resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
JULROSER: Hilde Myklebust (t.v) og Maria Parr har skrive i kvar sitt av julerosehefta i år. Torsdag er dei i Synste Møre og signerer. (FOTO: Arne Flatin)
JULROSER: Hilde Myklebust (t.v) og Maria Parr har skrive i kvar sitt av julerosehefta i år. Torsdag er dei i Synste Møre og signerer. (FOTO: Arne Flatin)

Bok-ettermiddag i Synste Møre

(4.12) Torsdag ettermiddag byd Synste Møre inn til ei bok - og bladstund i redaksjonslokala på Fiskå. Det Norske Samlaget har spurt om vi ville arrangere signering av Julerose-hefta. Og naturlegvis ville vi det!

Bakgrunnen er at to vanylvingar, Hilde Myklebust og Maria Parr, har skrive i høvesvis Juleroser og Barnas juleroser i år. Dette er dei populære julehefta som Herborg Kråkevik er redaktør for. Dei to vanylvsforfattarane har også begge vore knytte til Synste Møre  - og då gir det seg sjølv.

Vi har naturlegvis også hefta, men dei er også å få kjøpt i fleire lokale butikkar. Så om du har kjøpt eit ein stad og vil ha det eller dei signerte, er det berre å ta det med. 

Vi har skaffa fleire av bøkene som dei to har gitt ut - inklusiv Hilde si barnebok om Jon og den lange julenatta og Barnas storer Eventyrbok som Maria har omsett til nynorsk.

Vi lovar kaffi, saft og pepparkaker - og kanskje finn de også andre interessante gåver mellom dei lokale bøkene vi har. Arrangementet var annonsert i papiravisa Synste Møre og på nettsida. 

Vel møtt!

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 14. februar
18.00 Spion i aksjon, Fiskå kino
18.00 Bingo, Meks, Syvde
20.00 Birds of Prey, Fiskå kino

Laurdag 15. februar
15.00 UKM, Olivinhallen
16.00 Syng med oss, Eidsåtun

Søndag 16. februar
18.00 Møte, Sion Åheim

Tirsdag 18. februar
12.15 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget