resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
0-1: Målskårar Torstein Koppen kan juble saman med lagkameratane. 
(Foto: Møre-Nytt: Joachim Åsebø)
0-1: Målskårar Torstein Koppen kan juble saman med lagkameratane. (Foto: Møre-Nytt: Joachim Åsebø)

Sterk opning var ikkje nok i Ørsta

ÅVK tok ei pang-opning på kunsgraset i Ørsta. Alt i første minutta av kampen rasla ballen i nota bak ørsta-keeperen. Ein ball i stanga etterpå var nære på tomålsleiing før ørstingane fekk samla seg.

5 divisjon Sunnmøre menn
Ørsta – ÅVK 3-1 (2-1)
Mål ÅVK: 0-1 Torstein Koppen (1 min)
Bane: Aurstad Arena kunstgras
ÅVK: R. Midtbø, E. Kragset, Ø. Myklebust, O. Vik, O. Kragset, A. Bellen, S. Bellen, T. Koppen, C. E. Grande, H. Sætre, T. Halsen.
Innbyte: P. A. Ekremsæter, O. P. Gjerde, V. Aa. Brekke. U. Cho.

Det var Torstein Koppen som slo 1-0 inn på eit pent langskot frå sekstenmeteren i sin første kamp i ÅVK-trøya. Ein ball i stanga straks etterpå kunne fort ha gitt ÅVK eit psykologisk overtak som kunne ha prega kampen.

Men så kom ørstingane etter kvart og skåra to mål. 1-1 etter 20 min og 2-1 fem minutt før pause.

Andre omgang var ikkje minuttet gammal før heimelaget punkterte kampen med noko eit mål, 3-1, som også vart sluttresultatet.

–I store deler av kampen var ÅVK godt med i spelet mot eit lag som blir rekna som opprykkskandidatane.  Å tape er surt, men trass alt var her mange positive element å ta med til første heimekampen mot Vigra på Eidsåvoll, seier ÅVK-trenar Oddvin Kragset.

 

 

Godt frammøte på folkemøte
Godt frammøte på folkemøte
(20.4) Bygdefolket møtte opp på folkemøtet i Olivinhallen på Åheim torsdagskvelden, der kommunegrenser og fylkegrensar  - og Åheim sin plass i så måte, stod i sentrum. Alf Kristian Berget frå Åheim bygdeutvikling opna og ordførar Lena Landsverk Sande hadde først ordet. Ho rosa initiativet og engasjementet som låg til grunn for møtet, og avviste synspunkt som har kome om ho som ordførar burde ha avvist ein slik diskusjon i utgangspunktet. 
- Innbyggarinitiativ og frie diskusjonar der folk kan seie meininga si er viktig, sa ordføraren. Må avgjere sjølve
Også "naboordførarane" Stein Robert Osdal frå Selje og Alfred Bjørlo frå Eid innleia utan å direkte gå inn på Åheim og Vanylven si stilling.
- Det ville vere uryddig av oss å gå inn i ein debatt i ein annan kommune. Dette må vere ein sjølvstendig prosess, akkurat som på Bryggja, sa Osdal. Vil vere kystkommune
Dei to målbar likevel synspunkt om sitt samarbeid, om gode kommunale tenester og næringsutvikling og samfunnsutvikling, der det skein gjennom at kanskje særleg Selje kunne teke seg Vanylven med på laget. Og Bjørlo kommenterte også at Selje /Eid må sjåast som ein kystkommune med stort vekstpotensiale i havbruk og kystnæringar.
- Så det er ingen skummel innfjording som står her, sa Bjørlo. Ulik orientering
Så vart ordet gitt fritt i ein diskusjon som nok ein gong bar preg av mange spørsmål og få svar. Det som kom tydelagast fram var ei undring over den sterke motstanden mot samarbeid sørover i resten av kommunen.
- Eg vert oppgitt når eg kjem nord om Syltefjorden og ser den nesten fandenivoldske sørovervegringa og skylappane dei opererer med, sa Vidar Solheim. Vil gje mulegheiter
Det kom også fram synspunkt om at ein ved framleis å høyre til Vanylven ville miste ungdomsskulen i bygda, at det ville vere positivt om ungdomen kunne nytte seg av vidaregåande sør for fylkesgrensa, og at ein ville verte ståande utanfor mange av ringverknadane som arbeidet med Stad skipstunnel kan gje.
- Vi må ikkje sjå avgrensingar, men mulegheiter, sa Eivind Flister. Bør stå i lag
Største skepsisen ligg nok i å eventuelt lausrive seg frå resten av Vanylven.
-Det vil vere uverdig å splitte kommunen, meinte Tormod Hvattum. 
Som i dei fleste slike debattar var dei talevande som i stor grad tok ordet, men etter møtet fekk vi også reaksjonar frå eldre som såg mørkt på om ein eventuelt ikkje fekk ha sine på omsorgssenteret på Fiskå. Bakdelar
Den einaste som klart tok standpunkt i mot å sjå sørover var Bjarne Sætrenes. Han trekte fram synspunkt om høgre avgifter, eigedomsskatt og mindre fylkeskommunale løyvingar til vegar og anna.
- Det er av fleire ting vi må ha i tankane, sa han.  Alf Kristian Berget i ÅBU trekte likevel konklusjonen ut frå det som kom fram om at ein har grunnlag for å gå vidare med ei underskriftsliste for eventuelt å få saka opp politisk.
20.04.17 20:17
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Fem minutt frå poeng på Hareid
Fem minutt frå poeng på Hareid
Opningskampen mot Hareid 2 onsdagskvelden viste at Åheim/Stadt ikkje blir nokon kasteball i ein 6. divisjon som blir merkbart hardare enn i fjor .  Kampfakta:
6 DIV: avd 2: Hareid 2 - Åheim/Stadt 3-2
Mål: Åheim/Stadt: 0-1 Kristoffer Vårdal, 0-2 Marcus Espeland Beitveit
Bane: Hareidsmyrane kunstgras.
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal.
Tilsk. 25  Kjell Brenne Det enda med eit knepe 3-2 tap for Å/S, eit stort framsteg i forhold til det syltynne som er levert i treningskampane. Men så var det dette med kondisen då...! Faktum var at første halvtimen viste gutane seg fram på ein imponerande måte. 0-2 var eit faktum alt etter 10 minutt etter skåringar av Kristoffer Vårdal og Marcus Beitveit. Første halvtimen gleid spelet veldig bra. Derifrå kom heimelaget kom meir inn i kampen og utlikna til 2-2 før pause. Sigersmålet let imidlertid vente på seg. 3-2 kom først då det stod att fem minutt av kampen.             –Vi gjorde ein bra førsteomgang, fleire hakk opp i høve det gutane har prestert i treningskampane. Kampen avslørte at vi ikkje held to omgangar kondisjonsmessig. Dette er noko spelarane må ha stort fokus på framover, seier trenar Svenn Westerås. Martin Stahl og Fredrick Hovdevik utmerka seg spesielt. Martin i ei defensiv rolle på midtbana og Fredrik med sin store løpsstyrke framover, framhevar trenar Svenn Westerås. Andre resultat: Bergsøy 2 – Vartdal 3-0, Tjørvåg – Hasundgot 1-1, Sæbø – Moltustranda 12-0.            
20.04.17 09:31
Skiulykke i Syvde
Skiulykke i Syvde
(17.04) Ein person frå Syvde var i dag uheldig under nedfarten frå Sandfjelltua og braut foten, slik at han måtte hentast med luftambulanse. Ulukka skjedde eit stykke ned i sida på det populære turmålet på ski. Litt tung nysnø gjorde visstnok at skia festa seg i snøen og personen fekk eit rundkast som førte til brot på ankelen. Etter det vi får opplyst kan det ha medverka til uhellet at bindingane ikkje var stilt om frå gåbruk til renn-modus, slik at dei dermed ikkje løyste ut som dei skulle. Luftambulanse måtte tilkallast og mannen fraktast til sjukehus.
18.04.17 09:15
Vogntog sperra vegen til Syltedalen
Vogntog sperra vegen til Syltedalen
(02.04) Eit utanlandsk vogntog køyrde seg søndag i 22-tida fast i den nedste av svingane i Brekka i Syltefjorden. Bilen er fullasta, og det er tvilsamt når han kan verte fjerna slik at bilar kjem seg forbi. (SISTE : Vegen opna måndag kveld)Føraren av vogntoget fortel på dårleg engelsk at han brukte GPS-system som han hadde fått av sin "boss" og var tydelegvis tenkt å ta vegen over Kilebrekka. Då vi var på staden rundt klokka 23 hadde "the boss" lova å ordne opp, men kor lang tid dette kan ta er uvisst, sidan bilen først også må tømast for last. Truleg må dei som bur på Syltedalen og skal på jobb og skule i morgon tidleg finne seg alternative måtar å kome seg av garde på ved å verte henta nedanfor vogntoget, då det visstnok også ligg snø i øvste svingen i Kilebrekkvegen, slik at det ikkje går an å køyre rundt via Syvde.
02.04.17 23:40
Stas på senteret
Stas på senteret
(24.03) Jubileumsfeiringa på Combisenteret er i god gang. I ettermiddag føretok varaordførar Bjarne Sætrenes den offisielle opninga av jubileumet. Litt seinare på dag var det dei yngste i leikarringen sin tur med sjarmerande og flott opptreden. I morgon held det fram med mellom anna korps, seniordans og Vanylvdragarane i tillegg til kake, kaffi, gode tilbod og vinnarsjansar. Og i andre høgda vil det framleis vere kafé og salsutstilling.
24.03.17 18:05
Berre to klassar på vidaregåande neste år
Berre to klassar på vidaregåande neste år
((24.03) I går vart det klart at Fylkesutdanningsutvalet i Møre og Romsdal seier nei til å å starte opp VG 1 Studiespesialiserande program og VG 2 Helsearbeidarfag ved den vidaregåande skulen i Syvde på grunn av for lave søkjartal.Skuffande og trist er den samstemte kommentaren hos politisk leiing og skuleleiing i Vanylven etter vedtaket i Fylket i går.
             – Eg er svært skuffa over fleirtalet av fylkespolitikarane i Utdanningsutvalet, som ikkje ynskjer å drive politikk, men rett og slett fylgje eit stivbeint regelverk, som dei kunne sett administrasjonen til å utføre, seier ordførar Lena Landsverk Sande.
             - Vanylven vg. skule misser linjer til neste år, utan at politikarane har diskutert kvalitet på skulen, elevmiljøet, distriktpolitikk eller samfunnsbygging. Ikkje eingong er dei bekymra over at 16-åringane som ønskjer eit år til heime no må flytte på hybel, i staden for å kunne bidra til eit godt skule- og fritidsmiljø for fleire i heimkommunen, seier Landsverk sande. Avdelingsleiar ved skulen i Syvde, Ester Sørdal Klungre, kallar det eit stort tap for skulen at to tilboda ikkje kjem i gang.
              – Det er ikkje berre at dei elevane som kunne gått her må reise bort og helst bu på hybel, men det vert eit smalare miljø både sosialt og pedagogisk med færre elevar og lærarkrefter. Eg vil likevel understreke at dei to klassane som kjem i gang skal få eitt fullgodt opplegg både fagleg og på andre måtar. Det var fire søkjarar til dei seks plassane på VG 2 Helsearbeidarfag og om lag ti søkjarar til VG 1 Studiespesialiserande, der regelverket vil ha minst fjorten søkjarar. Talet på avgangselevar i grunnskulen er lågare enn før, og ein høg prosent har søkt idrettsfag i Ulsteinvik. Dei to tilboda som vert starta opp, VG 1 Teknikk og industriell produksjon og VG 1 Helse- og oppvekstfag har likevel bra søkjartal og vert starta opp som vanleg. Det var også to søkjarar til dei seks plassane på VG 2 Teknikk og industriell produksjon, som difor var meir opplagt ikkje ville verte starta opp.
24.03.17 11:49
Redningsøving torsdag kveld
Redningsøving torsdag kveld
(23.03) I kveld vil redningsmannskapa i kommunen ha øving, og det vil vere ein del trafikk i område av kommunen av brannbilar, ambulanse og andre. Her bilete frå ei tidlegare øving ved Gusdalsvatnet.
23.03.17 15:37
Møter formannskapet tysdag
Møter formannskapet tysdag
(10.3) Leiaren i Plannemda for samferdselsutbygging i Møre og Romsdal, Frank Sve, møter formannskapet i Vanylven tysdag. Møtet, som startar til vanleg tid klokka 10, er ope for alle interesserte.Frank Sve (FrP) leier den fylkeskommunale Plannemda for samferdselsutbygging. Han er også medlem i Samferdselsutvalet, der han i perioden 2007-11 også var leiar. – Når eg møter formannskapet i Vanylven tysdag, er det for å orientere politikarane om prosedyrar og forhold som er viktige når eit stort samferdselsprosjekt som Rovdefjordsambandet skal fremjast vidare til fylkesnivået. Det er nemleg svært viktig at ein har det talmaterialet som krevst, og elles følgjer dei reglar som er oppsette. I motsett fall kan det stogge eller forseinke prosjektet unødig. Eg var i Vanylven for nokre år sidan og snakka om liknande tema. Kommunen sine prosedyrar har blitt mykje betre sidan den gongen. Og eg vil seie at det er gjort eit svært godt arbeid med Rovdefjordsamabandet så langt. Men det er likevel viktig at det politiske nivået i kommunane kjenner til korleis slike saker skal fremjast og korleis ein går fram, seier Frank Sve til Synste Møre. Det er fire, fem større fjordkryssingsprosjekt i fylket som er under planlegging. Mellom dei Rovdefjordsambandet og Sande Fastlandssamband.
10.03.17 12:04
Svært seine eller manglande laurdagsaviser
Svært seine eller manglande laurdagsaviser
(4.3) Seint laurdag ettermiddag var det ikkje aviser i postkassene fleire stader kring om i Vanylven. Drosjene, som har hatt jobben siste månadene, hadde fått beskjed om at no var ny distributør på plass og at dei ikkje skulle køyre. Dermed ser det ut at vi er tibake til start.Det starta med kaos då Kvikkas tok over distribusjon av laurdagsavisene i Vanylven. Så leigde dei lokale drosjer til å gjere jobben, og avisene har kome fram til alle relativt tidlag på dag. No går ein altså bort frå denne ordninga. Hos Kvikkas får vi stadfest at dei no går over til eigne bod. og at det er store forsinkingar første dagen, men at  alle skal få aviser i dag - eller om ein ikkje rekk det, i morgon. På vårt spørsmål om dette no blir regelen framover, blir det svara at dei forventar betring - og at ein vil vurdere denne ordninga etter ei tid. Fungerer det ikkje, må ein finne ei anna løysing, vert det sagt frå Kvikkas. Boda vi snakka med ved postkassen kring klokka 17.30 snakka ikkje norsk og hadde sjølvsagt store vanskar med å orientere seg i ein kommune utan vegnamn og nummer.
04.03.17 17:08
Vil starte bygging i første planperiode
Vil starte bygging i første planperiode
(02.2) Dei fire samarbeidspartia Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029.– Ein kjenner at ein har ikkje levd forgjeves når ein får oppleve ein dag som i dag, sa tunnnelforkjempar Jan Helgøy på pressekonferansen som vart halde om saka i Selje i dag.  Den totale kostnaden for tunnelen er på 2 699 millionar (2,7 milliard) kroner. Det er sett av 1 504 millionar kroner (1,5 milliard) i 1. periode og 1 196 millionar kroner i 2. periode. Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert.  Kvalitetssikringa (KS2) skal no gjennomførast og planar leggast før ein kan starte arbeidet. Men dei fleste vi snakka med av politikarane etter pressekonferansen såg 2019 som sannsynleg startår.  Vi kjem også grundig tilbake til saka i papiravisa.
02.03.17 08:22
Lastebil velta på Nordstranda
Lastebil velta på Nordstranda
(27.2) Ein lastebil med varer til butikkar køyrde måndag av vegen rett nedanfor Helgøy gartneri på Nordstranda. Føreren, som var åleine i bilen, kom frå uhellet utan skade.Det var litt over klokka 10.00 måndag førmiddag at ein lastebil med overbygg køyrande i retning frå Åram mot Fiskå kom utfor asfaltkanten då han møtte bilar like nedanfor Helgøy gartneri på Norstranda. Det lukkast ikkje sjåføren å få bilen inn på vegen igjen, og han velta til slutt ned skråninga. Sjåføren presiserer overfor oss at den eller de møtande bilane ikkje hadde noko skuld i uhellet. Jan Helgøy var i gartneriet og høyrde smellet. Han kom snøgt til og fekk opna døra som var fri slik at sjåføren kom ut. Det vil etter kvart kome bil både for å ta over lasten og kranbil for å få bilen på vegen att.
27.02.17 12:41
Garasjebrann i Syvde
Garasjebrann i Syvde
(24.2) Ambulanse, politi og brannkorps både frå Syvde og Fiskå stasjon rykte laurdag kveld mellom 22.00 og 22.30 ut til ein garasjebrann på Smedbøen i Syvde. Det lukkast brannfolka å avgrense brannen til den frittståande garasjen. Ingen kom til skade, men ein bil vart totalskadd.Det var ingen til stades i huset då brannen oppstod. Den frittstaånde grasjen står relativt nær bustadhuset, men god innsats frå brannfolk og trekk som stod i gunstig retning, gjorde at ein greidde å hindra brannen i å spreie seg. Ein bil som stod parkert i eller like ved garasjen, vart etter det vi fekk opplyst, totalskadd. Det vil venteleg gå føre seg etterslokking og vakthald ved brannstaden utover natta. Årsaka til at brannen oppstod, er ikkje kjent.
24.02.17 23:35
I grøfta på glatt føre på Tue
I grøfta på glatt føre på Tue
(24.2)Ein lastebil lasta med sement enda i grøfta i bakken frå gamleskulen og opp på høgda på Tue på Åheim i dag. Det var svært glatt i området og ikkje strødd då uhellet skjedde.Ei køyrebane var heile tida open, men på grunn av det glatte føret var det ingen god situasjon, mellom anna fordi oversikta vart dårleg og vegbana såpeglatt. Litt over klokka 14.30 kom slepebil til staden og vegen var midlertidig stengd medan lastebilen vart dregen på vegen att. Det blir elles meldt om svært glatte vegar over heile distriktet fredag.
24.02.17 14:47
Då er tjelden her!
Då er tjelden her!
(24.2) Fredag kom meldinga: Tjelden er observert. Denne gongen først ytst på Fiskåholmen. Det kan snøe så mykje det berre vil - våren er i kjømda!Det er ein av våre trugne fugleobservatørar, Stig Ersvåg, som denne gongen sender første meldinga. 24. februar er nokså "normalt" slik det har vore siste åra. I fjor kom vel første meldinga eit par dagar før. Førebels har vi ikkje bilete av nykomlingen, så eit arkivbilete får gjere tenesta så lenge. Det viktige er at no kan dette årlege vårmerket hakast av enno ein gong.
24.02.17 11:26
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Torsdag 20. april
16.00 Møte, Syvdetun
19.00 Folkemøte, Olivinhallen Åheim

Fredag 21. april
18.30 Møte, Åheim misjonshus
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus
20.00 Ope hus, Åheim misjonshus

Laurdag 22. april
15.00 Sosoialt samvær, Sogehuset, Nordstranda
20.00 Stig Ulv, Smask Fiskå

Søndag 23. april
13.00 Hjertemarsj, Sørbrandal
15.00 Vanylvsblest, Rovdetun

Torsdag 27. april
16.30 Treffpunkt Vanylven, Omsorgssenteret Fiskå

Fredag 28. april
21.00 Torbjørn Gran, Smask Fiskå

Laurdag 29. april
21.00 Steinar Engelbrektson og Sixpack, Fiskå ungdomshus

Laurdag 6. mai
21.00 Backflash, Åhjemsbuda, Selje

Laurdag 24. juni
21.00 Olav Stedje, Åhjemsbuda, Selje

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget