Åram Pluss opna med konsert som gav gåsehud
(25.5) Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fiflet stod for opningskonserten på festivalen Åram Pluss i Åram kyrkje i går kveld. Det vart ei minnerik kveldsstund.Her var humør, fart, vare kjensler - heile registeret pakka inn i  musikalitet og speleglede av to framfrå musikarar og komponistar. Og etter den gode stunda i kyrkja var det kaffi og kaker på festivalkafeen. I kveld (fredag) er det ny konsert med kafé både før og etter, og laurdagen er spekka med godt program, slik du kan lese om det på festivalen sine eigne nettsider. Vi kjem med fyldig omtale i papiravisa.
25.05.18 08:45
Filmstjerner for ein kveld
Filmstjerner for ein kveld
Det var ein liten smak av Hollywood, Berlin, Cannes, eller andre filmbyar, då leikarringen i FFUL onsdag benka seg til premiere på instruksjonsfilmane dei har vore med og laga til folkepedia.no. Her mangla korkje raud løpar, glitter og lysfontener, eller popkorn og glas med stett. I februar hadde avisa reportasje frå innspelinga på Hakallegarden, der dansarane i leikarringen på Fiskå spelte inn fire dansar til bruk i det nasjonale prosjektet Folkepedia i regi av Noregs Ungdomslag. Her vert ulike dansar landet over presenterte med tanke på at andre skal kunne lære dei. Dansane vert forklarte og viste i ulike delar før den ferdige dansen. Resultatet finn ein både på www.folkepedia.no og på facebook under sida Folkepedia.  Og på den stilige premieren onsdag var det stas for både publikum og ikkje minst dansarane sjølve å sjå seg sjølv i aksjon på stort lerret. Og sjølvsagt vart det ei dansevising i salen før festbord med kaker, frukt, saft og is.
24.05.18 12:45
Gratulerer med dagen!
Gratulerer med dagen!
Men eit bilete av ordførar Lena Landsverk Sande som legg ned krans ved bautaen ved Vanylven kyrkje, ønskjer Synste Møre alle ein fin og meiningsfull 17. mai. Som vi ser på biletet - dagen møtte oss med vakkert vårver med sol og blå himmel.
17.05.18 11:34
Dette heldt i massevis for Vanylven FK.
Dette heldt i massevis for Vanylven FK.
Vanylven FK viste solid form på Eidsåvoll onsdagskvelden. 5-0 gir eit rett bilde av det som skjedde i ein underhaldande kamp. Dermed inntok Ole Per & co tabelltoppen.Kampfakta:
Sunnmøre: 6. divisjon avd 3
Vanylven FK – Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 5-0 (4-0)
Mål: 1-0 Per Gunnar Lundehaug (7), 2-0 Øyvind Myklebust (23), 3-0 Simon Sylte Bellen (28), 4-0 Henning Sætre, 5-0 Per Gunnar Lundehaug
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal
Tilskodarar: 78  Kjell Brenne Det mest framtredande i kampen var den homogene dimensjonen. Ein vanylvsellevar som var tillitsvekkande fylt på samtlege plassar og som evna samspel med god og variert angrepsoppbygging. At målmaskinen Torgeir Halsen var ute, såg ikkje ut til å ta brodden av avslutningane der fleirtalet av måla kom på innlegg frå sida. Og skal vi kåre kveldens skoring, så må det bli Henning Sætre sin 4-0 med pannebrasken fem minutt før pause. Rett draging i målfeltet og teknisk elegant utført. Så har Henning lagt alen til sin vekst sidan vi sist såg den friske syvdingen i aksjon. Det har også fleire gjort. Simen Sylte Bellen viste detaljar som gir signal om ei større karrere. Han fekk prøve seg i angrepet.             Nye Vanylven FK viste å ha fleire unge på gang og som vil kjempe om plass på laget. Trenar Ole Per Kragset må bu seg på eit luksusproblem når førsteellevaren skal plukkast ut. Gjerdsvika/Larsnes/ Gursken FK gjorde ikkje så svak figur som resultatet viser. Tidvis på bana kombinerte dei bra og kom til avslutningar. Dei vart ikkje så overkøyrde som resultatet viser. Samarbeidslaget i Sande kjem nok til å plukke ein del poeng i serien i år.  
17.05.18 09:04
Asfaltarbeid i gang
Asfaltarbeid i gang
(08.05) Veidekke er no i sving med å legge asfalt både mellom Skorge og Kjøde i Kjødepollen, og frå Eidsåkrysset innover langs Løsetstranda mot Syvde. Begge stader må ein rekne venting, kanskje inntil eit kvarter. På Eidså/Løsetstranda er det også følgjebil forbi der arbeidet pågår og periodevis ein del kø.
08.05.18 17:22
Vanylven FK med storsiger
Vanylven FK med storsiger
(04.05) Vanylven FK slo attende etter tapet mot Hødd 3 og valsa over Hareid sitt andrelag i går kveld. Heile 1-7 stod det i målprotokollen ved kampslutt på Hareid. Vanylven opna friskt i bortekampen og tok leiing etter tre minutt ved Per Gunnar Lundehaug. Torgeir Halsen la på til 0-2 etter 10 minutt. Deretter reduserte Hareid til 1-2 etter om lag 20 minutt, før Stian Bellen eit par minutt etter la på til 1-3.  Vanylven hadde såleis god kontroll på kampen, og då Hareid rett før pause fekk ein spelar utvist, gjekk det fullt og heilt bortelaget sin veg etter pause. Først la Per Gunnar Lundehaug på til 1-4, før Torgeir Halsen leverte eit ekte hat-trick og sørga for sluttresultatet 1-7. Ikkje all verda motstand for Vanylven FK i denne kampen, som med siger framleis har heng på topplaga Hasundgot og Hødd 3. Hasundgot leiar 6. div. avd. 3 med sju poeng, det same som Hødd 3, medan Vanylven FK ligg eit poeng bak.
04.05.18 10:45
Tok trona tilbake
Tok trona tilbake
(01.05) Kristian Nedregård frå Spjelkavik & omegn FiK har blitt kalla kongen av 1. mai-løpet på Åheim med fire pokalar til odel og eige, altså siger i tolv (!) løp, To siste åra har det vore annan vinnar, men i år var Nedregård tilbake med napp i ein ny pokal.Lenge leia likevel Åheim IL sin eigen Fredrik Hovdevik hovudfeltet, men mot slutten kom Nedregård sin rutine og uthaldenheit til sin rett, og han sikra seg sigeren over det unge løpstalentet frå arrangørklubben. Vinnartida var 10.15. Familen Hovdevik må likevel vere stornøgd med dagen etter at søster til Fredrik, Elisabeth Hovdevik, like godt sprang inn til siger i dameklassen. Som vanleg var 1. mai-løept er prikkfritt arrangement med god deltaking (vel 140 med smått og stort) og i eit ver som var som bestilt til føremålet. Vi har brei frå dagen reportasje i papiravisa torsdag.
01.05.18 14:54
Tapte mot Hødd 3
Tapte mot Hødd 3
6.div avd 3: Hødd 3 – Vanylven FK 3-1
Vanylven FK tapte 3-1 for Hødd 3 på Høddvoll torsdagskvelden. Vanylvingane spelte ikkje noko direkte dårleg kamp, men Høddarane var derimot hakket betre.Og ein ting avslørte kampen: Stiller Hødd 3 med eit liknande mannskap jamt over kampane framover, vil dei utan tvil vere ein sterk kandidat til opprykk saman med Hasundgot som slo til med ein 7-1 storsiger over Tjørvåg. På kunstgraset i Ulsteinvik tok heimelaget føringa i første omgang med 1-0 før pause. Etter pause stod stillinga 2-1 til heimelaget. Vanylven sitt mål kom på straffe ved Torgeir Halsen etter felling av Stian Bellen etter ei god Vanylven-periode. Men i staden for å makte den utlikninga som Vanylven jakta på, slo Hødd 3 til med ei ny scoring 3-1 på eit kontringsangrep. Dermed var kampen køyrd for vanylvingane sin del.
27.04.18 11:53
Bil gjennom naust i Syvde
Bil gjennom naust i Syvde
(20.4.) Ein bil køyrde i dag av vegen på Løsetstranda og tvers gjennom eit naust. Personane i bilen skal ikkje vere alvorleg skada. Ulukka hende litt før klokka tolv, då redningsetatane rykte ut til staden. Bilen, med to personar, hadde teke av frå vegen rett nedanfor Oseberg, skjena over i motsett køyrebane og vidare følgt køyrevegen ned til naustet og tvers gjennom dette. Ingen av dei to personane som var i bilen var eigarar av køyretøyet, som var lånt ut av eigar. Dei kom seg ut av bilen med eiga hjelp og er køyrde til legevakta, der dei seinare vart sende vidare til sjukehusfor for rutinesjekk, opplyser politiet. Det er også teke blodprøve av føreren, som viste negativt resultat med tanke på alkohol, seier Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor til Fjordenes Tidende.
20.04.18 12:34
Rovdefjordsambandet spelt over til fylket
Rovdefjordsambandet spelt over til fylket
Fredag 13. april 2018 kan noterast som ein merkedag i Rovdefjordsambandet si mangeårige historie. Då vart det ferdige plankonseptet formelt løfta opp på den fylkespolitiske arenaen, representert ved fylkesordførar, fylkesrådmann og samferdselssjef.Kjell Brenne
Den fleirdelte fjordkryssinga med flytebru på omlag 1600 meter frå Bjørlykkeskjera i Vanylven til Saudeholmen og derfrå følgt på med ein 230 meter lang nedsenka røyrtunnel til Storeneset i Breivika i Sande, blir som det første i sitt slag, ei nybrotsvinning innan samferdselsteknologi og alternative måtar å krysse fjordar på og som blir følgt med stor interesse frå andre fagmiljø innan samferdsel. Røyrtunnelen er på Rovdefjordsambandet senka 14 meter ned under sjøflata. Det gir god margin på djupta i forhold til båtane som passerer over røyret på brusambandet. Nytt i prosjektet er at flytedelen av brua skal byggast med pontongar i stål. Klevengruppa i Ulsteinvik har i fleire år jobba med å kunne bygge ei stålbru som hundre prosent skal vere robotsveisa.
            –Å bruke stål i staden for tradisjonelt betong i pontongane, vil gi ein langt lågare prislapp på flytebruer. Det opnar for at bruelementa kan produserast her i området og ikkje bli fabrikerte i utlandet med dei frakt og omkostningar det medfører, påpeikar Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling.

Robotisert produksjon av brulelement i stål er noko Klevengruppa har jobba med over fleire år. Dei ser føre seg at robotsveiste stålbruer vil vere løysinga der flytebruer skal nyttast til fjordkryssingar. Styrken på brua vil med stål vere minst like god som ved andre konvensjonelle materiale.
           -Dagen i dag er med den overleveringa vi hadde på Molde i dag ein milepæl vi kan måle med brei pensel i bruselskapet sin etter kvar lange logg og for folk flest. No er det fylkeskommunen som formelt er vegeigar som vil ha regien vidare, framhevar Svein Gjelseth.

Rovdefjordsambandet er planlagt fullt ut sjølvfinansierande, der bompengar og ferjeavløysingsmidlar vil vere dei viktigaste finansielle berebjelkane i dette brusambandet på Kystvegen Ålesund – Bergen, eit prosjekt som knyter Vanylven og ytre Nordfjord saman med ytre søre Sunnmøre og vidare mot Ålesund og mot Volda/Ørsta gjennom Eiksundsambandet. Dette er fakta:
• Rovdefjordsambandet er ein framtidig bruforbindelse over Rovdefjorden mellom kommunane Sande og Vanylven i Møre og Romsdal.
• Sambandet vert ein del av kystvegen mellom Ålesund og Bergen.
• Norge har bygd fleire undersjøiske fjelltunnellar dei siste dei siste 35 åra. Men slike tunnellar er ofte plaga med varmgang hjå trailereog dermed fare for brann og vanskelege evakueringar.
• Røyrtunnelen i Rovdefjordsambandet vert rimeligare –og vil truleg brøyte veg for enda meir avanserte løysingar med flytebru og røyrtunnelar.
• Berekassa av stål vil vere ein stålkonstruksjon på om lag 12-15 000 tonn.
• Stadt Skipstunnel vert «nabo» til Rovdefjordsambandet i samferdslelaboratoriumet
14.04.18 10:07
Vil du bli med meg på opera-forstilling?
Vil du bli med meg på opera-forstilling?
Operaen i Bjørvika har blitt ti år. Det skal feirast. Mellom anna med gratis inngang for folk frå heile Norge som ikkje har vore der før.Operaen i Bjørvika har blitt ti år. Det skal feirast. Mellom anna med gratis inngang for folk frå heile Norge som ikkje har vore der før.
 
Så dersom du er ein vanylving som aldri har vore på førestilling i Operahuset, har du sjansen komande laurdag. Og det du får sjå er ein av operaen sine store klassikarar: La Traviata.
 
Ordførar Lena Landsverk Sande har fått lovnad om to fribillettar til vanylvingar som «fyller krava» nemnt ovanfor. – Dessverre er ikkje reise til Oslo og opphald der dekt, så heilt gratis er det no ikkje. Men om nokon er i hovudstaden likevel, eller kunne tenkje seg å ta turen, så er det berre å ta kontakt. Det må sjølvsagt skje så fort som muleg, seier ordføraren. Ho er sjølv på landsmøte i Venstre på Gardermoen denne dagen, men lovar å kutte middagen der laurdagskvelden om det melder seg to vanylvingar som vil på operaførestilling for første gong.
 
Noko av skulda for hastverket må Synste Møre også ta. Vi fekk ei pressemelding om saka som skulle ha vore med i førre utgåve av papiravisa, men som altså vart liggande over.
09.04.18 14:19
Buss glei i autovernet
Buss glei i autovernet
(04.04)Så var det klart for eit nytt kapittel i følgjetongen om bilar i grøft eller autovern i Syltefjorden. Denne gongen var det skulebussen på veg til Åheim som møtte ein trailer på såpeglatt føre.Uhellet i dag skjedde i botnen av Syltefjorden, i det området som lokalt kallast Ura. I følgje sjåføren vi snakka med, møtte bussen ein trailer, køyrde så langt ut til høgre han kunne og bremsa litt. Dermed sklei bussen inn i autovernet. Ingen dramatikk på nokon måte og dei fem, seks unge passasjerane kunne klatre ut. Det er altså ein klassisk situasjon som vi etterkvart har ganske mange døme på på denne vegen. Det måtte rekvirerast bergingsbil frå Stårheim for å drage bussen inn på vegen att. Ei køyrebane var stengd og folk frå Vanylven brann- og redning dirigerte trafikken forbi inntil dette skjedde.
04.04.18 09:47
Tre tilbod kjem i gong
Tre tilbod kjem i gong
(23.3) Dei to førsteårstilboda, Studiespesialisering (ST) og Teknisk industriell produksjon (TIP) kjem i gang ved den vidaregåande skulen si avdeling i Syvde. Det same gjeld vg2-tilbodet Helsearbeidarfag, medan vg1-tilbodet Helse og oppvekstfag som venta ikkje kjem i gang.Dette er resultatet etter at Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har avgjort kva tilbod som skal starte opp og kva som ikkje kjem i gang i møte torsdag. Avdelingsleiar ved Herøy vidaregåande skule i Vanylven, Ester Sørdal Klungre, seier at dette var som forventa. Ho seier dei må ta eitt år i gongen og ønskjer ikkje å spekulere i kva som skjer framover. Tilbodet som no ikkje kjem i gang, førsteårstilbodet Helse og oppvekstfag, står på skulebruksplanen og kan såleis, om det ikkje blir endra, lysast ut neste år, då også elevtalet i grunnskulen går litt opp i høve til i år. Vedtaket i Utdanningsutvalet var i samsvar med tilrådinga frå Fylkesutdanningssjefen. Men i ein merknad i saksutgreiinga heiter at med bakgrunn i låge søkjartal, svake elevtal i grunnskolen i Vanylven, vanskar med å erstatte kompetansen til lærarar som sluttar av ulike årsaker og dei økonomiske utfordringane avdelinga får med å drive med eit så smalt tilbod, vil fylkesutdanningssjefen no signalisere at ei nedlegging av Herøy vgs avd. Vanylven vil bli vurdert i arbeidet med ny skolebruksplan 2019-2022. Etter det vi forstår, er det lagt opp til at den nemnde planen skal rullerast til hausten.
23.03.18 10:49
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 15. juni
18.00 Basar, Hakallestranda bedehus

Laurdag 16. juni
14.00 Vanylven Fk - Bergsøy 2, Eidsåvoll

Søndag 17. juni
19.00 Møte, Sion Åheim
19.00 Kveldsbøn, Fiskå bedehus

Onsdag 20. juni
18.30 Vanylven Fk - Tjørvåg, Eidsåvoll

Torsdag 21. juni
19.00 Beate Lech/Davis Wallumrød, Sande kyrkje

Laurdag 23. juni
17.00 Jonsokfeiring, Åheim

Sommaren 2018
Utstilling, Galleri Br. Vik
Utstilling, Lundgarden

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget