resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
Presisering på sak om kommunestyret måndag 18. mai
Presisering på sak om kommunestyret måndag 18. mai
(20. mai) I Synste Møre 20. mai, kom det fram upresis informasjon når det gjeld ei side av det som skjedde i kommunestyret måndag 18. mai.I avisa stod dette: "Ordførar Lena Landsverk Sande (V) avviste diskusjon om saka. Ho peikte mellom anna på at Ottar Jan Løvoll (Ap) i denne, som i følgje henne i fleire andre saker, ikkje hadde meldt inn spørsmålet sitt på førehand. – Slike innspel skal varslast på førehand, slik at alle kommunestyrerepresentantane kan vere førebudde, sa ordføraren." Her burde vi teke med at Løvoll har reglementet for kommunestyret i Vanylven bak seg når det gjeld retten til å ta ordet, sjølv om han ikkje har spelt det inn på førehand, noko også ordføraren sa under debatten. Dette burde vi presisert betre i saka.
20.05.20 16:33
Nytt tilfelle av Covid-19
(10.05.20) Vanylven kommune opplyser om at det er påvist eit nytt tilfelle av koronaviruset i Vanylven.Til Synste Møre fortel kommuneoverlege i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei no har kontakta alle nærkontaktar. – Det var eit begrensa tal det var snakk om, seier Oppedal. Vidare fortel kommuneoverlegen at det vert jobba med smittesporing, men at det er vanskeleg å spore smitte, generelt sett. – Til dømes når folk er på butikken, så er det svært vanskeleg å spore smitta med noko anna enn smitteappen til FHI, seier Oppedal. Kommuneoverlegen oppfordrar no folk til å ta kontakt ved symptom. – Det er no enda viktigare å ha fokus på testing ved symptom, seier ho. Det nye tilfellet av viruset har ikkje noko å seie for opninga av skular.
10.05.20 18:28
Katt skoten på med luftgevær
Katt skoten på med luftgevær
(23.4) Det vert no vurdert om stygg dyremishandling, der einkvan har skote sju luftgeværskot i hovudet på ein katt skal meldast til politiet. Slik vi skriv i papirutgåva var det i helga at Elly Nygård i Syltefjorden oppdaga kulene som sat i hovudet på gråpusen sin. Fem av dei sju kulene sat framleis faste i huda, men Nygård trudde i førstninga det var flått, og katten var dessutan litt skjerr og skremd.  Måndag vart det oppdaga kva det eigentleg var, og eit besøk hos dyrlegen viste at det var skote heile sju skot i hovudet på katten med luftgevær. Kven som har utført den stygge handlinga mot eit hjelpelaust dyr og korleis det kan ha føregått er heilt uvisst.
        – Eg kjenner i alle fall ingen som kan ha gjort noko så grusomt, seier Nygård.   Det har ein lite tru på at heller politiet kan finne ut, dersom det ikkje kjem tips frå einkvan som veit noko om kven som kan ha gjort slik styggeferd og vil gjere eitkvart for å stogge at fleire dyr vert utsette for slik mishandling.
23.04.20 11:45
Feira 105 bak stengde dører
Feira 105 bak stengde dører
(17.4) – Det vert ei bursdagfeiring som vil bli hugsa, var konklusjonen mellom dei frammøtte i Liv Nygård sin 105-årsdag på omsorgssenteret på Fiskå fredag. Med jubilanten bak dørene inne på omsorgssenteret og famile og andre på utsida vart det heile ein litt merkeleg og uverkeleg situasjon. Det heile var likevel laga til så godt som råd av tilsette på senteret og andre, med tale av ordføraren, musikk, flagg, ballongar og kake. Og ikkje minst tok ein kvikk og livleg jubilant det heile på strak arm og var glad for merksemda som vart i ei elles litt stussleg tid. I NRK Møre og Romsdal si lokalsending i kveld vil det også vere glimt frå den uvanlege feiringa.  NB! Bak den gå ruta til høgre (Synste Møre for fem år sidan) ligg sak og intervju frå 100-årsdagen.
17.04.20 12:25
Gradvis opning av barnehagar og skular
Gradvis opning av barnehagar og skular
Barnehagane i Vanylven vil opne att torsdag 23. april, medan 1.-4. klasse og SFO opnar måndag 27. april. Det melder Vanylven kommune på si nettside.– I samråd med kommuneoverlege Cecilie Lillejord Oppedal vil Vanylven kommune opne barnehagane torsdag 23 april. Det vil i ei periode bli reduserte opningstider for at alle barna skal få eit tilbod, skriv kommunen. Vidare står det at meir informasjon angåande opningstider i barnehagen vil kome seinast måndag 20. april. – Barnehagane arbeider no saman med kommuneoverlegen for å sikre at opninga skjer kontrollert og innanfor rammene til den nasjonale rettleiaren, skriv kommunen. Skulane Småskulen opnar som sagt 27. april. Her kjem det meir informasjon når den nasjonale rettleiaren er klar. – Elevar frå og med 5. klasse til og med 10. klasse skal framleis få eit opplæringstilbod heime. Vi vil framleis sørge for å gje eit tilbod på skulen til utsette barn og unge og barn som har foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar, skriv kommunen.
16.04.20 17:35
Hakallegarden med live-sendingar på nett
Hakallegarden med live-sendingar på nett
(03.04.2020) Stengde dører fører til andre løysingar på Hakallegarden i påska.av Tanja Anett Thunem Hakallegarden går påska i møte med stengde dører. Sidan tre av dagane med mest besøk gjennom heile året er i påska, er det ein betydeleg del av inntektene som går tapt. Aina Moldskred Krakset fortel at dei no må tenke annleis med tanke på inntektskjelder, og ho har latt seg inspirere av andre på nettet. – Vi har hatt veldig mange som skriv til oss og seier dei saknar oss, og gler seg til vi kan opne igjen. Eg har tenkt på om det går ann å få til noko lignande som artistane gjer om dagen – dei har konsertar heime, og så betalar folk for å sjå på. Kanskje går det an å gjere noko tilsvarande? At vi legg ut ein film frå garden, og om folk vil så kan dei vippse eit lite beløp, seier ho. Fredag la Hakallegarden ut eit innlegg på Facebook der dei informerer om løysinga, og understrekar samstundes at det er frivillig å gje ei pengegåve. – Filmane skal spre glede til alle som treng det denne tida, det er det viktigaste, står det i innlegget lagt ut på Facebook.
03.04.20 14:01
Ber folk halde seg heime i påska
Ber folk halde seg heime i påska
Det seier ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V). Sjølv om ein elles i året tek folk i mot med opne armar, ber ho no folk om å ikkje kome til Vanylven. Dette for å hindre spreiing av korona i kommunen.Påska nærmar seg og med ho kjem tida der folk reiser heim, enten på hytta eller på besøk til familie. Det håpar ikkje ordføraren skjer denne påska. – Vi syns det er veldig synd å oppfordre om ikkje å kome heim, for elles så vert vi glad kvar gong vi ser nokon kome heim. No står vi ein spesiell situasjon, regjeringa oppfordrer folk om å halde seg der dei er. Kjem det til dømes hundre personar til Vanylven i påska, er sannsynlegheita stor for at det vert meir smitte her. Vi ønskjer å halde oss her vi er no, der det nesten ikkje er smitte her, seier ho. Engasjement Engasjementet har vore tydeleg den siste tida. Til dømes har det vorte kjend at hytteeigarar kring i landet har hyra advokatar for å kunne få opphalde seg på hytta. Ordføraren skjønar engasjementet, påska er jo tradisjonelt sett ei tid for samling av familie, men ho ber innstendig folk om å halde seg vekk. – Ein risikerar faktisk å smitte folk ved å reise. Dess lenger vi kan dra ut denne smittakurva over tid, jo større er sjansen for at nokon finn opp ei vaksine for viruset, seier ho. Nå må alle bidra framover. – Når ein ser at friske 16-åringar vert smitta, så ser ein jo at det kan råke meg og mine. Då ønskjer eg ikkje at smitta skal kome frå meg, at eg ikkje ber på noko som kan smitte andre. Det må vi alle tenkje på no, slik at vi unngår å smitte andre, seier ordføraren. Også kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, understrekar viktigheita av å halde seg heime. – Dette er ein solidaritetsdugnad. Framover er det viktig å begrense kontakten mellom generasjonane, seier Oppedal. Fritidsbustad Ordføraren fortel at dei har fått nokre henvendingar frå folk som spør om kommunen kan gje dispensasjon frå lovverket. Det har dei dessverre ikkje lov til av staten, og svaret alle får er derfor nei. – Ein fritidsbustad er ein bustad som ein bur i mindre enn seks månader av året. Dei som har ein slik type bustad, betalar mindre avgifter enn for vanlege bustadar. Og har ein fyrst fått omdisponert sin bustad som fritidsbustad, får ein ikkje lov til å opphalde seg der viss ein er folkeregistrert i ein annan kommune. Då seier lova at du ikkje kan reise dit, og kommunen har faktisk ikkje adgang til å gje fritak frå dette, seier Landsverk Sande. Men kommunen, med ordføraren i spissen, syns ikkje det er lett å si nei til dei som spør. – Eg forstår at folk tek kontakt, det handlar ikkje om det. Det er leit å seie nei, men eg håpar at det snart er over, slik at folk kan strøyme til Vanylven, seier ho.
02.04.20 11:02
Digitalisering på helse- og omsorgssenteret
Digitalisering på helse- og omsorgssenteret
(25.03.20) Etter vedtaket om å stengje Vanylven helse- og omsorgssenter for besøkande, har det vore einsamt for bebuarane der. Nå har det kome eit nettbrett på kvar avdeling, noko som gjer det lettare å halde kontakt.Avdelingsleiar på Vanylven helse- og omsorgssenter, avd. 3,  Rose-Mari Thunem Nygård, merka at det å ikkje få besøk av sine nærmaste har vore tungt for bebuarane på senteret. Og nettbretta har allereie vorte tekne i bruk. Kvart brett er sett opp med ein Skype-konto slik at bebuarane og pårørande kan halde kontakt. Dermed er no alt lagt til rette for at bebuarar og pårørande kan halde kontakten i tida framover, sjølv om det ikkje er mogleg med fysisk kontakt. Og nettbretta vart raskt tekne i bruk. – Allereie dei fyrste timane var det fleire som fekk kopla seg på og det ser ut som om dei var svært kjærkome, skriv kommunen i ei pressemelding til avisa.
25.03.20 15:55
Ungdomsklubb på nett
Ungdomsklubb på nett
(20.03.20) I desse Koronatider gjeld det å vere oppfinnsam og nytte dei utvegar ein har. I kveld vert difor ungdom i Vanylven inviterte til ungdomsklubb på nettet.– Det vert noko nytt, der vi må prøve oss fram, både når det gjeld behov og interesse, utforming og korleis det vil fungere i praksis, seier utekontakt Annette Gjeterud. Til vanleg er det ungdomsklubb annankvar fredag, men når omstenda no gjorde at ein ikkje kan samlast på vanleg vis, kom ideen opp om å få til eitkvart på Skype.
– Det vert ein test der vi får prøve oss fram og ungdomen kan sjølve kome med innspel. Kanskje kan vi bytte litt opplegg, gode idear om artige videoar, aktivitetar som å trikse med dorull og anna. Og kanskje kan det arrangerast konkurransar, som ein kviss eller liknande. Vi får som sagt prøve oss fram og sjå, seier Gjeterud.  Ho seier at tanken bak også er at dei unge gjennom dette kan få ei kjensle av litt felleskap i desse heimeverande tider. Opptil femti personar kan kople seg på Skype samstundes i denne interessante nyskapinga.
– Det vert spennande å sjå kva som vert resultatet, seier Gjeterud. 
20.03.20 15:32
Arbeider med smittesporing
Arbeider med smittesporing
(19.03.20) I går vart det fyrste tilfellet av covid-19 påvist i Vanylven. Kommunen stadfesta då at dei jobba med smittesporing og at dei skulle kontakte alle som hadde vore i kontakt med den smitta personen.Til Synste Møre seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei ikkje har klart å spore smitta endå. – Personen har ikkje vore i utlandet eller ute av fylket, så vi held fortsatt på med å spore smitta, seier Oppedal. I tillegg seier ho at det er snakk om nokre titals personar som no må i karantene grunna kontakt med den smitta personen. Denne personen er no i isolasjon. Personen hadde fram til påvist smitte vore i karantene etter dei statlege retningslinene for karantene. – Den smitta personen har vore i karantene, det vil seie at personen gjekk i karantene fordi vedkomande hadde luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen. No arbeider kommuneoverlegen med å spore smitta. Då går dei tilbake til 24 timar før personen viste symptom for å finne smittekilda. Kommunen har gått ut i ei pressemelding og sagt at det er klare retningsliner for kven dei no testar. – Det sit personale på legekontoret, som i samråd med kommuneoverlegen avgjer kven som skal testast. Det er klare føringar som ligg til grunn for kven som kvalifiserer til slik testing, då dette er ein knapp ressurs no. Vi arbeidar med å kartlegge kvar smitten kjem i frå. Alle nærkontakter er spora opp, og kommuneoverlegen og sporingsgruppa har vore i kontakt med desse, skriv kommunen i pressemeldinga. Nok smittevernutstyr Kommunen skriv også at dei har fått tak i meir smittevernutstyr. – Vi har fått på plass eit godt lager for smittevernutstyr. Vi har litt avgrensa tilgang på munnbind/maske, men har her fått bistand frå lokalt næringsliv. Det er vi svært takksame for. Om det er flere som kan bistå her, oppfordrar vi til å ta kontakt, skriv kommunen. Næringsliv Vidare skrive kommunen at dei har vore i dialog med Vanylven utvikling, slik at dei finn ut kva behov næringslivet i kommunen har. Kommunen ber folk om å melde seg – Vi arbeider mykje med kontinuitetsplanlegging, for å sikre at kommunen greier å oppretthalde kritiske funksjonar i tida som kjem. Det er forventa at smitte og karantenereglar vil påverke arbeidsstokken og medføre eit høgt fråvær. Som fylgje av permitteringar i ulike bransjar, er det mange som no er utan arbeid, og kommunen vil trenge folk som har helsefagleg bakgrunn, erfaring frå storkjøkken, eller vaskeri, skriv kommunen.
19.03.20 13:35
Smitte påvist i Vanylven
Smitte påvist i Vanylven
(18.03.20) Fyrste tilfellet av covid-19 har nå vorte påvist i Vanylven. Det får avisa opplyst frå ordførar Lena Landsverk Sande.Ho opplyser vidare at det vert jobba med smittesporing, og at personar som er aktuelle for karantene vil verte kontakta.
18.03.20 17:58
Vanylven kommune: – Alle som har vore i desse fylka må i karantene
Vanylven kommune: – Alle som har vore i desse fylka må i karantene
(15.03.20) Vanylven kommune innfører frå 15. mars karantene for alle som har vore i bestemte fylke. Sjå liste nedanfor. Det skriv kommunen på sine heimeside.Kommunen skriv at det førebels ikkje er påvist smitte i kommunen, men at det er nødvendig med karantene for alle som har vore i følgjande område. Vedtaket gjeld frå og med 15. mars og til nytt vedtak er fatta. Vedtaket går som følgande: 1) Alle som har vore på opphald i områda som vist i punkt 3, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter at dei kjem til Vanylven kommune. 2) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei kvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon. 3) Vedtaket gjeld per 15.03.2020 reisande frå følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke. Kommunen skriv vidare: – Vi har ikkje påvist smitte i Vanylven kommune så langt. Med dei nye retningslinjene for testing som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utsida av regionen. Det vert vurdert som avgjerande å redusere denne risikoen gjennom dette vedtaket. Kommunen generelt, og helse og omsorgstenestene spesielt, har avgrensa kapasitet.  Kommunen skriv også: – Transittopphald på flyplass i desse områda og heimreise direkte i egen bil frå flyplass, vert ikkje rekna som opphald i området. – Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagd opphaldsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre. – Reisande med symptom skal straks i isolering, og dei kan ikkje nytte offentleg transport. Vedtaket finn du her.
16.03.20 07:46
Mobiliserer til dugnad
Mobiliserer til dugnad
(13.03.20) Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, gjekk i dag ut på Facebook og oppfordra folk til å halde seg i karantene.– Har du vore langt av garde på reise, så SKAL du i karantene. Og sjølv om du berre reiser innanlands, så ber eg deg om å pålegge deg sjølv å halde deg heime, og unngå besøk og unngå å ta vakter for å tene nokre kroner fordi du har "fri". Du har ikkje fri. Landet er stengt ned for å hindre at menneske vi er glade i skal døy av koronasmitten, skriv ho på Facebook. Loven seier at innbyggarane i Norge må halde seg i karantene viss dei har vore utanfor Norden etter 27. februar. I Forskrift om karantene mv. etter reiser utanfor Norden, paragraf 1, står det: «Personer som ankommer Norge fra andre land enn Sverige eller Finland, skal oppholde seg i karantene i 14 dager etter ankomst til Norge. Bestemmelsen gjelder også for personer som ankommer Norge fra Sverige eller Finland, og som har oppholdt seg i andre land i løpet av de siste 14 dagene.
En person i karantene skal oppholde seg i eget hjem eller annet egnet oppholdssted. Personen kan bare oppholde seg utenfor hjemmet eller oppholdsstedet såfremt nærkontakt med andre personer unngås». Vidare står det i paragraf 2 at: «Personer som er strengt nødvendige for å kunne opprettholde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjoner og ivareta befolkningens grunnleggende behov, herunder personer som gjennomfører vare- og passasjertransport, er unntatt fra § 1. Bruk av unntaket skal avklares med virksomhetsledelsen. Personer som er omfattet av unntaket i første ledd, skal så langt som mulig unngå nærkontakt med andre personer». Ordføraren skriv på Facebook at folk i Vanylven nå må gå saman i dugnaden om å hindre vidare spreiing av smitte. – Har du fått karantene, ver heime, uansett om du føler deg frisk. Vi gjer ikke dette for oss sjølve, men for heile samfunnet. Vi må vaske hendene ofte og ikkje utsette andre for smitte. Det er ingen stor og komplisert jobb. Men den er svært viktig, skriv ho.
14.03.20 16:16
Arbeider med heimeopplegg for elevane
Arbeider med heimeopplegg for elevane
(13.03.20) I går vart det som kjent klart at regjeringa stenger alle skular og barnehagar i landet for å hindre spreiing av koronaviruset. Vi har prata med rektor ved Fiskå skule, Sylvia Baade, om planen framover. Då elevane ikkje får møte opp på skulen, må dei arbeide kvar for seg heime. Då vert løysinga digital. – Det blir eit digitalt opplegg framover, der elevane får litt å gjere kvar dag i tillegg til lekser, seier Baade. Vidare fortel ho at dei tilsette ved skulen i dag er samla for å lage eit opplegg for elevane. – Lærarane er samla her i dag for å finne ut korleis vi skal gjere det her, men det kom jo litt brått på, så alt er ikkje klart endå, seier ho. Det kom brått på dei fleste av oss, men rektor ser likevel det positive i heile situasjonen. – Vi må jo sjå litt positivt på det at vi får brukt digitale læringshjelpemidlar i så stor grad, jamfør fagfornyinga i læreplanen. Men vi skulle jo helst hatt alle elevane samla her på skulen, seier ho.
13.03.20 12:35
Stengte skular, karantene og inntekt
Under har vi samla litt informasjon frå NAV om kva stengte skular og eventuell karantene vil ha å seie for økonomien. Grunna stengte skular og barnehagar har mange vore redde for kva det har å seie for sin personlege økonomi. NAV har no gått ut med informasjon om kva det betyr viss ein må vere heime med unger. Stengte skular og barnehagar gir rett til omsorgspenger. Lengda på dette kjem an på kva rett ein har til denne ytinga. På NAV sine nettside står det: «De fleste har rett på opptil 10 dager. Dersom du for eksempel er alene om omsorgen for barnet, har flere barn enn to, har omsorg for kronisk syke eller funksjonshemmede barn, kan du ha rett på flere omsorgsdager.  Arbeidsgiveren din skal dekke de første 10 dagene med omsorgspenger. Når arbeidsgiver har utbetalt 10 dager, kan det søkes om refusjon fra NAV for de overskytende dagene». Karantene Du har også rett til sjukemelding viss du må sitte i karantene. Dette gjeld både viss ein lege vurderar at du må haldast isolert fordi du kan vere smitta av viruset, og om legen ikkje veit sikkert om du faktisk er ein smitteberar. NAV bruker her to kategoriar: Kategori 1: Personar som er smitta av koronavirus og må haldast isolert Nav skriv: «NAV går ut fra at du har vært i kontakt med en lege og fått bekreftet at du er smittet av koronaviruset. I en slik situasjon har du en sykdom som gjør at du er arbeidsufør. Det medisinske vilkåret for rett til sykepenger er altså oppfylt og dokumenteres med en sykmelding». Kategori 2: Personar som kan vere smitta av koronavirus og som må haldast isolert i mogleg inkubasjonstid på 14 dagar. NAV skriv: «Hvis du må holdes isolert, kan du ha rett til sykepenger hvis du utgjør en risiko som smittekilde. Det kreves ikke bevis for at du faktisk er smittebærer, det er nok at det er en risiko for at du er smittebærer. Dersom legen etter en faglig forsvarlig vurdering kommer til at du antas å være smittebærer av koronaviruset, og det er viktig at du ikke arbeider av hensyn til å motvirke spredning av viruset, skal dette godtas som grunnlag for sykepenger». Permitteringar Utbruddet av koronaviruset kan også få store konsekvensar for næringslivet og andre verksemder, som i verste fall kan føre til at nokre arbeidsgivere vert nødt til å permittere tilsette. NAV skriv: «For at en arbeidsgiver skal kunne gå til det skrittet å permittere ansatte må årsaken være mangel på arbeid, eller andre forhold som arbeidsgiver ikke kan forutse og innrette seg etter. Arbeidsgiver må normalt betale den permitterte lønn de 15 første dagene, dette kalles arbeidsgiverperiode». Meir utfyllande informasjon finn de ved å trykke her.
13.03.20 08:57
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget