resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
Kristina greidde det igjen
kristinan.jpg

I siste omgang i kulestøtkonkurransen under Ungdoms-NM i friidrett innandørs, slo Kristina Thunem (15) til med eit rekordstøt på 11.97 og sikra seg med det gullet i 16-årsklassa - ein centimeter føre argaste konkurrenten! 

Dermed kopierte friidrettstalentet frå Tunheim bragda frå UM utandørs i haust, då dette biletet vart teke - men i papiravisa torsdag lovar vi både nytt bilete og prat med den ferske noregsmeisteren.

Ti måtte punge ut på Eidså
eidsaa.jpg

UP hadde onsdag ettermiddag fartskontroll i 50-sona på fv 61 på Eidså. Høgste målte fart var 70 km/t. I alt ti bilførar fekk utskrive forenkla forelegg under kontrollen, les vi politiloggen.

Vanskar med ferja
Årvik - Koparnes onsdag kveld
frafjord.jpg

Bilar som skulle med ferja frå Årvik kl 18.45 onsdag ettermiddag, måtte etter ei ventetid rygge på land att og ta ferja frå Larsnes. Årsaka var tekniske vanskar om bord i "Frafjord". 

På ferja kunne dei då vi snakka med dei 18.20 ikkje seie noo sikkert om kor lenge det ville gå før ferja var i drift igjen. Vi kan såleis berre vise til Norled sine nettsider der det vil bli lagt ut meldingar. SISTE: Norled melder kl 20.23 om normal drift i sambandet.

Kreativ samarbeidsinvitt
bergar truleg ambulansen
ambukop.jpg

På styremøtet i Ambulanse Midt-Norge HF i Stjørdal torsdag uttalte styreleiar Petter Bjørdal i følgje smp.no at han trykkjer utspelet frå Vanylven til sitt bryst. Utspelet, som omhandlar samordning mellom dagambulanse og anna medisinsk omsorg, kan berge dag-ambulansen. Styret har no vedteke å få dette forslaget utgreidd - og er i utgangspunktet svært positive til det skisserte samarbeidet.

Vår i Vanylven
tjeldo.jpg

Det blømer i hagane, tjelden er komen (her er dei vi har rettutanfor redaksjonen vår no i dag) - vi ser bilete av flokkar av sporv på facebooksidene våre - og torsdag toppa målestasjonen på Fiskå temperaturlista for heile kongeriket med 12 grader. Og vi er framleis berre i slutten av februar.

1234...95
boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Rekordsiger på "lånt" heimebane
ÅVK har aldri skåra så mange mål i ein kamp som dei gjortde på kunstgraset på River Plate i Gusken. Heile 16-1 vart resultaet over botnlaget Brattvåg 2.Vanylven manglar kunstgras for 11-fotball. Onsdag var tilhøva slik etter alt regnet at grasmatta på Eidså ikkje kunne brukast. Dermed måtte ein "låne" heimebane i Gursken.  Trasig at det skal vere slik, men resultatmessig vart det slett ingen nedtur. ÅVK valsa totalt ned motstanden og alt til pause var stillinga 6-0. Og moroa heldt fram . I det 83. minutt kunne Henning Olai Sætre sette inn sitt første seriemål, samstundes som han braut "rekordgrensa" for tidlegare skåra mål for ÅVK i ein kamp, då han sette inn det. 15. målet. Litt rot i eige forsvar gjorde at Brattvåg 2 fekk inn eit trøystemål eit par minutt ut i andre omgang. Men elles var dette ÅVK sin kamp - og på ei lang skåringsliste legg vi merke tilekte  hat- trick for Sindre Thue med tre mål skåra i same omgang. Totalt vart det fire på han, medan Ole Petter Storeide stoppa på tre.
På lista ellest finn vi Jon Andre Thue (2), Torgeir Halsen (2), Elling Flister, Sondre Hasund, Thomas Årvik, Henning Olai Sætre og Andreas Nystøl. Sistnemnde fekk æra av å fastsetje sluttresultatet. Elles var Ole Andre Kragset tilbale i ÅVK-trøya i denne kampen etter nokre år i Hareid. Dommar var Dag Harald Moldskred, Hareid.
10.08.16 14:01
Vellukka kursfestival
Fredag var det avslutning av sommarkursa som siste dagane har vorte haldne av kommunen i samarbeid med banken og Vanylven Utvikling. Og vi kan slå fast at dette har det vore litt festival over. På avslutninga vart det presentert resultat frå dagane, gjennom eit stort kakebord, animasjonsfilm, handverksprodukt, graffiti, og ikkje minst ein avslutningskonsert med lokale aktørar i lag med Trollebø band. Vi kjem med meir frå kursa i papirutgåva torsdag, som er den siste før ferien.
01.07.16 18:07
ÅVK vann 4-1
Åram/VanKam tok ein klar heimesiger mot Ellingsøy på Eidsåvoll laurdag. Etter ein god førsteomgang, der det stod 3-0 til heimelaget, kunne likevel utfallet endra seg ut i andre omgang, då dommaren ikkje fekk med seg at Stian Bellen si heading var klart over streken, etter først å ha treft tverrliggaren, så i bakken og ut att. Då stod stillinga 3-1, og i det påfølgjende angrepet fekk Ellingsøy straffe etter 69 minutt. Hadde det her vorte 3-2, med ny giv til bortelaget og litt amper stemning i heimelaget, kunne kanskje ein sikker trepoengar vorte til poengdeling. Men keeper Ådne Seljeset gjekk rett veg og plukka straffa greit. Dermed gjekk det rett veg, og seks minutt seinare kunne Stian Bellen trygge sigeren etter fin forsering på venstrekanten og innlegg frå Ole Petter Storeide, som gjorde ein god kamp. ÅVK sine mål vart skåra av: Ole Petter Storeide (3 min), Stian Bellen (6 min), Elling Flister (28 min) og Stian Bellen (85 min).
18.06.16 17:14
Årsbeste av Stadlandet/Åheim
Stadlandet/Åheim ser ut til å like seg på naturgraset på Åheim stadion. Etter å ha banka Flatraket/Selje2 i forrige heimekamp, følgde gutane opp med 5-3 mot Haugen onsdagskvelden i ei svært så sjåverdig forestillingSogn og Fjordane: 6. div. avd.3
Stadlandet/Åheim – Haugen 5-3 (2-3) Dette vart for øvrig det første tapet for tabelltoppen Haugen, som før kampen stod med seks sigrar og målskilnaden 22-8. –Ein litt rotete og skiftande førsteomgang, der vi starta bra, men datt tilbake og let Haugen få overta før vi tok oss att på slutten før pause. Men i 2. omgang var det så avgjort vår kamp. Då scora vi tre mål etter gode spel, sa ein fornøgd spelande trenar Per Kenneth Hovdevik etter kampen.  –Vi forsvarte oss godt og fekk til ein del fine angrep. Dette lovar bra! oppsummerte Hovdevik.      
16.06.16 08:22
ÅVK sleit med Åmdal
ÅVK-maskinen fekk større problem mot Åmdal onsdag enn forventa. Eit lågliggande heimelag tetta godt igjen ÅVK sine målkorridorar.Kampakta
5. divisjon menn Sunnmøre
Onsdag 8. juni
Åmdal – ÅVK 2-2 (1-2)
Bane: Legene kunstgras
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy.
ÅVK: Ådne Seljeset, Ole Petter Storeide, Anders Midtbø, Vegar Krokevik, Sondre Hasund, Sindre Thue, Anders Bellen, Thomas Årvik, Stian Bellen, Elling Flister, Torgeir Halsen.
Innbyte: Per Gunnar Lundehaug, Oskar Vik. Kjell Brenne  –Med den formstigning Åmdal har hatt, så var vi budde på at dette ikkje vart nokon lett kamp. Det vart det heller ikkje. Når så åmdalingane la seg lavt og nekta oss bakromet, så vart det ikkje så enkelt å få utteljing på sjansane.  Men når det sagt, må det også leggast til at heimelaget også hadde sine sjansar, serleg skapte ei hurtig venstreside problem for oss, seier ÅVK-trenar Oddvin Kragset.  – Men totalt sett burde nok dette vere ein kamp der vi tok med oss alle tre poenga heimatt til Vanylven, oppsummerer Kragset.  Åmdal tok leiinga ved Kristian Sirnes etter 11 min før Sindre Thue utlikna for ÅVK etter knapt halvspelt omgang. Elling Flister auka til 1-2 for vanylvingane like før pausesignalet. Andre omgang vart jamn der mykje skjedde på midtbana. Eit kjempande Åmdal fekk løn for strevet etter 66 minutt då Vebjørn Steinnes utlikna og fastsette sluttresultatet til 2-2. Neste kamp for ÅVK blir mot Ellingsøy på Eidsåvoll neste laurdag. Då bør heimelaget, som trass uavgjort framleis ligg på 2. plass på tabellen, putte nye poeng på si 5. divisjonsbøsse. Leiande Hovdebygda, som har vunne alle kampane, surfar suveret vidare på toppen med 30 poeng etter 4-2 over MSIL. Andre resultat 5. div:
Brattvåg2 – Volda2  3-1, Ellingsøy – Vartdal 2-2, Vigra – Blindheim 4-2, Hovdebygda – MSIL 4-2.      
09.06.16 13:00
Redningsaksjon i Småstranda
To personar vart berga då båten dei var i velta i fjorden utanfor Småstranda mellom Åheim og Slagnes onsdag kveld.Politiet fekk meldning om hendinga like før klokka 20.30. Det vart slege full alarm og naudetatar rykte ut. Vitne som var på staden og hadde sett det som hende, hadde då alt fått dei to personane på land. I følgje politiet verka dei to uskadde, men kalde og vart tekne med til lækjar for sjekk. Truleg gjekk det heile så bra grunna rask reaksjon frå folk i området. Det var ein hytteigar som tilfeldigvis var på hytta onsdag, som oppdaga det som skjedde, tok ein båt som låg der og fekk berga dei to som låg i sjøen. I følgje politiet har dei to forklart at båten gjekk rundt, truleg som følgje av at ei bølgje slo inn over han. Dei to mennene var utanlandske turistar som, etter det vi får opplyst, bur i utleigehusvære på Norstranda. Vi kjem tilbake til saka i papiravisa.
08.06.16 21:58
Rekorddeltaking i Blåfelden Rett Opp
284 personar deltok i motbakkeløpet i Syvde i år. Sigve Høydal, Bærums Verk, vart vinnar i herreklassen, medan lokale Guri Wangensteen slo til og tok toppen i dameklassen.Sigve Høydal i herreklassen hadde god leiing på postane oppover og kom i mål på 40.39. Nummer to vart Bjørn Ole Vassbotn, Volda 42,05 og tredjemann Dag-Henry Nilsen på 43,01. Men vi set eit skikkelg ropeteikn ved Fredrik Hovdevik frå Åheim, som med 46,25 vart beste lokale løpar i år. Vi hadde tippa at den kjappe veterinæren i Vanylven, Guri Wangensteen, skulle gjere det skarpt i år. Og det slo til så det sang!. Ho gjekk heilt til topps med tida 52,06. Nummer to vart litt overraskande Hege Ringdal frå Sunnylven som slo Tonje Brande frå Åleusnd på slutten, og kapra andreplassen. Vi oppdaterer sak og viser elles til fullstendige lister i papiravisa.
04.06.16 13:45
Brobakke dominerte for Stadlandet/Åheim
Ferskinnmelde Magne Brobakke (eks Ørsta) herja på Stadlandet/Åheim si midtbane og vart den store forskjellen i eit målrikt oppgjer mellom elles to jambyrdige grannar Kjell Brenne Kampfakta 6. divisjon avd 3 Sogn og Fjordane.
6. juni 2016
Stadlandet/Åheim – Flatraket/Selje2  7-3  (3-0)
Mål: 1-0 Asbjørn Losnegård (3 min), 2-0 Magne Brobakke (9 min), 3 – 0 Magne Brobakke (31min), 4-0 Per Arne Ekremsæter (48 min), 5-0 Jørgen Honningsvåg (65  min), 5-1 Kristoffer Aam Hamre (77 min), 6-1 Kristoffer Vårdal (80 min), 6-2 Sander Kvalheim (86 min), 7-2 Jørgen Honningsvåg (91 min) 7-3 Kristoffer Aam Hamre (92 min).
Bane: Åheim stadion, gras.
Dommar: Rune Haugland, Haugen.
Publikum: 108. På ei ypperleg god grasmatte vart det ein triveleg kveld i ein gemyttleg tone der ikkje minst eit talrikt publikum kunne skine omkapp med kveldssola.  Stadlandet/Åheim starta målfangsten alt etter tre minutt då Asbjørn Losnegård var kjapt framme på returen frå keeper. Så var det duka for show Brobakke i to akter, den første eit teknisk soloraid gjennom heile slalomløypa av forsvar og den andre eit fiks-fakseri i feltet etter innlegg frå Losnegard frå venstrekanten. Etter pause heldt S/Å fram med dei giftigaste sjansane. Per Arne Ekremsæter la på til 4-0 før Jørgen Honningsvåg steppa innpå og viste sine avslutningskvalitetar etter halvspelt 2. omgang. 5-0. Men kva skjedde siste kvarteret? Ein god kampleiar Rune Haugen kunne notere heile fem scoringar på blokka, to til S/Å og tre til Fl/S som no kom langt betre til avslutningar ettersom S/Å tydelegvis merka køyret. Ole Kristian Hamre pynta fortent inn 5-1 reduseringa, før Kristoffer Vårdal svarte for S/Å med 6-1. FL/S2 kom på nytt tilbake med ei ny redusering til 6-2 ved Sander Kvalheim innan stadionuret sine 90 min. Men før fløytesignalet gjekk for full tid, kunne publikum få med seg to ekstra godbitar. 7-2 kom ved Jørgen Honningsvåg som dukka opp frå ”troll av eske” i Fl/S2-forsvaret, stal frekt ballen og la han i nettkråa innmed stolpen. Punktum kom like etterpå på straffe etter felling i feltet. S/Å -keeper Sverre Leikanger med sine xl-hanskar måtte berre kapitulere for Kristoffer Aam Hamre sitt fagarbeid frå ellevemetersmerket. 7-3. Ein fair-play kamp av to lag som presterte kombinasjonsspel av god 6. divisjons-klasse og som peikar i retning av poengpåfyll til begge laga utover i sesongen. Åheimaren Magne Brobakke, tilbake på eige gras, var kampen sin forgrunnsfigur i nabooppgjeret Stadlandet/Åheim – Flatraket/Selje2.
04.06.16 10:22
Strålande opning av Kosterikjedagane
Sola skein og folk smilte i Syvde fredagskvelden. Kosterikjedagane 2016 vart opna i ei perfekt ramme, med god opningstale og flott underhaldning i teltet. Seinare var det kunstutstilling og bokslepp med vanleg stinn brakke i Galleriet før første dagen vart avrunda med trubadur i teltet. Vi kjem tilbake med brei reportasje i papiravisa - og følgjer opp Blåfelden Rett opp på nett laurdag. 
03.06.16 21:29
Ny siger til ÅVK
ÅVK stemner vidare på vinnarsporet. Ein sterk andre omgang mot Vigra avslørte ei lagmaskin med nok kraft til å sikre plass i neste års oppgraderte 5. divisjon.   Kampfakta
5. divisjon menn Sunnmøre
Onsdag 1. juni
ÅVK – Vigra 3-0 (0-0)
Mål: 1-0 Sindre Thue (53), 2-0 Ole-Petter Storeide (84), 3-0 Stian Sylte Bellen (89).
Bane: Eidsåvoll gras.
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy.
ÅVK: Ådne Seljeset, Erlend Kragset, Vegar Krokevik, Anders Midtbø, Sondre Hasund, Ole-Petter Storeide, Thomas Årvik, Stian Bellen, Oskar Johan Vik, Sindre Thue, Elling Flister.
Innbyte: Per Gunnar Lundehaug, Henning Olai Sætre.  Kjell Brenne Førsteomgangen vart ei spelemessig heller grå sak med få store sjansar til begge laga der det meste var konsentrert om midtbana. Vigra sin keeper måtte rett nok ein gong ut i vassrett strekk på Ole-Petter si lauskruta avslutning midtvegs, Sindre Thue hadde ein hylar av eit skot over tverrstanga og ÅVK hadde ein ball i nota som vart annulert grunna offside. Men etter pause kvikna heimelaget til og la eit større press på Vigra sitt forsvar. Sindre Thue gav ÅVK leiinga etter 53 minutt då han drog til på innlegget frå Oskar Vik. Kampen stod ei stund å bikka der Vigra jakta utlikning og var nære på kvarteret før slutt, men ein rettplassert Ådne Seljeset let seg ikkje overliste. ÅVK feste grepet siste kvarteret av kampen. Ole-Petter Storeide auka leiinga til 2-0 på eit flott langskot etter eit elegant ballnedtak på framspelet før ein heller uvanleg annonym mann for kvelden, Stian Bellen, brått framstod som den gjenkjennelege målfanten han er. Eit perfekt støt med hovudet på frisparket frå Sindre Thue to minutt før full tid, vart den avslutninga som burde lokke endå fleire opplevingssøkjande vanylvingar til Eidsåvoll. Samla sett ein fortent heimesiger ut frå spel og sjansar. ÅVK måtte denne kampen greie seg utan førstelagsellevaren sine faste, Anders Sylte Bellen på midtbana og divisjonen sin mestscorande Torgeir Halsen. Likevel var det til nok to i laget til ein ny tre-poengar for ein godt trimma lagmaskin med få feilslag og lite synlege behov for den store overhalinga.  
02.06.16 08:36
Beste omgang på år og dag
Oddvin Kragset slengjer vanlegvis ikkje om seg med dei sværaste glosene i XXL-format. Men den nøkterne ÅVK-trenaren var raus med godorda etter kampen mot Blindheim onsdagskvelden:
–Beste omgangen på år og dag! sa Kragset om spelet etter pause. KAMPFAKTA:
5.divisjon Sunnmøre menn:
Blindheim – ÅVK 3-6 (3-2)
Mål: 1-0 Iver Myklebust (8), 2-0 Iver Myklebust (12), 3-0 Lasse Leirstad (19), 3-1 Sindre Thue (21), 3-2 Sindre Thue (44), 3-3 Torgeir Halsen (50), 3-4 Sindre Thue (69), 3-5 Torgeir Halsen (87), 3-6 Martin Ekremsæter (90)
Dommar: Kristian Standal, Rollon.
Gule kort ÅVK: Anders Midtbø, Anders Bellen, Vegar Krokvik.
ÅVK (4-5-1): Ådne Seljeset, rlend Kragset, Anders Midtbø, Vegar Krokvik, Sondre Hasund, Sindre Thue, Stian Bellen, Elling Flister, Anders Bellen, Ole-Petter Storeide, Torgeir Halsen.
Innbyte: Thomas Årvik, Oskar Vik, Martin Ekremsæter. Kjell Brenne I superveteran sitt minnespenn er ”år og dag” ein lang etappe i klubben som først såg dagens lys i 1997 etter samanslåinga mellom fotballklubbane Åram og VanKam på seniornivå. Men det som skulle ende opp med den beste til slutt, starta med det forferdelege første kvarteret. –Eg har ikkje noko god forklaring på kva som skjedde. Blindheim var aggresive i starten og vi var merkeleg famlande og tafatte. Tre mål imot var likevel i meste laget, meinte Kragset. – Men så snudde det og resten var berre heilt på topp. Ein veldig sterk kamp frå vår side og ein flott innsats av samtlege, oppsummerte ein fornøgd ÅVK-trenar. Med sigeren mot Blindheim tok ÅVK tilbake 2. plassen på tabellen med 16 poeng, det same som Blindheim, men på betre målforskjel, to poeng bak leiande Hovdebygda med 18 poeng og ein kamp mindre spelt. ÅVK er oppe i 32 scora mål på 7 kampar, noko som gir ein imponerande gjennomsnitt på heile 4,6 mål pr kamp.   Andre resultat:
Åmdal – Giske 6-0,
Vartdal – Vigra 2-0,
Ellingsøy – Volda 2  1-1,
Herd 2 – MSIL 3-2,
Brattvåg 2 – Herd 2  1-8.          
26.05.16 13:11
Bil av vegen på Breiteig
Om lag klokka kvart over seks onsdag morgon kom meldinga om at ein bil hadde køyrt av vegen like ved Breiteig, på vegen mellom Rovde og Syvde. Ein person var, i følgje politiet si twitter-melding, sett springande frå staden.Seinare har politiet stadfest at ein person er funnen. Men då vi var på staden eit par timar etter hendinga, vart situasjonen framleis karakterisert som uavklara av politi på staden. Dette tolka vi som at ein framleis var usikker på om det kunne ha vore fleire i bilen. Bilen, som ikkje er registrert i Vanylven, vart svært mykje skadd i det som ser ut til å ha vore ein kraftig kollisjon med autovernet. Det var ingen andre køyerty involvert i hendinga.  Oppdatering: Like etter klokka 09.00 stadfester operasjonssentralen at ein er så godt som sikre på at den personen som ein no har funne, var åleine i bilen. Han vil bli framstilt for lækjar for promillekontroll. Bilen, som ikkje er heimehøyrande i Vanylven, vart svært mykje skadd i det som ser ut til å ha vore ein kraftig kollisjon med autovernet. Det var ingen andre køyerty involvert i hendinga. 
25.05.16 08:58
Alvorleg valds-sak i Vanylven
Søndag morgon fekk politiet melding om at ein person var stukken med kniv. Den mistenkte gjerningsmannen er pågripen og personen som vart stukken, er berre lettare skadd. Episoden skjedde på Rovde.Dette opplyser regionlensmann Tormod Hvattum til Synste Møre måndag. Hendinga skal ha skjedd i eit privat husvære. Vedkomande som er mistenkt for ugjerninga, er altså pågripen, men vil ikkje bli framstilt for varetekstfengsling.
– Vi vurderer det slik at vilkåra for varetekt, nemleg at bevis kan bli øydelagt eller at det er overhengande fare for gjentaking, ikkje er til stades. Men eg vil streke under at politiet ser svært alvorleg på saka, seier Hvattum. Vi kjem tilbake til saka i papiravisa.
23.05.16 14:36
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

Fredag 26. august
18.00 Oppdrag Dory, Fiskå kino
20.00 Ope hus, Åheim misjonshus
20.00 War Dogs, Fiskå kino

Laurdag 27. august
09.00 Åheimfest
13.00 Vassendrittet, Åheim
16.00 Solsikkefest, Fiskå bedehus
18.00 Musikalsk spleiselag, Myraløda

Onsdag 31. august
19.00 Konsert Fremmerlid, m.fl. Sande kyrkje

Torsdag 1. september
15.30 Treffpunkt Vanylven, Fiskå

Onsdag 5. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

Fredag 7. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

Søndag 9. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

Tirsdag 11. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

Onsdag 13. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

Fredag 15. oktober
Hoffmanns Eventyr, Operaen Eid

 

 

 

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget