resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
img_3099.jpg

Arbeider med heimeopplegg for elevane

(13.03.20) I går vart det som kjent klart at regjeringa stenger alle skular og barnehagar i landet for å hindre spreiing av koronaviruset. Vi har prata med rektor ved Fiskå skule, Sylvia Baade, om planen framover.

Då elevane ikkje får møte opp på skulen, må dei arbeide kvar for seg heime. Då vert løysinga digital.

– Det blir eit digitalt opplegg framover, der elevane får litt å gjere kvar dag i tillegg til lekser, seier Baade.

Vidare fortel ho at dei tilsette ved skulen i dag er samla for å lage eit opplegg for elevane.

– Lærarane er samla her i dag for å finne ut korleis vi skal gjere det her, men det kom jo litt brått på, så alt er ikkje klart endå, seier ho.

Det kom brått på dei fleste av oss, men rektor ser likevel det positive i heile situasjonen.

– Vi må jo sjå litt positivt på det at vi får brukt digitale læringshjelpemidlar i så stor grad, jamfør fagfornyinga i læreplanen. Men vi skulle jo helst hatt alle elevane samla her på skulen, seier ho.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget