resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
BÅTEN som vart teken på land på Fiskåholmen i ettermiddag. (FOTO: Vanylven kommune)
BÅTEN som vart teken på land på Fiskåholmen i ettermiddag. (FOTO: Vanylven kommune)

Båt funnen på Fiskåholmen

(15.1) Teknisk Vakt i Vanylven kommune melder klokka 16.00 onsdag ettermiddag at det er funne ein 14 fots plastbåt ved Fiskåholmen. Båten hadde ein 3,5 hp Mercury påhengsmotor med tank, men er elles ikkje merka.

Etter det vi får vite, vart båten funnen delvis liggande under vatn og skada, truleg etter å daska mot steinane i fjøra på ausida av Holmen. Venteleg har båten drive av ei stad ifrå i den høge floa tidlegre på ettermiddagen.

Litt spesielt er det at den såkalla dødmannsknappen står på motoren, skriv kommunen på sine facebooksider. Folk som saknar båten sin eller veit noko om dette, blir bedne om å kontakte politiet som er orientert om funnet. Politiet kan nåast på telefon 02800.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget