resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
TOGET marsjerer ut av plassen framfor inngangen til Helse- og omsorgssenteret på Fiskåetter å ha sunge fleire songar og ropt kraftig hurra - noko publikum i gangen (innfelt)  sette stor pris på!
TOGET marsjerer ut av plassen framfor inngangen til Helse- og omsorgssenteret på Fiskåetter å ha sunge fleire songar og ropt kraftig hurra - noko publikum i gangen (innfelt) sette stor pris på!

Den store dagen nærmar seg

(13.5) Førsteklassingane ved Fiskå skule og born frå Solsikka barnehage gjekk «prøvetog» mellom anna til Helse- og omsorgssenteret måndag. No er også programmet klart for alle bydene i Vanylven. Det kan du lese her

boksalg_stor.jpg
teikning.jpg
Nivåskilnad på Eidsåvoll
Nivåskilnad på Eidsåvoll
(05.06) Vanylven FK slo som venta Tjørvag på heimebane onsdag kveld. Etter 3-0 til pause, vart det heile seks skåringar i andre omgang og stod til slutt heile 9-0 på måltavla.  Den nesten minst sveitte personen på Eidsåvoll var såleis Vanylven sin keeper Ådne Seljeset.
- Vi får sende han nokre rundar rundt bana på intervalltrening etterpå, slik at han får litt trening, spøkte trenar Ole Per Kragset.  Heimelaget dominerte kampen frå start til slutt og Tjørvåg produserte knapt sjansar. Utover i andre omgang var det berre spørsmål om ein skulle klare tosifra. Det vart såleis ein underhaldande kamp for vel tretti tilskodarar på tribuna, der Anders Bellen på Vanylven si midtbane vart trekt fram for godt spel. På skåringslista er det likevel bror Stian som toppar med fire mål, Torgeir Halsen skåra to, Mads Hovden, Anders Bellen og Henning Sætre kvart sitt.
05.06.19 21:40
Åheim får nei frå fylkesmannen
Åheim får nei frå fylkesmannen
(29.05) I dag kom meldinga om at Fylkesmannen rår til å avslå innbyggarinitiativet frå Åheim om grensejustering med nye Stad kommune, slik at Åheim vert ein del av denne kommunen. Fylkesmannen viser til at delinga vil omfatte 800 innbyggarar, eller 25 prosent av det totale innbyggartalet i Vanylven. Sjølv om det er snakk om ei grensejustering, meiner Fylkesmannen at storleiken av justeringa vil vere så omfattande at det i realiteten vert ei deling av kommunen og rår til å avslå initiatitivet.  I sitt høyringssvar bad kommunen om at det vart gjort ei form for innbyggarhøyring, eller avrøysting. Dette har Fylkesmannen no sett bort i frå.
– Han har tydelegvis valt å ikkje gjere dette, men ut frå det han ser som konsekvensane gå rett på å rå til at søknaden vart avslått. Kanskje tel også vedtaket som vart gjort på Slagnes inn, der ein med 27 mot ei røyst gjekk i mot å bli ein del av ei eventuell justering, seier ordførar Lena Landsverk Sande.
31.05.19 09:43
Kino søndag 2. juni
Kino søndag 2. juni
Søndag vert det høve til koseleg kino-besøk. Då kjem bygdekinoen til Fiskå med Ulv i fåreklær og Rocketman, filmen om Elton John. Dette er dei siste framsyningane før ferien og ei veke tidlegare enn vanleg på grunn av alt som hender i pinsa. Dette hadde ikkje vi fått med, slik at det ikkje er kino-annonse i papiravisa.  Ulv i fåreklær er ein animasjonsfilm for heile familien. I en idyllisk sauelandsby er livet problemfritt. Heilt til ein ulveflokk slår seg ned i nærleiken. Ulveflokken er heller ikke utan problem - det skal vere valg, og kandidaten for å bli ny leiar av flokken har blitt forvandlet til en sau! Filmen startar klokka 18. Klokka 20 kjem filmen Rocketman. Han handlar om livet til musikklegenda Elton John, frå hans spede start som ungt pianogeni til stadionfyllande rockestjerne. Elton John står bak superhits som Rocket man, Bohemian Rhapsody, Your song, Candle in the wind og titals fleire. Han har seld over 300 millionar album og hatt over femti Topp 40-hitar. I tillegg kjem eit litt spesielt og glamorøst, men også omtumlande og i periodar svært vanskeleg liv.
29.05.19 12:51
Vanylven gjorde jobben
Vanylven gjorde jobben
Vanylven FK slo fredag Vartdal 2-0 og tok dei forventa tre poenga på heimebane, men gjorde heller ikkje stort meir. Det vart ein jamspelt kamp mot eit fysisk Vartdal-lag som gjekk hardt til i duellane. I første omgang klarte Vanylven å halde oppe tempo og pasningsspel og dominerte særleg slutten av omgangen. Det stod då 2-0 etter skåringar av Uchin Cho og Torgeir Halsen. I andre omgang synte laget sine svake sider seg. Det vart for lite bevegelse og pasningstempo, og Vartdal fekk stykke opp spelet med å gå tøft inn i nærkampane. I denne omgangen skapte Vanylven såleis knapt ein sjanse. Det gjorde heller ikkje gjestane, og det mest dramatiske i kampen var at Vanylven sin gode høgrekant, Uchin Cho, måtte berast av bana med det som trule kan vere ein stygg skade, etter å ha vorte klipt ned av ein Vartdal-spelar. Ein må berre håpe det beste.
24.05.19 21:14
- De har sett Vanylven på kultur-kartet
- De har sett Vanylven på kultur-kartet
(24.5) Det var ordførar Lena Landsverk Sande som sa dette, vendt til arrangørane, då ho opna musikk- og litteraturfestivalen Åram Pluss i Åram kyrkje torsdag kveld og overrekte blomster til Åshild Widerøe og Øystein Salhus. I kyrkja fekk vi oppleve ei urframføring av musikkverket «Vanylvsgapet» av Nils Økland. Han framførte sjølv verket saman med ein gjeng dyktige og tydeleg inspirerte musikarar. Dei gjorde framføringa til ei stor oppleving. Vi fekk og høyre Guri Aasen frå Herøy fortlelje dramatiske historier om Havfolket. Hilde Myklebust avslutta kvelden i kyrkja med å lese den gripande novellen «Gapet» - skrive til dette høvet. . Tidlegare på kvelden hadde det vore opning av kuntutstiling med kunstnaren Yngve Jørgensen.  Meirom dette i papiravisa onsdag.
24.05.19 08:58
Bil mot stolpe på Hakallestranda
Bil mot stolpe på Hakallestranda
(19.5)Ein bil køyrde av vegen og tørna mot ein stolpe i morgontimane søndag. Stolpen knekte i samanstøyten. Uhellet skjedde i slak kurve på fylkesvegen ved Klovningen på Hakallestranda.Politiet la ut twitter-melding om hendinga om lag klokka 06.30 søndag morgon. Dei var då på staden. Etter slik det ser ut av spora  i ettertd, har bilen kome utfor asfaltkanten i ei slak kurve og tørna mot ein stolpe som altså gav etter. Operasjonleiar i politiet i Møre og Romsdal opplyser at det ikkje er meldt om personskade. Derimot skriv politiet på Twitter at det mistanke om at førar har vore påverka av akohol, og vedkomande vart såleis teken med for å avgi blodprøve. Førarkortet vart inndrege på staden. Folk frå Mesta var seinare på morgonen på plass for å rydde vegen for ulike delar og glasbrot etter det som må ha vore ein ganske kraftig samanstøyrt.
19.05.19 12:39
Gratulerer med dagen!
Gratulerer med dagen!
Ein stråalande 17.mai vart det. Vi kjem tilbake med biletreportasje frå denne flotte dagen kring om i bygdene våre. Ovanfor ein glimt frå Vanylven helse- og omsorgssenter på Fiskå der folk på verandaene helsar toget som går forbi. 
17.05.19 14:10
Den store dagen nærmar seg
Den store dagen nærmar seg
(13.5) Førsteklassingane ved Fiskå skule og born frå Solsikka barnehage gjekk «prøvetog» mellom anna til Helse- og omsorgssenteret måndag. No er også programmet klart for alle bydene i Vanylven. Det kan du lese her
13.05.19 10:43
Suksessfyllt serieopning
Suksessfyllt serieopning
Det meste varma, utanom vêret, då ny tribune vart innvigd med serieopning for Vanylven FK og 8-1 over Sæbø. Folk møtte fram i eit tal på nærare 150 for å delta i opninga av nyetribuna, der såleis alle dei 120 seta var fyllte. Opninga vart ei markering av positiv vilje, samarbeid, dugnadsånd og framtidstru, som vi kjem nærare attende til i papiravisa. Men også ute på bana varma det då kampen kom i gang. Etter ein nokonlunde jamspelt førsteomgang, der Vanylven låg hakket over, anført først og fremst av ei glimrande midtbane, stod det 3-1 til vertane. Og i andre omgang trådte kvalitetsskilnaden meir tydeleg fram. Særleg dei siste tjue minutta køyrde heimelaget over gjestane frå Sæbø og putta inn tre raske mål, slik at det enda 8-1 i protokollen.
Ein overbevisande kamp av Vanylven, der Anders Bellen stod for tre mål, Kristoffer Thue Stranden for to mål, medan Henning Sætre og Per Gunnar Lundehaug skåra eitt mål kvar og det siste var sjølvmål.
10.05.19 20:51
Tronskifte og lokal kvinnesiger i 1. mai-løpet
Tronskifte og lokal kvinnesiger i 1. mai-løpet
(01.05) 1. mai -løpet på Åheim er 60 år i år. Og stort betre presang enn underhaldninga og spenninga det rekordstore hovudfeltet baud på i år, kunne vel arrangøren knapt ønskje seg. 18-åringen Nahom Kiberab frå Ørsta tok sigeren i herreklassen  på 10.30 og Åheim si eiga, unge løparstjerne, knapt 16 år gamle Tiril Hasund, sikra sigeren i dameklassen.Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn er sjølve kongen i 1. mai-løpet på Åheim. Han stiller årsvisst opp og er blitt glad i dette tradisjonsrike og velorganiserte løpet, slik han også sa det i intervju før start. Også i år var han klar favoritt. Det var vanskeleg å sjå kven som skulle skulle han. Men det var vel fordi ingen på førehand hadde trudd at den unge 800-metløparen frå Ørsta med knapt eit halvår friidrettstrening bak seg, Nahom Kibera, skulle kunne yte det han gjorde. Kiberab leia med nokre meter inn i den siste tunge bakken bak hallen -  og der kunne vi frå målområdet sjå at Nedregård henta han inn, slik han har gjort med så mange konkurrentar gjennom åra. Men den unge ørstingen, som kom frå Eritrea som barn, beit tennene saman, kom tilbake, og slo Nedregård i spurten. Og ikkje før hadde jubelen over den spennande spurten lagt seg - så dukka Åheim IL si eiga Tiril Hasund opp som første kvinne i feltet og sikra ein umåteleg polulær siger i dameklassen. Vi kan berre gratulere! Meir om 1. mai-løpet i papiravisa neste veke.
01.05.19 19:28
«Høymesse» opna kyrkje-påska
«Høymesse» opna kyrkje-påska
(14.3) Tradisjonen tru var syngande barn ned viftande greiner og eit ekte esel sentrale aktørar i gudstenesta i grindløa på Hakallegarden palmesøndag.Godt med folk samla seg i løa søndag føremiddag til den spesielle palmesøndagsgudstenesta som innleier påskefeiringa i kyrkjene i Vanylven. Ogå i år var det, som ofte tidlegare år, dåp som ein del av innhaldet. Og damekoret på Åram stilte opp med song. Og etterpå nytta mange høvet til ein solfylt kykjekaffi på den store, nye terassen som er kome på garden.
14.04.19 13:11
Marknadsdagen vart folkefest
Marknadsdagen vart folkefest
(13.4) Vi må til med fire siffer om vi skal skrive publikumstalet på marknadsdagen på Hakallestranda laurdag.I eit strålande vårver fyltest snart den store parkeringsplassen opp og bilar stod langs vegen eit stykke innover og langt utover. Brannbamsen Bjørnis var nok det store trekkplasteret for dei minste. Og det minte om mottakinga av ei rockestjerne då bamsen saman med brannfolk og leikarring entra scena. Men her var og mykje anna- som lokal mannekengoppvisning, turar med traktor og brannbil, leikeapparat, dyr å sjå på og naturlegvis godt med salsboder som baud fram både eitt og hitt. I tillegg av servering av mat i fleire variantar. Det eksakte publikumstalet var ikkje kjent då vi drog, men at det bikka 1000, var heva over tvil. Hakallestranda Utvikling AS, som er arrangør av marknadsdagen, kan opplagt notere ein av sine største suksessar sidan oppstarten. Dette blir mange gatelys i bygda, for det er det overskotet skal gå til. Biletreportasje i papiravisa over påske.
13.04.19 16:01
Toalett vart hjarterom
Toalett vart hjarterom
(11.4) I huset like ved Vanylven kyrkje på Slagnes, som mellom anna inneheld lagerrom og toalett, har merket «hjarte på døra« fått ei utvida tyding.Vik krinslag har nemleg no fått kjøpt inn hjartestartar som er nettopp på toalettet. Det står alltid ope, og startaren er dermed tilgjengeleg til ei kvar tid. Han er kjøpt inn av krinsen med støtte frå soknerådet og vil dessutan verte registrert i Hjartestartarregisteret, fortel leiar i Slagnes og Vik krins, Stig-Vidar Slettestøl. (Denne saka vart og publisert i papirutgåva torsdag, men deler av teksten hadde, på grunn av ein feil under oversending, falle ut)  
11.04.19 11:51
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Søndag 16. juni
18.30 Orgelsommar, Sande kyrkje

Mandag 17. juni
19.00 Folkemøte - Nei til vindkraft, Kommunestyresalen, Fiskå

Tysdag 18. juni
19.00 Kulturvandring, Nordalen

Onsdag 19. juni
18.30 Vanylven Fk - Flø

Laurdag 22. juni
Mexican Night, HakalleStrandhus

Torsdag 12. september
19.30 Heine Totland & Gisle Børge Styve, Fosnavåg konserthus

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget