
Gunstig tid på taket
Kommunen sine folk bokstaveleg talt kosta i veg og feia mosen av taket på aktivitetssenteret på Fiskå torsdag. Langvarig berrfrost har frysetørka mosen på framsida av taket, slik at det var berre å koste han laus av takhellene på denne sida.
På baksida har det truleg vore meir skugge og mosen har klart å halde på vatnet, slik at han ikkje let seg fjerne på same viset. Difor ville ein her prøve med vaskepulver og liknande. Og som vi ser er det store mengder som har grodd til på taket, der ein del måsar gjennom åra har hatt reir.
– Vi kan kanskje seie at det er måsen som har gjødsla mosen, sa Jon Halvor Kjøde i kommunen si vaktmeisterteneste.