resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
UTVALD: Også i Synste Møre-redaksjonen har enkelte vorte utsette for dei falske meldingane, men redaktør Vidar Parr sin store premie vert nok uavhenta. +17 framfor nummeret gav nok heller ikkje den store tiltrua.
UTVALD: Også i Synste Møre-redaksjonen har enkelte vorte utsette for dei falske meldingane, men redaktør Vidar Parr sin store premie vert nok uavhenta. +17 framfor nummeret gav nok heller ikkje den store tiltrua.

Narremeldingar

(04.10) Det er for tida veldig mykje falske meldingar ute og går på mail og SMS som gir seg ut for å vere frå Coop-systemet. Dette bør ein vere merksam på, og helst ikkje gå inn på linkane som er lagde ved i det heile og i alle fall ikkje gje frå seg opplysningar, seier Coop Vest.

I meldingane som vert sende ut har ein gjerne anten vunne gåvepremiar, eller er utvald til å få store premiar denne veka fordi Coop har bursdag.
          – Det er veldig mykje slike meldingar ut og går, og om ein trykkjer på lenka vil dei gjerne prøve å få kortnummer eller andre opplysningar, opplyser Coop Vest. 

Det bør ein absolutt ikkje gje frå seg, og det tryggaste er å slette slike meldingar, eller eventuelt å sjekke hos Coop om ein trur det skulle vere ei melding med faktisk innhald frå kjeda.

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Vanylven sin trenar Ole Per Kragset satsa alt mot tabelleiar Hasundgot då det galdt som mest ut i andre omgang. Det gav to viktige mål og siger. Dermed er det klart for superfinale mot Bergsøy 2 i Fosnavåg førstkomande laurdag.Kampfakta
6 div avdeling 3 Sunnmøre
Vanylven – Hasundgot 4-2 (1-1)
Mål Vanylven: 1-1 Per Gunnar Lundehaug, 2-2 Øyvind Myklebust, 3-2 Stian Bellen (straffe) 4-2 Ådne Seljeset
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd.
Vanylven: Robert Midtbø, Per Gunnar Lundehaug, Vegar Bellen Krokevik, Øyvind Myklebust, Stian Sylte Bellen, Anders Midtbø, Sondre Ersvåg, Henning Sætre, Anders Sylte Bellen, Uchin Cho
Innbyte: Simen Sylte Bellen, Ådne Seljeset. Kjell Brenne Kampen såg ut til å renne ut med uavgjort 2-2 då Ole Per ut i andreomgangen la om frå 4-3-3 til 3-5-2, noko som førte til eit større offensivt trykk frå ei sterkare midtbane. Det gav to scoringar og nytt opprykkshåp. Då står det om eit måloverskot på fire scoringar i høve Hasundgot i siste kampen mot Bergsøy 2. Jokerane i denne likninga med to ekstra ukjende, blir Hødd 3 og Bergsøy 2, som har færre spelte, men som kan ta siste stikk i denne reknekabalen når sluttstrek er sett og status gjort opp.
Siste kampen på Eidsåvoll for sesongen vart ei spennande, men disiplinert forestilling der eit innbitt heimelag makta snu kampen og rodde iland ein fortent siger mot Hasundgot som har leia avdelinga mesteparten av sesongen. –Vi har på ingen måte gitt opp opprykkshåpet. Fire pluss i målskilnaden er ikkje umogeleg i kampen mot Bergsøy. Under har skjedd før – det kan skje i Fosnavåg også, påpeikar ein optimistisk trenar Ole Per. sterkt sakna Torgeir Halsen denne gongen. Toppscoraren i 6. divisjon hadde meldt forfall på grunn av 4. dommarvervet i Eliteseriekampen i Kristiansund. Alt i alt hadde Vanylven ballen mest, skapte dei fleste sjansane og til slutt avslutta best. 4-2 gir såleis eit korrekt bilde av kampen, som vart greitt leia av dommar Magne Jonny Krumsvik frå Hødd. Og blant vakre minne frå ein gråversdag på Eidsåvoll søndag, tek vi med Per Magne Lundehaug sitt langskot frå 18 meters hald som gav 1-1 og Øyvind Myklebust si utlikning til 2-2 på hovudet då han gjekk i lufta på cornerinnlegget og styrte lerkula sjanselaust for keeper kontrollert inn under tverrstanga. Det ville vere urett å ikkje nemne Stian Bellen si eminente fintestraffe frå ellevemeteren og også energikula Ådne Seljeset som var rett mann på rett stad då det galdt som mest på slutten.    
23.09.18 19:26
Miste veggrepet og enda på taket
Miste veggrepet og enda på taket
(22.09) Ein personbil miste veggrepet på Fv61 i ein sving ved Vik på Slagnes i Vanylven laurdag ettermiddag. Bilføraren, som var åleine i bilen, kom uskadd frå utforkøyringa.  Svingen er den same som det hende ei tragisk bilulukke tidlegare i år der ein person omkom. Politipatruljen frå Måløy fekk melding om utforkøyringa i halvto-tida på ettermiddag. Dei var då på Årsheim på Stadlandet der det var ei liknande utforkøyring. Det vart full utrykning med ambulanse, politi og brannvern. Bilføraren vart sjekka av helsepersonell som kunne konkludere med at her ikkje var personskade. Trafikken på fylkesvegen vart omdirigert til gamlevegen gjennom Vik medan fylkesvegen var sperra for ferdsel. Politiet ber folk køyre forsiktig sidan det etter alt regnet er skumlare køyreforhold med sleip vegbane og lettare for å feilrekne veggrepet.
22.09.18 14:55
Første hauststormen tok straumen
Første hauststormen tok straumen
( 17.9) Natt til torsdag kom restane av orkanen Helene oppover kysten og vi fekk første hauststormen. Så langt er det ikkje meldt om alvorlege skader, men straumen gjekk i løpet av natta og deler av Vanylven hadde heller ikkje straum i morgontimane torsdagFolk fekk gode varsel og plukka inn ting som stod ute av lette hagmøblar og liknande. Båtar vart fortøygde godt eller sette i naust. Vi har ikkje fått melding om alvorlege hendingar etter natta, men ein del tre måtte gi tapt og fall over ende. I Bøstranda måtte det rykkast ut etter deler av ei stor selje vart liggande inn i vegbana og knekte samstundes ein stolpe. Det var, etter det vi fekk opplyst, kommunen sine folk som fekk ordna opp førebels etter førespurnad frå Mesta som var opptekne med andre gjeremål.
20.09.18 09:07
Sunnivakoret jubilerer
Sunnivakoret jubilerer
(07.09) I 15 år har dei gledd oss - Sunnivakoret. Søndag held dei jubileumskonsert i Selje kyrkje.Og som for femten år sidan: Per Odvar Hildre svingar taktstokken. Som så ofte før er Per Arild Skorgen på plass ved pianoet og Svein Hunnes ved bassen. Denne kvelden har dei også fått med seg klarinettisten Lars Frank. Marita Bødal Nybakk er solist saman med eit nytt bekjentskap i Sunniva-samanheng: Martin Herfjord- Det var kanskje ikkje mange andre enn kulturoptimisten Oddvar Stave, koret sin «far», som i 2003 trudde at dette skulle vare så lenge. Men no passerer ein altså 15-årsbøya og skal feire, naturlegvis med konsert der det starta. Det blir ei oppleving!
07.09.18 14:07
Stor redningsøving på Fiskå
Stor redningsøving på Fiskå
(30.08) Brann- og redningsfolk, dykkarar, ambulansar og to helikopter samøvde i ei stor redingsøving på Fiskå tordag kveld.Ein vannskuter hadde køyrt inn i ein båt med fem personar i sjøen l nedanfor Coop-bygget på Fiskå. Tre personar låg i sjøen - to av dei som var i båten var sakna. Etter kvart kom det fram at det også hadde vore ein passasjer på skuteren. Denne vart funnen i fjorden av redningshelkoteret som kom frå Florø. Redningdykkarar frå Måløy søkte etter «omkomne›  på djup ned mot 6-8 meter. Kommuneleiinga var i høg grad til stades. Både ordførar og radmann stilte sporty opp i krevjande markør-roller. Meir i papiravisa torsdag.
30.08.18 20:37
Nye vassproblem i Syvde
Nye vassproblem i Syvde
(24.08) Eit jordskred i Røfsdalen gav i går mold i vassinntaket til Syvde Vassverk og gjorde at vatnet måtte stengast frå klokka 13. Ein skal no ha fått reinska opp inntaket og skifta om til eit anna inntak, men rår framleis til varsemd med å koke vatn som skal drikkast.Leiar i Syvde Vassverk, Ivar Arnesen, fortel at han fekk melding frå verksemda Hofseth AS om brunt og misfarga vatn i 12- tida i går. Det viste seg at eit jordskred hadde fyllt inntaket ved elva Helgåa og førte jord ut i leidningsnettet. Etter ein intens jobb med opprydding og vasking, kopla ein om til eit reserveinntak frå sjølve Røfsdalselva i staden for Helgåa, og ein har i dag også arbeidd med å få spylt i sjølve leidningsnettet gjennom to uttak for dette ved sjøen.  Jordinnsiget og det misfarga vatnet førte til store vanskar for mellom anna Hofseth AS si verksemd, der dei måtte stenge produksjonen og sende dei tilsette heim til ein kunne starte den store jobben med å få vaska og reinsa lokale og produksjonsutstyr. I dag skal produksjonen gå som normalt att. Også ved institiusjonar som Syvdetun og skulen gav stenginga av vatnet særlege vanskar, og dei vart ekstra prioriterte med omsyn til å skaffe reint vatn så raskt som råd. Arnesen kallar jordskredet ei uføresett hending i samband med mykje nedbør og aktiviteten i området. Han viser som tidlegare også til planane om nytt og betre inntak med betre reinsing når arbeidet med kraftverka vert avslutta. Reaksjonane hos mange på nett, telefon og anna viser likevel ei sterk grad av misnøye etter alle problema som har vore. Også tidlegare i sommar har det vore eit par tilfelle av meldingar om at vatnet bør kokast. Diskusjonen om kommunal overtaking og eventuell påkopling til kommunalt vatn veks seg såleis stadig sterkare, og det vil nok også kome ein politisk diskusjon om i kva grad ein kan vere trygg for at situasjonen snart betrar seg og dei som bur i bygda er sikra godt vatn til ei kvar tid.
23.08.18 14:24
Stor stein rasa ned til vegen
Stor stein rasa ned til vegen
(21.8) På fylkesvegen frå Åheim og oppover mot Kvilehytta, om lag hundre meter ovanfor det som tidlegare var kjent som Vegvesengarasja,  rausa denne ruggen av ein stein ned frå Langhammaren tysdag morgon, men stogga før han kom inn i sjølve vegbana. Det var i femtida at meldinga om steinspranget kom, har vi fått opplyst. Det var også eit tre som hadde følgt med i skredet. Steinen er såpass dryg at han venteleg må delast før han kan takast bort.  Steinen braut altså så vidt kvitestripa i innersvingen og trafikken kan passere staden, sjølv om det kan bli mindrre stogg som følgje av arbeid på staden. Vår mann på staden fortel at folk hadde vore oppe i hammaren der steinen hadde losna og det vil bli vurdert om ein skal få ein geolog til å sjå på området. Meir om saka i papiravisa torsdag.
21.08.18 08:09
Innbrotsraid i bompengekasser
Innbrotsraid i bompengekasser
I løpet av sommaren har fleire av kassene der folk kan legge bompengar for køyring på fjellvegar eller godtgjersle for andre tenester, blitt oppbrotne. Politiet ber no publikum om tips.Lensmann Tor Sæther seier at det har kome meldingar om fleire kasser som er oppbrotne frå fleire ulike stader i Vanylven. Denne gongen er det ikkje snakk om eit «raid» ei spesiell natt, men aktivitet som har gått over noko tid. – Vår oppmoding til dei som eig eller har oppsyn med kassene er at dei sjekkar  ofte og tømer kassene slik at det ikkje blir liggande mykje pengar i dei. Når det konkret gjeld dei kassene som har blitt oppbrotne i sommar, er politiet interessert i tips frå publikum, seier Sæther. Det er i alle fall snakk om bomvegkasser for fjellvegane på Slagnes og Sandnes og kassa ved badehuset i Sandvika. Det kan også vere snakk om fleire som ikkje er innmelde eller oppdaga enno.
16.08.18 12:04
Ferie i Synste Møre
Ferie i Synste Møre
11.07.18 15:37
Tragisk ulukke ved Slagnes
Tragisk ulukke ved Slagnes
(24.6) Ein person er stadfest omkomen etter ei utforkøyring på fylkesvegen i Vik ved Slagnes natt til søndag. Politet seier dei fekk melding om ulukka like etter klokka 03.00 i natt. Det var ein tilfeldig forbipasserande som melde frå.  Bilen hadde kome i retning nordfrå mot Åheim. Han har så fått ein sleng eller liknande, køyrt ufor asfaltkanten på øvstesida, i køyreretninga blir det venstre sida, av vegen, og truffe ei avkøyrsle der bilen truleg har blitt kasta rundt. Køyretyet har store materielle skader. Den omkomne, som i følgje politiet er ein mann i 20-åra, var åleine i bilen då ulukka skjedde. Det var heller ikkje andre køyrety involverte i ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak, men både dei og Vegvesenet si ulukkesgruppe vil gjere oppmålingar og granskingar utover føremiddagen i ein freistand på å finne årsaka. Nære pårørande er varsla. Fylkesvegen blir stengd i timane framover, men bilar blir omdirigerte via kommunevegen på Vik - Slagnes. (25.4) OPPDATERING: Politiet har no frigitt namnet på den omkomne i ulukka. Det var 22 år gamle André Aasen Skårbø, busett på Åheim, som miste livet.
24.06.18 09:38
Bålforbodet oppheva
Bålforbodet oppheva
18.06 Totalforbodet mot bålbrenning på grunn av tørke er no oppheva, melder kommunen på sine nettsider. Det betyr at ein kan søkje om løyve til brenning av jonsokbål.Brannsjef Magne Lundehaug minner om at det generelle bålforbodet for tida 15. april til 15. november framleis er gjeldande, men nedbøren dei siste dagane gjer at ein opnar for brenning av jonsokbål. På nettsida heiter det følgjande: – Når det gjeld jonsokaftan, er dette ein spesiell kveld når det gjeld bålbrenning i Norge. Det er tradisjon med mange små og litt større bål veldig mange stader. At alle som planlegg bålbrenning denne kvelden skal søkje skriftlig om løyve, vil nok ikkje fungere i praksis. Av denne grunn gir brannsjefen derfor eit generelt løyve til bålbrenning (mindre bål) på jonsokaftan. Det krev likevel at dei som skal brenne bål sender ei tekstmelding til befalsvakt/teknisk vakt i kommunen seinast dagen føre, skriv brannsjefen. Meldinga skal innehalde: Jonsokbål Stad og gardsnummer/bruksnummer Namn på ansvarleg person Mobilnummer til ansvarleg person Tidspunkt for bålbrenninga N.B! Store bål eller bål på stader der dei kan utgjere fare for omgjevnadane skal søkjast om som vanlig også på jonsokaftan.
18.06.18 15:15
Ludvigsen med løyperekord i varmen
Ludvigsen med løyperekord i varmen
(02.06)Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg IL i Bergen sette ny løyperekord i motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane i Syvde laurdag med utrulege 35.50. Svenske Johanna Åström vann dameklassen , eit knapt minutt etter May Britt Buer sin rekord frå 2014. Beste lokale løpar vart unge Sondre Ersvåg frå Fiskå som kapra ein imponerande sjuandeplass i det harde selskapet – og slo mellom andre Thomas Alsgård.Det er eit fantastisk sommarver i Syvde under desse Kosterikjedagane. Skodda på morgonen var heilt borte, og sjølv om temperaturen var kjempefin for publikum som fyller telt og sentrumsområde, var det nok i varmaste laget for dei som skulle slite seg mot toppen. Ikkje  minst sett i det lyset, er Ludvigsen sin prestasjon imponerande. Vi registerer at Anders Skylstad frå Norangsdal kom på andreplass, Kristen Skjeldal frå Bulken viste igjen at han taket på motbakka og kapra tredjeplassen, Bjørn Olav Vassbotn frå Volda vart nummer fire, John Olav Tjønneland, Viksdalen IL nummer fem, sjufjells-spesialisten Erik Voksøy frå Sandsøy Il tok sjetteplassen og Sondre Ersvåg frå Fiskå kapra altså sjuandeplassen føre Thomas Alsgård. I dameklassen vann altså Johanna Åström på 45.00 (uoffisielt), føre fjorårsvinnar Therese Sjursen, Tertnes, og med den mestvinnande kvinna i Blåfeld-løpet si historie, Merete Helgheim, Gloppen på tredjeplass. Blåfelden Rett Opp vart ei real folkefest - med 185 startande i mosjonsklassen! Vi har stor reportasje og fullstendig resultatliste i papiravisa torsdag.
02.06.18 14:38
Trafo-brann tok straumen
Trafo-brann tok straumen
(01.06) Varmgang som medførte brann og i ein Trafo-stasjon på Åheim skal vere årsak til at størstedelen av Vanylven vart straumlaust litt over klokka 17 i dag.Brannbilar har etterkvart kome til staden og litt over 17.30 har delar av kommunen byrja å få att straumen etter omdirigering av straumnettet. Brannen medførte stor røykutvikling og røykdykkarar måtte først inn i bygget før ein kunne kome til å gjere noko med årsaka til brannen.
01.06.18 17:52
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 19. oktober
Vanylvskonferansen 2018
14.00 Lars Monsen, Fiskå ungdomshus
18.00 Bingo, Meks Syvde

Laurdag 20. oktober
15.00 Fredtunbasar, Syvde
18.30 Oasen-møte, Slagnes forsamlingshus
21.00 Contry night, Blue lagoon, Selje

Søndag 21. oktober
18.00 Smallfoot, Fiskå kino
20.00 Johnny English, Fiskå kino

Onsdag 24. oktober
19.00 Strikkekafé, Aktivitetssenteret

Torsdag 25. oktober
15.30 Treffpunkt Vanylven, Omsorgsenteret
19.30 Møte, Rovde forsamlingshus

Fredag 26. oktober
18.00 Basar, Hakallestranda bedehus
20.00 Torgrim Holte show, Blue Lagoon, Selje

Laurdag 27. oktober
17.00 Sildesølv, Vanylven kyrkje

Laurdag 3. november
21.00 Vassendgutane, Stadlandet

Fredag 9. november
Feel it, Larsnes

Laurdag 10. november
Feel it, Larsnes
Julemesse, Combisenteret

Fredag 16. november
Feel it, Larsnes

Laurdag 17. november
Feel it, Larsnes

Laurdag 24. november
Sandemesse, Larsnes
19.00 Julebord, Hakallestrandhus

Søndag 25. november
Sandemesse, Larsnes

Fredag 11. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 12. januar
Feel it, Larsnes

Fredag 18. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 19. januar
Feel it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget