resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
TALE: Ordførar Lena Landsverk Sande kom med helsing til jubilant Liv Nygård gjennom eit av vindauga på omsorgssenteret. Vi kan så vidt skimte 105-åringen gjennom vindauget som står på gløtt.
TALE: Ordførar Lena Landsverk Sande kom med helsing til jubilant Liv Nygård gjennom eit av vindauga på omsorgssenteret. Vi kan så vidt skimte 105-åringen gjennom vindauget som står på gløtt.

Feira 105 bak stengde dører

(17.4) – Det vert ei bursdagfeiring som vil bli hugsa, var konklusjonen mellom dei frammøtte i Liv Nygård sin 105-årsdag på omsorgssenteret på Fiskå fredag. 

Med jubilanten bak dørene inne på omsorgssenteret og famile og andre på utsida vart det heile ein litt merkeleg og uverkeleg situasjon. Det heile var likevel laga til så godt som råd av tilsette på senteret og andre, med tale av ordføraren, musikk, flagg, ballongar og kake.

Og ikkje minst tok ein kvikk og livleg jubilant det heile på strak arm og var glad for merksemda som vart i ei elles litt stussleg tid. I NRK Møre og Romsdal si lokalsending i kveld vil det også vere glimt frå den uvanlege feiringa. 

NB! Bak den gå ruta til høgre (Synste Møre for fem år sidan) ligg sak og intervju frå 100-årsdagen.

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
Synste på sosiale medium

Vi er no på Facebook, Instagram, Snapchat og Twitter. Følg oss gjerne!

FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     





Redaktør:
Fredrik Bakke

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget