resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
STEIN: Det var litt av ein rugg som hadde losna i Laghammaren på Åheim  og rausa ned til fylkesvegen natt til tysdag. (FOTO: SM - Kjell Brenne)
STEIN: Det var litt av ein rugg som hadde losna i Laghammaren på Åheim og rausa ned til fylkesvegen natt til tysdag. (FOTO: SM - Kjell Brenne)

Stor stein rasa ned til vegen

(21.8) På fylkesvegen frå Åheim og oppover mot Kvilehytta, om lag hundre meter ovanfor det som tidlegare var kjent som Vegvesengarasja,  rausa denne ruggen av ein stein ned frå Langhammaren tysdag morgon, men stogga før han kom inn i sjølve vegbana. 

Det var i femtida at meldinga om steinspranget kom, har vi fått opplyst. Det var også eit tre som hadde følgt med i skredet. Steinen er såpass dryg at han venteleg må delast før han kan takast bort. 

Steinen braut altså så vidt kvitestripa i innersvingen og trafikken kan passere staden, sjølv om det kan bli mindrre stogg som følgje av arbeid på staden. Vår mann på staden fortel at folk hadde vore oppe i hammaren der steinen hadde losna og det vil bli vurdert om ein skal få ein geolog til å sjå på området.

Meir om saka i papiravisa torsdag.

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Nye vassproblem i Syvde
Nye vassproblem i Syvde
(24.08) Eit jordskred i Røfsdalen gav i går mold i vassinntaket til Syvde Vassverk og gjorde at vatnet måtte stengast frå klokka 13. Ein skal no ha fått reinska opp inntaket og skifta om til eit anna inntak, men rår framleis til varsemd med å koke vatn som skal drikkast.Leiar i Syvde Vassverk, Ivar Arnesen, fortel at han fekk melding frå verksemda Hofseth AS om brunt og misfarga vatn i 12- tida i går. Det viste seg at eit jordskred hadde fyllt inntaket ved elva Helgåa og førte jord ut i leidningsnettet. Etter ein intens jobb med opprydding og vasking, kopla ein om til eit reserveinntak frå sjølve Røfsdalselva i staden for Helgåa, og ein har i dag også arbeidd med å få spylt i sjølve leidningsnettet gjennom to uttak for dette ved sjøen.  Jordinnsiget og det misfarga vatnet førte til store vanskar for mellom anna Hofseth AS si verksemd, der dei måtte stenge produksjonen og sende dei tilsette heim til ein kunne starte den store jobben med å få vaska og reinsa lokale og produksjonsutstyr. I dag skal produksjonen gå som normalt att. Også ved institiusjonar som Syvdetun og skulen gav stenginga av vatnet særlege vanskar, og dei vart ekstra prioriterte med omsyn til å skaffe reint vatn så raskt som råd. Arnesen kallar jordskredet ei uføresett hending i samband med mykje nedbør og aktiviteten i området. Han viser som tidlegare også til planane om nytt og betre inntak med betre reinsing når arbeidet med kraftverka vert avslutta. Reaksjonane hos mange på nett, telefon og anna viser likevel ei sterk grad av misnøye etter alle problema som har vore. Også tidlegare i sommar har det vore eit par tilfelle av meldingar om at vatnet bør kokast. Diskusjonen om kommunal overtaking og eventuell påkopling til kommunalt vatn veks seg såleis stadig sterkare, og det vil nok også kome ein politisk diskusjon om i kva grad ein kan vere trygg for at situasjonen snart betrar seg og dei som bur i bygda er sikra godt vatn til ei kvar tid.
23.08.18 14:24
Stor stein rasa ned til vegen
Stor stein rasa ned til vegen
(21.8) På fylkesvegen frå Åheim og oppover mot Kvilehytta, om lag hundre meter ovanfor det som tidlegare var kjent som Vegvesengarasja,  rausa denne ruggen av ein stein ned frå Langhammaren tysdag morgon, men stogga før han kom inn i sjølve vegbana. Det var i femtida at meldinga om steinspranget kom, har vi fått opplyst. Det var også eit tre som hadde følgt med i skredet. Steinen er såpass dryg at han venteleg må delast før han kan takast bort.  Steinen braut altså så vidt kvitestripa i innersvingen og trafikken kan passere staden, sjølv om det kan bli mindrre stogg som følgje av arbeid på staden. Vår mann på staden fortel at folk hadde vore oppe i hammaren der steinen hadde losna og det vil bli vurdert om ein skal få ein geolog til å sjå på området. Meir om saka i papiravisa torsdag.
21.08.18 08:09
Innbrotsraid i bompengekasser
Innbrotsraid i bompengekasser
I løpet av sommaren har fleire av kassene der folk kan legge bompengar for køyring på fjellvegar eller godtgjersle for andre tenester, blitt oppbrotne. Politiet ber no publikum om tips.Lensmann Tor Sæther seier at det har kome meldingar om fleire kasser som er oppbrotne frå fleire ulike stader i Vanylven. Denne gongen er det ikkje snakk om eit «raid» ei spesiell natt, men aktivitet som har gått over noko tid. – Vår oppmoding til dei som eig eller har oppsyn med kassene er at dei sjekkar  ofte og tømer kassene slik at det ikkje blir liggande mykje pengar i dei. Når det konkret gjeld dei kassene som har blitt oppbrotne i sommar, er politiet interessert i tips frå publikum, seier Sæther. Det er i alle fall snakk om bomvegkasser for fjellvegane på Slagnes og Sandnes og kassa ved badehuset i Sandvika. Det kan også vere snakk om fleire som ikkje er innmelde eller oppdaga enno.
16.08.18 12:04
Ferie i Synste Møre
Ferie i Synste Møre
11.07.18 15:37
Tragisk ulukke ved Slagnes
Tragisk ulukke ved Slagnes
(24.6) Ein person er stadfest omkomen etter ei utforkøyring på fylkesvegen i Vik ved Slagnes natt til søndag. Politet seier dei fekk melding om ulukka like etter klokka 03.00 i natt. Det var ein tilfeldig forbipasserande som melde frå.  Bilen hadde kome i retning nordfrå mot Åheim. Han har så fått ein sleng eller liknande, køyrt ufor asfaltkanten på øvstesida, i køyreretninga blir det venstre sida, av vegen, og truffe ei avkøyrsle der bilen truleg har blitt kasta rundt. Køyretyet har store materielle skader. Den omkomne, som i følgje politiet er ein mann i 20-åra, var åleine i bilen då ulukka skjedde. Det var heller ikkje andre køyrety involverte i ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak, men både dei og Vegvesenet si ulukkesgruppe vil gjere oppmålingar og granskingar utover føremiddagen i ein freistand på å finne årsaka. Nære pårørande er varsla. Fylkesvegen blir stengd i timane framover, men bilar blir omdirigerte via kommunevegen på Vik - Slagnes. (25.4) OPPDATERING: Politiet har no frigitt namnet på den omkomne i ulukka. Det var 22 år gamle André Aasen Skårbø, busett på Åheim, som miste livet.
24.06.18 09:38
Bålforbodet oppheva
Bålforbodet oppheva
18.06 Totalforbodet mot bålbrenning på grunn av tørke er no oppheva, melder kommunen på sine nettsider. Det betyr at ein kan søkje om løyve til brenning av jonsokbål.Brannsjef Magne Lundehaug minner om at det generelle bålforbodet for tida 15. april til 15. november framleis er gjeldande, men nedbøren dei siste dagane gjer at ein opnar for brenning av jonsokbål. På nettsida heiter det følgjande: – Når det gjeld jonsokaftan, er dette ein spesiell kveld når det gjeld bålbrenning i Norge. Det er tradisjon med mange små og litt større bål veldig mange stader. At alle som planlegg bålbrenning denne kvelden skal søkje skriftlig om løyve, vil nok ikkje fungere i praksis. Av denne grunn gir brannsjefen derfor eit generelt løyve til bålbrenning (mindre bål) på jonsokaftan. Det krev likevel at dei som skal brenne bål sender ei tekstmelding til befalsvakt/teknisk vakt i kommunen seinast dagen føre, skriv brannsjefen. Meldinga skal innehalde: Jonsokbål Stad og gardsnummer/bruksnummer Namn på ansvarleg person Mobilnummer til ansvarleg person Tidspunkt for bålbrenninga N.B! Store bål eller bål på stader der dei kan utgjere fare for omgjevnadane skal søkjast om som vanlig også på jonsokaftan.
18.06.18 15:15
Ludvigsen med løyperekord i varmen
Ludvigsen med løyperekord i varmen
(02.06)Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg IL i Bergen sette ny løyperekord i motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane i Syvde laurdag med utrulege 35.50. Svenske Johanna Åström vann dameklassen , eit knapt minutt etter May Britt Buer sin rekord frå 2014. Beste lokale løpar vart unge Sondre Ersvåg frå Fiskå som kapra ein imponerande sjuandeplass i det harde selskapet – og slo mellom andre Thomas Alsgård.Det er eit fantastisk sommarver i Syvde under desse Kosterikjedagane. Skodda på morgonen var heilt borte, og sjølv om temperaturen var kjempefin for publikum som fyller telt og sentrumsområde, var det nok i varmaste laget for dei som skulle slite seg mot toppen. Ikkje  minst sett i det lyset, er Ludvigsen sin prestasjon imponerande. Vi registerer at Anders Skylstad frå Norangsdal kom på andreplass, Kristen Skjeldal frå Bulken viste igjen at han taket på motbakka og kapra tredjeplassen, Bjørn Olav Vassbotn frå Volda vart nummer fire, John Olav Tjønneland, Viksdalen IL nummer fem, sjufjells-spesialisten Erik Voksøy frå Sandsøy Il tok sjetteplassen og Sondre Ersvåg frå Fiskå kapra altså sjuandeplassen føre Thomas Alsgård. I dameklassen vann altså Johanna Åström på 45.00 (uoffisielt), føre fjorårsvinnar Therese Sjursen, Tertnes, og med den mestvinnande kvinna i Blåfeld-løpet si historie, Merete Helgheim, Gloppen på tredjeplass. Blåfelden Rett Opp vart ei real folkefest - med 185 startande i mosjonsklassen! Vi har stor reportasje og fullstendig resultatliste i papiravisa torsdag.
02.06.18 14:38
Trafo-brann tok straumen
Trafo-brann tok straumen
(01.06) Varmgang som medførte brann og i ein Trafo-stasjon på Åheim skal vere årsak til at størstedelen av Vanylven vart straumlaust litt over klokka 17 i dag.Brannbilar har etterkvart kome til staden og litt over 17.30 har delar av kommunen byrja å få att straumen etter omdirigering av straumnettet. Brannen medførte stor røykutvikling og røykdykkarar måtte først inn i bygget før ein kunne kome til å gjere noko med årsaka til brannen.
01.06.18 17:52
Åram Pluss opna med konsert som gav gåsehud
Åram Pluss opna med konsert som gav gåsehud
(25.5) Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fiflet stod for opningskonserten på festivalen Åram Pluss i Åram kyrkje i går kveld. Det vart ei minnerik kveldsstund.Her var humør, fart, vare kjensler - heile registeret pakka inn i  musikalitet og speleglede av to framfrå musikarar og komponistar. Og etter den gode stunda i kyrkja var det kaffi og kaker på festivalkafeen. I kveld (fredag) er det ny konsert med kafé både før og etter, og laurdagen er spekka med godt program, slik du kan lese om det på festivalen sine eigne nettsider. Vi kjem med fyldig omtale i papiravisa.
25.05.18 08:45
Filmstjerner for ein kveld
Filmstjerner for ein kveld
Det var ein liten smak av Hollywood, Berlin, Cannes, eller andre filmbyar, då leikarringen i FFUL onsdag benka seg til premiere på instruksjonsfilmane dei har vore med og laga til folkepedia.no. Her mangla korkje raud løpar, glitter og lysfontener, eller popkorn og glas med stett. I februar hadde avisa reportasje frå innspelinga på Hakallegarden, der dansarane i leikarringen på Fiskå spelte inn fire dansar til bruk i det nasjonale prosjektet Folkepedia i regi av Noregs Ungdomslag. Her vert ulike dansar landet over presenterte med tanke på at andre skal kunne lære dei. Dansane vert forklarte og viste i ulike delar før den ferdige dansen. Resultatet finn ein både på www.folkepedia.no og på facebook under sida Folkepedia.  Og på den stilige premieren onsdag var det stas for både publikum og ikkje minst dansarane sjølve å sjå seg sjølv i aksjon på stort lerret. Og sjølvsagt vart det ei dansevising i salen før festbord med kaker, frukt, saft og is.
24.05.18 12:45
Gratulerer med dagen!
Gratulerer med dagen!
Men eit bilete av ordførar Lena Landsverk Sande som legg ned krans ved bautaen ved Vanylven kyrkje, ønskjer Synste Møre alle ein fin og meiningsfull 17. mai. Som vi ser på biletet - dagen møtte oss med vakkert vårver med sol og blå himmel.
17.05.18 11:34
Dette heldt i massevis for Vanylven FK.
Dette heldt i massevis for Vanylven FK.
Vanylven FK viste solid form på Eidsåvoll onsdagskvelden. 5-0 gir eit rett bilde av det som skjedde i ein underhaldande kamp. Dermed inntok Ole Per & co tabelltoppen.Kampfakta:
Sunnmøre: 6. divisjon avd 3
Vanylven FK – Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 5-0 (4-0)
Mål: 1-0 Per Gunnar Lundehaug (7), 2-0 Øyvind Myklebust (23), 3-0 Simon Sylte Bellen (28), 4-0 Henning Sætre, 5-0 Per Gunnar Lundehaug
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal
Tilskodarar: 78  Kjell Brenne Det mest framtredande i kampen var den homogene dimensjonen. Ein vanylvsellevar som var tillitsvekkande fylt på samtlege plassar og som evna samspel med god og variert angrepsoppbygging. At målmaskinen Torgeir Halsen var ute, såg ikkje ut til å ta brodden av avslutningane der fleirtalet av måla kom på innlegg frå sida. Og skal vi kåre kveldens skoring, så må det bli Henning Sætre sin 4-0 med pannebrasken fem minutt før pause. Rett draging i målfeltet og teknisk elegant utført. Så har Henning lagt alen til sin vekst sidan vi sist såg den friske syvdingen i aksjon. Det har også fleire gjort. Simen Sylte Bellen viste detaljar som gir signal om ei større karrere. Han fekk prøve seg i angrepet.             Nye Vanylven FK viste å ha fleire unge på gang og som vil kjempe om plass på laget. Trenar Ole Per Kragset må bu seg på eit luksusproblem når førsteellevaren skal plukkast ut. Gjerdsvika/Larsnes/ Gursken FK gjorde ikkje så svak figur som resultatet viser. Tidvis på bana kombinerte dei bra og kom til avslutningar. Dei vart ikkje så overkøyrde som resultatet viser. Samarbeidslaget i Sande kjem nok til å plukke ein del poeng i serien i år.  
17.05.18 09:04
Asfaltarbeid i gang
Asfaltarbeid i gang
(08.05) Veidekke er no i sving med å legge asfalt både mellom Skorge og Kjøde i Kjødepollen, og frå Eidsåkrysset innover langs Løsetstranda mot Syvde. Begge stader må ein rekne venting, kanskje inntil eit kvarter. På Eidså/Løsetstranda er det også følgjebil forbi der arbeidet pågår og periodevis ein del kø.
08.05.18 17:22
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 20. september
18.00 Idrettsmerketaking, Åram skule

Fredag 21. september
19.00 Kosekveld, Åram skule
19.00 Jakob Sande-kveld, Myreløda, Innselset

Laurdag 22. september
12.00 Åramdagar
14.00 Open dag, Fiskå brannstasjon
18.30 Oasen-møte, Jetmund Gjesteheim, Åheim
20.00 Kviss/pub-kveld, HakalleStrandhus
21.00 Gla´dansen, Syltefjord skule

Søndag 23. september
11.00 Fjelltur Nystøylhornet
14.00 Vanylven - Hasungot, Eidsåvoll
16.00 Internasjonal songkafé, Åram skule
18.00 Månelyst i Flåklypa, Fiskå kino
19.00 Kom saman møte, Sion Åheim
20.00 The Nun, Fiskå kino

Onsdag 26. september
19.00 Møte, Hakallestranda bedehus

Laurdag 29. september
11.00 Kunstutstilling, Kommunestyresalen Fiskå

Søndag 30. september
11.00 Kunstutstilling, Kommunestyresalen Fiskå
13.00 Fårikål, Syvde samf.hus
15.00 Eldrefest

Onsdag 3. oktober
19.00 Strikkekafé, Aktivitetsenteret Fiskå

Laurdag 6. oktober
20.00 Krabbe- og rekefest, HakalleStrandhus

3. - 13. oktober
La Bohéme, Nordfjordeid

Fredag 19. oktober
Vanylvskonferansen 2018

Fredag 9. november
Feel it, Larsnes

Laurdag 10. november
Feel it, Larsnes
Julemesse, Combisenteret

Fredag 16. november
Feel it, Larsnes

Laurdag 17. november
Feel it, Larsnes

Fredag 11. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 12. januar
Feel it, Larsnes

Fredag 18. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 19. januar
Feel it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget