resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
BETATE Slettevold Lech - eit bilete vi fekk tilsendt og nytta i samband med ein artikkel i papiravisa for ei tid sidan.
BETATE Slettevold Lech - eit bilete vi fekk tilsendt og nytta i samband med ein artikkel i papiravisa for ei tid sidan.

Beate treng lokal støtte i kveld

(21.09)Stjernekamp spissar seg til. Denne laurdagen er det hiphop som er sjangeren.
– Det er ikkje nok å heie, stem på meg! seier Beate Slettevold Lech i eit intervju med lokalavisa Møre i Volda denne veka.

Beate Slettevold Lech er oppvaksen i Volda, men har solide Vanylvs-røter med mor frå Rovde og godt med slekt her. Ho har også vore der med lokal konsert. Stjernekamp på NRK 1 er no komne midtvegs og sju artistar står att. Det heile kvesser seg altså kraftig til. Det er ikkje nok å skåre godord frå dommarane, her må også folkejuryen vinnast.

– Dette går ikkje utan hjelp frå dei som stemmer, seier Beate i intervjuet med Møre – og då veit også vanylvingane kva dei har å gjere, vil vi tru.

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

KULTURKALENDAR

Laurdag 4. juli
16.00 Syftsokfeiring, Fredheim Sørbrandal
18.00 Konsert, Selje kyrkje

Søndag 5. juli
12.00 Seljumannamesse, Selja

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget