resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
tjeldar.jpg

Då er han komen

Tjelden er registert både på sanden ved Fiskå-eleva og på Låtre-sanden litt lenger inne. 

(26.2) Det var i går, søndag 25. februar, at Magna og Knut Fiskaa såg tre fuglar i ikkje langt frå osen til Fiskåeleva. Og Harald Thunem i Låtra kan fortelje oss at tjelden også er på plass der inne. Han kan forresten fortelje at han også såg ei einsleg storspove i dag, noko som han tykkjer vere svært tidleg.

Vi har ikkje greidd å fange 2018-utgåva av tjelden i kameralisa enno - så vi får nøye oss med eit arkivbilete frå fjoråret enn så lenge!

Vårteiknet er i alle fall på plass!

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Og vatnet steig...
Og vatnet steig...
(4.1) – Regnet bøtter ned i Møre og Romsdal, skriv meterologane på yr. no. Jau, takk, vi merkar det!Men sjølv om det har vore kraftig nedbør og snøsmelting både torsdag og fredag, kjenner vi så langt ikkje til alvorlege konsekvensar av all nedbøren. På yr.no er det meste av varseltrekantar framme, og det er klart at ein må passe godt på når siuasjonen er som no og heile tida syte for at vatnet får passasje der det skal renne.
04.01.19 21:55
Bussen med tekniske vanskar
Bussen med tekniske vanskar
(04.01) Ein buss fekk i morgontimane tekniske vanskar og har stått stille og teke opp eine vegbana mellom krysset ved avkøyringa til Fiskå og elva lenger ute. Bussen var på veg til Fiskå for å starte morgonruta klokka 06.20, då han fekk motorstogg i den svake kurva ned mot flata ved elva. Etter det vi får opplyst skal ny buss ha vorte sett inn i ruta slik at ein nådde både ferja på Koparnes og korrespondanse mot Lauvstad. 
Rundt klokka 13 hadde ein fått bussen i funksjonell stand att, slik at han kunne fjernast frå staden og køyrast til verkstad.
04.01.19 12:54
Vassfløde og straumløyse
Vassfløde og straumløyse
(31.12) Nyttårsaftan gjekk vatnet over fylkesvegen på Breitieg og tok med seg grus og stein. Eine køyrebana var stengd medan ein fekk rydda bort det som låg på vegen. Fleire stader i Vanylven har straumen også vore borte i kortare eller lengre tid i dag.Men store nedbørsmengder og snøsmelting høgt oppe, gjer at det blir oppmoda til å vere årvaken for kva som kan kome inn i vegbana både av stein, tre og vatn når ein er ute og køyrer. Det gjeld både på Breiteig óg andre stader.
31.12.18 14:59
Nørve sluttar som rådmann
Nørve sluttar som rådmann
(18.12) Det vart i dag offentleg kjent at Andreas Chr. Nørve sluttar som rådmann i Vanylven. Han blir frå april assisterande rådmann i Herøy kommune.Oppseiinga slo ned som ei bombe i det politiske miljøet i Vanylven då ho vart kjend der tysdag.  I ein uttale seier Nørve sjølv at han har teke denne avgjerda av personlelge og familiære årsaker, og at det ikkje har noko med mistrivsel eller misnøye med Vanaylven kommune som arbeidsgjevar å gjere. Meir om saka i papiravisa i morgon.
19.12.18 12:03
Bok-kast på biblioteket
Bok-kast på biblioteket
Hundretals av bøker vert no sorterte ut av hyllene på biblioteket i Syvde. Etter helga vert det høve til bokplukk for leseglade, og kanskje dukkar det fram ei mulighet til gratis julegåve?Både denne og neste veke vert det arbeidd med sortering av tusenvis av bøker i hyllene på biblioteket, der fleire hundretals skal takast ut for å gje betre plass. To tilsette frå fylkesbiblioteket er tilstades for å hjelpe til med å plukke ut bøkene som skal bort, i tillegg til bibliotekleiar Hilde Myklebust og andre som er innom og tar eit tak.
            – Det er klart at ein kan ikkje berre fylle på og fylle på i ti-år etter ti-år. Einkvan tid må ein også begynne å ta bort i andre enden, seier Hilde Myklebust. Difor ser ein no i første rekkje på i kva grad bøkene har vore lånte ut siste åra. Dei som ikkje har vore lånte ut på fem år, hamnar gjerne i dei store dunkane som er komne på plass til føremålet. Eldre og kanskje utdaterte fagbøker vert også fjerna.
           – I tillegg prøvar vi å bruke litt skjøn. Og det er eit stort arbeid, både med å gå gjennom bøkene, og så skal dei skannast ut av systemet og fjernast frå registera, seier Myklebust. Kulturrådgjevar Helle Frogner har også delteke i arbeidet nokre av dagane og viser korleis dei rydda hyllene gir betre plass til å vise fram aktuelle og nye bøker. Hilde Myklebust peikar dessutan på at betre plass kan gje høve til andre ting enn bøker. 
            – Biblioteket skal vere ein formidlar av kultur i vid forstand, så det kan vere opplesing, små førestillingar og liknande, seier ho. Frå måndag vert det høve for interesserte å kome å gå gjennom dei kasserte bøkene, der det kan vere mykje interessant å finne. 
           – Nokre gongar skjer det litt i hjartet over det ein må kaste, men slik er det berre. Ein kan ikkje ta vare på alt, seier dei to.
14.12.18 13:18
Aviser på avvegar igjen
Aviser på avvegar igjen
(13.12) I dag er eit stort antal utgåver av Synste Møre på avvegar. Det manglar aviser til Lauvstad, Rovde, Stadlandet og Selje. Sidan avisa i alle fall blir sein - og truleg først kjem i morgon (fredag), legg vi ut elektronisk utgåve av avisa her OPPDATERING: Avisene er no (kl. 09.10) lokaliserte. Dei er i Stryn og vil bli utdelte i morgon til dei som ikkje har fått i dag.Vi kjem med nye meldingar om vi får andre beskjedar utetter dagen.
13.12.18 08:42
Bok-ettermiddag i Synste Møre
Bok-ettermiddag i Synste Møre
(4.12) Torsdag ettermiddag byd Synste Møre inn til ei bok - og bladstund i redaksjonslokala på Fiskå. Det Norske Samlaget har spurt om vi ville arrangere signering av Julerose-hefta. Og naturlegvis ville vi det!Bakgrunnen er at to vanylvingar, Hilde Myklebust og Maria Parr, har skrive i høvesvis Juleroser og Barnas juleroser i år. Dette er dei populære julehefta som Herborg Kråkevik er redaktør for. Dei to vanylvsforfattarane har også begge vore knytte til Synste Møre  - og då gir det seg sjølv. Vi har naturlegvis også hefta, men dei er også å få kjøpt i fleire lokale butikkar. Så om du har kjøpt eit ein stad og vil ha det eller dei signerte, er det berre å ta det med.  Vi har skaffa fleire av bøkene som dei to har gitt ut - inklusiv Hilde si barnebok om Jon og den lange julenatta og Barnas storer Eventyrbok som Maria har omsett til nynorsk. Vi lovar kaffi, saft og pepparkaker - og kanskje finn de også andre interessante gåver mellom dei lokale bøkene vi har. Arrangementet var annonsert i papiravisa Synste Møre og på nettsida.  Vel møtt!
04.12.18 09:10
Fjerna ferjelemmen
Fjerna ferjelemmen
Tjue år og sju månader etter at han sist var i bruk til ferjedrift, vart ferjelemmen på Syvdneset torsdag 29. november heist på land og fjerna frå det våte element.  Det er Selstad AS i Måløy som overtok ferjekaia til notvasking etter at det vart slutt på ferjedrifta. Det varte ikkje mange år, og dei siste ti-tolv åra har det vore liten aktivitet på kaia. Forfall har prega området, og særleg har det vore klager på ferjelemmen som har hengt glatt og skråstilt ned i sjøen. Etter fleire avissaker dei siste fem åra, der Selstad har lova å rydde opp, og også i fjor brev frå kommunen og grendalaget på Rovde, har verksemda denne veka gjort alvor av lovnadane. Det er også fjerna røyr og lause gjenstandar på sjølve kaia. Trond Lillebø i Selstad AS fortel at det no også vil verte sett opp gjerde som stengjer for allmenn ferdsel på området. 
29.11.18 14:24
Trafikkuhell ved Nave
Trafikkuhell ved Nave
(22.11) Ein bil gjekk rundt og ein person fekk helsehjelp på staden etter eit uhell på fylkesveg 61 mellom Åheim og Maurstad ikkje langt frå hjortefarmen ved Navevatnet i ettermiddag. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade.Til Fjordenes Tidende seier politiet at uhellet skjedde etter at bilen glei og snurra rundt. Den trefte heldigvis ikkje fjellveggen. Det skal ha vore glatt vegbane i området. Vegan var stengt i korte periodar og det er elles meldt om manuell dirigering forbi staden.
22.11.18 15:57
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
Vanylven Røde Kors tek del i leiting
(22.11) Vanylven Røde Kors tek, saman med hjelpekorps frå andre delar av Søre Sunnmøre, del i leiteaksjonen etter ei ung kvinne i Ørsta.  Det var i går, onsdag, at ei ung kvinne var meldt sakna etter ikkje å ha kome tilbake frå ein tur til Saudehornet i Ørsta. Leiteaksjon vart sett i verk , og heldt fram torsdag morgon med nye mannskap då ein ikkje hadde funne kvinna.  Sju personar frå Vanylven Røde Kors tek del i aksjonen frå morgonen av, opplyser NRK på eigne facebooksider.
22.11.18 11:47
På tunnelferd i Stortinget
På tunnelferd i Stortinget
Ordføraren i Vanylven, Lena Landsverk Sande, var saman med ein sterk delegasjon Venstre-folk frå Vestlandsfylka, onsdag i Stortinget for å fremje vidare framdrift av Stad skipstunnel. Frå Møre og Romsdal var såleis også vara-fylkesordførar Gunn Berit Gjerde med.I etterkant av møtet fortel Landsverk Sande at dei møtte Jon Gunnes frå Transportkomiteen og statsekretær Sveinung Rotevatn. Dei spela, i følgje Landsverk Sande, inn tre hovudpunkt: For det første ville dei at Kystverket vert bedne om å kome med ei «motmelding» til KS2. Oppmodinga må kome frå komiteen under Stortings-behandlinga av budsjettet. For det andre ville dei gjere klart at ein liten tunnel ikkje er eit aktuelt alternativ For det tredje ønskte ein støtte til at midlar blir sette av i statsbudsjettet, slik at Kystverket kan jobbe vidare med førebuingane til tunnel. Både Ap, Sp og no også KRF har foreslått slike midlar i sine alternative budsjett. Ikkje minst KrF er interessant i den samanhengen, sidan dei også skal i regjeringstingingar med H, FrP og V, seier Lena Landsverk Sande.
14.11.18 15:24
Avdelinga i Vanylven blir ikkje lagt ned no
Avdelinga i Vanylven blir ikkje lagt ned no
(12.11)Utdaningsutvalet i Møre og Romsdal Fylkeskommune har vedteke at avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven ikkje skal leggast frå skuleåret 19/20 slik forslaget frå administrasjonen la opp til.Det var etter eit framlegg frå leiar i utvalet, Bjarne Elde (Ap) og Gunn Berit Gjerde (V) at politikarane valde  ikkje slutte seg til framlegget om nedlegging. Fleira av dei hadde då og ved inngangen til denne perioden lova at så ikkje skulle skje. Etter det vi har fått vite, vart framlegget vedteke mot Høgre sine tre røyster. 
12.11.18 15:21
Redningsaksjon på Syltedalen
Redningsaksjon på Syltedalen
(11.11) Ein mann vart søndag kveld i 20-tida henta ut med redningshelikopter i fjellsida fremst i Syltedalen. Mannen hadde ramla fleire titals meter ned gjennom den bratte sida og vart sterkt forslegen, men ved medvit.Ulukka skal ha skjedd noko etter klokka 16 søndag ettermiddag under sauehenting. I den bratte sida under Middagshornet, sør for Bjørnen på Kilebrekka, har han truleg falle, eller mista fotfestet. Mannen fekk gitt beskjed og hadde også med seg lommelykt, slik at naboar gav seg av garde opp sida. Seinare har han truleg prøvd å reise seg og falle vidare og mista lommelykta, slik at dei som var på veg opp mot lykta måtte lenger ned og gå etter ropa. Røde Kors hjelpekorps og beredskapsvakter vart også tilkalla og kom til staden med båre, varmetepper og anna utstyr. Tanken var først å frakte mannen ned på båre, men i det vanskelege terrenget gav ein opp dette. Sea King frå Florø vart tilkalla. Helikopteret kom til staden litt over litt før 20.00. Redningsmann og lege vart firt ned, og rundt 20.30 vart mannen frakta ut og til sjukehus. Hjelpa til dei to naboane som tok seg opp med lommelykter og fann mannen var viktig for redningssøket og hindra eit muleg fall vidare utfor ei bratt hylle. Trygve Herskedal i Røde Kors hjelpekorps trekk også fram det takknemlege i å ha lokalkjent beredskapsvakt som møtte redningsmannskapet og kunne lose dei opp til den skada og dei to naboane som sat hos han. Utfallet vart også overraskande godt, då mannen måndag kveld fekk kome heim att, forslegen, men utan større skadar, utanom eit sydd sår i bakhovudet.
11.11.18 20:48
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 18. januar
18.00 Dragetrenaren, Fiskå kino
18.30 Møte, Åheim misjonshus
20.00 Psychobitch, Fiskå kino
20.00 Ope hus Åheim misjonshus
Feel it, Larsnes

Laurdag 19. januar
15.00 Sosialt samvær, Fredtun Syvde
16.00 Møte, Hakallestranda bedehus
Feel it, Larsnes

Søndag 20. januar
19.00 Møte, Sion Åheim

Tirsdag 22. januar
12.00 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus
19.00 Møte Fredtun, Syvde

Onsdag 23. januar
17.00 Møte, Fiskå bedehus

Laurdag 26. januar
16.00 Basar, Rovde forsamlingshus

Fredag 25. januar
18.00 Møte, Sion Åheim

Torsdag 23. mai
Åram+

Fredag 24. mai
Åram+

Laurdag 25. mai
Åram+

 

 

 

 

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

 

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget