resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Kontakt oss

Adresse:

Synste Møre
Postboks 53
6139 Fiskå

Epost:    redaksjonen@synste.no
Telefon: 70 02 08 20

 


Namn:*
Di e-postadresse:*
Meldingsemne:
Di melding:
Last opp vedlegg:
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Mållaus bordtennisfotball
Mållaus bordtennisfotball
Det var mållaus, men ikkje poenglaust på Eidsåvoll torsdagskvelden mellom tabellnaboane ÅVK og Ellingsøy i ein kjapp att og fram-kamp  der ingen hadde grunn til å klage på resultatet etterpå.Kampfakta
5. divisjon menn
ÅVK – Ellingsøy 0-0
Dommar Magne Jonny Krumsvik, Hødd IL
ÅVK (4-4-2) Robert Midtbø, Erlend Kragset, Oskar Vik, Andreas Nystøl, Ole André Kragset, Henning Sætre, Øyvind Myklebust, Anders Bellen, Carl Even Grande, Torgeir Koppen, Per Arne Ekremsæter.
Innbyte: Ole Petter Storeide, Elling Flister, Uchin Cho, Per Gunnar Lundehaug. Kjell Brenne Kortpasninsspel, nære duellar og tette markeringar prega begge omgangane der fløyteblåsar Magne Jonny Krumsvik vart meir den forklarande kamppedagogen enn den upåverkelege høgsterettsdommaren i dei mange flokane av urimeleg kroppskontakt. Så fekk temperaturen på bana aldri høve til å stige mot kokepunktet. Til det var begge lags spelarar for disiplinerte – slik ein fotballkamp bør kunne serverast for sitt publikum.  Spelet bølga att og fram i ping-pong-stil, men stoppa med det. Det kom  lite til dei dramatiske situasjonane inne i målfeltet. Ikkje nokon av keeperane vart sett på noko dramatisk strekkredning. For Ellingsøy sin del skuldast dette til dels nokre målskapingsfaser med svært så svak presisjon. Noko skuldast for slurvete gjennomspel og eit balltempo som låg i overkant av spelarane sitt tekniske register.  Om nokon skulle premierast, måtte det bli begge lag sine forsvar med gode markeringar, konsentrasjon og balanse. Ei forsvarsmedalje kvar til keeperane, kunne gjerne stå som oppsummeringa av denne kampen. Korkje ÅVK sin Robert Midtbø eller Ellingsøy sin Amund Rongve gjorde nokon feil som sisteskansar. Unge Midtbø har vakse i keepertrøya og var ein av laget sine beste. Kampen under eitt var det ÅVK som hadde dei fleste halvsjansane, men Ellingsøy hadde fort kunne ha teke poenga om ÅVK-forsvaret glapp. Det gjorde bortelaget ikkje. 5. divisjon 4. runde: Andre resultat: Volda 2 – Stranda 1-2, Skodje – Hovdebygda 1-2, Valder – Ørsta 0-3, Giske – Herd 2 2-1, Blindheim – Vigra 4-1    
12.05.17 08:20
Linjene på vidaregåande kjem i gang likevel
Linjene på vidaregåande kjem i gang likevel
(11.5) Utdanningsutvelet i Møre og Romsdal har snudd. Dermed kan dei to linjene på den vidaregåande kome i gang likevel. Det er ein jublande ordførar Lena Landsverk Sande som fortel dette til oss torsdag ettermiddag.Etter det vi førebels har fått opplyst, vart det med knapt fleirtal på møtet i dag vedteke å gjere om vedtaket slik at klassene, Vg1 studiesdpesialisering og Vg2 helse- og omsorg, ved Vanylven vidaregaåande skule kan kome i gang. Oppdatering: (12.5) Det var Steinar Reiten (KrF) som på vegne av fleire sette fram forslaget som vart vedteke og også omgjeringa av vedtaket o mVnaylven var ein del. Forutan KrF si stemme, fekk forslaget støtte frå to uavhengige, Sp, Venstre og FrP. Høgre sine tre og Ap sine to representantar røysta for framlegget frå Fylkesrådmannen. Avdelingsleiar Ester Sørdal Klunge ved skulen i Syvde seier at ho er glad for vedtaket og at skulen skal klare å snu seg rundt igjen og få ting på plass i høæve til det nye vedtaket. – Men det står ikkje til å nekte at det er ein krevjande situasjon for elevane som no får kontrabeskjed så seint. Eg håper og trur likevel at dette skal gå bra, seier Sørdal Klungre. Vi følgjer saka vidare i papiravisa torsdag.
11.05.17 16:42
Sleppte grepet på Herd 2
Sleppte grepet på Herd 2
ÅVK  lukta poeng på reduseringa til 2-1 ti minutt før slutt på kunstgraset på Moa mot Herd 2, men rota det vekk mot slutten i ein kamp der vanylvingane sleit med avslutningane.Kampfakta:
5.div menn Sunnmøre:
Herd 2 – ÅVK  3-2 (2-0)
Mål ÅVK: 2-1 Elling Flister (84 min), 3-2 Per Gunnar Lundehaug (93 min)
Bane: Amfi Moa stadion kunstgras.
Dommar: Martin Javier Solheim, Spjelkavik IL. Kjell Brenne – Ser vi på banespelet og sjansar, så burde vi fått med oss ein uavgjort mot Herd 2 som viste seg som eit godt heimelag, meiner ÅVK-trenar Oddvin Kragset etter kampen. ÅVK stilte med nesten same laget som banka Vigra på Eidsåvoll. Einaste forandringa var at Andreas Nystøl var på plass att i midtforsvaret i staden for veteranen Ole Theodor Hovden som ikkje er fast i stallen lenger og kun steppar inn når behovet er der. Herd var mest effektiv før pause og gjekk i leiinga 2-0. 2.omgang såg ut til å bli mållaus. Men siste ti minutta opna kampen seg og det kom tre skåringar. ÅVK reduserte til 2-1 i det 84. minuttet då Elling Flister fann nettmaskane. Dette sette ein ekstra kveik i vanylvingane som då trykte på for utlikning. Men i staden for fleire ÅVK-mål, vart det Herd 2 som slo tilbake med ei ny skåring like før slutt. 3-1. På overtid var det duka for nok eit mål. Innbytar Per Gunnar Lundehaug kom innpå i sin første kamp for året etter langvarig skade. Syltefjordingen takka for tilliten med å ”pynte” på sluttresultatet til 3-2.
05.05.17 09:04
Hammersvik forsvarte fjorårssigeren
Hammersvik forsvarte fjorårssigeren
(01.05) Vetle Uhre Hammersvik ser ut til å satse på å få Synste Møre -pokalen til odel og eige. i dag tok han andre nappet i ein nokså suveren siger i eit mannsterkt felt i 1. mai-løpet på Åheim. Eit løp som gjekk i eit aldeles nydeleg vårver.18-åringen frå Førde, men med sterke Selje-røter. blei til og med klokka inn på ni sekundar betre tid i år, 9,55 lyder vinnartida på. Hammersvik leia frå start til mål og hadde trygg leiing på Marcus Megrund frå IL Valder som tok andreplassen og Erik Voksøy Bringsvor som i år enda på tredjeplass. Åheim sin eigen Fredrik Hovdevik, som også spring i juniorklassen, kapra ein flott fjerdeplass. Medan det starta eit 30-tals menn i feltet som sprang den lengste løypa, var deltakinga ein god del tynnare i kvinneklassen. Og her var det nesten heimesiger. Eli-Karin Sjåstad Åsebø frå Volda, men med klar Åheim-tilknyting, knuste konkurrentane og spurta inn til klar siger og første napp i Sibelco-pokalen på tida 14,08. Vi kjem med stor reportasje frå idrettsfesten  i papiravisa torsdag.  
01.05.17 14:21
Åheim-Stadt sprakk etter pause
Åheim-Stadt sprakk etter pause
Hadde fotballkampane i 6. divisjon hatt berre ein omgang, hadde Åheim/Stadt vore eitt av topplaga. Seks baklengs etter pause var surt for både spelarar og trenar etter at det fullstendig rakna på Stadlandet.6. div. Sunnmøre
Åheim/Stadt - Gjerdsvika  2-6 (2-0)
Mål: 1-0 Olav Andre Sande, 2-0 Sigve Røkås. 2-1 Truls Flåskjær, 2-2 Truls Flåskjær, 2-3 Truls Flåskjær, 2-4 Jogeir Haanes, 2-5 Vidar Ytre-Hauge, 2-6 Truls Flåskjær.
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal.
Åheim/Stadt: Asbjørn Losnegard, Håkon Stranden, Per Kenneth Hovdevik, William Dalsbø, Hans Ole Drage, Olav Andreas Sande, Martin Stahl, Fredrik Hovdevik, Eivind Holmboe, Marcus Beitveit, Sigve Røkås.   Kjell Brenne Sluttresultatet og pausestillinga fortel det meste. Skal Åheim/Stadt henge med, må laget stå kampen i begge omgangane. Mangel på kondis gjorde også sitt til at konsentrasjonen veikna vekk, noko Gjerdsvika/Larsnes/Gursken effektivt drog gevinstar på.  Første halvtimen var jamspela. Vi noterte ein par grove sjansar til bortelaget, men både ein heldig og god Asbjørn Losnegard i Å/S-målet fekk feia ballen vekk tidelen før skåring.  Så kom Åheim/Stadt på offensiven. Olav Andre Sande laga 1-0 etter eit fikst innspel frå Marcus Beitveit. Beitveit var også servitøren til 2-0 som Sigve Røkås sende kontant i nettet. Men etter pause snudde kampbiletet. GLG reduserte ved skåringsmaskinen Truls Flåskjær og same mann følgde på med både 2-2 og 2-3 halvvegs i omgangen. 2-4 kom på ei rask kontring etter feil og balltap på Å/S si midtbane. Jogeir Haanes feila ikkje med eit pent skot.  2-5 kom etter eit fint innlegg frå venstrekanten som Vidar Ytre-Hauge ekspederte i nettet med ei heading. Truls Flåskjær fastsette sluttresultatet til 2-6 på eit fint cornerinnlegg. Han fekk gå uforstyrra i lufta og styrte ballen i lengste hjørnet.  Dette er andre kampen Åheim/Stadt gir frå seg initiativet etter pause. Trenar Svenn Westerås er krystallklar på at kondisen må fleire hakk opp, noko spelarane må ta ansvar for. Andre resultat: Åmdal – Hødd 3  4-1, Hareid 2 – Vartdal 2-0, Tjørvåg – Moltustranda 3-0, Hasundgot – Bergsøy 2  3-6.  
29.04.17 10:06
Sterk kamp av ÅVK
Sterk kamp av ÅVK
ÅVK opna sesongen på Eidsåvoll med ein solid siger 4-0. Heimelaget slapp aldri Vigra inn i kampen.Kampfakta
5. div. Sunnmøre menn
ÅVK – Vigra 4-0 (2-0)
Mål: 1-0 Torstein Koppen (7 min), 2-0 Carl Even Grande (35 min) 3-0 Carl Even Grande (71 min), 4-0 Torstein Koppen (81 min)
Bane: Eidsåvoll gras
Dommar: Bjørn Magne Bakkom, Ørsta IL.
ÅVK: Robert Midtbø, Erlend Kragset, Ole Theodor Hovden, Oskar Vik, Vebjørn Aaland Brekke, Uchin Cho, Øyvind Myklebust, Anders Bellen, Carl Even Grande, Torstein Koppen, Torgeir Halsen.
Innbyte: Ivar Krokvik, Henning Sætre, Trygve Norhagen, Sondre Ersvåg. Kjell Brenne ÅVK tok grepet i kampen alt frå start. Torstein Koppen viste at han er den forsterkinga i angrepet som skal til for å halde laget på øvre del av tabellen. Dalsfjordingen frå Velsvika er duellsterk, skaper rom, har godt blikk og ein sterk skotfot. Han signerte to av ÅVK sine mål. Når han har med seg typer som Torgeir Halsen og Carl Even Grande, begge luftsterke spissar og med temporykk i steget, har her ÅVK ein angrepstrio av format.             I midtforsvaret var evig unge Ole Theodor Hovden på plass  Den rutinespekka 38-åringen var ein god rekkeleiar i backfiraren der unge Vebjørn Aaland Brekke debuterte frå start av . Syltefjordingen avslørte seg som ein ”coming man” i ÅVK-drakta. I midtforsvaret tok ein annan av yngre årgang opp.  Oskar Vik imponerande med sikkert stopparspel. Og at det gror i ÅVK sine yngre rekker viste også den finslepte teknikaren Uchin Cho som drog godt opp høgrekanten. Ein annan debutant som kom inn som innbytar, er Sondre Ersvåg. Andre resultat: Giske – Ørsta 1-3, Ellingsøy – Herd 2  6-0, Hovdebygda – Volda 2 5-1, Blindheim – Stranda 3-0, Valder – Skodje 5-3  
27.04.17 22:56
Tilbake i manesjen - og i Vanylven
Tilbake i manesjen - og i Vanylven
(27.4) Sirkus var ei årleg hending for nokre år sidan. Siste åra har det vore smått med det, men i kveld er sirkus Agora tilbake på Eidså.Sirkuskongen frå Eid, Jan Ketil Smørdal, turnerte med eige srikus fram til 2009. Sidan det har han drive med andre ting. Men no er både han og Cirkus Agora tilbake. I kveld er dei på kaia på Eidså. – Det blir fleire og fleire kunstgrasbaner der det før var grus, men her er vi takknemlege for at vi fekk sette opp teltet på kaia. Det blir kjempegreier, seier Jan Ketil. Han fortel om flott forestilling med mykje folk på Årsheim i går og vonar på at det blir minst like bra på Eidså i kveld-. I morgon er det Hareid som står for tur.  – Vi har ei flott program. Det må du få med, seier sikusdirektøren.
27.04.17 12:35
Sterk opning var ikkje nok i Ørsta
Sterk opning var ikkje nok i Ørsta
ÅVK tok ei pang-opning på kunsgraset i Ørsta. Alt i første minutta av kampen rasla ballen i nota bak ørsta-keeperen. Ein ball i stanga etterpå var nære på tomålsleiing før ørstingane fekk samla seg. 5 divisjon Sunnmøre menn
Ørsta – ÅVK 3-1 (2-1)
Mål ÅVK: 0-1 Torstein Koppen (1 min)
Bane: Aurstad Arena kunstgras
ÅVK: R. Midtbø, E. Kragset, Ø. Myklebust, O. Vik, O. Kragset, A. Bellen, S. Bellen, T. Koppen, C. E. Grande, H. Sætre, T. Halsen.
Innbyte: P. A. Ekremsæter, O. P. Gjerde, V. Aa. Brekke. U. Cho. Det var Torstein Koppen som slo 1-0 inn på eit pent langskot frå sekstenmeteren i sin første kamp i ÅVK-trøya. Ein ball i stanga straks etterpå kunne fort ha gitt ÅVK eit psykologisk overtak som kunne ha prega kampen. Men så kom ørstingane etter kvart og skåra to mål. 1-1 etter 20 min og 2-1 fem minutt før pause. Andre omgang var ikkje minuttet gammal før heimelaget punkterte kampen med noko eit mål, 3-1, som også vart sluttresultatet. –I store deler av kampen var ÅVK godt med i spelet mot eit lag som blir rekna som opprykkskandidatane.  Å tape er surt, men trass alt var her mange positive element å ta med til første heimekampen mot Vigra på Eidsåvoll, seier ÅVK-trenar Oddvin Kragset.    
21.04.17 10:06
Godt frammøte på folkemøte
Godt frammøte på folkemøte
(20.4) Bygdefolket møtte opp på folkemøtet i Olivinhallen på Åheim torsdagskvelden, der kommunegrenser og fylkegrensar  - og Åheim sin plass i så måte, stod i sentrum. Alf Kristian Berget frå Åheim bygdeutvikling opna og ordførar Lena Landsverk Sande hadde først ordet. Ho rosa initiativet og engasjementet som låg til grunn for møtet, og avviste synspunkt som har kome om ho som ordførar burde ha avvist ein slik diskusjon i utgangspunktet. 
- Innbyggarinitiativ og frie diskusjonar der folk kan seie meininga si er viktig, sa ordføraren. Må avgjere sjølve
Også "naboordførarane" Stein Robert Osdal frå Selje og Alfred Bjørlo frå Eid innleia utan å direkte gå inn på Åheim og Vanylven si stilling.
- Det ville vere uryddig av oss å gå inn i ein debatt i ein annan kommune. Dette må vere ein sjølvstendig prosess, akkurat som på Bryggja, sa Osdal. Vil vere kystkommune
Dei to målbar likevel synspunkt om sitt samarbeid, om gode kommunale tenester og næringsutvikling og samfunnsutvikling, der det skein gjennom at kanskje særleg Selje kunne teke seg Vanylven med på laget. Og Bjørlo kommenterte også at Selje /Eid må sjåast som ein kystkommune med stort vekstpotensiale i havbruk og kystnæringar.
- Så det er ingen skummel innfjording som står her, sa Bjørlo. Ulik orientering
Så vart ordet gitt fritt i ein diskusjon som nok ein gong bar preg av mange spørsmål og få svar. Det som kom tydelagast fram var ei undring over den sterke motstanden mot samarbeid sørover i resten av kommunen.
- Eg vert oppgitt når eg kjem nord om Syltefjorden og ser den nesten fandenivoldske sørovervegringa og skylappane dei opererer med, sa Vidar Solheim. Vil gje mulegheiter
Det kom også fram synspunkt om at ein ved framleis å høyre til Vanylven ville miste ungdomsskulen i bygda, at det ville vere positivt om ungdomen kunne nytte seg av vidaregåande sør for fylkesgrensa, og at ein ville verte ståande utanfor mange av ringverknadane som arbeidet med Stad skipstunnel kan gje.
- Vi må ikkje sjå avgrensingar, men mulegheiter, sa Eivind Flister. Bør stå i lag
Største skepsisen ligg nok i å eventuelt lausrive seg frå resten av Vanylven.
-Det vil vere uverdig å splitte kommunen, meinte Tormod Hvattum. 
Som i dei fleste slike debattar var dei talevande som i stor grad tok ordet, men etter møtet fekk vi også reaksjonar frå eldre som såg mørkt på om ein eventuelt ikkje fekk ha sine på omsorgssenteret på Fiskå. Bakdelar
Den einaste som klart tok standpunkt i mot å sjå sørover var Bjarne Sætrenes. Han trekte fram synspunkt om høgre avgifter, eigedomsskatt og mindre fylkeskommunale løyvingar til vegar og anna.
- Det er av fleire ting vi må ha i tankane, sa han.  Alf Kristian Berget i ÅBU trekte likevel konklusjonen ut frå det som kom fram om at ein har grunnlag for å gå vidare med ei underskriftsliste for eventuelt å få saka opp politisk.
20.04.17 20:17
Clean Coast møter statsråden
Clean Coast møter statsråden
Gründerselskapet Clean Coast i Vanylven har no fått brev frå klima- og miljøminister Vidar Helgesen med ønskje om eit møte for å orientere om planane for reinsing av kystsonen for avfall.I følgje smp.no som melde om denne saka først, var det etter at vararepresentant Steinar Reiten (KrF), som møtte ei periode på Stortinget i år, hadde stilt spørsmål både skritfleg og muntleg, at initiativet frå statsråden kom. – Det stemmer at vi har fått brev frå statsråden der han inviterer til ein møte med departementet, utan at det konkret blir sagt kven vi skal møte. Det er heller ikkje det vesentlege. Det vesentlege for oss er å kome i dialog med dei som har det øvste politiske ansvaret for kysten, og få presentert idéen vår og korleis vi ønskjer å arbeide, seier dagleg leiar i Clean Coast, Elisabeth Lauvstad Haugen. Ho rosar både ordførar og lokalpolitikarar i fleire parti som har teke kontakt med «sine» stortingspolitikarar for å få fram saka. CLEAN COAST er eit firma registrert  i Vanylven med Roger, Frode og Elisabeth Haugen som aksjonærar. Selskapet sin idé er opprydding langs kysten, mellom anna plastavfall. Ein vil nytte offshorefarty i arbeidet og slik også få desse i arbeid. Selskapet har reiarlaget Havila i Herøy og Runde miljøsenter som samarbeidspartnarar i prosjektet.
20.04.17 10:02
Fem minutt frå poeng på Hareid
Fem minutt frå poeng på Hareid
Opningskampen mot Hareid 2 onsdagskvelden viste at Åheim/Stadt ikkje blir nokon kasteball i ein 6. divisjon som blir merkbart hardare enn i fjor .  Kampfakta:
6 DIV: avd 2: Hareid 2 - Åheim/Stadt 3-2
Mål: Åheim/Stadt: 0-1 Kristoffer Vårdal, 0-2 Marcus Espeland Beitveit
Bane: Hareidsmyrane kunstgras.
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal.
Tilsk. 25  Kjell Brenne Det enda med eit knepe 3-2 tap for Å/S, eit stort framsteg i forhold til det syltynne som er levert i treningskampane. Men så var det dette med kondisen då...! Faktum var at første halvtimen viste gutane seg fram på ein imponerande måte. 0-2 var eit faktum alt etter 10 minutt etter skåringar av Kristoffer Vårdal og Marcus Beitveit. Første halvtimen gleid spelet veldig bra. Derifrå kom heimelaget kom meir inn i kampen og utlikna til 2-2 før pause. Sigersmålet let imidlertid vente på seg. 3-2 kom først då det stod att fem minutt av kampen.             –Vi gjorde ein bra førsteomgang, fleire hakk opp i høve det gutane har prestert i treningskampane. Kampen avslørte at vi ikkje held to omgangar kondisjonsmessig. Dette er noko spelarane må ha stort fokus på framover, seier trenar Svenn Westerås. Martin Stahl og Fredrick Hovdevik utmerka seg spesielt. Martin i ei defensiv rolle på midtbana og Fredrik med sin store løpsstyrke framover, framhevar trenar Svenn Westerås. Andre resultat: Bergsøy 2 – Vartdal 3-0, Tjørvåg – Hasundgot 1-1, Sæbø – Moltustranda 12-0.            
20.04.17 09:31
Skiulykke i Syvde
Skiulykke i Syvde
(17.04) Ein person frå Syvde var i dag uheldig under nedfarten frå Sandfjelltua og braut foten, slik at han måtte hentast med luftambulanse. Ulukka skjedde eit stykke ned i sida på det populære turmålet på ski. Litt tung nysnø gjorde visstnok at skia festa seg i snøen og personen fekk eit rundkast som førte til brot på ankelen. Etter det vi får opplyst kan det ha medverka til uhellet at bindingane ikkje var stilt om frå gåbruk til renn-modus, slik at dei dermed ikkje løyste ut som dei skulle. Luftambulanse måtte tilkallast og mannen fraktast til sjukehus.
18.04.17 09:15
Vogntog sperra vegen til Syltedalen
Vogntog sperra vegen til Syltedalen
(02.04) Eit utanlandsk vogntog køyrde seg søndag i 22-tida fast i den nedste av svingane i Brekka i Syltefjorden. Bilen er fullasta, og det er tvilsamt når han kan verte fjerna slik at bilar kjem seg forbi. (SISTE : Vegen opna måndag kveld)Føraren av vogntoget fortel på dårleg engelsk at han brukte GPS-system som han hadde fått av sin "boss" og var tydelegvis tenkt å ta vegen over Kilebrekka. Då vi var på staden rundt klokka 23 hadde "the boss" lova å ordne opp, men kor lang tid dette kan ta er uvisst, sidan bilen først også må tømast for last. Truleg må dei som bur på Syltedalen og skal på jobb og skule i morgon tidleg finne seg alternative måtar å kome seg av garde på ved å verte henta nedanfor vogntoget, då det visstnok også ligg snø i øvste svingen i Kilebrekkvegen, slik at det ikkje går an å køyre rundt via Syvde.
02.04.17 23:40
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Fredag 26. mai
18.00 The Boss Baby, Fiskå kino
20.00 Pirates of the Caribbean, Fiskå kino

Søndag 28. mai
11.00 Møte, Sion Åheim

Torsdag 1. juni
16.30 Treffpunkt Vanylven, Vanylven helse og oms.senter

Fredag 2. juni
Kosterikjedagane

Laurdag 3. juni
Kosterikjedagane
10.00 Blåfelden Rett Opp

Søndag 4. juni
Kosterikjedagane

Laurdag 24. juni
21.00 Olav Stedje, Åhjemsbuda, Selje

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget