resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VASKING: Her vert vassleidninga torsdag reinsa ved hjelp av spyling i holet framfor bedehuset. Lekkasjen vite seg å ligg bakom hjørnet, der vi på det vesle biletet ser vassrøyret med eit stort hol. Vatnet hadde på grunn av overvassrøyret bakerst nede i holet vorte ført vidare ut til kaia ved butukken, slik at det ikkje pipla opp og gjorde at ein kunne sjå kva lekkasjen var.
VASKING: Her vert vassleidninga torsdag reinsa ved hjelp av spyling i holet framfor bedehuset. Lekkasjen vite seg å ligg bakom hjørnet, der vi på det vesle biletet ser vassrøyret med eit stort hol. Vatnet hadde på grunn av overvassrøyret bakerst nede i holet vorte ført vidare ut til kaia ved butukken, slik at det ikkje pipla opp og gjorde at ein kunne sjå kva lekkasjen var.

Brot på vassleidning på Eidså

(23.10) Ein vass-lekkasje i Eidså sentrum gjorde at eit større område tysdag fekk stogg i vassleveringa. Kommunen opplyser til oss kl. 16.00 at ein no prøver å kople om slik at fleire skal få att vatnet.

Det viste seg at lekkasjen var vanskeleg å lokalisere og det vart lagt vatn forbi brotstaden med hjelp av brannslangar som sikra vatn til husstandane lenger utover mot Sandnes.

Det vart prøvd å sende inn både kamera og stakefjører frå dei næraste kummane for å finne kvar lekkasjen var, men til ingen nytte. Onsdag vart det så tilkalla hjelp frå Ulstein med lytteapparat og ein meinte etterkvart å lokalisere brotet framfor bedehuset. Der ein grov seg ned var det heller ikkje noko å finne, men då ein fekk sendt eit kamera ti-tolv meter sørover, viste det seg å vere eit større hol på leidningen rett sør for bedehuset. Dette vart torsdag middag ferdig utbetra, og alle skal no ha fått att vatnet.

Sa ja til skule og hall på Fiskå
Sa ja til skule og hall på Fiskå
(15.06) Eit delt Vanylven kommunestyre slutta seg etter lang debatt med stort fleirtal til å godkjenne oppstart av arbeidet med bygging av andre byggetrinn på Fiskå skule, og - det som har vore og vart stridspunktet, ny gymsal/hall.Vi kjem attende med meir frå den over tre timar lange debatten i papirutgåva, men i korttekst kan vi seie at kommunestyret var kløyvd i to. Dei som ivra for å kome i gang, og dei som meinte saka var for lite utgreidd og helst ville utsetje henne til både arbeidet med skulebruksplan og dialogmøte på Åheim i kveld var gjennomført. Røystetala viste elleve mot ti stemmer for å behandle saka no. Eit anna omdiskutert tema var å endre forslaget som ligg føre til at ein bygg hallen i tilknyting til skulen for å spare driftsutgifter på straum, ventilasjon og varmeattvinning. Dette kan fort gje ein million mindre for året i driftsutgifter vart det sagt. Eit like knapt fleirtal valde difor å endre framlegget til å skulle sjå på slik løysing, medan mindretalet på ti meinte dette ville seinke prosessen og kunne takast i vare på andre måtar. (Dette kom feil ut frå vår side i ein første versjon av saka). Det vart såleis til slutt med stort fleirtal, nitten mot to stemmer, godkjent å starte arbeidet og på Fiskå kan ein no ta til å gle seg både til nytt skulebygg og ikkje minst ein flott hall. Diskusjonen var heller ikkje fri for å ta opp i seg det som har vore av skuldingar og personkritikk, noko særleg ordføraren gav uttrykk for har vore tøft å stå i. 
15.06.20 16:46
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
KULTURKALENDAR

Laurdag 12. juli
19.00 Møte Sion

Søndagane i juli
Ope bygdemuseum og båtsamlinga på Åram

Mandag 13. juli
10.00 Norsk Olivinsenter Åheim, Geologitur m/guide, påmelding

Tirsdag 14. juli
10.00 Norsk Olivinsenter Åheim, Geologitur m/guide, påmelding

Fredag 17. juli
10.00 Norsk Olivinsenter Åheim, Geologitur m/guide, påmelding

Laurdag 18. juli
10.00 Norsk Olivinsenter Åheim, Geologitur m/guide, påmelding

Onsdag 30. september
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Torsdag 1. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 3. oktober
17.00 Operahuset: Man of La Mancha

Søndag 4. oktober
14.00 Operahuset: Man of La Mancha

Tirsdag 6. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Onsdag 7. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Fredag 9. oktober
18.30 Operahuset: Man of La Mancha

Laurdag 10. oktober
17.00 Operahuset: Mann of La Mancha

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget