resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
VENSTRE- GLEDE: Venstre sine  toppkandidatar var i perlehummør etter at resultatet vart kjent klokka 21.00. Frå venstre Bjørnar Berge, David Lien, Lena Landsverk Sande og Vidar Solheim.
VENSTRE- GLEDE: Venstre sine toppkandidatar var i perlehummør etter at resultatet vart kjent klokka 21.00. Frå venstre Bjørnar Berge, David Lien, Lena Landsverk Sande og Vidar Solheim.

Fire nye år med Lena

Ein populær ordførar drog partiet sitt med til kopiering av mandattalet frå 2015. Og ikkje nok med det det: No er Venstre kommunen sitt desidert største parti. På valvaka på rådhuset i Vanylven møtte vi ingen som tvilte på kva ordføraren vil heite dei komande fire åra.

Rett nok har Senterpartiet like mange mandat. Dei også kunne notere seg for  framgang - men avstanden er, i følgje dei førebelse tala i kveld, på over 3,7 prosentpoeng fram til Venstre. 

Interessant er det også at nykomaren Helsepartiet fekk 11,5 prosent og to mandat, like mange som KrF og er eit par tidel større etter dei førebelse tala. 

Arbeidarpartiet vart de store taparen også i Vanylven, slik det ser ut til å skje i store deler av landet. Partiet tapte to mandat og enda på tre, 0,7 prosent bak Senterpartiet. Høgre gjekk også tilbake, men berga sine tre mandat med 12, 9 prosent. Det gjeld det same for Framstegspartiet som fekk 12, 1.

I papiravisa torsdag tek vi mål av oss til å presentere det nye kommunestyret og fleire detaljar om røystetal og valet elles.

Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det. Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her: Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven. Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda. Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje.
Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda. Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår. Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det. Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd. Tenk på ungdommen. -Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule.
Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger
05.12.19 15:44
teikning.jpg
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 6. desember
18.00 The next Level, Fiskå kino
20.00 Ford v Ferrari, Fiskå kino

Laurdag 7. desember
11.00 Julemarked, Sigrun Strand, Fiskå
12.00 Juleverkstad, Hakallegarden
19.00 Lutefisk-kveld, Syvde samfunnshus

Søndag 8. desember
12.00 Julemarked, Hakallegarden
16.00 Førjulskafé, Syltefjord bygdehus
16.00 Julekonsert, Framheim Åheim

Tirsdag 10. desember
12.30 Adventspensjonisttreff, Kjeldsund

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget