resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
KLARE TIL KVISS: Det har vorte litt ekstra studium av spørsmålsbøker for f.v: Lars Martin Bakkebø Jensen, Kaia Bjørvik og Kristoffer Thue Stranden i det siste. (FOTO: Marte Myklebust)
KLARE TIL KVISS: Det har vorte litt ekstra studium av spørsmålsbøker for f.v: Lars Martin Bakkebø Jensen, Kaia Bjørvik og Kristoffer Thue Stranden i det siste. (FOTO: Marte Myklebust)

Åheim skule i klassequizen

(7.1) NB: Sending onsdag! Det er klart for ny runde i NRK sin klassequiz for tiandeklassingar, som leiar fram til TV-sendt landsfinale for dei to beste laga i kvart fylke i april/Mai. Onsdag ca kl 14.30 kan ein høyre korleis det går med elevane frå Åheim.

Det er i år sjuande året med Klassequiz i NRK. 536 skular i heile landet er påmelde, og i Møre og Romsdal er det påmeldt 34 lag frå ulike skular rundt i hele fylket, frå Smøla i nord til Åheim og Myklebust i sør.

Det er likevel seks lag færre enn rekorden med 40 lag som vart sett i fjor. Sjølv om dei får dekt reiseutgiftene, kan dette mest truleg setjast i samanheng med at skulane no må reise til Ålesund for å gjennomføre konkurransen i studio der, i staden for at NRK tidlegare har reist rundt til skulane. 

For dei som vil høyre korleis det går med elevane frå Åheim skule, må ein slå på lokalsendinga onsdag 9. januar, då opptaket frå kvissen går ca kl 14.30, og ikkje tysdag slik vi først skreiv. Myklebust skule er også påmeld, men skal ikkje i elden før 1. februar. Så vert det spanande å følgje våre lokale deltakarar. I fjor var det Ytre Herøy ungdomsskule og Halsa skule som vann fylkefinalen.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget