resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
tunnelen.jpg

Fem millionar til skipstunnelen

Regjeringspartia har blitt samde om å løyve fem millionar kroner til Stad skipstunnel på statsbudsjettet for 20120, slik at planlegginga kan halde fram.

Etter at det ikkje var sett av ei krone til skipstunnelen i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, har det frå tunneltilhengarane si side vore jobba aktivt for å få ei mindre løyving som kan sikre kontinuitet i planlegginga.

Mellom anna bad styret i tunnelselskapet om sju millionar.

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har lova slike midlar, og no er det altså også endeleg semje også  i regjeringspartia om ei løyving på fem millionar, Dette går fram av ei pressemelding sendt ut av representantar for regjeringspartia i nye Stad kommune. Det er og sendt ut ei pressemelding frå dei representantar for dei same partia i Vanylven.

- Vi er glade og letta over at Høgre, Frp, Krf og Venstre på Stortinget no sikrar at framdrifta i arbeidet med Stad Skipstunnel kan halde fram, slik at det er mogleg med byggestart for Stad Skipstunnel i 2021 som føresett i Nasjonal Transportplan. Det seier Alfred Bjørlo (Venstre, ordførar i Stad kommune), Stein Robert Osdal (Krf, ordførar i Selje kommune), Geir Årvik (Høgre, Leiar i Samfunns- og næringsutvalet i Stad kommune) og Per Tore Borgund (leiar i Stad Frp)i i den først nemnde pressemeldinga.

– Gratulerer til alle som brenn for trygg fedsel kring Stad. Vi er eit steg nærare målet, skriv Lena Landsverk Sande (V), Øystein Blom (KrF), Idar Brekke (H) og Bjarne Sætrenes (FrP)  mellom anna  i si pressemelding.

-

teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Torsdag 27. februar
19.00 Møte, Rovde forsamlingshus

Laurdag 29. februar
12.00 Familiedag, Fotballhallen, Eidsåvoll
14.00 Petter Dass, Indre Herøy kyrkje

Onsdag 4. mars
16.00 Strikkekafé, Biblioteket, Syvde

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

Torsdag 30. april
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

Mandag 4. mai
18.30 Strikkekafé, Aktivitetssenteret, Fiskå

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget