resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
SLEIT: ÅVK sleit med å finne opningane mot Herd 2. Per Gunnar Lundehaug var attende etter skade og reduserte til 3-2 på overtid, men ÅVK måtte likevel reise poenglause frå Moa. (ARKIVBILETE)
SLEIT: ÅVK sleit med å finne opningane mot Herd 2. Per Gunnar Lundehaug var attende etter skade og reduserte til 3-2 på overtid, men ÅVK måtte likevel reise poenglause frå Moa. (ARKIVBILETE)

Sleppte grepet på Herd 2

ÅVK  lukta poeng på reduseringa til 2-1 ti minutt før slutt på kunstgraset på Moa mot Herd 2, men rota det vekk mot slutten i ein kamp der vanylvingane sleit med avslutningane.

Kampfakta:
5.div menn Sunnmøre:
Herd 2 – ÅVK  3-2 (2-0)
Mål ÅVK: 2-1 Elling Flister (84 min), 3-2 Per Gunnar Lundehaug (93 min)
Bane: Amfi Moa stadion kunstgras.
Dommar: Martin Javier Solheim, Spjelkavik IL.

Kjell Brenne

– Ser vi på banespelet og sjansar, så burde vi fått med oss ein uavgjort mot Herd 2 som viste seg som eit godt heimelag, meiner ÅVK-trenar Oddvin Kragset etter kampen.

ÅVK stilte med nesten same laget som banka Vigra på Eidsåvoll. Einaste forandringa var at Andreas Nystøl var på plass att i midtforsvaret i staden for veteranen Ole Theodor Hovden som ikkje er fast i stallen lenger og kun steppar inn når behovet er der.

Herd var mest effektiv før pause og gjekk i leiinga 2-0.

2.omgang såg ut til å bli mållaus. Men siste ti minutta opna kampen seg og det kom tre skåringar.

ÅVK reduserte til 2-1 i det 84. minuttet då Elling Flister fann nettmaskane. Dette sette ein ekstra kveik i vanylvingane som då trykte på for utlikning. Men i staden for fleire ÅVK-mål, vart det Herd 2 som slo tilbake med ei ny skåring like før slutt. 3-1. På overtid var det duka for nok eit mål. Innbytar Per Gunnar Lundehaug kom innpå i sin første kamp for året etter langvarig skade. Syltefjordingen takka for tilliten med å ”pynte” på sluttresultatet til 3-2.

Avslutta på Eidsåvoll med publikumsfotball
Avslutta på Eidsåvoll med publikumsfotball
(7.10) Om fotballkampar skal vere underhaldning, så innfridde ÅVK på Eidsåvoll laurdag. Ein god makker i dette spelestykket som gav heile åtte skåringar og drøssevis målsjansar, var eit spelande Volda 2. 5. divisjon Sunnmøre
ÅVK – Volda2  3-5 (2-4)
Mål: 0-1 Fredrik Kvalsnes, 1-1 Ådne Seljeset, 1-2 Stian Finnøy, 1-3 Tom Malims, 2-3 Henning Sætre, 2-4 Stian Finnøy, 2-5 Rasmus Aarflot, 3-5 Ole Per Kragset.
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta.
ÅVK: Marius Nystøl, Vebjørn Aaland Brekke, Oskar Vik, Øyvind Myklebust, Ole Petter Storeide, Anders Midtbø, Stian Bellen, Per Gunnar Lundehaug, Uchin Cho, Henning Søtre, Ådne Seljeset.
Innbyte:  Trygve Norhagen, Ole Per Kragset. Kjell Brenne rass at dette vart eit årets farvel til heimekampane på Eidsåvoll og den handfaste billetten for nedrykk til 6. divisjon, så var det ei fin fotballstemning som rådde på bana. Både spel og situasjonar skifte like fort som solstrålane sine  ubereknelege gjennombrot i gråveret. Når så det resulterer i mål i begge endane av bana, så heldt spenninga seg intakt heilt til slutt. Volda kom først i gang som ”nettserver”! Alt etter seks minutt låg første ballen bak ein Marius Nystøl i ÅVK-målet, signert av Fredrik Kvalsnes som fekk stå forbausande åleine i målfeltet på innlegget. 0-1. ÅVK kom tilbake og utlikna til 1-1 midtvegs i omgangen. I mølja i femmetersfeltet etter cornerinnspel, var det Stian Bellen som brøytte ”løypa” så Ådne Seljeset til slutt med langfoten sende ballen over streken.  Volda brukte ikkje lang tid på sitt svar då Stian Finnøy la på til 1-2, ei skåring som burde ha vore annulert for offside, etter mange si meining.  Spelet veksla, men med Volda som den som fekk best utteljing.. Tom Malims sytte for 1-3 før Henning Sætre viste seg fram på cornerinnlegget og reduserte til 2-3. Medan sistesekundane tikka mot pause, fekk Volda tildelt frispark utanfor sekstenmeteren. Godfoten til Stian Finnøy var kallibrert i forhold til både ball, mur og stenger. Ballen skrua elegant over muren og inn borte ved stolperota til ÅVK utan at Nystøl fekk hansken på han. 2-4.  Volda la på til 2-5 med noko ei skåring sju minutt etter pause. Rasmus Aarflot sitt frispark let seg ikkje stoppe.  Dagens mann likevel vart superveteran Ole Per Kragset som kom inn på siste kvarteret og viste at framleis går gamle måltjuvar lause. Superveteranen gav sine yngre lagkameratar ei lita læreykt tre minutt før full tid. Han oppfatta raskt keeperreturen og følgde på. Og der sat han: 3-5 som også vart sluttresultatet.  
07.10.17 20:15
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Kongeleg opning av bølgjekraftverket
Kongeleg opning av bølgjekraftverket
(22.9)Hans Majestet kong Harald og ti år gamle Arthur Petterson-Kieffer frå Ulstein stod for den stilfulle opninga av bølgjekraftverket ved Runde. Arthur Petterson-Kieffer var ein av fem hundre 5.klassingar frå alle fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre som hadde levert teikningar til tevlinga. Og som vinnar fekk han ikkje berre med ein med sjekk heim til klassen sin, han fekk og den store æra av å klippe snora med sjølvaste kongen som medhjelpar under folkefesten i Forsnåvåg torsdag. Både på denne festen og ved fleire arrangement denne dagen vart opninga av kraftverket som no leverer straum på nettet, feira som ein milepæl i arbeidet for eit grønare samfunn. Bølgjekrafta har mange mulegheiter, mellom anna som erstattar for elektrisk kraft produsert ved bruk av fossilt brensel som kol, olje og gass. Som det går fram av anna sak her på sida, skal de neste generasjonen av dei straumproduserande bøyene byggast på Fiskåholmen.
22.09.17 08:48
Ein pust av storverda på Holmen
Ein pust av storverda på Holmen
(21.09) I dag gjesta eit følgje på rundt hundre personar frå inn- og utland Fiskåholmen i samband med Waves4Power og Stryvo sine planar om montering av bøyer til bølgjekraftverk.Så får vi tru det er som ordførar Lena Landsverk Sande sa i si velkomsttale:
– Your visit here is signalizing a new beginning for this shipyard. Tru på grøn energi
I alle fall vart det hos dei involverte i foretaket som hovudsakleg partnarar i prosjektet signalisert vilje og tru på satsinga. Ikkje berre som forretningsidé, men ut frå ei tru på og ei vilje til grøn satsing. Slik Gisela Lehner frå det verdsomspennande austerikske firmaet Borealis sa det:
– Eg har også ei dotter, og difor er det ei ekstra glede og vere med å arbeide for utvikling av fornybar energi og framtidsretta løysingar. Solide partnerar
Borealis, med ei omsetning på 7,2 billionar Euro i fjor, er ein av partnerane som er med å utvikle bøyene og skal levere komposittmaterialet polyolefin som no skal nyttast i "Next-generation", i hovudsak med tanke på lettare vekt, lågare pris og betre funksjonalitet. Av meir kjende partnarar som presenterte seg var til dømes verdskjende Siemens, som er inne i biletet med teknologiske løysingar, norske Jotun som skal levere måling og botnstaoff som skal kunne tåle tiår i utsette vër og vindtilhøve, og til dømes også verdomspennande Parker, som skal levere hydraulikkolje. Denne må også vere av ein type som ikkje trengst skiftast ein gong for året, men som kan gjere jobben i det minste i tjuefem år, slik det vart lagt fram. Skal byggast opp 
Fleire av dei som hadde ordet la også vekt på at det skal byggast ein ny industri som også inneber samarbeid med krefter og kompetanse i vårt distrikt, der særleg den maritime kompetansen vart lagt vekt på. CEO Jostein Bøe i Stryvo, som skal bygge bøyene for Waves4Power, viste også til at dei har vore med å bygge opp Stryvo Group frå to til 80 tilsette.
– Vi har erfaring og veit kva utfordringar det byr på å bygge opp ein organisasjon, sa Bøe. Utvikling tar tid
Det er likevel tydeleg at dette er nettopp ein ny industri, der ting endrar seg undervegs og nye moment kjem til. Såleis gjekk det fram at det nok vil ta ein del lenger tid å kome i gang med større bøyeproduksjon enn tenkt, då det stadig dukkar opp nye løysingar og forbetringar som gjer at det førebels kan sjå ut som planar er skubba fram eit år i tid. Men som Bøe også sa det til media på spørsmål om kvifor dette skal lukkast når så mange andre har mislukkast:
– We have the best solutions and the best partners in the world.
21.09.17 14:43
Lastebil velta i Syvde
Lastebil velta i Syvde
(19.09) Ein lastebil lasta med singel kom i ettermiddag utfor asfaltkanten på vegen mellom Skår og Breiteig i Syvde. Bilen spora 50 -60 meter langs veggrøfta før han kom innatt på vegen og velta på sida . Sjåføren vart teken med til Fiskå til nærare legesjekk.Den velta lastebilen vart liggande på tvers av vegen og sperra for trafikken. Fylkesvegen vart for ei kortare stund sperra forbi ulukkesstaden. Redningsetatane rykte ut i full styrke med ambulansepersonell og brannkorpsa frå Syvde og Fiskå. Halvtimen etterpå kom politiet til stades frå Måløy. Ulukkesbilen vart av redningsmannskapet dregen til side slik at det opna for enkel ferdsel forbi skadestaden. Politiet opprettar ein utrykkingsrapport på bakgrunn av det inntrefte, opplyste politibetjent Jan Arild Nervik til Synste Møre. Han kunne ikkje gå nærare inn på årsaka til ulukka. Etter det Synste Møre uformelt fekk opplyst på skadestaden, skjedde utforkøyringa i samband med ein møtande stor bil. Riksveg 52 har gul midtstripe der utforkøyringa skjedde.
19.09.17 16:12
Mengder av dumpa sei i fjorden
Mengder av dumpa sei i fjorden
(19.09) I fjorden innover mot Åheim flyt det no mengder av stor sei i vassoverflata, truleg frå eit kast som vart gjort av ein silde-/ makrellsnurpar i dag tidleg.  Det skal ikkje seiast om fisken er dumpa som bifangst eller ved eit uhell, men fiskeridirektoratet er kopla inn i saka og vil undersøke kva som har skjedd. Men for den som har båt og vil sikre seg gratis middag er det berre å kaste seg rundt, slik at minst muleg fisk går til spille. Vi vil følgje opp saka.
19.09.17 13:28
Valet godt i gong
Valet godt i gong
Stortingsvalet i Vanylven er i gang. Først ut er dei tre største krinsane Åheim, Fiskå og Syvde som opna røystelokala 10. Dei fire mindre krinsane, Rovde, Eidså, Åram og Sylte tek starten først frå klokka 12. Alle røystelokala held ope til klokka 18. Trass litt regn i lufta, går tipsa i retning eit valframmøte i overkant av det normale. Vårt inntrykk frå Åheim her i starten peikar i retning av at frammøteprosenten i Vanylven held seg oppe. For fire år sidan var den 77 %. Det var 0.9 % under landsgjennomsnittet, men 0,3 % over snittet i fylket.
11.09.17 11:18
Veslemøy årets MOT-coach
Veslemøy årets MOT-coach
(08.09) Under eldsjelsamlinga i Trondheim i går og i dag vart Vanylven sin MOT-koordinator, Veslemøy Ervik, kåra til årets MOT-coach mellom rundt 700 representantar i heile landet. Det er MOT sentralt som kårar vinnaren, basert på tilbakemeldingar frå ungdomane sjølve. Under første dag av mønstringa, torsdag, vart først Veslemøy ein av tre nominerte kandidatar til prisen under samlinga på dagtid. 
– Vi synst sjølvsagt det var stort, med 600 personar i salen, at vår eiga dyktige, lattermilde, inkluderande, engasjerte og knalltøffe Veslemøy var ein av tre nominerte. Men då ho plutseleg, heilt på slutten av eit stilig kveldsshow vart ropt opp som vinnar til flott musikk, var det eit stort øyeblikk også for meg på vegne av kommunen, seier vanylvsordførar Lena Landsverk Sande, som også er til stades i Trondheim.
08.09.17 09:30
Eitt for lite, Stian!
Eitt for lite, Stian!
Ein måljaktande Stian Bellen sterkt på offensiven, smeller her inn 2-1 for ÅVK i andre omgang, men det vart eitt for lite etter at Hovdebygda hadde utlikna.  5. divisjon Sunnmøre
ÅVK – Hovdebygda 2-2 (0-1)
Mål: 0-1 Robert Roset (16), 1-1 Uchin Cho (49), 2-1 Stian Bellen (54), 2-2 Roar Wilhelmsen (62)
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy
ÅVK: Robert Midtbø, Erlend Kragset, Øyvind Myklebust, Vegar Krokevik, Oskar Vik, Henning Sætre, Anders Midtbø, Per Gunnar Lundehaug, Ole Andre Kragset, Stian Bellen, Elling Flister.
Innbyte: Uchin Cho, Vegar Aaland Brekke.
Tilskodarar: 40 ÅVK leverte nok ein kamp som viste at dei ikkje er ein utprega nedrykksfavoritt.   Hovdebygda opna best og tok føringa etter kvarteret. Ei horribel tverrsoverpasning utanfor straffefeltet til ÅVK, første til felling og frispark. Robert Roset gav gjestene leiinga 0-1 etter ein flott dubbar som glei inn ved bortre stolpe. Resten av omgangen jamna spelet seg ut, men ÅVK kom ikkje til avslutningar som sette gjestane sin keeper på dei altfor store prøvene. Til det var angrepsspelet for trangt og samanvasa. Etter pause skulle det bli annleis. Uchin Cho var akkurat den ÅVK mangla i første omgang. Friskusen kom inn på høgrekanten og sette fart framover på den sida som før pause var like passiv som ein arabisk ”ørken”. Alt etter to minutt burde utlikninga vore eit faktum på det lekre innlegget frå Uchin, men her mangla folk framfor ”kassa”. Eit par minutt etterpå skape Uchin sjølv det kaoset som skulle til i Hovdebygda sine bakre rekker. Han stakk sjølv frekt igjennom og utlikna til 1-1.  Uchin sitt friske pust, vekte også Stian Bellen til dåd. Med si nærkampkraft og framoverretta legning, samla han påpasseleg opp ein retur i feltet, fekk skjerme seg igjennom og finte ut keeperen før han svidde inn ein knallhard markkrypar via  stolperota.  Hovdebygda svarte nokre minutt seinare. Nok ein gong på frispark. Innlegget frå venstrekanten enda inne i feltet der Roald Lillestøl vart sistemann på ballen, 2-2. Resten av kampen var ÅVK mest frampå, men let seg for mykje distrahere mentalt av dommaravgjerder dei mislikte, noko som gav for mykje uheldig ”overtending” i sluttfasen då det galdt å vere konsentrert god når det som mest galdt. ”Den gule fare” i alle dommarkorta er også noko som svekkjer kampstyrken. At ÅVK sin midtbaneterrier Anders Bellen måtte stå over kampen på grunn av tre gule kort, var uheldig. I nettopp denne kampen kunne nok Bellen sin arbeidskapasitet gitt meir enn eitt poeng til heimelaget. Med 10 poeng fram til ståplass i divisjonen, er det berr, å spekulere i ÅVK sine ståsjansar i divisjonen. Til tross for seks attståande kampar og atten mulege poeng, så skal det meir enn ein optimal redningsaksjon til for å berge ÅVK frå nedrykk til 6. divisjon. ÅVK stjerner
*** Stian Bellen
**   Uchin Cho
*     Vegar Krokevik Andre resultat 5. divisjon: Giske – Ellingsøy 3-2, Blindheim – Herd 2  3-4, Volda 2 – Ørsta 2-1, Skodje – Stranda 3-1, Valder – Vigra 4-0
08.09.17 09:16
Kongen opnar bølgjekraftanlegg
Kongen opnar bølgjekraftanlegg
21. september skal den offisielle opninga av Waves4Power sitt bølgjekraftverk markerast. H.M. kong Harald V vil vere til stades.Markeringa, der kongen vil vere til stades, vil gå føre seg på Thon hotel i Fosnavåg. Men det er lagt opp til eit omfattande program, der dei innbedne gjestene med snøggbåt skal vitje både området der bøya no produserer straum utanfor Runde og Fiskåholmen i Vanylven, der firmaet Stryvo skal stå for produksjon av bøyer. Vi kjem tilbake med fleire detaljar om denne saka i papiravisa neste veke.
06.09.17 21:40
Tapte mot unge Hødd
Tapte mot unge Hødd
Åheim/Stadt har heva seg fleire hakk i haust etter ein svak vårsesong, men ikkje nok til å temje eit ungt Hødd 3. Det enda 2-4 til Hødd-juniorane på Åheim-graset onsdagskvelden.Kampfakta:
6. div. menn, avd.2
Åheim/Stadt 2-4 (1-1)
Mål: 1-0 Sigve Røkås (23), 1-1 Håkon Tormodsæter (28), 1-2 Ivar Saunes (65), 1-3 Johannes Meinseth (69), 2-3 Bruno Carvalho (80), 2-4 Sander Ringstad (90).
Dommar: Birger Breivik, Volda.
Gule kort: Åheim: Martin Stahl, Bruno Carvalho, Håkon Stranden. Kjell Brenne Åheim/Stadt slit i botnen på divisjonen med kun ein siger så langt, men fekk ein fin opptur med resultatet 5-5 i Gjerdsvika i forrige kamp. Onsdagskvelden var Hødd 3 motstandar på ei fin grasbane på Løvold. Hødd 3, som stort sett består av juniorlaget til Hødd, hadde ballen mest og dei fleste måltilboda i første omgang, men det stod 1-1 til pause. For Åheim/Stadt skåra Sigve Røkås.  Etter pause heldt det unge Hødd-laget fram med å føre kampen, avbrote av meir sporadiske Å/S-angrep. Lars Nerland Aahjem er tilbake som Åheim-keeper. Det styrka forsvaret merkbart.  Det forhindra ikkje gjestene å auke til 1-2 og 1-3 før Åheim/Stadt sin innbytar Bruno Carvalho ti minutt før slutt reduserte til 2-3 då han dukka opp ved bortre stolpe etter ei lumsk pasning frå Magne Brobakke. Portugisaren som er tilsett på Sibelco, har vore skada nesten heile sesongen og gjorde eit fint come-back i kampen. Sander Ringstad fastsette sluttresultatet med nok eit mål for Hødd på tampen av kampen. Han avslutta dagens lengste raid etter at Åheim slurva vekk ballen i Hødd sitt målfelt.                
24.08.17 09:18
Ørsting kneip sigeren i Hovda Rundt
Ørsting kneip sigeren i Hovda Rundt
(19.8) Olav André Myklebust frå Ørsta vart sterkast i spurten og snappa førstepremen i i Hovda Rundt som grendalaget på Eidså arrangerte laurdag. Oddbjørg Vik Nordal frå Syvde vann suverent dameklassa.Dei kring 25 løparane i eliteklassa fekk ein fin tur rundt Hovda i sommarveret som kom etter regnbygene på morgonen. Fem ryttarar la ut frå Eidså i eit halsbrekkande tempo og alt på Fiskå var det klart at sigerherren var å finne i denne gruppa. Heimefavoritten Jørgen Vidnes frå Fiskå var med heile vegen, Han prøvde seg med eit rykk på Øyra, men vart innhenta nokså raskt. Fire mann gjekk så godt som likt over mål, men med Myklebust først. Deretter følgde Marius Tomren, Molde CK, Geir Kristansen, Flora CK og Jørgen VInes, Fiskå. Vinnartida vart 1.08.21,1, ei god tid, men ikkje rekord. Det hadde nok dabba litt av i motvinden utover Hakallestranda etter knallstarten. Oddbjørg Vik Nordal si vinnartid i dameklassen var 1.20.35,4 Vi  kjem med brei reportasje i papiravisa.
19.08.17 13:23
Glimt frå Kong Arthurspelet
Glimt frå Kong Arthurspelet
I avisa i dag har vi artikkel om Kong Arthurspelet, der ikkje minst songen Vi og Vanylven som dukka opp i fjor har fått mykje merksemd. Under videoar opp til høgre kan du sjå tingscena og høyre songen, men det beste er å oppleve ting "live". Så kom du deg ikkje på Sandsøya i år, ta turen i 2019.
17.08.17 10:11
Ørsta best på Eidsåvoll
Ørsta best på Eidsåvoll
Opprykkskandidat Ørsta tok ein solid 4-0 siger på Eidsåvoll torsdagkvelden utan å vise format av sikkert 4. divisjonsformat. Til det vart ÅVK sin kampstyrke for veit og variabel.Kampfakta
5- divisjon Sunnmøre
ÅVK – Ørsta 0-4 (0-3)
Mål: 0-1 Jan Marius Klepp Brekke, 0-2 Marius Ulla, 0-3 Borgar Ose, 0-4 Daniel Aakre.
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL.
Gule kort: Henning Sætre, ÅVK, Erlend Kragset, ÅVK.
ÅVK: (4-5-1) : Robert Midtbø, Erlend Kragset, Øyvind Myklebust, Oskar Vik, Ole André Kragset, Uchin Cho, Anders Bellen, Thomas Årvik, Per Gunnar Lundhaug, Henning Sætre, Elling Flister.
Innbyte: Trond Helge Takset, Vebjørn Aaland Brekke, Sivert Krokvik Nerland, Sondre Ersvåg, Ole Per Kragset, Magnus Fiskå.  Kjell Brenne Ørsta fekk ein gratisbonus alt i starten på kampen i det heimelaget sin elles så solide  keeper Midtbø fekk ein hanskeglipp på ballen, ein feil som effektivt vart utnytta av gjestene. Elles var omgangen prega av halvsjansar til begge laga der ørstingane hadde best ballkontroll og struktur i den offensive delen. Det unge ørsta-laget beherska også best kortpasningsspelet, noko som utfordra både midtbana og forsvaret til heimelaget. At gjestene også vann mest i lufta, var viktig sett med ørsta-auge. 0-2 kom nemleg på eit innlegg frå hjørnet der ein umarkert Marius Ulla fekk adressere ballen med hovudet i nettmaskane. Utover i omgangen jamna spelet seg ut og ÅVK var frampå nokre gonger som burde ha resultert i skåring. På topp var ÅVK sin effektive angrepstrio, Carl-Even Grande, Torstein Koppen og Torgeir Halsen frå vårsesongen eit stort sakn, eit angrepsvåpen ÅVK vil ha store vanskar med å erstatte. Ein einsleg Elling Flister åleine på topp fekk ei umogleg oppgåve trass i unge Uchin Cho sin raske forseringar på kanten med innlegg som nok kunne ha hatt betre adresse. Ein friskus som kan tilføre ÅVK meir offensiv kraft på sikt. Ein småskada Flister gjekk forøvrig ut i pausen og vart erstatta av Trond Helge Takset. Ørsta la på til 0-3 like før pause etter mykje att og fram i ÅVK-forsvaret. Det straffa seg at heimelaget ikkje makta å jage ballen vekk frå målfeltet med ei befriande avklaring. Andreomgangen vart til dels ein kopi av første. Ut i omgangen foretok også ÅVK utskifting av heile seks spelarar og ”benken” fekk sleppe innpå. Deriblant veteran Ole Per Kragset som kan alt om angrepsfinessar i hovudet, men som har litt mindre forflyttingsevne med beina enn i fordums dagar. Med tapet mot Ørsta er ÅVK komen i ein enno meir utsett posisjon for ståplass i 5. divisjon etter at Vigra overraskande slo Ellingsøy og sende ÅVK ned på nest sisteplass på tabellen. Stjerner ÅVK: ***       Uchin Cho
**        Anders Bellen
*          Robert Midtbø   Åheim/Stadt tapte At det er tunge tider for seniorfotballen i Vanylven fekk ein også eit bevis for i 6. divisjonskampen mellom Åheim/Stadt og Hareid 2. På grasmatta på Løvold onsdag tok gjestene med seg ein komfortabel 6-1 siger over eit heimelag som heilt rakna etter pause. Åheim/Stadt sitt mål kom på straffe ved Magne Brobakke. 
11.08.17 08:35
Børning 2 blant folkefavorittane
Børning 2 blant folkefavorittane
(10.08) Børning 2 i regi av ”åheimaren” Hallvard Bræin, er no ein av tre filmar som står att i finalerunden om å vinne Folkets Amanda under prisutdelinga i Haugesund 19. august. Etter første del av avstemminga, der folk kan stemme fram sin personlege favoritt, står no Børning 2, Kongens nei og Marcus & Martinus – Sammen om drømmen, att i finalerunden. Kinogjengarar må sjølvsagt følgje si overtyding om kva film dei likar best, men sidan vi har ein finalist med lokal tilknyting, tar vi gjerne med oppmodinga om å stemme på denne.
10.08.17 10:26
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 19. oktober
15.30: Treffpunkt Vanylven, stova omsorgssenteret
19.00: Haugeseminar, Herøy Frikyrkje

Fredag 20. oktober
20.00 Ope hus, Åheim misjonshus

Laurdag 21. oktober
17.00 Jubileumskonsert, Fiskå ungd.hus
19.05: Dalsfjordrevyen 2017, Fyrlykta, Dalsfjord

Søndag 22. oktober
16.00 Festkveld m/Marie L. Widnes, Sylte bygdehus
16.00 Korkafé, Ungdomshuset Fram
17.05: Dalsfjordrevyen 2017, Fyrlykta, Dalsfjord
18.00 Radiominner, Ungdomshuset Fram

Tysdag 24. oktober:
19.00: Invasjon, Sogn og Fjordane teater. Olivinhallen
19.30 Møte, Eidså bedehus

Onsdag 25. oktober
19.30 Møte, Eidså bedehus

Søndag 29. oktober
15.00 Eldrefest, Eidsåtun

Fredag 3. november
Feel-it, Larsnes

Laurdag 4. november
20.00: Hjortefest Almklovdalen grendahus
Feel-it, Larsnes

Fredag 10. november
Feel-it, Larsnes

Laurdag 11. november
Feel-it, Larsnes
Julemesse, Combisenteret, Fiskå

Fredag 26. januar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 27. januar
Feel-it, Larsnes

Fredag 2. februar
Feel-it, Larsnes

Laurdag 3. februar
Feel-it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget