resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Arbeider med smittesporing

ra_dhus.jpg

(19.03.20) I går vart det fyrste tilfellet av covid-19 påvist i Vanylven. Kommunen stadfesta då at dei jobba med smittesporing og at dei skulle kontakte alle som hadde vore i kontakt med den smitta personen.

Til Synste Møre seier kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, at dei ikkje har klart å spore smitta endå.

– Personen har ikkje vore i utlandet eller ute av fylket, så vi held fortsatt på med å spore smitta, seier Oppedal.

I tillegg seier ho at det er snakk om nokre titals personar som no må i karantene grunna kontakt med den smitta personen. Denne personen er no i isolasjon.

Personen hadde fram til påvist smitte vore i karantene etter dei statlege retningslinene for karantene.

– Den smitta personen har vore i karantene, det vil seie at personen gjekk i karantene fordi vedkomande hadde luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen.

No arbeider kommuneoverlegen med å spore smitta. Då går dei tilbake til 24 timar før personen viste symptom for å finne smittekilda.

Kommunen har gått ut i ei pressemelding og sagt at det er klare retningsliner for kven dei no testar.

– Det sit personale på legekontoret, som i samråd med kommuneoverlegen avgjer kven som skal testast. Det er klare føringar som ligg til grunn for kven som kvalifiserer til slik testing, då dette er ein knapp ressurs no. Vi arbeidar med å kartlegge kvar smitten kjem i frå. Alle nærkontakter er spora opp, og kommuneoverlegen og sporingsgruppa har vore i kontakt med desse, skriv kommunen i pressemeldinga.

Nok smittevernutstyr

Kommunen skriv også at dei har fått tak i meir smittevernutstyr.

– Vi har fått på plass eit godt lager for smittevernutstyr. Vi har litt avgrensa tilgang på munnbind/maske, men har her fått bistand frå lokalt næringsliv. Det er vi svært takksame for. Om det er flere som kan bistå her, oppfordrar vi til å ta kontakt, skriv kommunen.

Næringsliv

Vidare skrive kommunen at dei har vore i dialog med Vanylven utvikling, slik at dei finn ut kva behov næringslivet i kommunen har.

Kommunen ber folk om å melde seg

– Vi arbeider mykje med kontinuitetsplanlegging, for å sikre at kommunen greier å oppretthalde kritiske funksjonar i tida som kjem. Det er forventa at smitte og karantenereglar vil påverke arbeidsstokken og medføre eit høgt fråvær. Som fylgje av permitteringar i ulike bransjar, er det mange som no er utan arbeid, og kommunen vil trenge folk som har helsefagleg bakgrunn, erfaring frå storkjøkken, eller vaskeri, skriv kommunen.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Fredag 11. september
18.00 Knerten og sjøormen, Fiskå kino
20.00 Surface, Fiskå kino

Onsdag 16. september
19.00 Møte, Fredtun Syvde OBS står 18 i avisa

Torsdag 17. september
18.00 Møte, Fiskå bedehus


Søndag 27. september
13.00 Fårikål, Syvde samfunnshus

Onsdag 30. september
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Torsdag 1. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 3. oktober
17.00 Operahuset: Man of La Mancha

Søndag 4. oktober
14.00 Operahuset: Man of La Mancha

Tirsdag 6. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Onsdag 7. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Fredag 9. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 10. oktober
17.00 Operahuset: Mann of La Mancha

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget