resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
AVGJERSLA: Vegar Krokevik set pannebrasken til og set inn 3-2 målet.
AVGJERSLA: Vegar Krokevik set pannebrasken til og set inn 3-2 målet.

Heldig siger til ÅVK

Laur 08.10. Ikkje før Åmdal vart redusert til ni spelarar, klarte Åram/VanKam å sikre seg tre poeng på Eidsåvoll i dag.

Heimelaget produserte svært lite mot ei Åmdal-lag som tok leiinga 1-0 etter om lag ti minutt av kampen. Mot slutten av første omgang vart likevel Stian Bellen spelt fint gjennom, og Åmdalkeeperen sin manøver gav raudt kort for felling. Straffa sette Elling Flister i mål til 1-1. Like etterpå var det Anders Bellen som var på farten og etter eit fint framspel gav leiing 2-1 til pause.

Dermed skulle ein tru det låg an til spelemessig trykk frå heimelaget si side mot gjestar som var redsuerte til ti mann. Men Åmdal låg godt samla med press mot angripande motstandarar rundt tjue meter, og ÅVK spelte seg knapt til sjanse i heile andre omgang før det var gått over nitti minutt. I den andre enden av bana fekk åmdalingane mykje spelerom framfor ÅVK sin sekstenmeter og spelte seg til brukbare sjansar i starten av andre omgang, ikkje minst på dødballar.

Så kom den mest omsnakka episoden på Eidsåvoll i dag, der ein Åmdalspelar på innkast sender ballen rett i bakhovudet på Oskar Vik. Dommaren meiner det er med forsett, og gir raudt kort. Åmdal er då nede i ni mann, og ein skulle tru det var full kontroll til heimelaget. Men i staden går Åmdal etter 73 minutt opp til 2-2. Eit frispark vert lagt inn i feltet. Litt kriging og ballen ut att til ein Åmdalspelar som står umarkert på seksten meter og sender ballen i nettet. 

Heldigvis klarer Vegard Krokevik å heade inn eit hjørnespark fem minutt seinare, og to minutt på overtid kombinerer så Sindre Thue og Elling Flister fint på høgrekanten og sikrar 4-2.

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Vil starte bygging i første planperiode
Vil starte bygging i første planperiode
(02.2) Dei fire samarbeidspartia Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029.– Ein kjenner at ein har ikkje levd forgjeves når ein får oppleve ein dag som i dag, sa tunnnelforkjempar Jan Helgøy på pressekonferansen som vart halde om saka i Selje i dag.  Den totale kostnaden for tunnelen er på 2 699 millionar (2,7 milliard) kroner. Det er sett av 1 504 millionar kroner (1,5 milliard) i 1. periode og 1 196 millionar kroner i 2. periode. Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert.  Kvalitetssikringa (KS2) skal no gjennomførast og planar leggast før ein kan starte arbeidet. Men dei fleste vi snakka med av politikarane etter pressekonferansen såg 2019 som sannsynleg startår.  Vi kjem også grundig tilbake til saka i papiravisa.
02.03.17 08:22
Lastebil velta på Nordstranda
Lastebil velta på Nordstranda
(27.2) Ein lastebil med varer til butikkar køyrde måndag av vegen rett nedanfor Helgøy gartneri på Nordstranda. Føreren, som var åleine i bilen, kom frå uhellet utan skade.Det var litt over klokka 10.00 måndag førmiddag at ein lastebil med overbygg køyrande i retning frå Åram mot Fiskå kom utfor asfaltkanten då han møtte bilar like nedanfor Helgøy gartneri på Norstranda. Det lukkast ikkje sjåføren å få bilen inn på vegen igjen, og han velta til slutt ned skråninga. Sjåføren presiserer overfor oss at den eller de møtande bilane ikkje hadde noko skuld i uhellet. Jan Helgøy var i gartneriet og høyrde smellet. Han kom snøgt til og fekk opna døra som var fri slik at sjåføren kom ut. Det vil etter kvart kome bil både for å ta over lasten og kranbil for å få bilen på vegen att.
27.02.17 12:41
Garasjebrann i Syvde
Garasjebrann i Syvde
(24.2) Ambulanse, politi og brannkorps både frå Syvde og Fiskå stasjon rykte laurdag kveld mellom 22.00 og 22.30 ut til ein garasjebrann på Smedbøen i Syvde. Det lukkast brannfolka å avgrense brannen til den frittståande garasjen. Ingen kom til skade, men ein bil vart totalskadd.Det var ingen til stades i huset då brannen oppstod. Den frittstaånde grasjen står relativt nær bustadhuset, men god innsats frå brannfolk og trekk som stod i gunstig retning, gjorde at ein greidde å hindra brannen i å spreie seg. Ein bil som stod parkert i eller like ved garasjen, vart etter det vi fekk opplyst, totalskadd. Det vil venteleg gå føre seg etterslokking og vakthald ved brannstaden utover natta. Årsaka til at brannen oppstod, er ikkje kjent.
24.02.17 23:35
I grøfta på glatt føre på Tue
I grøfta på glatt føre på Tue
(24.2)Ein lastebil lasta med sement enda i grøfta i bakken frå gamleskulen og opp på høgda på Tue på Åheim i dag. Det var svært glatt i området og ikkje strødd då uhellet skjedde.Ei køyrebane var heile tida open, men på grunn av det glatte føret var det ingen god situasjon, mellom anna fordi oversikta vart dårleg og vegbana såpeglatt. Litt over klokka 14.30 kom slepebil til staden og vegen var midlertidig stengd medan lastebilen vart dregen på vegen att. Det blir elles meldt om svært glatte vegar over heile distriktet fredag.
24.02.17 14:47
Då er tjelden her!
Då er tjelden her!
(24.2) Fredag kom meldinga: Tjelden er observert. Denne gongen først ytst på Fiskåholmen. Det kan snøe så mykje det berre vil - våren er i kjømda!Det er ein av våre trugne fugleobservatørar, Stig Ersvåg, som denne gongen sender første meldinga. 24. februar er nokså "normalt" slik det har vore siste åra. I fjor kom vel første meldinga eit par dagar før. Førebels har vi ikkje bilete av nykomlingen, så eit arkivbilete får gjere tenesta så lenge. Det viktige er at no kan dette årlege vårmerket hakast av enno ein gong.
24.02.17 11:26
Vandalisme på Eidsåvoll
Vandalisme på Eidsåvoll
(16.02) Både på fotballbana på Eidså og på nokre markar rundt omkring på Eidså og i Syvde har det natt til i dag vore gjort hærverk med bil.På grasbana på Eidså har dei som står bak ugjerninga køyrt ned trinna mellom kiosken og tribuna med ein høgaksla firhjulstrekkar og deretter spunne tvert over bana. Lukka er at bakken kanskje var så tela at ein slepp den store reparasjonen på grasmatta.
– Om ikkje grasrota er for skada, vil det vere sjanse for at vi slepp berre med merke som vil synest langt ut gjennom sesongen, men dei som står bak bør uansett få gjere opp for seg. Dette er vandalisme og skikkeleg ukjekt for oss som brukar mykje tid på å halde bana i stand, seier ein lett oppbrakt banemeister Arild Midtbø. Bilen som har vore på ferde er også funnen i dag tidleg. Dei som står bak kan vente seg eit oppgjer med øvrigheta, fortel kommunalsjef Terje Kolstad.
– Dette er misgjerning som vi ser alvorleg på. Saka er difor no meld til lensmannen, så får vi ta det vidare derifrå, seier Kolstad.
16.02.17 10:36
Storveges UKM
Storveges UKM
Den årlege mønstringa Ung Kultur Møtest i Olivinhallen laurdag vart på dei fleste vis slik at ein kanskje må sitere tidlegare IOC-president Juan Antonio Samaranch: The best games ever.Knapt har det vel vore fleire innslag, eller fleire deltakarar, og aldri så stort publikumsframmøte. Kanskje har det med tidlegare større ungdomskull vore fleire musikkaktørar på scena men til gjengjeld har breidda aldri vore større, med teater, dans og film i tillegg til det musikalske og ei variert utstilling. Nokre av innslaga peikte seg også ut med særleg høg kvalitet og dyktige aktørar som ved fleire høve har synt sitt store talent og skaffa seg erfaring. Nokon lett jobb var det likevel som vanleg ikkje for juryen. Dei valde ut desse til å gå vidare til fylkesmønstringa: Utstilling: Petrine Sjåstad «Timeglaset» June Garshoel Berge «Einsemd» Film: Ørjan Aaland Productions «Ørjan vs Wild 2» Ørjan Aaland, Sigbjørn Kleppe, Cathrine Breiteig, Sivert Hellend Scene: Maria Andrea Nordal og Sander Wefring «Vidden» Johannes Berge, Petrine Sjåstad, Iselin Oseberg, Selma Iversen, Silja Krøvel «Drama avdelinga» Madelen Rimstad «The Darkness»  Vi kjem elles med fyldig biletdekning i papirutgåva og seinare med biletgalleri her på sida.
04.02.17 19:22
Trafikkuhell på Skorge
Trafikkuhell på Skorge
Om lag klokka 18.30 fredag fekk politiet melding om ein bil som hadde vore av vegen på Skorge, mellom grensa til Sogn og Fjordane og Åheim. Det var ein person i bilen. Han var ved fullt medvit, men vart teken med til lækjar for sjekk.Naudetatane rykte ut etter melding om ulukka. Mannen, som etter det politiet opplyser var i 20-åra, hadde fått eit kutt i hovudet og vart teken med til lækjar for sjekk. Han hadde sjølv kome seg ut av bilen og snakka med alarmsentralen. Som det går fram av biletet, hadde bilen fått etter måten store skader. Det skal ikkje vere andre bilar involverte i hendinga. Poltiet har så langt ikkje sagt noko om årsaka til uhellet, men vår mann på staden melder om svært glatt vegbane i området der det skjedde.
27.01.17 20:05
Åtte poeng og best i Vanylven i år
Åtte poeng og best i Vanylven i år
– Det gjekk vel ikkje så aller verst, tykte denne trioen, Aina Nystøyl, Elise Rakvåg Kriken og Øyvind André Roth då dei pusta ut etter radio-klassequizen onsdag.Dei forsvarte Åheim skule si ære i den populære spørjekonkurransen til NRK Møre og Romsdal. Og i den vennskapelege striden med Myklebust, som var på lufta i går (sjå papiravisa) trekte dei altså lengste strået i år. Og kva var vanskeleg?
  – Ja, sei det du – eg tykte spørsmålet med Valentindagar og skotårsdag var heller vanskeleg, seier Aina som påstår at ho ikkje hadde sove heilt bra natt til onsdag.
– Pugga de mykje på førehand?
– Det var ikkje fritt. Eg sat oppe i heile gårkveld og sjekka opplysningar. Eg konsentrerte meg om kongefamilien i Noreg og i Sverige, men det var ikkje eit einaste spørsmål om det.
– Og litt sport vart det også blant dei 12 spørsmåla?
– Det vart noko om Sheffield Wednesday, skyt Øyvind inn. Han påstår at nervane var godt under kontroll, ja så godt at han faktisk forsov seg litt om morgonen.
– Og med deg då Elise?
– Eg følte eg hadde bra kontroll. Eg tok ikkje sikte på å pugge noko spesielt for eg meiner eg er ein spesialist på å vedde rett svar. Og det var der faktisk spørsmål på, smiler Elise. Så kom kontaktlærar Ottar Sande og inviterte på pizza på klasseromet. 10. klasse i NRK sin klassequiz måtte sjølvsagt feirast med litt ekstra godt! Rindal på topp
Programleiar Sara Lovise Roaldseth fortel at det i alt er 32 skular med på quizen. No er vi i tredje veke. 12 skular er ferdige og 20 skular står att i denne konkurransen som spenner over heile fylket, frå Smøla i nord til Vanylven i sør.
– Rindal har skåra full pott med 12 poeng. Her er to lag med 11. Vi må få fram fylkesvinnaren og kven som skal delta i landsfinalen, seier Roaldset.
26.01.17 14:30
Ny skadeflaum i Syvde
Ny skadeflaum i Syvde
(20.01) Mykje regn, i lag med åtte plussgrader og stor snøsmelting, har fått elvar og bekkar til å svulme opp i uvanleg stor grad i heile kommunen. Verst var det nok i Syvde, der mellom anna eit privathus fekk øydelagd kjellaren. Dei store snømengdene som kom i helga, gjorde i lag med nedbøren og varmegradene natt til fredag at det har vore ekstreme vassmengder som skulle takast unna. Det skapte mellom anna press i Røfsdalen, der elva fløymde opp så ein sjølv heime i sentrum tydeleg kunne høyre lyden av dei dei store steinane som mol. Minst eit par stader var også vegen øydelagt. Verst var det eit par hundre meter framme, der graner velta og tetta stikkveita, slik at ei til vanleg lita sideelv tok tvert over vegen og grov han av. Her hadde ein fredag føremiddag ikkje kome seg over for å sjå korleis det stod til lenger framme. Også heime ved bommen hadde elvagrøfta ikkje klart å teke unna, slik at vegen var delvis øydelagt.  Men også andre stader på Myklebust kom det mykje vatn, slik at fleire var ute og prøvde å reinske opp grøfter og demme opp for vatn, slik at det ikkje skulle ta seg inn i husa. Men for enkelte var kampen fågjeves. Trass i mykje arbeid lagt ned i drenering på oppsida av huset etter å ha vore hardt råka av storflaumen i 2004, måtte grøfter og røyr på morgonsida gje tapt for dei enorme vasstilsiget hos Frank Robert Sande og Inger Oline Eikrem. Trass i stor eigeninnsats med gravemaskin og tankvogn, og etter kvart brannbilen som kom til og hjelpte å pumpe ut vatn, er den nyopppussa kjellaren nok totalskada og må fullstendig takast att etter om lag ein halv meter overvatn.  Vi har til no ikkje fått melding om omfattande skader andre stader, men det er klart at gardsvegar og fjellvegar har fått hard medfart. 
20.01.17 11:56
Udramatisk utforkøyring
Udramatisk utforkøyring
Det var blålys og full utrykning frå redningskorpset. Men heldigvis synte utforkøyringa på Hatleneset i Syltefjorden seg å vere nokså udramatisk.I tett snøkave, med glatt vegbane og med mobiltelefonar ute av drift i store deler av kommunen, var det nok mange som følte på uhygge då dei såg naudetatane rykke ut kring litt etter klokka 22.00 laurdagskvelden. Men heldigvis hadde blien som hadde hamna i grøfta ved Hatleneset fått små skader, og det var heller ikkje snakk om personskade. Fleire har imdlertid ytra seg svært kritisk til at mobilsambandet i eit område kan falle fullstendig ut som det gjorde i store deler av Vanylven laurdag kveld. I slike tilfelle kan det vere vanskeleg å varsle om eit uhell eller ei ulukke skjer. (Akkurat i det området dette uhellet skjedde, var det faktisk dekning på mobilen då vi var på staden litt før klokka 23.00.)
14.01.17 23:23
Smålåten stormflo
Smålåten stormflo
Den varsla stormfloa torsdag føremiddag nådde ikkje opp til estimata og gjorde heller lite av seg samanlikna med prognosane som det vart gått ut med på førehand.   I ettertid viser det seg til dømes at vasstanden i Måløy vart om lag tolv centimeter under det som var rekna på førehand, i Bergen om lag sju centimeter lågare enn prognosane og i Stavanger åtte-ni centimeter lågare.  Det er kombinasjonen av springflo og storm som vert kalla stormflo, og meteorologane meiner at svakare vind enn varsla er grunnen til at floa ikkje nådde heilt opp til det ein hadde trudd. Meteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier seg likevel litt overraska over at vatnet ikkje gjekk meir over verdsarven Bryggen i Bergen enn det gjorde.
– Kanskje er Bryggen meir robust enn vi trudde. Det kan hende det er gjort endringar i grunnen som gjer at vatnet ikkje kjem så lett opp, seier han til Nrk. Ein rundtur rundt i kommunen viste at vatnet har stått ein god del høgre tidlegare, og spesielt gjorde roleg vêr at vi ikkje har fått høyre at det skal ha vore overfløyming eller skader nokon stad. 
12.01.17 13:52
Smak av vinter
Smak av vinter
Til stor glede ikkje minst for den yngre garde, la det seg denne veka eit snølag. Men i morgon er det mildare å regn att, så det gjeld å nytte gleda ein kan få, som desse borna i Solsikka barnehage. Det vert også meldt om oppkøyrde løyper og brukbare forhold i lysløypa på Duestøylen, medan ein på Øverberg har vurdert det å litt lite til å køyre opp, men for dei ivrigaste skulle det gå fint å tusle litt rundt i øvste delen likevel.
05.01.17 13:55
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 23. mars
19.00 Møte, Sion, Åheim
19.00 Møte, Fiskå bedehus

Fredag 24. mars
14.00 Jub.opning Combisenteret Fiskå
14.00 Kunstutstilling, Combisenteret Fiskå
21.00 Bjørkis, Smask Fiskå

Laurdag 25. mars
12.00 Jub.feiring Combisenteret Fiskå

Søndag 26. mars
11.00 Møte, Sion, Åheim
11.00 Turkassetur, Syltedalen

Onsdag 29. mars
19.00 Møte, Fiskå bedehus

Torsdag 30. mars
15.30 Treffpunkt Vanylven, Omsorgsenteret Fiskå

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget