I dette bygget finn du redaksjonen.
I dette bygget finn du redaksjonen.

Om oss

Fakta om Synste Møre:

Synste Møre er lokalavisa for Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Avisa er eigd av aksjeselskapet Synste Møre AS. Bjørnar Osnes er styreleiar. Lars Myklebust er dagleg leiar i selskapet.
Avisa er partipolitisk ubunden og er eigd av om lag ti lokale aksjonærar.
Avisa vert distribuert av Posten Norge.
Synste Møre kjem ut kvar torsdag på papir med kring 20 sider pr utgåve og 48 utgåver i året.

Besøksadresse:
Synste Møre
Djuvika 28
6143 Fiskå

Postadresse:
Synste Møre
Djuvika 28
6143 Fiskå

Synste Møre er medlem i Landslaget for Lokalaviser (LLA)

Historie:

Det var Per G. Osnes (1934- 1990) som starta bygdebladet Synste Møre i januar 1970. Det første nummeret, som kom i januar, hadde rett nok tittelen «Bygde-bladet» der Osnes baud inn til namnekonkurranse. Det var Simon Eikrem frå Syvde som vann denne med namneforslaget Synste Møre. Første nummer med dette namnet kom 13.mars 1970.

Første åra vart avisa laga i heimen til Liv og Per G. Osnes i Nordalen i Syvde. Osnes kom frå Ulsteinvik, og svara sjølv slik då Sunnmørsposten i 1981 spurde han om kvifor han starta bygdeblad i Vanylven:
– Eg tykte det var tomt utan bygdeblad sidan eg vaks opp i Ulsteinvik og ofte sprang til Vikebladet og skreiv, viste eg litt om kva eit bygdeblad var.

Liv og Per G. Osnes dreiv avisa med nokre meldarar i tillegg. Ofte var heile familen involverte i ulike operasjonar for å få avisa ut. Etter kvart vaks bedrifta seg ut av kjellartilværet i Nordalen og flytte inn i Sundvall-huset på Notaplassen i Syvde. Her dreiv og Per G. Osnes rekneskapsfirma i tillegg til avisdrifta.

I 1987 flytte avisa igjen til nye lokale. No til lokala i andre høgda «OB-bygget» på Fiskå. Samstundes skifte avisa namn til vestAvisa, mellom anna fordi ein etter kvart hadde fått såpass mykje fotfeste på andre sida av fylkesgrensa at ein fann det lite tenleg med eit namn som inneheld «Møre». Avisa ekspanderte kraftig i denne perioden og skifte utgivardag frå fredag til torsdag. Annonsemengda auka kraftig. Det vart investert i mykje nytt utstyr, og vestAvisa var mellom dei første som for alvor tok steget inn i dataalderen.

Men også avisa fekk merke nedgangsbølgja som kom etter «jappetida» på 80-talet. Raskt sviktande inntekter som følgje av at firma innskrenka, blei lagde ned eller gjekk overende, gjorde at ein ikkje greidde ikkje å forsvare dei investeringane som var gjort. I 1989/90 gjekk det rett ille og det såg ei stund ut for at tida for lokalavisa var over. Ei refinansiering måtte til. Kjell Brenne var no komen inn som medredaktør til Per G. Osnes. Eit nytt lokalt aksjeselskap – Vestavisa AS – vart skipa og skulle prøve å halde fram med å gi ut avisa. Det lukkast etter kvart å få til avtale med banken som gjorde det verdt å prøve. Midt i denne vanskelege og krevjande prosessen vart Per G. Osnes sjuk og døydde like før jul i 1990. Kjell Brenne tok over leiinga av avisa, selde ut mykje av utstyret og makta etter kvart å få drifta i balanse.
I 1992 overlet Kjell Brenne redaktøransvaret til Bjørnar Osnes, som hadde vore styreleiar i selskapet etter at far hans, Per G. Osnes, døydde. Brenne tok no over som styreleiar og har hatt dette vervet sidan. Bjørnar Osnes var redaktør fram til januar 1996 då Randi Flø tok over. Ho sat til mars 1998, då Vidar Parr, tok over. Han sat i 22 år, før han gjekk av med pensjon i 2020, og Fredrik Bakke tok over som redaktør og dagleg leiar. I dag er det Lars Myklebust som har teke over stillinga som redaktør og dagleg leiar. Han tok over etter Bakke våren 2022.

Kulturprisen i år 2000 gjekk til Synste Møre ved Liv B. Osnes. Her ser vi Liv som tek mot prisen av ordførar Jon Aasen under bordsetet i Vanylven kommunestyre sitt desembermøte. I framgrunnen varaordførar Tormod Hvattum, og i bakgrunnen styreleiaren i Synste Møre, Kjell Brenne. FOTO: Arkiv

I 1999 vedtok styret i avisa at ein i løpet av jubileumsåret 2000 skulle ta tilbake det gamle namnet Synste Møre. Det skjedde 12.oktober 2000. I desember 2000 fekk Synste Møre ved Liv B. Osnes Vanylven kommune sin kulturpris. Liv hadde arbeidt i avisa frå starten og til 1999 . Før jul i 2002 flytte så Synste Møre inn i eigne lokale i Djuvika på Fiskå. Etter mange og lange diskusjonar tok ein avgjerda om skaffe redaksjonen tenlege og moderne lokale med godt arbeidsmiljø.
Synste Møre hadde i 2002 eit godkjent opplag på 2103 og verka tilsynelatande både oppegåande og med tru på framtda, sjølv om det å gi ut ei lokalavis i Vanylven ifølgje medieforskar Johan Roppen sin atikkel ved 25-årsjubileet «burde vere eit umuleg prosjekt».