resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
AV VEGEN: Politi, ambulanse og redningsfolk på plass ved ulukkestaden søndag morgon. Den skadde bilen, som vi førebels ikkje publiserer bilete av,  ligg bak den grå bilen i framgrunnen.
AV VEGEN: Politi, ambulanse og redningsfolk på plass ved ulukkestaden søndag morgon. Den skadde bilen, som vi førebels ikkje publiserer bilete av, ligg bak den grå bilen i framgrunnen.

Tragisk ulukke ved Slagnes

(24.6) Ein person er stadfest omkomen etter ei utforkøyring på fylkesvegen i Vik ved Slagnes natt til søndag. 

Politet seier dei fekk melding om ulukka like etter klokka 03.00 i natt. Det var ein tilfeldig forbipasserande som melde frå.  Bilen hadde kome i retning nordfrå mot Åheim. Han har så fått ein sleng eller liknande, køyrt ufor asfaltkanten på øvstesida, i køyreretninga blir det venstre sida, av vegen, og truffe ei avkøyrsle der bilen truleg har blitt kasta rundt. Køyretyet har store materielle skader.

Den omkomne, som i følgje politiet er ein mann i 20-åra, var åleine i bilen då ulukka skjedde. Det var heller ikkje andre køyrety involverte i ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak, men både dei og Vegvesenet si ulukkesgruppe vil gjere oppmålingar og granskingar utover føremiddagen i ein freistand på å finne årsaka. Nære pårørande er varsla.

Fylkesvegen blir stengd i timane framover, men bilar blir omdirigerte via kommunevegen på Vik - Slagnes.

(25.4) OPPDATERING: Politiet har no frigitt namnet på den omkomne i ulukka. Det var 22 år gamle André Aasen Skårbø, busett på Åheim, som miste livet.

Redningsaksjon på Syltedalen
Redningsaksjon på Syltedalen
(11.11) Ein mann vart søndag kveld i 20-tida henta ut med redningshelikopter i fjellsida fremst i Syltedalen. Mannen hadde ramla fleire titals meter ned gjennom den bratte sida og vart sterkt forslegen, men ved medvit.Ulukka skal ha skjedd noko etter klokka 16 søndag ettermiddag under sauehenting. I den bratte sida under Middagshornet, sør for Bjørnen på Kilebrekka, har han truleg falle, eller mista fotfestet. Mannen fekk gitt beskjed og hadde også med seg lommelykt, slik at naboar gav seg av garde opp sida. Seinare har han truleg prøvd å reise seg og falle vidare og mista lommelykta, slik at dei som var på veg opp mot lykta måtte lenger ned og gå etter ropa. Røde Kors hjelpekorps og beredskapsvakter vart også tilkalla og kom til staden med båre, varmetepper og anna utstyr. Tanken var først å frakte mannen ned på båre, men i det vanskelege terrenget gav ein opp dette. Sea King frå Florø vart tilkalla. Helikopteret kom til staden litt over litt før 20.00. Redningsmann og lege vart firt ned, og rundt 20.30 vart mannen frakta ut og til sjukehus. Hjelpa til dei to naboane som tok seg opp med lommelykter og fann mannen var viktig for redningssøket og hindra eit muleg fall vidare utfor ei bratt hylle. Trygve Herskedal i Røde Kors hjelpekorps trekk også fram det takknemlege i å ha lokalkjent beredskapsvakt som møtte redningsmannskapet og kunne lose dei opp til den skada og dei to naboane som sat hos han. Utfallet vart også overraskande godt, då mannen måndag kveld fekk kome heim att, forslegen, men utan større skadar, utanom eit sydd sår i bakhovudet.
11.11.18 20:48
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Held fast på nedlegging
Held fast på nedlegging
(8.11) Fylkesutdanningssjefen held fast på at avdelinga av Herøy vidaregåande skule i Vanylven skal leggast ned. Utdanningsutvalet skal handsame saka måndag.Som vi har skrive før, har Fylkesutdanningssjefen i Møre og Romsdal varsla at ei det vart vurdert å kome med framlegg om nedlegging av avdelinga i Vanylven i samband med handsaminga av skulebruksplanen for 2019/20. Fleire instansar, ikkje minst Vanylven kommune, har kome med innspel i saka der dei ber om at skulen ikkje blir lagt ned. Dette er søtta av fråsegn er frå både Ulstein og Herøy kommunar. Men Fylkeutdanningssjefen held altså fast på framlegget sitt. Han skriv at ein kan bøte på følgjene ved å auke kapasiteten på Herøy vidaregåande i Fosnavåg og prøve å få til ein avtale med Sogn og Fjordane om at elevar frå Vanylven kan gå ved skular der. Vidareføring av dette siste vil bli avventa til saka om eventuell skulenedlegging er avklara. . Lokaltt har ein fått signal som tyder på at ein vil halde seg til avtalen om at ingen skular skal leggast ned no. Dette har også blitt formidl t.d. i formannskapet av lokale politikarar. Måndag skal altså saka handsamast politisk. Då får vi svaret.
08.11.18 08:24
Viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design
Viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design
(7.11) Rovde Møbel & Design AS har sist veke skrive kontrakt med Tersan Shipyard i Tyrkia om levering av båtinnreiing til Norges største linebåt Atlantic. Linebåten tilhøyrer Ålesundsreieriet Atlantic Seafish AS, og innreiinga skal leverast i april 2019.-Dette er ei svært viktig kontrakt for Rovde Møbel & Design AS, seier dagleg leiar Paul Sindre Vedeld. Leveransen kan vere døropnar for fleire leveransar til eit verft som bygg mange båtar til den norske marknaden, og den gir oss tilgang til nye marknad utanfor Norge. Leveransen er også svært viktig for å halde ein jamn produksjon i bedrifta, og sikrar oss arbeid i månadane framover.
 
I tillegg til båtinnreiing produserer Rovde Møbel & Design alt av kundetilpassa interiør med plater som utgangspunkt, og har nyleg opna nettbutikk for benkeplater.

.
07.11.18 14:54
Stor Halloween-fest på Fiskå
Stor Halloween-fest på Fiskå
(01.10) Ungdomshuset på Fiskå var «pynta» til det mest ugjenkjennelege og uhyggelege onsdag. Det er Halloween!Kring 200 betalande i tillegg til flokken av frivillige som står bak dette spesielle arrangementet kosa seg på uhyggeleg vis, får vi vel kanskje seie. Eit kjempearbeid er lagt ned i kulissar og rekvisittar for å få fram den rette Halloween-stemning- og arrangementet er altså blitt ein publikumssuksess. Vi har meir i papiravisa.
01.11.18 08:40
Brot på vassleidning på Eidså
Brot på vassleidning på Eidså
(23.10) Ein vass-lekkasje i Eidså sentrum gjorde at eit større område tysdag fekk stogg i vassleveringa. Kommunen opplyser til oss kl. 16.00 at ein no prøver å kople om slik at fleire skal få att vatnet.Det viste seg at lekkasjen var vanskeleg å lokalisere og det vart lagt vatn forbi brotstaden med hjelp av brannslangar som sikra vatn til husstandane lenger utover mot Sandnes. Det vart prøvd å sende inn både kamera og stakefjører frå dei næraste kummane for å finne kvar lekkasjen var, men til ingen nytte. Onsdag vart det så tilkalla hjelp frå Ulstein med lytteapparat og ein meinte etterkvart å lokalisere brotet framfor bedehuset. Der ein grov seg ned var det heller ikkje noko å finne, men då ein fekk sendt eit kamera ti-tolv meter sørover, viste det seg å vere eit større hol på leidningen rett sør for bedehuset. Dette vart torsdag middag ferdig utbetra, og alle skal no ha fått att vatnet.
23.10.18 16:02
Statoil vert Cirkle K
Statoil vert Cirkle K
(16.10) Frå torsdag skjer det, bensinstasjonen på Tunheim skifter namn som den siste i Møre og Romsdal til det nye Cirkle K. Det som starta som BP, vart seinare Noroil, så Statoil, og no Cirkle K. Dette vil også verte markert med ein innviingsfest seinare.
16.10.18 14:31
Kjekt, men vemodig besøk
Kjekt, men vemodig besøk
(03.10) Som vanleg var det stor stas for borna i barnehagen og skulen på Fiskå då bokbåten var på besøk onsdag. Men under ligg den triste røyndomen at dette kan vere nest siste gongen ein får slikt kjekt besøk. På grunn av nedskjeringar har nemleg Møre og Romsdal fylke valt å ikkje forlenge avtalen som går ut til våren. Dermed kan dette flotte tilbodet på kysten verte lagt ned etter over 50 år. Frå før har Sogn og Fjordane fylke skore ned og kutta ut bokbåtbesøka i 2015. No står det altså i fare for å verte slutt også i Møre og Romsdal, medan det i Hordaland har vore harde kampar i fylkestinget som førebels har berga tilbodet der. Når så Fylket dette skuleåret også har teke bort ordninga med Kultursekken for barnehagane, vert det fort litt utarming av kjekke kulturtilbod som råkar distrikta sterkast.
04.10.18 10:49
Narremeldingar
Narremeldingar
(04.10) Det er for tida veldig mykje falske meldingar ute og går på mail og SMS som gir seg ut for å vere frå Coop-systemet. Dette bør ein vere merksam på, og helst ikkje gå inn på linkane som er lagde ved i det heile og i alle fall ikkje gje frå seg opplysningar, seier Coop Vest.I meldingane som vert sende ut har ein gjerne anten vunne gåvepremiar, eller er utvald til å få store premiar denne veka fordi Coop har bursdag.
          – Det er veldig mykje slike meldingar ut og går, og om ein trykkjer på lenka vil dei gjerne prøve å få kortnummer eller andre opplysningar, opplyser Coop Vest.  Det bør ein absolutt ikkje gje frå seg, og det tryggaste er å slette slike meldingar, eller eventuelt å sjekke hos Coop om ein trur det skulle vere ei melding med faktisk innhald frå kjeda.
04.10.18 10:12
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Treng fire mål tilOle Per rydda plass for superfinale
Vanylven sin trenar Ole Per Kragset satsa alt mot tabelleiar Hasundgot då det galdt som mest ut i andre omgang. Det gav to viktige mål og siger. Dermed er det klart for superfinale mot Bergsøy 2 i Fosnavåg førstkomande laurdag.Kampfakta
6 div avdeling 3 Sunnmøre
Vanylven – Hasundgot 4-2 (1-1)
Mål Vanylven: 1-1 Per Gunnar Lundehaug, 2-2 Øyvind Myklebust, 3-2 Stian Bellen (straffe) 4-2 Ådne Seljeset
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd.
Vanylven: Robert Midtbø, Per Gunnar Lundehaug, Vegar Bellen Krokevik, Øyvind Myklebust, Stian Sylte Bellen, Anders Midtbø, Sondre Ersvåg, Henning Sætre, Anders Sylte Bellen, Uchin Cho
Innbyte: Simen Sylte Bellen, Ådne Seljeset. Kjell Brenne Kampen såg ut til å renne ut med uavgjort 2-2 då Ole Per ut i andreomgangen la om frå 4-3-3 til 3-5-2, noko som førte til eit større offensivt trykk frå ei sterkare midtbane. Det gav to scoringar og nytt opprykkshåp. Då står det om eit måloverskot på fire scoringar i høve Hasundgot i siste kampen mot Bergsøy 2. Jokerane i denne likninga med to ekstra ukjende, blir Hødd 3 og Bergsøy 2, som har færre spelte, men som kan ta siste stikk i denne reknekabalen når sluttstrek er sett og status gjort opp.
Siste kampen på Eidsåvoll for sesongen vart ei spennande, men disiplinert forestilling der eit innbitt heimelag makta snu kampen og rodde iland ein fortent siger mot Hasundgot som har leia avdelinga mesteparten av sesongen. –Vi har på ingen måte gitt opp opprykkshåpet. Fire pluss i målskilnaden er ikkje umogeleg i kampen mot Bergsøy. Under har skjedd før – det kan skje i Fosnavåg også, påpeikar ein optimistisk trenar Ole Per. sterkt sakna Torgeir Halsen denne gongen. Toppscoraren i 6. divisjon hadde meldt forfall på grunn av 4. dommarvervet i Eliteseriekampen i Kristiansund. Alt i alt hadde Vanylven ballen mest, skapte dei fleste sjansane og til slutt avslutta best. 4-2 gir såleis eit korrekt bilde av kampen, som vart greitt leia av dommar Magne Jonny Krumsvik frå Hødd. Og blant vakre minne frå ein gråversdag på Eidsåvoll søndag, tek vi med Per Magne Lundehaug sitt langskot frå 18 meters hald som gav 1-1 og Øyvind Myklebust si utlikning til 2-2 på hovudet då han gjekk i lufta på cornerinnlegget og styrte lerkula sjanselaust for keeper kontrollert inn under tverrstanga. Det ville vere urett å ikkje nemne Stian Bellen si eminente fintestraffe frå ellevemeteren og også energikula Ådne Seljeset som var rett mann på rett stad då det galdt som mest på slutten.    
23.09.18 19:26
Miste veggrepet og enda på taket
Miste veggrepet og enda på taket
(22.09) Ein personbil miste veggrepet på Fv61 i ein sving ved Vik på Slagnes i Vanylven laurdag ettermiddag. Bilføraren, som var åleine i bilen, kom uskadd frå utforkøyringa.  Svingen er den same som det hende ei tragisk bilulukke tidlegare i år der ein person omkom. Politipatruljen frå Måløy fekk melding om utforkøyringa i halvto-tida på ettermiddag. Dei var då på Årsheim på Stadlandet der det var ei liknande utforkøyring. Det vart full utrykning med ambulanse, politi og brannvern. Bilføraren vart sjekka av helsepersonell som kunne konkludere med at her ikkje var personskade. Trafikken på fylkesvegen vart omdirigert til gamlevegen gjennom Vik medan fylkesvegen var sperra for ferdsel. Politiet ber folk køyre forsiktig sidan det etter alt regnet er skumlare køyreforhold med sleip vegbane og lettare for å feilrekne veggrepet.
22.09.18 14:55
Første hauststormen tok straumen
Første hauststormen tok straumen
( 17.9) Natt til torsdag kom restane av orkanen Helene oppover kysten og vi fekk første hauststormen. Så langt er det ikkje meldt om alvorlege skader, men straumen gjekk i løpet av natta og deler av Vanylven hadde heller ikkje straum i morgontimane torsdagFolk fekk gode varsel og plukka inn ting som stod ute av lette hagmøblar og liknande. Båtar vart fortøygde godt eller sette i naust. Vi har ikkje fått melding om alvorlege hendingar etter natta, men ein del tre måtte gi tapt og fall over ende. I Bøstranda måtte det rykkast ut etter deler av ei stor selje vart liggande inn i vegbana og knekte samstundes ein stolpe. Det var, etter det vi fekk opplyst, kommunen sine folk som fekk ordna opp førebels etter førespurnad frå Mesta som var opptekne med andre gjeremål.
20.09.18 09:07
Sunnivakoret jubilerer
Sunnivakoret jubilerer
(07.09) I 15 år har dei gledd oss - Sunnivakoret. Søndag held dei jubileumskonsert i Selje kyrkje.Og som for femten år sidan: Per Odvar Hildre svingar taktstokken. Som så ofte før er Per Arild Skorgen på plass ved pianoet og Svein Hunnes ved bassen. Denne kvelden har dei også fått med seg klarinettisten Lars Frank. Marita Bødal Nybakk er solist saman med eit nytt bekjentskap i Sunniva-samanheng: Martin Herfjord- Det var kanskje ikkje mange andre enn kulturoptimisten Oddvar Stave, koret sin «far», som i 2003 trudde at dette skulle vare så lenge. Men no passerer ein altså 15-årsbøya og skal feire, naturlegvis med konsert der det starta. Det blir ei oppleving!
07.09.18 14:07
Stor redningsøving på Fiskå
Stor redningsøving på Fiskå
(30.08) Brann- og redningsfolk, dykkarar, ambulansar og to helikopter samøvde i ei stor redingsøving på Fiskå tordag kveld.Ein vannskuter hadde køyrt inn i ein båt med fem personar i sjøen l nedanfor Coop-bygget på Fiskå. Tre personar låg i sjøen - to av dei som var i båten var sakna. Etter kvart kom det fram at det også hadde vore ein passasjer på skuteren. Denne vart funnen i fjorden av redningshelkoteret som kom frå Florø. Redningdykkarar frå Måløy søkte etter «omkomne›  på djup ned mot 6-8 meter. Kommuneleiinga var i høg grad til stades. Både ordførar og radmann stilte sporty opp i krevjande markør-roller. Meir i papiravisa torsdag.
30.08.18 20:37
Nye vassproblem i Syvde
Nye vassproblem i Syvde
(24.08) Eit jordskred i Røfsdalen gav i går mold i vassinntaket til Syvde Vassverk og gjorde at vatnet måtte stengast frå klokka 13. Ein skal no ha fått reinska opp inntaket og skifta om til eit anna inntak, men rår framleis til varsemd med å koke vatn som skal drikkast.Leiar i Syvde Vassverk, Ivar Arnesen, fortel at han fekk melding frå verksemda Hofseth AS om brunt og misfarga vatn i 12- tida i går. Det viste seg at eit jordskred hadde fyllt inntaket ved elva Helgåa og førte jord ut i leidningsnettet. Etter ein intens jobb med opprydding og vasking, kopla ein om til eit reserveinntak frå sjølve Røfsdalselva i staden for Helgåa, og ein har i dag også arbeidd med å få spylt i sjølve leidningsnettet gjennom to uttak for dette ved sjøen.  Jordinnsiget og det misfarga vatnet førte til store vanskar for mellom anna Hofseth AS si verksemd, der dei måtte stenge produksjonen og sende dei tilsette heim til ein kunne starte den store jobben med å få vaska og reinsa lokale og produksjonsutstyr. I dag skal produksjonen gå som normalt att. Også ved institiusjonar som Syvdetun og skulen gav stenginga av vatnet særlege vanskar, og dei vart ekstra prioriterte med omsyn til å skaffe reint vatn så raskt som råd. Arnesen kallar jordskredet ei uføresett hending i samband med mykje nedbør og aktiviteten i området. Han viser som tidlegare også til planane om nytt og betre inntak med betre reinsing når arbeidet med kraftverka vert avslutta. Reaksjonane hos mange på nett, telefon og anna viser likevel ei sterk grad av misnøye etter alle problema som har vore. Også tidlegare i sommar har det vore eit par tilfelle av meldingar om at vatnet bør kokast. Diskusjonen om kommunal overtaking og eventuell påkopling til kommunalt vatn veks seg såleis stadig sterkare, og det vil nok også kome ein politisk diskusjon om i kva grad ein kan vere trygg for at situasjonen snart betrar seg og dei som bur i bygda er sikra godt vatn til ei kvar tid.
23.08.18 14:24
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 15. november
19.00 Eg er i går, SoFt, teater, Olivinhallen

Fredag 16. november
18.00 Nøtteknekkeren og de fire..., Fiskå kino
Feel it, Larsnes
19.00 Konsert, Volda kyrkje
20.00 Widows, Fiskå kino

Laurdag 17. november
Feel it, Larsnes

Søndag 18. november
17.00 Møte Fiskå bedehus

Tysdag 20. november
12.00 Tysdagstreff, hakallestranda bedehus

Fredag 23. november
17.00 Minnenes melodi, Omsorgssenteret Fiskå

Laurdag 24. november
Sandemesse, Larsnes
19.00 Julebord, HakalleStrandhus

Søndag 25. november
Sandemesse, Larsnes

Fredag 11. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 12. januar
Feel it, Larsnes

Fredag 18. januar
Feel it, Larsnes

Laurdag 19. januar
Feel it, Larsnes

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget