Bildegalleri
Annonse
Nyhende



- Eg er glad for at det ikkje var folk frå næraste distriktet som stod bak, seier butikkeigar Oddvin Kragset.Det har ei tid gått rykte om at politiet har hatt mistanke retta mot bestemte personar og miljø i denne saka, utan at vi har fått det stadfesta. No seier altså lensmann Tor Sæther at tre personar er sikta for innbrotet. Det var Vestlandsnytt som først omtala saka på sine nettsider (bak betalingsmur). Til Synste Møre seier Sæther at dei tre har vedgått at dei har vore i butikken og erkjent å ha fjerna det som er borte. Men dei to haglegeværa som var meldt stolne, er ikkje komne til rette, Det er derimot ein del av det andre tjuvgodset. – Saka er ikkje avslutta. Vi etterforskar framleis, og ser alvorleg på at våpena ikkje er funne, seier Sæther. Dei tre som er sikta, er i følgje lensmannen heimehgøyrande i ei kommune på Søre Sunnmøre, men dei er altså ikkje frå Vanylven. – Det er godt at vi slepp å gå rundt å lure lenger. Så får vi ta ting etter kvart, mellom anna når det gjeld erstatning og slike ting, seier Oddvin Kragset.









